Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling, Laparoskopisk cholecystectomi

Fjerning av galleblære

Ved gallestein eller annan sjukdom i galleblæra kan det bli nødvendig å fjerne galleblæra. Den vanlegaste metoden når vi skal fjerne galleblæra er kikholskirurgi, også kalla laparoskopisk kirurgi. Å fjerne galleblæra blir gjort enten dagkirurgisk eller ved å bli innlagd på sjukehus.

Før

Det er viktig at du følgjer instruksjonane om korleis du skal kome godt førebudd til sjukehuset.

​​Faste

Før operasjonen/undersøkinga må du faste. Dersom du ikkje møter fastande, kan det hende vi må avlyse/utsetje timen.

De siste 6 timane før operasjon/undersøking skal du ikkje ete mat eller drikke mjølk/mjølkeprodukt. De siste 2 timane skal du unngå tyggegummi, drops, snus og røyk. Frem til 2 timer før kan du drikke klare væsker: Vatn, saft, juice utan fruktkjøt, brus, te og kaffi utan mjølk. Du kan svelge medisinar med eit lite glas vatn inntil 1 time før, og pusse tenner og skylje munnen når som helst.

Mat og mjølk/mjølkeprodukt: Skal stoppast 6 timer før
Klare væsker, tyggegummi, drops, røyk og snus: Skal stoppast 2 timer før

Dersom du likevel har ete eller drukke utanom de tidene som står her må personalet få vite det. Før enkelte inngrep skal du drikke ein bestemt mengde næringsdrikk. Strengare regler kan vere naudsynt for nokon. Det får du i så fall beskjed om. 

Smykke, piercing, neglelakk, gelenegler og lause negler skal fjernast før innlegging. Dersom piercing er vanskeleg å fjerne, kan du risikere at den blir klipt. Betennelse/hudreaksjon rundt piercing som er nær operasjonsfeltet skal behandlast før operasjonen. Vi kan ikkje operere pasientar med smykker/piercing, då det kan føre til brannskade på både pasient og personale.

Brukar du blodfortynnande medisinar, sjå informasjon i innkallingsbrevet frå sjukehuset om kva du skal gjera.

Med mindre legen har gitt annan beskjed skal du ta faste medisinar om morgonen på operasjonsdagen saman med 1/2 glas vatn. Ta med liste over dei faste medisinane når du kjem til sjukehuset.

På morgonen eller kvelden før operasjonsdagen skal du ta ein grundig dusj med hårvask. Du skal ikkje ha på krem eller sminke etter at du har dusja.

Det er vanleg å barbere området som skal opererast. Dette blir gjort på sjukehuset, og du skal ikkje gjere det sjølv hvis ikkje anna er sagt.

Under

Operasjonen blir utført med kikholsmetode (laparoskopisk teknikk). Vi lagar vi fire små innstikk i magen, og fyller magen med gass. Ved hjelp av kamera og anna utstyr blir heile galleblæra fjerna. Gassen blir fjerna, og dei små såra sydde igjen med tråd som forsvinn av seg sjølv.

I sjeldne tilfelle er det av tekniske grunnar ikkje mogleg å gjennomføre operasjonen med kikholsmetode. Alternativet er å legge eit litt lengre snitt under ribbeinet (åpen operasjon) på høgre side.

Etter

Under og etter operasjonen får du væske intravenøst. Du får drikke og ete når du har våknar.

Du kan stå opp innan ein time, og vanlegvis kan ein reise heim etter 2–4 timar. Utifrå tilstanden din og når på dagen du vart operert vurderer kirurgen også om du må overnatte på sjukehuset.  

Før du reiser heim får du muntleg og skriftleg informasjon. Du skal ikke vera aleine når du kommer heim fram til morgonen etter operasjonen. 

Smerter 

I dei neste dagane kan du kjenne ubehag på grunn av gassen som vert sett inn i bukhola under operasjonen. Det er derfor naturleg å føle seg oppblåst i magen, kjenne smerter i skuldrene og oppleve at det er tungt å trekke pusten første tida. Plagane gir seg gradvis og vert heilt borte etter tre til fem dagar. Du får smertestillande etter behov når du er på sjukehuset. I tillegg får du med nokre smertestillande tablettar heim, i tillegg til resept.  

Sjukmelding

Det er ikkje skadeleg med aktivitet etter operasjonen. Lytt til kroppen din og auk den fysiske aktiviteten etterkvart. Unngå tunge løft i to til fire veker.  

Ein blir vanlegvis sjukmeld i ei veke etter operasjonen ved kikholskirurgi. Ved open operasjonsteknikk blir ein vanlegvis sjukmeld i to til tre veker. Dersom du treng forlenging av sjukmeldinga di kan du ta opp dette med fastlegen din. 

Kosthald og fordøyelse 

Du kan ete vanleg mat etter å ha fjerna galleblæra. Unngå store og feittrike måltid dei to første månadene. Det er ikkje unormalt å bli litt treig i magen og ha luft i tarmane. Du kan sjølv hjelpe til ved å halde deg i aktivitet, samt få i deg rikeleg med drikke og gjerne fiberrik mat.

Hygiene

Dersom du er operert med kikholskirurgi kan du dusje etter 2 dagar. Ta av bandasjen etter dusjing. Såra bør lufttørke før du set på nye sterile bandasjar. Dersom såra er tørre etter 4 dagar er det ikkje nødvendig å bruke bandasje.

Transport

Du kan ikkje køyre heim sjølv etter operasjonen. Husk at du kan ha rett på tilrettelagt transport eller å få dekt reiseutgiftene dine. Les meir om pasientreiser (helsenorge.no)

Oppfølging

Det er ingen rutinemessig kontroll hos kirurg eller hos fastlege etter operasjonen, men det blir gitt individuell oppfølging tilpassa ditt behov. Galleblæra som opererast ut blir sendt til histologisk undersøking ved behov.

 

Ver merksam

Kontakt sjukehuset dersom du opplever følgjande: feber utan vanlege forkjølingssymptom, sterke smerter, stor og øm i magen, kvalme og/eller væsking frå operasjonssåra.

Kontakt

Odda sjukehus Operasjon Odda

Kontakt Operasjon Odda

Oppmøtestad

Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.