Diagnose

Abort - planlagt abort

Du har lovfesta rett til sjølvbestemt abort innan utgangen av den tolvte svangerskapsveka. Dersom du er kome lengre i svangerskapet, må du søke abortnemnda om å få ta abort.

Dersom du er ufrivillig gravid og vurderer å avbryte svangerskapet, er det viktig å ta kontakt med fastlegen din eller sjukehuset så tidleg som mogleg.

Tilvising og vurdering

Dersom du ønskjer abort, kan du ta direkte kontakt med gynekologisk seksjon ved sjukehuset.

Du kan også få tilvising frå fastlegen din. Fastlegen vil gjere ei gynekologisk undersøking for å vurdere svangerskapslengde før du blir tilvist.

Utgreiing

På sjukehuset får du samtale med sjukepleiar og gynekolog (ein lege som er spesialist i kvinnesjukdommar og fødselshjelp). Legen vil gjere ei gynekologisk undersøking med ultralyd for å slå fast svangerskapslengde. Det blir bestemt kva abortmetode som skal nyttast, medisinsk eller kirurgisk abort. Du vil få grundig informasjon og samtale før endeleg behandling blir bestemt.

  • Vanlegvis blir aborten sett i gang med medisinar. Dette skjer anten medan du er på sjukehuset eller du kan få medisinar med deg heim frå sjukehuset. Heimeabort kan gjerast fram til svangerskapsveke 9.
  • Kirurgisk abort blir sjeldan brukt.

Før du får gjennomført ein abort, må du signere skjemaet "Begjæring om svangerskapsavbrudd".

Abort etter tolvte svangerskapsveke

Dersom du ønsker abort, men svangerskapet er meir enn 11 veker og 6 dagar, må du søke primær abortnemnd ved Kvinneklinikken ved Stavanger universitetssjukehus om å få gjennomført abort. Nemnda er ein allmennlege og ein gynekolog, som du får treffe til ein samtale der du forklarar kvifor du ønskjer abort.

 Slik søker du om abort etter 12. svangerskapsveke - informasjon frå Helsedirektoratet

Applying for an abortion after pregnancy week 12 (PDF - helsedirektoratet.no)

Behandling

For at medikamentell abort skal kunne skje heime må du vere over 18 år, frisk og ha under 1 time reiseveg til sjukehuset. Du må kunne forstå og snakke norsk, og ha høve til å ha ein vaksen person saman med deg. Heimeabort er aktuelt fram til svangerskapsveke 9.

Du er først til undersøking og samtale på sjukehuset, der du blir einig med sjukepleiar og lege om korleis aborten skal gjennomførast. Ved medikamentell abort er det to ulike medikament som blir nytta: Mifegyne som startar abortprosessen og Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten.

Første del av behandlinga skjer på sjukehuset
På sjukehuset får du tabletten Mifegyne som du svelger. Når den er tatt, er det for seint å ombestemme seg. Før du forlet sjukehuset får du med deg medikamentet Cytotec og smertestillande for å fullføre behandlinga heime.

Du kan i løpet av dei neste dagane få blødning og menstruasjonsliknande magesmerter. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.

Ta kontakt med sjukehuset dersom:

  • du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
  • aborten skjer utan at vidare behandling med Cytotec er sett igang.

Dersom du ammar, er det tilrådd at du pumpar deg og kastar mjølka dei første 3 dagane etter inntak av Mifegyne.
Lev elles så normalt som mogeleg.

Vidare behandling heime
To dagar etter at abortprosessen blei starta med Mifegyne på sjukehuset skal du gjere resten av behandlinga heime. Det er nødvendig at du har ein vaksen person i lag med deg. Du kan ikkje føre bil denne dagen.

  • Start behandlinga om morgonen
  • Sidan du skal ligge den første timen bør du gå på toalettet først
  • Deretter plasserer du 4 tablettar Cytotec djupt i vagina/skjeden
  • Ta to smertestillande tablettar (1 tablett Pinex Forte og 1 tablett Diclofenac)
  • Etter 3-4 timar kan du ved behov ta same dose smertestillande
  • Etter ein time bør du vere oppe for å framskynde abortprosessen
  • Du kan spise, drikke og elles leve som normalt.

