Avrusing frå benzodiazepiner

Avrusing på institusjon inneberer medikamentelle, medisinske, miljøterapeutiske og sosiale tiltak for å hjelpe deg å kome gjennom avrusings- og abstinensfasen ved benzodiazepinavhengigheit. Du får tilbod om opphald i eit skjerma miljø med individuelle tiltak for akkurat din tilstand.

Innleiing

Benzodiazepiner er angstdempande middel og sovemiddel. Desse legemidla er avhengigheitsskapande, og viss dei blir brukt over tid kan det vere vanskeleg å slutte med dei utan hjelp.

Personar som blir innlagt med avhengigheit av benzodiazepiner har ofte samtidig bruk av og avhengigheit til andre rusmiddel. I tillegg viser studiar at ein stor del har samtidig psykisk liding. Innlegging i institusjon, spesielt i startfasen av avrusing frå benzo kan bidra til ei grundig kartlegging av omfang av misbruk og vere ein viktig del av ein nedtrappingsplan.


1. Før

Du får først time til førehandssamtale med behandlaren din. I denne samtalen ser de på tilvisinga di. Her kan du stille dei spørsmåla du måtte ha. Du og behandlaren din går gjennom og lagar ein plan for behandlinga.

Du kan også få omvising på avdelinga viss du ønsker det, i tillegg til informasjon om rutinar og generelt behandlingsopplegg.

Du bør lage deg ei oversikt over legemiddelinntaket ditt den siste tida, slik at dei medisinske og miljøterapeutiske tiltaka kan tilpassast behovet ditt på best mogleg vis. Dersom du har erfaringar med avrusing frå tidlegare, og veit kva som fungerer best for deg, er det også viktig å informere behandlaren din om dette. I nokre tilfelle kan det vere aktuelt å starte nedtrappinga heime med poliklinisk rettleiing, dette vil eventuelt behandlaren og legen din kunne samarbeide om.

Vi vil ta kontakt med fastlegen din/tilvisar, men det er også ønskeleg at du informerer oss om eventuelle kroppslege eller psykiske plager du ønsker at vi skal vete om eller forsøke å hjelpe deg med.

Veldig mange gruer seg til avrusinga og slit med eigenmotivasjonen før innlegginga. Dette er noko vi kan hjelpe deg med, så sei ifrå om dette.
Viss du gløymer å spørje om noko eller lurer på meir etter samtalen, kan du når som helst ta kontakt med oss.

Treng du transport til samtale/ innlegging? Les om pasientreiser på helsenorge.no

2. Under

I innkallingsbrevet står det informasjon om stad og tidspunkt for oppmøte til innlegging. Nyleg inntak av rusmiddel er inga hindring for å møte til avtalt tidspunkt. Vi kan ta i mot deg i den forma du er.

Du får eit behandlingsteam, som ofte består av ein behandlar og to sjukepleiarar/miljøterapeutar.

Når du kjem til avdelinga blir du tatt imot av kyndig helsepersonell, og du blir undersøkt av lege. Legen treng nøyaktig informasjon om siste tids inntak slik at den medikamentelle delen av avrusingsbehandlinga kan gjerast så skånsam som mogleg.

Du og legen din skal sette opp ein plan for nedtrapping på benzodiazepiner. Kva legemiddel som blir brukt kan variere mellom dei ulike behandlingsstedene, men baseres på anbefalinger i Nasjonal faglig retningslinje for avrusning fra rusmidler og vanedannende legemidler – les mer her!
Nedtrappingsplanene er individuelle, og varigheten av nedtrappingen kommer an på hvor mye du har inntatt den siste tiden og hvor lenge misbruket har pågått.  Anbefalingene er at prosessen skjer over tid, slik at noe kan gjøres mens du er innlagt, og noe kan gjøres etter utskrivelse med god støtte og planlegging.

Vi monitorerar abstinensproblematikk kontinuerleg den første tida ved hjelp av anerkjente verktøy. Desse målingane vil hjelpe deg og legen til å finne ein best mogleg nedtrappingsplan. Kva medikament som blir brukt i denne fasen vil variere.

Du vil få tilbud om tilrettelagde miljøterapeutiske tiltak som kan hjelpe mot abstinensplager i denne fasen. Lengda på innleggingsperioden vil variere ut frå tidlegare inntak av rusmiddel, vanlegvis frå to til åtte veker.

3. Etter

Avrusing er som regel den første delen av eit lengre behandlingsforløp, vidare behandling og eventuell oppfølging etter opphaldet vil anten avklarast før du kjem eller i løpet av behandlinga.

Vi kommuniserer elektronisk med fastlege og eventuelle andre du vil ha bruk for når det gjeld oppfølging etter opphaldet, for eksempel kommunal oppfølgingsteneste, LAR, apotek, ruskonsulent, rusteam og liknande.

Informasjon blir kun videresendt til andre instansar med tillating frå deg.

Vi kan formidle kontakt med likemannstiltak og andre tilbod som kan vere til støtte for deg etter behandlinga (som AA, NA og liknande). 

Kontaktinformasjon

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.