Vald, overgrep og omsorgsvikt hos barn og unge

Barn og unge som er utsatt for omsorgssvikt eller vald og overgrep i nære relasjoner har risiko for å utvike ei rekke psykiske helseplager. Dei kan utvikle lidingar som er direkte relatert til trauma, som posttraumatisk stressforstyrring, eller dei kan utvikle andre psykiske vansker. Belastningar som vald, overgrep og omsorgssvikt er ofte forbunde med skam og hemmeleghald. Konsekvensar av trauma treng ikkje komme til syne med det same, men kan utvikle seg over tid.


Alle som jobbar med barn og unge må være merksame på teikn som kan gi mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt, og har sjølvstending ansvar for å følge opp bekymringa. Her finn du oversikt over dei ulike tenestene si rolle ved vald, overgrep og omsorgssvikt, og kva ansvar tenestene har for å følge opp psykiske plagar som følger med disse belastningane.

Les meir om vald, overgrep og omsorgssvikt

Vald og overgrep mot barn omfattar fysisk vald, psykisk vald og seksuelle overgrep, samt omsorgssvikt i form av fysisk og emosjonell neglisjering.

Vald, overgrep og omsorgssvikt kan skje i det skjulte og over lang tid utan at det blir oppdaga. Sped- og småbarn er særlege utsette. Når barn og ungdom opplever traume i nære relasjonar påverkar det utvikling og fungering på alle livsområde. Dei umiddelbare kjenslene som blir fremkalt av overgrep, slik som frykt, sinne og sorg, kan gi livslange forstyrringar i følelsesregulering, sjølvbilde og stressaktivering. Vald og overgrep mot barn kan og forstyrre den normale tilknytningsdynamikken mellom føresette og barn, og påverke sosiale relasjonar gjennom heile livet.  Teikn på vald, overgrep og omsorgssvikt kan vere at barnet trekk seg vekk frå sosiale samanhengar og aktiviteter, opplever håpløyse og kjensle av depresjon, strevar med å regulere kjensler, har vanskar med konsentrasjon og merksemd, spenning og smerter i kroppen, problem med familie og venner, dårleg sjølvbilde, spisevanskar og sjølvskading.

Vi kallar det ofte utviklingstraume når barn og unge er blitt utsette for vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt i nære relasjonar. Utviklingstraume skil seg frå akutte eller enkeltståande traume som overfall, blind vald, ulukker eller naturkatastrofer. Det viktigaste skillet er at utviklingstraume blir påført av vaksne personar som skulle tatt vare på barnet/ungdommen og i omgivelser der barnet/ungdommen skal kjenne seg trygg.

Les meir om vald, overgrep og omsorgssvikthttps://valdsveileder.nkvts.no/vald-mot-barn/

Informasjon til barn, unge og føresette

Her får du hjelp

Viss du er barn/ungdom og opplever vald, overgrep eller omsorgssvikt i nære relasjonar, kan du ta kontakt med ein voksen du stolar på for å få hjelp. Det kan for eksempel vere ein lærar, helsesjukepleiar eller andre du kjenner. Du kan også ta kontakt med politiet, helsestasjon for ungdom og/eller barnevernstenesta i kommunen der du bur.

Informasjon om kor barn og unge kan søke hjelp

Barneombodet om vald og overgrep


Tilvising og vurdering

Viss du er vaksen og har grunn til å tru at eit barn eller ungdom blir utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt bør du ta direkte kontakt med barnevernstenesta i din kommune eller familievaldskoordinator i politiet. Dei vil hjelpe deg å vurdere bekymringa og korleis den kan handterast vidare.

Les meir om vald og overgrep

Barn og unge som har opplevd alvorlege traume vil ofte ha behov for hjelp frå fleire instansar over tid . Tilvising til BUP bør vurderast ved tydelege teikn på psykiske lidingar eller traumereaksjonar. Det er fastlege, barnevernstenesta eller psykolog i kommunen som kan tilvise til BUP. Viss det er behov for akutt hjelp frå psykisk helsevern, er det fastlege eller kommunal legevakt som gjer ei vurdering og eventuelt kontaktar vaktsystemet i BUP.



Kommunale tenester

Fastlege

Fastlegen si rolle i det psykiske helsearbeidet er å gjere ei heilskapleg vurdering av barnet eller ungdommen sine plager. Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt, må fastlegen vurdere bekymringsmelding til barnevernstenesta. Viss belastningar er kjent og ivaretatt av barnevernstenesta, skal fastlegen vurdere om barnet eller ungdommen har psykiske plager og treng tilvising til BUP eller psykisk helsetjeneste i kommunen. Viss vurdering allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal fastlege gjere ei somatisk vurdering før tilvising til BUP. 

