Gynekologisk kreft, open kirurgi

Ved open operasjon blir det lagt enten eit midtlinjesnitt eller eit bikinisnitt. Ved kreftsjukdom vil det ofte vere nødvendig å legge eit midtlinjesnitt. Dette blir vurdert i kvart enkelt tilfelle.

1. Før

Førebuingar til operasjon

Dersom du skal opererast med dagkirurgi, må du komme fastande (frå midnatt) og nydusja til avdelinga. Blir du lagt inn på sengepost dagen før, blir førebuingane gjort på sjukehuset. På avdelinga blir du tatt imot av sjukepleiar og lagt i ei seng som er klargjort for operasjon. Anestesilege ordinerer beroligande medisinar.

Naglelakk og alle smykkar, ringar, piercing og armbandsur må vere tatt av - også giftering.

2. Under

For mange pasientar medfører den kirurgiske behandlinga eit operasjonssår på magen. Snittet blir vanlegvis lagt nedover magen, men i nokre tilfelle blir det lagt bikinisnitt, det vil seie på tvers over hårlinja.

Operasjonen blir som regel utført i full narkose.

3. Etter

Når operasjonen er ferdig, skal du ligge ei stund på overvaking. Nokre pasientar kjem opp på sengepost allereie same kveld, andre ligg til overvaking over natta eller eventuelt lenger. Dagen etter inngrepet får du informasjon om kva som er funne og gjort under operasjonen. Dei fleste reiser heim etter 3-5 dagar.

Smerter

Dei fleste pasientane får innlagt epiduralkateter for kontinuerleg smertelindring dei første 1-3 dagane etter operasjonen. Elles blir det brukt ein fast grunndose med Paracet og eventuelt andre tilleggsmedisinar etter behov. På heimreisetidspunkt er det som oftast tilstrekkeleg med reseptfrie, smertestillande medikament.

Hoste / brekningar

Om du må hoste eller kaste opp dei første dagane etter operasjonen, er det viktig å halde handflata eller ei pute mot såret. Dette vil skåne såret fordi sårflatene pressast saman.

Førebygging av brokk

Du vil få praktisk rettleiing i korleis du skal reise deg opp frå senga. Prøv å belaste bukmuskulaturen minst mogleg. Stå opp frå sida.

Førebygging av blodpropp

Du vil få 1 sprøyte med blodfortynnande medikament dagleg for å unngå blodpropp. Denne behandlinga skal du ha i 2-6 veker etter operasjonen. Det er vanleg å få opplæring i å setje sprøytane sjølv, eventuelt med hjelp frå ein pårørande eller heimesjukepleie. Dersom du ikkje har smerter eller andre plager, kan du vere i vanleg fysisk aktivitet etter operasjonen med nokre unntak (sjå under).

Sår øvst i skjeden

Dersom heile livmora er fjerna, vil det vere eit sår øvst i skjeden. Det er vanleg å blø litt frå skjeden nokre dagar etterpå, og ca. ei veke etter operasjonen kan dette auke på då skorpane øvst i skjeden løyser seg. Dersom blødinga blir kraftigare enn ein menstruasjon, bør du kontakte ditt lokalsjukehus. For å førebyggje infeksjonar og sørgje for at såret gror, bør du unngå karbad og svømmebasseng så lenge du har bløding / siving frå skjeden, og av same grunn unngå samleie i 6 veker etter operasjonen.

Operasjonssår

Det er vanleg at det ytre, synlege såret blir stifta saman med metallstiftar, såkalte agraffar. Agraffane blir fjerna etter 7-10 dagar hos fastlegen din. Bandasjane kan fjernast 1-2 dagar etter operasjonen. Dersom såret er tørt er det ikkje nødvendig å legge på ny bandasje.

Mat og drikke

Under og etter operasjonen blir det gitt intravenøs væske via venekanylar. Du kan drikke og ete allereie på operasjonsdagen, så lenge du ikkje kjenner deg kvalm. Det kan vere lurt å starte med lett kost som rista loff, havresuppe og lignande.

Trening / løfting

Du bør unngå fysisk trening av magemusklane og tunge løft i 4-6 veker etter operasjonen. Unngå for eksempel tunge løft av bæreposer eller ved, golvvask, snømåking, støvsuging og lignande. Det du klarer å løfte på strak arm, er greit.

Om du har små barn og er avhengig av å løfte dei, tenk over kva slags musklar du bruker. Det går greit å løfte barnet opp på fanget i sittande stilling ved hjelp av armmusklane. Bruk lårmusklane når du må hente noko frå golvet.

Såre slimhinner

Nokre opplever at slimhinnene i underliv og urinrøyr blir tørre og såre dersom eggstokkane er fjerna (gjeld kvinner før overgangsalder). Glidemiddel til bruk ved samleie kan kjøpast reseptfritt på apoteket. Ved tørr skjede kan ein kjøpe resept- og hormonfrie produkt på apoteket. Alternativt kan du spørre legen om moglegheita for hormonbehandling.

Svar på prøvar

Det som blir fjerna under inngrepet, blir sendt til mikroskopisk undersøking. Svaret er vanlegvis klart etter nokre veker. Du blir kontakta per telefon eller brev. Fastlegen og gynekologen ved lokalsjukehuset ditt får kopi av svaret og brev om inngrepet. Det blir også gitt informasjon om du skal ha tilleggsbehandling som cellegiftbehandling og / eller strålebehandling.

Sjukmelding

Du får sjukmelding ved heimreise. Lengda på sjukmeldinga er avhengig av storleiken på inngrepet og forventa rekonvalesenstid. Fastlegen din ordnar med forlenging ved behov.

Ver merksam

Ta kontakt med sjukehuset dersom du innan to veker får / opplever:

  • Tiltakande magesmerter
  • Feber over 38 gradar
  • Rikeleg væske frå såret
  • Andre uforklarlege smerter eller ubehag
  • Uvanleg bløding frå skjeden, store mengder

Kontakt

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.