Familie på tur. (Foto)

Barn og unges helsetjeneste

Samhandlingsforløp på tvers av kommuner og spesialisthelsetjeneste

Med samhandlingsforløpa skal barn og unge med psykiske helseplager få bedre og mer sammenhengende helsetjenester på tvers av kommune og spesialisthelsetjeneste.

Samhandlingsforløpa beskriv korleis ulike tjenester i både kommune og spesialisthelsetjeneste arbeider med tilstandsbildet. Dei inneheld konkrete forslag til kartlegging, aktuelle tiltak og samarbeid med andre tenester.  


​TilstandsbildeFor barn, unge og føresatte​​Sjå samhandlingsforløp
Bekymring for barn 0-3 årInformasjon og råd ​Samhandlingsforløp
​Spiseforstyrring hos barn og unge​​Informasjon og råd ​Samhandlingsforløp
​Angstlidingar, barn og unge​​Informasjon og råd ​Samhandlingsforløp
​​Autismespekterforstyrring, barn og unge ​​Informasjon og rådSamhandlingsforløp
Komplekse traumer hos barn og unge ​​Informasjon og råd ​Samhandlingsforløp

Prosjekt Barn og unges helseteneste

I Helse Fonna blei samhandlingsprosjektet «Barn og unges helseteneste» gjennomført i 2016/2017. Hovudmålet med prosjektet var å utarbeide pasientforløp på tvers av kommune og spesialisthelseteneste for å sikre samanhengande helsetenester.

Alle 19 kommunar i føretaket har vore direkte eller indirekte involvert i arbeidet.

I prosjektet er det utvikla fem samhandlingsforløp for barn og unge som no skal bli implementert i kommune og føretak. Samhandlingsforløpa omtalar både korleis fastlege, helsesyster, barnehagemedarbeidarar, lærarar, barnevern, BUP og andre fagfolk skal saman skape barn og unge si helseteneste.

Forløpa beskriv aktuelle tiltak frå første bekymring for barnet, til det er sett i verk tiltak i kommunale tenester til gjennomført behandling i spesialisthelsetenesta.

Dei fem tilstandsbilda er

  • Bekymring for barn 0-3 år
  • Spiseforstyrringar
  • Angstlidingar
  • Autismespektervanskar
  • Komplekse traumer

Det er samtidig laga enkel informasjon til pasient og pårørande om tilstandsbilda.

Eit av få i Noreg

Regjeringa sin nye strategiplan for god psykisk helse slår fast at hovudutfordringa med tenestetilbodet til barn og unge er å betre samhandlinga mellom spesialisthelsetenesta og primærhelsetenesta.

Prosjektet er eit av få nasjonale eksempel på at ein med brei involvering frå brukarar av tenestene og alle relevante tenester i kommunar og spesialisthelseteneste, har samhandla om utvikling av felles tverrsektorielle helsetenesteforløp for barn og unge.

Arbeidet bygger på og utfyller satsinga på Bedre Tverrfaglig Innsats (Stafettlogg) i vår region.

Saman bidrar dette til heilskapleg og koordinert innsats rundt barn og unge med psykiske vanskar.

Helse Fonna har i 2018 fått Innovasjonsmidler frå Helse Vest for å vidareutvikle forløpa. Planen er å lage to nye samhandlingsforløp for ADHD og depresjon.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.