Kartlegging ved vald, overgrep eller omsorgssvikt

I kartlegging skal fastlegen ha fokus på både belastningar og traumatiske opplevingar, og eventuelle psykiske reaksjonar som er følgje av desse. For barn og ungdom der ein har mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er barnet si sikkerhet første prioritet, og kartlegging bør fokuserast på å avdekkje omfanget av belastningar.  Der belastningar ligg tilbake i tid og er kjent og ivaretatt av hjelpeapparatet, skal fastlegen vurdere eventuelle psykiske plager som har oppstått som følgje av belastningane.

Kartlegging bør innehalde;

  • Kartlegging av belastningar/traumatiske opplevingar. Er det behov for bekymringsmelding eller sikringstiltak?
  • Pasientens symptom – type, omfang og innverknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid).
  • Somatisk historikk og eventuelt somatisk status for å utelukke somatiske forklaringar på symptoma
  • Omsorgssituasjon og psykososialt miljø rundt pasienten. 
  • Kva tiltak er prøvd ut og kva tenester er nytta
  • Ressurs-/tillitspersonar rundt pasienten
  • Ruskartlegging (pasient og familie)
  • Suicidalitet/sjølvskadingsåtferd


Tiltak ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt

Fastlegene skal vurdere omfang og alvor av belastningane på barnet, og vurdere om det er behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet. Ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt skal barnevern og/eller politi kontaktast.  Fastlegen skal også vurdere om bekymringa for barnet tilseier at fastlegen har opplysningsplikt til barnevernstenesta. Ved mistanke om vald eller overgrep som ikkje er retta mot foreldre eller føresette, skal foreldre involverast.

Tiltak ved psykiske plager etter kjent vald, overgrep og omsorgssvikt

I nokre tilfelle er belastningane kjent og ivaretatt av hjelpeapparatet. I slike tilfelle skal fastlegen vurdere om barnet/ungdommen har psykiske plager som følge av belastningane. Ut frå kartlegging vurderer fastlegen kor alvorlege symptoma er og hastegrad i forhold til behandling. Ver særleg merksam på teikn som sosial tilbaketrekking, vanskar med følelsesregulering, samspillsvanskar, åtferdsvanskar, sjølvskading, søvnvanskar, spisevanskar og diffuse somatiske plager som og kan vere reaksjonar på traumatiske opplevingar. Lette til moderate psykiske vanskar kan behandlast i kommunen, mens moderate og alvorlige vanskar skal tilvisast til BUP.

 Ved psykiske plager kan tiltak frå fastlege vere:

  • Samtale med barn og føresette eller ressurs-/tillitspersonar. Sett av god tid. Kall gjerne pasienten inn igjen for vidare kartlegging med eller utan ressurs-/tillitspersonar. Vurder behov for dobbelttime.
  • Vurder behov for tilvising til kommune eller spesialisthelsetenesta.
  • Vere delaktig i å etablere første ansvarsgruppe. Rolle som koordinator kan med fordel vere delegert, avhengig av relasjon til pasient.
  • Ved risiko for ØH-henvendingar bør det utarbeidast krise/sikkerheitsplan saman med pasienten.

Evaluering av tiltak

Viss ein har mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er sikringstiltak første prioritet. Tiltak bør følges opp tett og evaluerast fortløpande. Når tiltak er sett i verk av fastlege, er det tilrådd med éin eller fleire oppfølgingstimar for evaluering av effekt.

Viss belastningane ligg tilbake i tid, skal tiltak evaluerast jamleg utifrå barnet sine vanskar.

Samarbeid med andre instansar

Ved kjent vald, overgrep og omsorgssvikt er det ofte mange involverte frå både kommune og spesialisthelseteneste. Fastlegen bør skaffe en oversikt over involverte instansar og deretter vurdere si rolle i samarbeid med desse.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om psykiske vanskar på grunn av vald,  overgrep og omsorgssvikt bør tilvising til BUP vurderast (henvisningsskjema BUP). Tilvising kan sendes på grunnlag av:

  • alvorlege psykiske reaksjonar etter traume, kriser eller katastrofar der vald, overgrep eller omsorgssvikt er kjent.
  • mistanke om andre psykiske lidingar som kan vere ein reaksjon på vald, overgrep og omsorgssvikt.

Helsestasjon og skulehelseteneste

Helsestasjon og skulehelsetenesta har ei viktig oppgåve i å oppdage psykiske vanskar og skeivutvikling hos barn og unge på eit tidleg tidspunkt og sikre at barn og unge får nødvendig oppfølging. Helsesjukepleiar kan oppdaga teikn på omsorgssvikt, vald og overgrep i vanlege helseundersøkingar og i samtaler med enkeltelevar. Ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt, må helsesjukepleiar sørge for nødvendig oppfølging og hjelp.

