Fysikalsk medisin og rehabilitering

Ved seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering driv vi med diagnostisering og behandling av skadar og sjukdommar som har ført til funksjonsnedsetting. Døme på dette kan vere hjerneslag eller sjukdommar i nervesystemet. Vi held til ved Stord sjukehus, men behandlingstilboda dekker pasientbehov i heile Helse Fonna. I tillegg har vi terapeuttenester for pasientar ved sengepostane ved Stord sjukehus.

Sjå vårt tilbod

Fysikalsk medisin og rehabilitering

Tilvising

Fastlegar og sjukehuslegar kan tilvise pasientar til alle tilboda våre. Elektronisk tilvising, adresse: Interntilvisingar i DIPS.
Alle tilvisingar både til spesialisert rehabiliteringdøgnpost, rehabiliterings- og fysikalsk medisinsk poliklinikk vert vurdert av  legespesialistar i fysikalsk medisin og rehabilitering. Vurderingane er i tråd med Prioriteringsveilederen fysikalsk medisin og rehabilitering.
 

Spesialisert rehabiliteringsdøgnpost

Ved vår rehabiliteringsdøgnpost har me ni plassar og tilbodet er ope 365 dagar i året. Vi har legespesialistar, sjukepleiarar, hjelpepleiarar, fysioterapeutar, ergoterapeutar, logoped og nevropsykolog. Vi dannar eitt breitt samansette team med høg fagleg kompetanse for å kartlegga pasienten sitt funksjonsnivå, starta målretta rehabilitering, og driva veiledning til  primærhelsetenesta i det vidare rehabiliteringsløpet.  Spesialisert rehabilitering i sjukehus gjeld pasientar som ved sjukdom eller skade får store funksjonsnedsettingar som har behov for spesialisert kunnskap, tverrfaglege, intensive og koordinerte tiltak.


Rehabilitering er effektivt ved å fremma pasienten si funksjonsbetring og eit sjølvstendig liv;  helse, meistring og livskvalitet.  Dei  fleste pasientane  bør få rehabiliteringstilbod i kommunen der dei bur. Pasienten sine eigne mål og pasienten sin eigeninnsats, er viktig i rehabiliteringa.


Spesialisert rehabiliteringspoliklinikk

Dette tilbodet er for deg som treng vurdering og, eller oppfølging av samansette funksjonsnedsettingar. Mennesker som kan ha nytte av ei slik vurdering, har oftast sjukdom eller skade i hjernen, sjukdomar i nervesystemet eller multitraume.

 

På poliklinikken følger fagteam òg opp nokre pasientar som har vore innlagd til spesialisert rehabilitering. Dette gjeld særleg mennesker som  har kognitive vanskar,  som treng førarkortvurderingar eller har utfordringar i høve spastisitet.


Fysikalsk medisinsk poliklinikk 

Dette behandlingstilbodet er retta mot deg som har muskel- og skjelettplager, og som er motivert for eit aktivt behandlingsopplegg.

Legespesialist og fysioterapeut vil undersøka, stilla diagnose,  behandla, og vidare  gje råd og rettleiing til behandling. Dersom du har nytte av det,  har me behandlingsprogram som vert utarbeida av lege og fysioterapeut. Vi har tilbod for:


  • Skulderplager
  • Laterale hoftesmerter
  • Fremre knesmerter
  • Laterale albogesmerter
  • Achillesplager
  • Plantare hælsmerter

Ryggpoliklinikk


Ryggpoliklinikken tilbyr utgreiing av ryggplager som ikkje raskt går over av seg sjølv. I tillegg tilbyr poliklinikken dagskurset «Trygg rygg». Målet med kurset er å gi deg oppdatert kunnskap om ryggplager og hjelp til å takla dei. Kurset vert leia av fysioterapeutar.  Du kan få tilvising av lege, fysioterapeut, kiropraktor eller andre som har tilvisingsrett

Terapeuttenester for inneliggande pasientar

Logopedi er aktuelt dersom pasient har sjukdom eller skade på hjernen sine språksenter, taleorgan og, eller tygge- og svelgvanskar. Logopeden på sjukehuset kartlegg og trenar særleg hjernslagpasientar ved akutt slageining og ved rehabiliteringsdøgnposten.

