1. Sett ein dato
Erfaring viser at halve suksessen ligg i planlegginga av røykeslutt. Om du i dag bestemmer deg for ein sluttdato 2–4 veker fram i tid, har du gode moglegheiter for å lukkast.
2. Gjer om på røykevanane dine
Røyk andre stader og til andre tider enn det du er vant til. Unngå å ta med kaffikopp, avis eller telefon når du skal røyke. Det hjelper deg å bryte vaner og å trappe ned.
3. Skriv ned kvifor du vil slutte
Kvifor vil du slutte å røyke? Kva kjem du til å tene på det? Kva gleder du deg mest til? Skriv ned alle grunnane du kjem på og ha det lett tilgjengeleg dei dagane der du ikkje føler deg like motivert.
4. Legg ein plan når røykesuget melder seg
Eit røykesug går som regel over etter nokre minutt. Planlegg kva du skal gjere i staden for å røyke når du får røykesug. Det kan vere alt frå å drikke eit glas vatn til å ringe ein venn eller gå ein tur. Når du sluttar - slutt heilt!
5. Slutte heilt
Ikkje ta eitt einaste trekk. Alle abstinensplager du kan oppleve etter at du har slutta å røyke, går over – berre du ikkje røyker. Dersom du røyker av og til, blir du aldri kvitt røykesuget. Det er verst dei første dagane, men i løpet av 2–4 veker er abstinensplagene over for dei fleste.
6. Ete jamleg
De første vekene etter røykeslutt kan blodsukkeret vere ustabilt, og difor er det viktig å ete ordentleg og jamleg. Fire måltider og mellommåltider som for eksempel frukt eller eit knekkebrød anbefalast.
Tenk over kva du et om du er redd for å gå opp i vekt. Drikk meir vatn enn du pleier. Ved røykesug hjelper det også å drikke eit par glas vatn. Husk at eit røykesug berre varer i nokre minuttar. Å vere fysisk aktiv kan også lindre abstinensplagene og motverke vektoppgang.
7. Hald motivasjonen oppe og søk støtte
Alle kan slutte å røyke. Ikkje tenk på røyken som ein god venn og støtte. Spør dei som allereie har slutta. Medan kroppen og hjernen sitt system for å lønne deg omstiller seg til å nyte livet utan nikotin, kan du få ein nedtur og tenke at alt kjenst tungt og trist. Men det går over om du held ut og søker støtte hos dei rundt deg.
8. Bruk hjelpetilboda
Nikotinmiddel (plaster, tyggegummi, sugetablettar) lindrar abstinensplager ved røykeslutt og doblar sjansen for å lykkast. Det er viktig å følge anbefalt
dosering. Den vanlegaste feilen ved bruk av nikotinlegemidlar er å bruke for svak dosering. Spør på apoteket. Det fins også legemidlar på resept som lindrar abstinensplager og dempar røykesug. Spør fastlegen din om dette.
9. Gi noko igjen til deg sjølv
Gjer noko hyggeleg og fokuser på dei positive tinga du har oppnådd ved røykeslutt.
10. Få hjelp - heilt gratis
Fleire råd og gratis hjelp til røykeslutt er tilgjengeleg frå spesialutdanna rettleiarar ved Røyketelefonen, telefon 800 400 85. Dei tilbyr gratis oppfølging gjennom eit heilt år for dei som ønsker det. Du kan også bruke det nettbaserte slutteprogrammet www.slutta.no heilt gratis, eller laste ned appen Slutta.