Undersøking
EEG
EEG er ei undersøking som måler dei elektriske impulsane i hjernen.EEG er ei nyttig undersøking for utgreiing av ulike tilstandar som mellom anna besvimingar, epilepsi, koma, personlegheitsendring, søvnforstyrringar.
EEG blir også brukt for å overvake pasientar som får elektrokonvulsiv terapi, også kalla elektrosjokkbehandling.
Før
Når du møter til undersøkinga på sjukehuset må du ha reint, tørt hår utan hårprodukt (ikkje spray, gele, skum eller anna). Viss du sminker deg, unngå kremar, pudder eller liknande produkt i ansiktet.
Under
Du får ligge på ein benk og vi plasserer rundt 20 leidningar til hovudet ditt med ein voks. Vi stikk ikkje leidningane inn i hovudet, dei er berre i kontakt med huda di. Undersøkinga gjer ikkje vondt.
Det er viktig å ligge heilt roleg medan datamaskinen registrerer hjerneakitivteten din.
Sjølve registreringa varer i 20 minutt. Det tar også litt tid å feste leidningane og ta dei av og fjerne voks frå hovudet ditt.
Etter
Når du kjem heim, kan du vaske håret for å fjerne alle restar av voks.
Resultatet av undersøkinga sender vi til legen som viste deg til undersøkinga og til fastlegen din.
Kontakt
Haugesund sjukehus
Nevrologisk seksjon
Oppmøtestad
Sengeposten 5V finn du i 5. etasje og nevrologisk poliklinikk i 6. etasje. Bruk heisen ved Narvesen i 1. etasje.
Haugesund sjukehus
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund