Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Framfall av livmor, operasjon

Framfall av skjede og/eller livmor er ein tilstand kor deler av skjedeveggen eller livmortappen søkke nedover i skjeden og kan kome delvis ut av vagina når ein sitt lenge, har stått eller gått mykje. Operasjonen blir som regel utført via skjeden.

Operasjonen blir gjennomført i narkose eller ved ryggbedøving (spinal eller epiduralanestesi). Operasjonen utførast gjennom skjeden. Avhengig av type framfall blir enten fremre skjedevegg stramma opp og blæra løfta tilbake til sin naturlege plass, bakre skjedevegg stramma opp og forsterka. Nokre gonger blir også livmortappen eller heile livmora fjerna. I nokre sjeldne tilfelle forsterkast skjedeveggen med eit nett laga av kunststoff.

Det er viktig å veta at dersom livmortappen fjernast heilt eller delvis, aukar det risikoen for å føde for tidleg. Operasjon bør derfor gjernast etter at du er ferdig med dine fødslar. 

Dersom du ønsker å få satt inn spiral under operasjonen må du på førehand undersøke om sjukehuset har spiral eller om du må ha med denne sjølv. 


Før

Inngrepet kan utførast med lokal bedøving eller narkose.

Under

Dette blir gjort under inngrepet

  • Det blir lagt inn eit urinkateter i blæra di, og nokre gonger blir det lagt inn tampongar i skjeden. 
  • Fremre skjedevegg blir stramma opp og blæra blir løftet til sin naturlige plass.
  • Livmorhalsen eller heile livmora blir fjernet.
  • Bakre skjedevegg blir stramma opp, og av og til blir musklane i bekkenbunnen trekt saman for å styrke bakre skjedevegg.
  • I nokre sjeldne tilfelle blir skjedeveggen forsterka med eit nett laget av kunststoff.


Etter

Du vil kunne reise heim etter kort tid. Sjukmelding er vanleg i 1-6 veker. Det kjem an på kor stor operasjon du har hatt og kva type jobb du har. Du bør vere forsiktig med tunge løft (meir enn 5 kg) og tungt arbeid (husvask, støvsuging, bere ved, måke snø og liknande). Vi oppfordrar likevel til vanleg kvardagsleg aktivitet i denne perioden.
 
Smerter: Det er vanleg med smerter etter operasjonen. Vanlegvis vil paracetamol i kombinasjon med eit betennelsesdempande medikament (for eksempel Voltaren eller Ibux) hjelpe. Ver merksam på at Paralgin Forte/Pinex Forte ofte gir forstopping og bør derfor ikkje nyttast som smertelindring.
 
Urinkateter: Etter operasjonen kan det nokre gonger vere vanskeleg å tisse. Urinkateteret vil derfor ligge inne inntil ein dag etter operasjonen. Urinkateter og eventuelt tampongar som er lagt inn i skjeden fjernast. Når urinkateteret er fjerna, vil vi kontrollere at du tømmer blæra tilfredstillande. For å vere sikker på at du får tømt blæra di skikkeleg etter inngrepet vil du bli kontrollert med ein blærescanner/ultralyd eller eit eingongs urinkateter etter operasjonen. Du får reise heim når det går greitt å tømme blæra som normalt. Som regel er dette same dag, eller inntil to dagar etter operasjonen.
 
Forstopping: Du bør passe på å ikkje få forstopping. Kraftig trykk kan bidra til at operasjonen blir mislykka. Derfor er det viktig at du drikk rikeleg (helst vann) og et fiberrik kost samt får mosjon. Dersom du har tendens til forstopping kan det vere lurt å bruke laktulose (Lactulose/Duphalac) førebuande. Det får du kjøpt utan resept på apoteket.
 
Sting: Stinga er sydd med ein spesiell tråd som forsvinn av seg sjølv. Det kan kome ut trådbitar i nokre veker framover, og dette er normalt.
 
Bløding: Det er vanleg med blodig utflod som kan lukte i 2-3 veker. Så lenge det er bløding er det auka infeksjonsfare. Vi anbefala at du unngår karbad/offentlig bad og bruk av tampongar så lenge du har bløding
 
Sjukmelding: Du får med deg sjukmelding i 1-6 veker, avhengig av kva type arbeid du har.
 
Samleie: Samleie kan du ha etter ca. 4 veker. Det kan kjennast litt trongt og tørt i starten. Prøv deg forsiktig frem. Det kan vere lurt å bruke glidemiddel til å begynne med.
 
Dersom du har kome i overgangsalder anbefala vi at du bruker eit svakt hormontilskot (for eksempel Vagifem eller Ovesterin) i skjeden. Dette er for å styrke slimhinna.

Ver merksam

Komplikasjonar kan skje ved alle typar operasjon. Ved operasjon for nedfall av skjede/livmor kan følgande skje: 

  • Blodsamling
  • Bløding
  • Infeksjon, inkludert blærekatarr

Sjeldne komplikasjonar:

  • Blodpropp
  • Veldig sjeldan kan det oppstå problem med bedøvinga.

Får du feber, nedsatt allmenntilstand, smertefull hevelse i beina, aukande smerter eller bløding etter utskrivinga, må du kontakte gynekologisk avdeling direkte på telefon 52 73 23 10. Du vil då få snakke med sjukepleiar eller lege. Det kan bli aktuelt med ny undersøking.

Kontakt

Haugesund sjukehus Gynekologisk sengepost

Kontakt Gynekologisk sengepost

Oppmøtestad

Oppmøtested gynekologisk sengeposter i 3.etg i nybygget Sydvest. Vi held til sammen med fødeavdelinga.

Flyfoto av en by

Haugesund sjukehus

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Transport

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

Opningstider:
Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
Laurdag: 9.00-20.00
Søndag: 10.00-20.00 




​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​