Vanlegvis vil aborten skje 4-6 timar etter at tablettane med Cytotec blei sett. Dersom det går meir enn 6 timar før du får blødning, ringer du sjukehuset for informasjon og vidare avtale.

NB! Du kan få sterke menstruasjonssmerter og det er vanleg med rikeleg bløding. Om du blir utrygg i situasjonen tar du kontakt med sjukehuset.

Etter aborten
Dagen etter aborten får du telefon frå sjukepleiar ved sjukehuset som vil høyre korleis du har det og om aborten er fullført. Du kan vere i vanleg aktivitet dersom du føler deg i form til det.

Etter 4-6 veker vil menstruasjonen oftast vere tilbake. Det er ikkje uvanleg at den første menstruasjonsblødninga både er kraftigare og varar lengre enn du er van med. Hormonell prevensjon kan takast i bruk så snart aborten er sluttført. Spiral kan setjast inn etter 4 veker, og skjer vanlegvis hos eigen lege.

Du skal ta graviditetstest 4 veker etter aborten for å påvise at svangerskapet er avslutta. Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.

Ta kontakt med sjukehuset viss:

  • du får feber med temperatur over 38° C
  • du har smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 2 veker
  • du får positiv graviditetstest 4 veker etter aborten
  • du har blødning som held fram i meir enn 4 veker etter aborten
  • du ikkje har fått tilbake menstruasjonen 4-6 veker etter aborten.

Medikamentell abort på sjukehuset kan bli utført fram til og med veke 12 i svangerskapet. Du vil få eit medikament som startar abortprosessen. Etter to dagar kjem du tilbake til sjukehuset for å gjennomføre aborten her.

Du er først til undersøking og vurdering på sjukehuset, der du blir eining med sjukepleiar og lege om korleis aborten skal skje. Ved medikamentell abort på sjukehuset er det to ulike medikament som blir nytta: Mifegyne som startar abortprosessen og Cytotec som hjelper kroppen å fullføre aborten.

Første del av behandlinga
Første del av behandlinga skjer på gynekologisk poliklinikk. Du får tabletten Mifegyne som du svelger. Når den er tatt, er det for seint å ombestemme seg. Du kan deretter reise heim. Innan 36-48 timar må du komme tilbake til poliklinikken for del to av behandlinga.

Dei neste dagane etter at du har tatt Misfegyne kan du få blødning og menstruasjonsliknande smerter. Bruk bind og ikkje tampongar ved blødning. Ved behov for smertestillande kan du ta paracetamol 1 gram inntil fire gonger i døgnet. Hos nokre få skjer aborten utan at vidare behandling er nødvendig.

Ta kontakt med sjukehuset dersom:

  • du kastar opp før det er gått 2 timar etter inntak av Mifegyne
  • aborten skjer utan at vidare behandling er sett igang.

Dersom du ammar er det tilrådd at du pumpar deg og kastar mjølka dei første 3 dagane etter inntak av Mifegyne.
Lev elles så normalt som mogeleg. 
 
Andre del av behadnlinga
To dagar, eller mellom 36-48 timar etter at abortprosessen blei starta med Misfegyne, kjem du tilbake til sjukehuset. Du kan gjerne ha ein vaksen person med deg.  Du kan ikkje sjølv køyre bil denne dagen.
og etter at du kjem heim bør du ha ein vaksen person saman med deg første døgnet. 

Behandlinga på sjukehuset kan ta tid, så ta gjerne med lesestoff, musikk eller noko anna du kan slappe av med. Spis gjerne frukost før du kjem. Du vil bli mottatt av sjukepleiar som gir deg informasjon om vidare behandlingsplan. Du vil få 4 tablettar som du skal sette djupt i skjeden. Du må ligge i 1 time etter tablettane er sett, deretter bør du vere oppe. Du vil få smertestillande tablettar etter behov. Det er vanleg å vere innlagt mellom 4-6 timar. Dersom det tar lengre tid enn fire timar før du får blødning får du ein ny dose tablettar i skjeden kvar 3. time til aborten er gjennomført. Du kan få kraftige menstruasjonssmerter og det er normalt å blø rikeleg.

