HELSENORGE

Helse i arbeid

Helse i arbeid er for vaksne med plager frå muskel- og skjelettsystemet som er delvis eller fullt sjukemeldte i inntil 9 månader. Tilbodet er tilpassa pasientar der det vil være anbefalt ikkje-operative tiltak og egner seg ikkje for pasientar med mistanke om revmatisk sjukdom. 

Tilbodet er eit samarbeid mellom fysikalsk medisinsk poliklinikk i Helse Fonna og NAV. 

Det er ønskjeleg med tilvising av pasientar i subakutt fase, ideelt sett innan 3-4 månader.

​​​Tilvising

Tilvisin​​gar må innehalde

  • Aktuell sjukehistorie og problemstilling
  • Relevante tidlegare og noverande sjukdomar, psykisk og somatisk –  og eventuell tidlegare behandling og behandlingsresultat
  • Kliniske funn
  • Resultat av relevante tilleggsundersøkingar, bildediagnostikk
  • Oppdatert medikamentoversikt
  • Arbeidsstatus, sjukemeldingsforhold, sjukemeldingshistorikk

Merk tilvisinga “Helse i arbeid".

For framandspråklege pasientar må det opplysast om nasjonalitet, språk og om det er behov for tolk.

Tilvisingsadresse

Helse Fonna Stord sjukehus, Avdeling for Fysikalsk medisin og rehabilitering, Tysevegen 64, 5416 Stord.

For pasie​​ntar med skulderplager

Vi har nå eit prosjekt der vi tilbyr og arbeidsretta rettleiing frå NAV. I samråd med pasienten blir det utarbeidd ein plan for å komma tilbake til arbeid.  T

ilbodet gjeld pasientar i Helse Fonna sitt område.

Utgreiing og behandling

Tilbodet er for pasientar som treng utgreiing og tiltak for å kunne fortsetja i eller komme tilbake i arbeid.

Pasienten får tilbod om ei tverrfagleg kartlegging av lege og fysioterapeut, aktivitetsrådgiving og aktive behandlingstiltak.

NAV til​​​byr

  • Rask avklaring for å få i gong oppfølging snarleg
  • Kartlegge pasientens situasjon i forhold til noverande arbeidssituasjon og eventuelt ved behov for byte av arbeid
  • Avklare eventuelle behov for bistand frå NAV, arbeidsgjevar eller andre samarbeidspartnarar
    Avklare moglegheita for å stå i jobb til tross for helsemessige forhold
  • Kartlegge så mykje som mogleg og vidareformidla til lokal NAV-rettleiar der det er aktuelt, som igjen kan vere raskare på igangsetting av dialogmøte eller tiltak

Les meir hos NAV: HelseIArbeid – tjenestesamhandling mellom Helsetjenesten og NAV - nav.no

Besøksa​dresse

Helse Fonna Stord sjukehus, Tysevegen 64, 5416 Stord.​




Fann du det du leita etter?