Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Undersøking

Gastroskopi

Gastroskopi er ei undersøking av spiserøyret, magesekken og tolvfingertarmen ved hjelp av eit gastroskop. Eit gastroskop er ein bøyeleg slange som kan overføre fargebilde frå kroppens indre til ein skjerm. Føremålet med gastroskopi er å påvise sjukdommar som betennelse, sår eller godarta/ondarta svulstar. Ein kan ta vevsprøver frå slimhinna, og einskilde tilstandar kan behandlast.

Tilvising og vurdering

Det er fastlegen som tilviser til undersøkinga. 

Før

Prosedyrar kan variere noko frå stad til stad, men vanlegvis gjeld følgande:

  • Du må møte fastande til undersøkinga. Det vil seie at du ikkje må ete, drikke eller røyke etter kl. 24:00 kvelden før undersøkinga - eller seinast 6 timar før undersøkinga.

  • Dersom du brukar Marevan eller andre blodfortynnande medisinar, følg anførte råd i innkallingsbrevet eller ta kontakt med fastlege. Hensikta er å unngå alvorleg blødning i forbindelse med undersøkinga. Brukar du insulin må du kontakte fastlegen din slik at medisinen kan justerast.

  • Det kan vere at du blir gitt ein beroligande medisin i forbindelse med undersøkinga. I så fall bør du ikkje køyre bil før det har gått 24 timar. Før undersøkinga kan du få spraya lokalbedøving i svelget. Denne verkar i omtrent ein halvtime.

  • Om du brukar Albyl-E, som einaste blodfortynnade medisin, treng du ikkje stoppe med denne.

  • Du vil få plassert ein plastring mellom tennene for å hindre at du biter i skopet. Eventuelle lause tenner må tas ut før undersøkinga tek til.

Under

Gastroskopet er ein fingertjukk bøyeleg slange som er tynnare enn mykje av den maten du svelger ned. 

Vi fører gastroskopet inn gjennom munnen, nedover spiserøyret og vidare ned i magesekken og tolvfingertarmen. Luft blir blåst inn for å utvide området slik at undersøkaren får best mogleg oversikt. Når undersøkinga pågår, ligg du på venstre side på ein benk. Brekningstendens, trykkfornemmelse og oppblåsthet er vanlege ubehag. Undersøkinga tek vanlegvis mellom 5 og 10 minutt.

Etter

Det forekjem nesten aldri skadar av sjølve skopet. Hvis det blir fjerna polyppar, kan det imidlertid ein sjeldan gong oppstå blødningar og det kan då bli nødvendig at du blir på sjukehuset til observasjon.

Vidare oppfølging

Legen fortel deg om resultatet av undersøkinga. Fastlegen din får ein rapport om undersøkinga, og resultat av eventuelle vevsprøver i løpet av 1-4 veker. Dersom prøvene viser forandringar som krev spesiell kontroll, eller anna oppfølging, som for eksempel tilvising til operasjon, blir dette ordna av legen som undersøkte deg eller fastlegen din.


 

Ver merksam

Dersom det oppstår spesielle problem etter undersøkinga, som oppkast av blod, svart og tjæreaktig avføring eller kraftige magesmerter, kan du ta kontakt med sjukehuset direkte.

Kontakt

Haugesund sjukehus Medisinsk gastroenterologisk og nefrologisk seksjon

Kontakt Medisinsk gastroenterologisk og nefrologisk seksjon
Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​