ROP-posten

ROP står for samtidig rus- og psykisk liding. Posten er en lukka post, med 5 sengeplasser for personer over 18 år. ROP-posten gir tilbod om kartlegging og utgreiing der det er mistanke om samtidig rus- og alvorleg psykisk liding. Vi gir også tilbod om stabiliseringsopphald for målgruppa.
Les meir om ROP-posten

ROP-posten

Kven møter du?

Posten arbeider tverrfagleg og har tilsette med utdanning som helsefagarbeidar, sjukepleiar, vernepleiar, sosionom, psykolog og lege. Dei fleste tilsette har vidareutdanning innan psykisk helse.

Behandling

Behandlingsperioden varierer, og kan ha varighet fra uker til flere månader. Ved behov samarbeider vi tett med andre avdelingar på sjukehuset og i kommunane. 

Behandling på ROP-posten bygger på den einskilde sine individuelle behov. Som pasient blir du invitert med i planlegging av behandlinga. Behandlinga består mellom anna av

  • Felles morgonsamling, trening og turdag

  • Samtalar med psykolog og nevropsykologisk utgreiing ved behov

  • Legeundersøking også i forhold til fysisk helse

  • Utgreiing av sosiale forhold, familiesituasjon, økonomi m.m.

  • Miljøterapi tilpassa den enkelte

  • Samtaletilbod til pårørande

  • Meistringsplan som ein del av «Pasientsikkerhetsprogrammet»

  • Rettleiing til andre delar av spesialisthelsetenesta og kommunar

Tilvising

Fastlege, ruskonsulent, NAV-konsulent og behandlar innan spesialisthelsetenesta, kan tilvise til ROP-posten.

Ved behov for informasjon ta kontakt, telefon 52 73 27 00, og spør etter funksjonsleiar Sølvi Bakkevig.

Vi tek imot pasientar med alvorleg rusmiddelmisbruk, der det i tillegg

  • er mistanke om alvorleg psykisk liding

  • foreligger diagnose, men er behov for stabilisering og diagnostisk vurdering

  • er uavklart tilstand med behov for vidare utgreiing og diagnostisering

  • er eit lavt funksjonsnivå og  pasienten ikkje nyttiggjer seg anna behandlingstilbod

 Vi kan også tilby innlagte pasienter gjennomføring av soning.

  • Lov om gjennomføring av straff, § 12. Gjennomføring av straff i institusjon

Tilvising sendast
Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF, ROP-post, seksjon for spesialisert behandling
Postboks 2170, 5504 Haugesund

Kontakt

Telefon
52 73 27 00
måndag8.00-15.00
tysdag8.00-15.00
onsdag8.00-15.00
torsdag8.00-15.00
fredag8.00-15.00
Postadresse
Klinikk for psykisk helsevern, Helse Fonna HF, ROP posten, seksjon for spesialisert behandling
Postboks 2170
5504 Haugesund

Haugesund sjukehus

Besøksadresse
(Google maps)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag17.00-18.30
tysdag17.00-18.30
onsdag17.00-18.30
torsdag17.00-18.30
fredag17.00-18.30
laurdag17.00-18.30
sundag17.00-18.30
Telefon
52 73 20 00

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.30-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

MEIR INFO OM ANDRE RESERVERTE PLASSAR (ØH-plassar, beh.hj.middel osb)

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.