Nyreskule
Når du har fått påvist ein kronisk nyresjukdom, har du stort behov for informasjon og opplæring. Vi er plikta å gi denne opplæringa. Kunnskap gjer at du kan handtere og kanskje bremse utviklinga av sjukdomen. Vi tilbyr pasientar å vere med på to dagars nyreskule. Du får lære om sjukdomsutvikling, behandling, medisinar, kosthald og økonomiske rettar. Nyreskulen blir ein gong i halvåret. Du kan bli tilvist til nyreskule av nyrelege.
Transplantasjonsutgreiing
Nyretransplantasjon er eit behandlingsalternativ for pasientar med langtkomen nyresvikt. Før du kan bli vurdert for operasjon, må du gjennom utgreiing som inneber prøvar og undersøkingar. Denne utgreiinga skjer hos oss. Nyretransplantasjon skjer på Rikshospitalet og søknad om transplantasjon blir sendt dit. Informasjon til deg som skal få nyretransplantasjon
Personar som skal gi nyre til ein slektning må også gjennom grundig utgreiing hos oss for å bli godkjent som donor.
Informasjon til deg som er donor