Etter aborten
Menstruasjonsliknande bløding er vanleg den første veka. Mindre bløding eller brunleg utflod er normalt dei neste 2-3 vekene. Vi tilrår at du brukar bind og unngår tampongbruk i denne perioden. Unngå samleie og karbad så lenge du framleis blør. Det er ikkje uvanleg å ha menstruasjonsliknande smerter.

Menstruasjonen kjem vanlegvis tilbake 4-6 veker etter aborten. Den første menstruasjonen kan vere kraftigare og meir langvarig enn du er van med. Du kan starte med hormonell prevensjon rett etter aborten. Spiral kan settast inn etter 4 veker hos eigen lege. Elles kan du trene og vere i aktivitet som vanleg.

Fire veker etter aborten skal du ta ein graviditetstest. Vi gjer merksam på at inntakt graviditet etter abort vil inntreffe hos 1-2 kvinner av 1000 som får behandling. Metodesvikten er den same om behandlinga skjer ved medikamentell eller kirurgisk abort.

Ta kontakt med sjukehuset viss du har:

  • positiv graviditetstest etter fire veker
  • smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
  • bløding som varar meir enn 28 dager
  • feber over 38 grader
  • ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 4-6 veker.

Oppfølging

Det er inga oppfølging ut over etterkontroll som er omtalt ovanfor under den enkelte metode.

Ver merksam

Ta kontakt med sjukehuset viss du har:

  • positiv graviditetstest etter fire veker
  • smerter og kraftig blødning med klumpar i meir enn 14 dagar
  • bløding som varar meir enn 28 dager
  • feber over 38 grader
  • ikkje har fått menstruasjonen tilbake etter 4-6 veker.

Kontakt

  • Kontakt Gynekologisk og obstetrisk poliklinikk, Stord

    Oppmøtestad

    Gynekologisk poliklinikk, 3. etasje.
    Bruk heisen ved resepsjonen i 1. etasje.

    En bygning med trær og biler foran seg

    Stord sjukehus

    Tysevegen 64, 5416 Stord

    Transport

    ​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

    Praktisk informasjon

    ​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

    Måndag-sundag: 17.00-18.30

    Det er eigne besøkstider og reglar for føde og barsel.

    Oppdatert informasjon finn du på sida om besøkstider

    ​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Publikumskantine finn du i underetasjen.
    Opningstider:
    Måndag-fredag kl. 11.00-14.00.
    Stengt i helger og heilagdagar.

    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

    ​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

    Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov.

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​

    Sjukehusområdet er røykfritt.

    Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

  • Kontakt Gynekologisk sengepost

    Oppmøtestad

    Gynekologisk poliklinikk, 3. etasje.
    Bruk heisen ved resepsjonen i 1. etasje.

    Flyfoto av en by

    Haugesund sjukehus

    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

    Transport

    Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

    www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

    www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

    Praktisk informasjon

    Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

    Opningstider:

    Måndag-fredag kl. 08.00-16.30.

    Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
     
    Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

    Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

    ​Kantina i  6.etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande.

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

    Pasientkantine i 4-og 5.etasje er kun open for pasientar.

    Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

    Det ligg ein Narvesen kiosk i 1.etasje

    Opningstider:
    Måndag - fredag kl. 06.30-21.00
    Laurdag: 9.00-20.00
    Søndag: 10.00-20.00 




    ​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

    Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

    Ta med behagelege klede.

    Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

    Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

    God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

    ​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

    Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må betale for parkering. Dette gjer du på p-automatane enten med kort eller kontanter. I tillegg kan du benytte EasyPark appen.

    Parkeringshuset har 3 ladeuttak.

    Reserverte plassar for HC-parkering er utanfor hovudinngangen. Hugs å legge parkeringsbeviset godt synleg i frontruta.

    Det er reserverte plassar for blodgivarar og dialysepasientar utanfor inngang C som ligg ut mot Karmsundsgata. Du vil få utlevert parkeringsbevis frå avdelingen dersom du har rett til å bruke dessa plassane.

    Det er Haugesund Parkering Drift as som har oppfølging av parkeringshuset og parkeringane foran hovudinngangen. Eventuelle klager på p-avgift meldast til dei. Dette finn du også informasjon om på  p-automatane. 

    Pris for å parkere på sjukehus i Helse Fonna er 25 kroner i timen. Makspris for eit døgn er 155 kroner.​