 

Fysioterapi  på sjukehuset retter seg mot pasientar som følge av sjukdom eller skade, har  ulike bevegelsesvanskar. Fysioterapeutane kartlegg og behandler  pasientar innlagd ved alle sengeposter; -kirurgisk, medisinske og rehabilitering,  i Klinikk Somatikk Stord. Fysioterapeutane nytter metoder som stimulerer pasient til størst mogeleg grad av eigentrening og meistring.

 

Ergoterapi er aktuelt når pasient  har sjukdom eller skade som hemmer pasienten i å utføra aktivitetar i dagleglivet (ADL). Ergoterapeutane kartlegg pasienten sine aktivitetsvanskar, og set i gang trening og eller kompenserande tiltak  for å styrka pasienten si eiga meistring av viktige aktivitesområder. 

 

Hjelpepleiar som er knytt til terapeuttenestane har i samarbeid med terapeutar ansvar for oppfølging av treningsprogram og trygger pasient i mengdetrening. 

Våre lokaler

  • Rehabiliteringsdøgnposten er i tredje etasje i hovudbygget til Stord sjukehus.
  • Fysikalsk medisinsk og rehabiliteringspoliklinikk held til i første etasje i gamle administrasjonsbygning (kvit trebygning).
  • Terapeuttenestane nytter trenings- og behandlingslokaler i første etasje i den kvite murbygningen til høgre for sjukehuset sin hovudinngang. Her finn du òg basseng. Både inneliggande og polikliniske pasientar kan ha effekt av varmtvassbehandling.
  • Naturen og nærområdet rundt sjukehuset er viktige treningsarenaer for ein del pasientar.

 

Hospitering

Helsepersonell som ønsker å hospitera på døgnposten og eller poliklinikken vår kan ta kontakt med:

 

 

Kontakt

Telefon
53491000
måndag - fredag 8.00-15.00
Postadresse
Stord sjukehus, Tysevegen 64, 5416 Stord
Stord sjukehus
Besøksadresse
Tysevegen 64, 5416 Stord(Google maps)
Besøkstider
måndag - sundag 15.30-18.30
Ta kontakt med avdelinga dersom du har spørsmål om besøk. Føde og barsel har eigne retningsliner for besøk.
Telefon
53491000
måndag - fredag 8.00-15.30
Telefontidene gjeld sentralbordet.

Transport

​Kystbussen har terminal i Leirvik sentrum, sjå www.kystbussen.no for ruteinformasjon. Herfrå går det lokalbuss til sjukehuset og DPS-et. Meir informasjon om rutetider for lokalbuss finn du på www.skyss.no. OBS: Ved søk i reiseplanleggaren må du skrive «Fylkessjukehuset» dersom du skal til/frå Stord sjukehus eller Stord DPS, då dette er Skyss sitt haldeplassnamn for dette busstoppet.

Praktisk informasjon

Apotek

​Det er ikkje publikumsapotek på sjukehuset, men det er fleire apotek i og rundt Leirvik sentrum.

Besøkstider Stord sjukehus

​Alle dagar kl. 15.30-18.30. Ta kontakt med personalet på avdelinga dersom du har spørsmål om besøk. 

 

Barselavdelinga har eigne retningsliner:

Kviletid: 13.00-15.00. Vi tar ikkje i mot besøk i kviletida.

Visittid: 16.30-17.30. Av omsyn til mor og barn tillet vi fire besøkande om gongen.
Pappavisitt: 18.00-20.00.

 

Butikk

​Nærmaste daglegvare er Spar Ådland, Olvikvegen 52, 5416 Stord. 1.5 km med bil, 500 m til fots på gangsti bak ambulansestasjonen.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk

​Publikumskantine i U. etg.
Opningstider: 10.00-14.30 alle kvardagar. Stengt i helger og heilagdagar.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Nærmaste minibank Stord sjukehus: Sparebanken Vest, Leirvik sentrum.

Parkering

​Parkeringsplass for pasientar og besøkande ligg like utanfor sjukehuset, det er kort avstand for gåande. Parkering mot avgift, sjå oppslag ved parkeringsautomat.

Det er mogleg å køyre heilt fram til hovudinngangen for å sleppe av passasjerar ved behov. For fødande er det mogleg å bli køyrt til fødeavdelinga sin inngang bak sjukehuset.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Skulderplagerhttps://helse-fonna.no/behandlinger/skulderplagerSkulderplagerSSkulderlidelserSkulderlidelserSkulderlidelserSkulderlidelserEMPTY

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.