Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Diagnose

Autismespekterforstyrring hos barn og ungdom

Autismespekteret omfattar fleire ulike diagnosar. Dei vanlegaste er barneautisme, asperger syndrom og atypisk autisme.

Kjenneteikn på autismespekterforstyrringar kan vere

  • Utfordringar med sosiale ferdigheiter og forståing
  • Avgrensa evne til og interesse for sosial omgang
  • Annleis blikkontakt
  • Avvikande og annleis reaksjonsmønster
  • Utfordringar med kommunikasjon og språk
  • Annleis oppleving av sanseinntrykk
  • Auka sårbarheit for stress

Det er store individuelle forskjellar hos barn og ungdom med vanskar i autismespekteret. Førekomst og alvorsgrad av dei ulike symptoma varierer frå person til person og er avhengig av alder og utviklingsnivå. Mange med vanskar i autismespekteret har også tilleggsvanskar som angst, depresjon, ADHD, søvnvanskar og spisevanskar.

Nyttig informasjon om autismespektervanskar

Informasjon om autisme fra helsenorge.no

Nettsidene til Autismeforeningen

Ung og bekymra?

Dersom du er barn eller ungdom og bekymra for om du kan ha vanskar i autismespekteret tilrår vi at du søker råd hos helsesøster, kontaktlærar eller sosiallærar på skulen. Dei kan hjelpe deg å komme i kontakt med PPT dersom dei meiner det er grunnlag for kartlegging og vurdering av symptom. Viss du er over 16 år, kan du sjølv ta direkte kontakt med PPT eller fastlege.

Råd til foreldre

Dersom du er forelder og er bekymra for om ditt barn/ungdom har vanskar i autismespekteret tilrår vi at du søker råd hos helsesøster, pedagog i barnehagen, kontaktlærar/sosiallærar på skulen eller psykolog i kommunen. Du kan også ta direkte kontakt med PPT eller fastlege for å drøfte di bekymring. Det er vanleg at PPT tar ein del testar før tilvising til BUP, men det er ingen føresetnad for tilvising.

Dersom PPT, psykolog i kommunen eller fastlege vurderer at det er grunnlag for vidare utgreiing, vil barnet/ungdommen blir tilvist til BUP som har ansvar for vurdering av diagnose. Før tilvisinga må fastlegen gjere ei helseundersøking av barnet/ungdommen.

 

Tilvising og vurdering

Samhandlingsforløp for autismespekterforstyrrelse i Helse Fonna

Utgreiing

Utgreiing av vanskar i autismespekteret skjer i poliklinikken i BUP. I første samtale lagar vi ein plan saman med barnet/ungdommen og føresette.

Det er ingen test eller prøve som kan avgjere om ein har vanskar i autismespekteret eller ikkje. Utgreiinga er omfattande, med blant anna samtalar med barnet/ungdommen, samtalar med føresette, systematiske observasjonar, utfylling av spørreskjema, observasjon i barnehage/skule, legeundersøking og ulike testar. Når utgreiinga er gjennomført oppsummerer vi funn og vurderer om det er grunnlag for diagnose. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding frå utgreiinga og vi drøftar kva som kan vere hjelpsomme tiltak.
 
Viss det er tvil om diagnose eller barnet/ungdommen har andre vanskar som ikkje kan forklarast som ein del av autismespekterdiagnosen, kan det vere aktuelt med innlegging ved sengepost ved BUP for å utgreie vanskane nærare. BUP har sengepost for barn 6-12 år og ungdom 13-18 år.

Behandling

Etter at BUP har sett ein diagnose i autismespekteret, kan aktuelle tilbod i BUP vere:

  • Diagnoseformidling til barnet/ungdommen og føresette. Fokus på kva diagnosen inneber, vanlege utfordringar når ein har diagnosen, rettar og kva som er aktuelle tilbod.
  • Todagars foreldrekurs om autisme som er eit samarbeid mellom BUP, habilitering for barn og unge (HABU), Autismeforeningen i Rogaland og læring- og meistringsenteret i Helse Fonna (LMS).

  • Samtaletilbod kan vere aktuelt dersom barnet/ungdommen har andre psykiske vanskar i tillegg, som for eksempel angst, depresjon, ADHD eller spisevanskar.

Før saka blir avslutta i BUP, inviterer vi barnet/ungdommen, føresette og aktuelle instansar til eit oppsummerings- og overføringsmøte. Her blir vi einige om vidare tiltak og oppfølging.

Som regel vil oppfølging skje i barnets/ungdommens heimkommune. I enkelte tilfelle vil det i tillegg vere behov for behandling/tilbod i habiliteringstenesta. Då blir habilitering med i overføringsmøtet før avslutning i BUP.

Oppfølging

Barn og unge med diagnose i autismespekteret har behov for langsiktige og koordinerte tenester. Dette kan bli ivaretatt gjennom å opprette ein Individuell Plan (IP) som beskriver tiltak og tilrettelegging. Kommunen kan også peike ut ein person som kan vere familiens kontaktperson/koordinator.

Aktuelle tilbod i kommunen kan vere:

  • Barnehage/skule legger til rette og gir individuelt tilpassa hjelp/opplæring
  • PPT vurderer behov for spesialpedagogisk hjelp i barnehage eller spesialundervising i skule
  • Helse og omsorgstenester ved bestillarkontor/vedtakskontor kan vurdere behov for avlastningstilbod, støttekontakt, fritidskontakt og omsorgslønn
  • Ergo- og fysioterapitenesta kan tilby trening og tilrettelegging av fysisk miljø, daglege aktivitetar og gjeremål med fokus på sjølvstende og meistring
  • Nav kan vurdere behov for hjelpestønad og grunnstønad

Ta kontakt med koordinerande eining i din kommune for å få meir informasjon om kommunens tilbod

Kontakt

  • Kontakt BUP Stord

    Oppmøtestad

    Stord: 1. etasje i eit bygg som ligg like til høgre for Stord sjukehus.
    Utekontor Husnes:  Husnestunet, Stølshaugvegen 5, underetasjen.
    Utekontor Odda: Folgefonn DPS, 1. etasje Odda aldersheim.

    Stord DPS

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.
    Opningstider:
    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.
    Stengt i helger og heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt BUP Haugesund

    Oppmøtestad

    BUP poliklinikk og døgnpost: Vinjesgate 10


    Tyngdepunkt Sped og småbarn: Karmsundsgt. 51 (Gamle Meieriet) 3.etg.



    BUP Haugesund

    Vinjes gate 10

    5532 Haugesund

    Praktisk informasjon

    ​Besøkande på BUP Haugesund kan bruke parkeringshuset utanfor Haugesund sjukehus. Alle må betale for parkeringen. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 2 ladestasjonar.

    Det er reservert 1 plass til HC-parkering ved hovudinngangen som kan nyttas om du har gyldig bevis. 


    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.