Behandling av personopplysingar i prosjekt

I prosjektet «Odda sjukehus i lys av føringane i Nasjonal helse- og sjukehusplan» vil ein bruke opplysingar som er sendt Norsk pasientregister (NPR).

I prosjektet er det oppretta eigne arbeidsgrupper som skal sjå på eit heilskapleg og framtidsretta tilbod for innbyggjarane i opptaksområdet til Odda sjukehus. Det skal spesifikt vurderast tilbod til pasientgrupper som har behov for spesialisthelsetenester ofte, mykje og nært, behovet for dagkirurgiske tilbod, og akuttilbod. Det skal også vurderast korleis kommunane kan samarbeide med Helse Fonna om eit betre og fullverdig tilbod til innbyggjarane i Odda sjukehus sitt opptaksområde.

Kva inneber deltaking i studien?
Som grunnlag for vurderingane skal det gjerast fleire analysar, blant anna analyse av storbrukarane av sjukehustenester i Odda sjukehus sitt opptaksområde. Opplysingane blir henta frå meldinga som Helse Fonna sender til Norsk pasientregister. Opplysningane inneheld ikkje namn eller
kontaktopplysningar.

Desse opplysningane vil bli samla inn:

  • Sjukehusopphald (døgn, dag og poliklinikk, planlagt og øyeblikkeleg hjelp)
  • Tidsrom: dato for innlegging og utskriving
  • Diagnose
  • Prosedyrar som er gjennomført under opphaldet
  • Fagområde (til dømes kirurgi eller medisin)
  • Pasientens alder
  • Om pasienten døde under opphaldet


Kva skjer med innsamla informasjon?
Alle personopplysingar vil bli behandla konfidensielt. Det er prosjektgruppa som har tilgang til opplysingar, og opplysingane blir lagra på datamaskin beskytta med brukarnamn og passord (sikkert område).

Prosjektet skal etter planen avsluttast 30.11.16. Etter denne dato blir opplysingane anonymiserte.

Kontakt
Dersom du har spørsmål til studien, ta kontakt med fagdirektør i Helse Fonna, Haldis Økland Lier. Tlf: 52 73 20 00.

Studien er meldt til Personvernombudet for forskning, NSD - Norsk senter for forskningsdata AS.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.