Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Behandling

Åreknuter - laserbehandling

Ved laserbehandling blir det ført eit tynt kateter gjennom eit lite hol i huda og inn i vena. Ein laser plasserast deretter i kateteret. Det intense lyset frå laseren varmar opp vena og gjer at den blir lukka.

Før

Før åreknutane blir fjerna gjer kirurgen ei ultralydundersøking og ei klinisk undersøking. Resultatet av undersøkingane avgjør kva for behandling du treng.

Under

Vi bruker laser til å lukka dei store venane som er årsaka til åreknutane. Denne behandlinga blir gjort med hjelp av ultralyd og du får lokal bedøving.

Etter

Etter behandlinga kan du gå sjølv ut frå operasjonsstua. Du kan gå som normalt same dag, og forlat sjukehuset ca ein time etter behandlinga er ferdig. Du treng ikkje sjukmelding og du kan gå på jobb dagen etter behandlinga. Du må bruke lange støttestrømper på dagtid i 1-2 to veker etter behandlinga.

Dei små stikka gror i løpet av ei veke, og det er kunn små spor etter desse 3-4 månader etter behandlinga.

Du kan oppleve misfarging i huda i 2-3 veker etter behandlinga. Det kan vere blåmerker av forskjellig størrelse. 
Nokon har smerter, men hos dei fleste er det nok med reseptfrie smertestillande medikament. 




Kontakt

Odda sjukehus Operasjon Odda

Kontakt Operasjon Odda

Oppmøtestad

Operasjon/dagkirurgi, 3. etasje.
En bygning med et fjell i bakgrunnen

Odda sjukehus

Sjukehusvegen 10, 5750 Odda

Transport

​For informasjon om lokalrutetilbod til Odda sjukehus, sjå www.skyss.no. For ekspressbuss, sjå www.nor-way.no.

Praktisk informasjon

​Næraste daglegvare er Bunnpris, 700 meter frå sjukehuset. Adressa er Hjøllo 1, 5750 Odda.

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

​Kantina ligg i U-etg.
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-12.30

Det ligg ein kiosken ved hovudinngangen
Opningstider:
Måndag-fredag kl. 10.00-18.00.

Kiosken har ikkje betalingsterminal.

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Det er ikkje minibank ved sjukehuset. ​Næraste minibank ligg i Odda sentrum.

Parkering for pasientar og besøkande ligg på sjukehusområdet.
Du kan parkere på sørsiden av sjukehuset eller på østsiden/baksiden ved elven eller augelegekontoret. Det er gratis parkering.

Det er ikkje tilgjengelege ladestasjonar for lading av elbil.

Det er reservert plass for HC-parkering utanfor hovudinngangen.

Reservert plass for blodgivar er på parkeringsplassen sør for sjukehuset.

Hugs å legge parkeringsbeviset for desse plassane godt synleg i frontruta.



Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.