Kva gjer vi?
Med utgangspunkt i kartlegginga gir vi deg forslag til behandlingstiltak med mål om betre smertemeistring og auka livskvalitet. Tverrfagleg smertepoliklinikk i Helse Fonna har ein rettleiande og ikkje behandlande funksjon. Vi tilbyr derfor ikkje behandling ut over kartleggingstimane. Fastlegen kan tilvise deg til tverrfagleg smertepoliklinikk etter at du har vore gjennom tiltak og utgreiingar som er relevante for din tilstand.
Fagpersonane ved smertepoliklinikken arbeider med heile mennesket og ikkje bare smertene. Dette er viktig fordi smertene du har ofte er samansette og med ulike årsaker. Denne tilnærminga er kalla biopsykososial modell, ein forståingsmodell for sjukdom som tar omsyn til heilskap ved å vektlegge biologiske så vel som psykologiske og sosiale forhold.
For å kunne dra nytte av smertepoliklinikken sitt tilbod må ein vere motivert for eigeninnsats og open for andre tilnærmingar til smerte enn reine medikamentelle tiltak. Det tverrfaglege arbeidet og samarbeid med deg som pasient, skal motivere og hjelpe til å meistre smertene du har og utfordringar du møter i kvardagen. Kort sagt vil vi at du skal oppnå betre livskvalitet.
Dette kan vi tilby
- Vurdere noverande medikamentell behandling og gi råd om eigna medikamentelle tiltak
- Vurdere betydningen av psykososiale faktorer sin innverknad på smerteoppleving og -atferd og gi råd vedrørande dette
- Vurdere behov for og gi råd angåande fysioterapeutiske tiltak inkludert fysisk aktivitet
- Vurdere behov for og ønske om psykologisk oppfølging.
Dette kan vi ikkje tilby
- Blokade
- Vurdering av arbeidsevne
- Spesialisterklæringar
- Medikamentavvenning
- Tilbod til pasientar med rusavhengigheit
- Tilbod til pasientar under 18 år. Desse må tilvisast Haukeland universitetssjukehus
- Tilbod til pasientar med maligne smerter
- Tilbod til pasientar med pågåande, uavklarte forsikringssaker.
Tilvising
Fastlegen kan tilvise deg til tverrfagleg smertepoliklinikk etter at du har vore gjennom tiltak og utgreiingar som er relevante for din tilstand.
Smertepoliklinikken tar imot tilvisingar frå fastlegar i Helse Fonna-området. Merk tilvisinga «Smertepoliklinikk» og send til Helse Fonna, Odda sjukehus. Pasienten sin smertetilstand må vere ferdig utgreidd og avklart.
Tilvisinga bør innehalde
Klar beskriving av problemstilling, aktuell sjukehistorie og tidlegare/andre sjukdomar, samanfatting av tidlegare utgreiingarog resultat (på eit relevant detaljnivå), tidlegare behandling og eventuell effekt, medikamentanamnese, funksjonsnivå (evne til deltaking i det daglege), psykososial anamnese inkludert arbeidsstatus og familieforhold, eventuelt opplysningar om psykologisk oppfølging/behandling.
Kopi av tidlegare epikriser kan leggast ved, men erstattar ikkje ein gjennomtenkt tilvisingstekst.
Forløp
Sjå pasientinformasjon for kva som skjer i forløpet hos oss.
For våre pasientar
Pålogging pasientar - Checkware
Brukerveiledning Checkware
Video: Pasientpålogging med Bank-ID