Dren i øret

Øre-nese-hals
Ventilasjonsrør

Dei fleste barn opplever ein eller fleire episodar med akutt mellomøyrebetennelse. Det går oftast over av seg sjølv, eller må behandlast med antibiotika. I nokre tilfelle blir øyrebetennelsen og væskedanninga i mellomøyret kronisk. Barnet kan då oppleve nedsett høyrsel, noko som kan påverke språkutviklinga. I slike tilfelle kan det bli aktuelt å legge inn eit ventilasjonsrøyr (dren) i trommehinna.

Innleiing

Eit ventilasjonsrøyr er ein liten plastsylinder som blir plassert gjennom trommehinna slik at luft kan strøyme fritt inn i mellomøyret. Det er to typar ventilasjonsrøyr: kort- og langtidsventilasjonsrøyr. Den første typen er minst og står på plass i ca eitt år. Denne type ventilasjonsrøyr fell oftast ut av seg sjølv. Langtidsventilasjonsrøyret er større og sit betre fast i trommehinna. Av den grunn fell det sjeldan ut. Du vil få informasjon om kva type ventilasjonsrøyr som skal brukast.

Ventilasjonsrøyr blir sett inn i øyret under ein operasjon. Som regel kan pasienten opererast og reise heim same dag. Operasjonen skjer oftast i narkose. Hos eldre barn og vaksne kan av og til lokalbedøving nyttast.


 

Vi har laga ein film som viser kva som skjer før, under og etter ventilasjonsrøyr blir operert inn:

 

Fastlege eller anna helseteneste som tilviser til utgreiing

1. Før

Nokre dagar før operasjonen vil foreldra bli kontakta per telefon av ein sjukeleiar. De får generell informasjon om kva som skal skje. Det er spesielt viktig at pasienten er frisk dei siste vekene før operasjonen.

Barn som skal leggast i narkose, må faste før operasjonen. Det vil seie at barnet ikkje kan ete eller drikke frå midnatt kvelden før inngrepet, og heller ikkje om morgonen operasjonsdagen. Dersom operasjonen skal skje litt ut på føremiddagen, kan barnet drikke inntil eit halvt glass sukkerhaldig saft seinast to timar før narkosen blir gitt. Éin pårørande kan vere med inne på operasjonsstova fram til pasienten sovnar.

På operasjonsdagen vil pasienten bli undersøkt av lege. De får informasjon om operasjonen, moglege komplikasjonar og andre viktige opplysningar.

Det kan bli noko venting før operasjonen, fordi andre operasjonar kan ta lengre tid enn planlagt.

2. Under

Kirurgen lagar eit lite hol i trommehinna og væske i mellomøyret kan sugast ut. Ventilasjonsrøyret blir sett på plass. I nokre tilfelle drypper kirurgen inn øyredråpar, som også skal brukast heime i nokre dagar etter operasjonen. Inngrepet tar kort tid.

3. Etter

Etter operasjonen blir pasienten observert på eit oppvakingsrom. Viss inngrepet har gått fint og det ikkje er komplikasjonar, kan pasienten reise heim etter nokre timar.

Inngrepet gir lite eller inga smerte, men narkosen kan gi lett ubehag, irritabilitet og kvalme. Paracetamol kan nyttast i vanleg dosering, som står på eska.

Høyrsla vil ofte vere betra allereie like etter operasjonen.

Før heimreise vil sjukepleiar gi informasjon om dagane etter operasjonen. Lege skriv ut resept på øyredråpar eller andre meidsinar viss det trengs. Pasienten får time til kontroll etter operasjonen.

Pasienten kan vanlegvis gå tilbake til barnehage/skule dagen etter operasjonen.

Pasienten skal halde øyret heilt tørt den første veka etter operasjonen. Deretter kan ein bade utan beskyttelse i øyret. Skal pasienten til utlandet, bør øyret beskyttast ved bading grunna ein annan bakterieflora enn i Norge. Bruk for eksempel ein bomullsdott med feit salve/vaselin i øyregangen, eller spesialprodukt frå apotek.

Ver merksam

Behandling med ventilasjonsrøyr er ein vanleg og trygg prosedyre med få komplikasjonar. Komplikasjonar som kan inntreffe er:

Sekresjon: Øyret kan begynne å renne etter operasjonen. Dette kan observerast i eit par dagar, før ein forsøker eddikskylling. Bland 1 del hushaldningseddik 7 % med 3 deler kokt vatn. Avkjøl til omtrent kroppstemperatur. Drypp/skyll dette i øyret to gonger dagleg med ei 10 ml sprøyte.

Trommehinneperforasjon: Kan inntreffe viss ventilasjonsrøyret fell ut eller eit langtisdsventilasjonsrøyr blir fjerna og holet ikkje gror. Holet kan eventuelt seinare bli lukka med ein eigen operasjon.

Arr: Alle formar for irritasjon av trommehinna (som gjentatte øyrebetennelsar og fleire ventilasjonsrøyrbehandlingar) kan gi kalkdanning i trommehinna. Dette er ufarleg og påverker oftast ikkje høyrsla.

Infeksjon: Øyrebetennelse kan oppstå sjølv om eit ventilasjonsrøyr er på plass. Det kan også komme infeksjon i trommehinna rundt sjølve ventilasjonsrøyret. Øyredråpar er oftast tilstrekkeleg behandling.

Ny operasjon: Kan bli aktuelt viss ventilasjonsrøyret ikkje fell ut av seg sjølv. Andre gonger fell ventilasjonsrøyret ut raskt og det kan bli behov for ny operasjon viss det har danna seg ny væske.

Kontakt

Oppmøte

Øyre-Nase-Hals
1. etasje, Haugesund sjukehus
Telefon: 52 73 24 60

Øre-nese-hals
Telefon
52 73 24 60
Resepsjonen ved ØNH er bemannet på dagtid man-fre
Haugesund sjukehus
Besøksadresse
(Google maps)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag - sundag 17.00-18.30
Telefon
52 73 20 00

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.30-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

MEIR INFO OM ANDRE RESERVERTE PLASSAR (ØH-plassar, beh.hj.middel osb)

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.