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

Helsesjukepleiar kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære helseundersøkingane ved helsestasjonen, kan helsesjukepleiar bruke generelle kartleggingsverktøy som Firfotmodellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.

For å avdekke vald, overgrep og omsorgssvikt er det viktig å:

  • Vere merksam på mulige fysiske indikasjonar på vald, overgrep og omsorgssvikt i dei somatiske undersøkingane
  • Observere mulige teikn på psykiske plager under helsesamtalen og den somatiske undersøkinga
  • Stille spørsmål om forhold som er relatert til vald, overgrep og omsorgssvikt
  • Kartlegge ulike risikofaktorar og eventuelle andre belastande hendingar eller forhold
  • Observere samspelet mellom føresette og barnet/ungdommen, herunder om foreldra har negative eller fiendtlige haldningar eller urealistiske forventningar til barnet/ungdommen.
  • Vere merksam på teikn på psykiske lidingar som kan vere reaksjonar på traumatiske opplevingar, som sosial tilbaketrekking hos små barn, vanskar med følelsesregulering, samspillsvanskar, atferdsvanskar, sjølvskading, søvnvanskar, spisevanskar og diffuse somatiske plager.


Informasjon kan innhentast frå andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Særleg er det aktuelt å snakke med barnehage/skule som ser barnet/ungdommen dagleg. Avhengig av organisering i kommunen kan helsesjukepleiar samarbeide med psykolog i kommunen, psykisk helseteneste eller familiesenter om kartlegginga.

Tiltak ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt må helsesjukepleiar vurdere omfang og alvor av belastningane, og vurdere om det er behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet/ungdommen. I slike tilfelle skal ein følgje kommunen/eininga sine rutinar for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer eller med personopplysningar viss loven gir hjemmel for dette. Det er oftast mogleg å få samtykke frå føresette til utveksling av informasjon viss ein forklarar at ein treng råd og/eller informasjon frå andre for å kunne hjelpe barnet på best mogleg måte.

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar, ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette. Viss mistanke om vald og overgrep ikkje er retta mot føresette, skal foreldre involverast i oppfølginga.

Tiltak ved psykiske plager etter vald, overgrep og omsorgssvikt

Viss belastningane ligg tilbake i tid, er kjent og ivaretatt av barnevernstenesta, kan barnet/ungdommen trenge oppfølging for psykiske plager som har oppstått som følge av belastningane. Helsesjukepleiar kan følge opp barn og ungdom som har lette psykiske plager eller traumesymptom i samarbeid med føresette og aktuelle instansar. Roller og ansvar må då vere avklart. Tiltak frå helsesjukepleiar kan vere:

  • Samtalar med barnet/ungdommen individuelt eller i gruppe
  • Psykologisk førstehjelp 
  • Rettleiing til føresette
  • Programbasert foreldrerettleiing som for eksempel COS-P, ICDP eller PMTO
  • Samarbeid med skule og føresette om tilrettelegging i skulekvardagen

Dersom barnet/ungdommen er i behandling ved psykisk helseteneste eller BUP, kan helsesjukepleiar støtte opp om behandlinga ved:

  • Samtaler med barn/ungdom og føresette.
  • Samarbeid med kontaktlærar og skuleleiinga om tilrettelegging i skulesituasjonen
  • Delta i samarbeidsmøter/ansvarsgruppe rundt barnet/ungdommen

Evaluering av tiltak

For barn og ungdom der ein har mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er barnets sikkerhet første prioritet, og tiltak bør følges opp tett og evaluerast kontinuerlig. 

Der belastningar er kjent og ligg tilbake i tid, skal tiltak evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at dei riktige tenestene følger opp. Evaluering skal skje i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år.  Aktuelle samarbeidsinstansar er særleg barnehage/skule, psykisk helseteneste, kommunepsykolog, familiesenter, PPT, barnevern og BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om traumesymptom eller andre psykiske lidingar må det vurderast om det er behov for diagnostisk vurdering og behandling i BUP. Fastlege, barnevernsteneste og psykolog i kommunen har tilvisingsrett til BUP. Helsesjukepleiar kan legge ved eit vedlegg med utfyllande informasjon.

Barnehage

Barnehagen skal fremme god psykisk helse ved å stimulere livsglede, meistring og eigenverd.   I det psykiske helsearbeidet har barnehagen ei viktig rolle i å oppdage tidlege teikn på psykiske helseplager eller skeivutvikling. Tilsette i barnehagen bør så tidleg som mogleg identifisere barn som lever i en risikosituasjon gjennom å være merksame på teikn og signaler som kan gi grunn til bekymring. Viss barnehagen blir bekymra for at eit barn er utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt, har barnehagen plikt til å iverksette tiltak og sikre at barnet får tidleg, tilpassa og rett hjelp.

Denne teksten beskriv barnehagen si rolle når det er mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt. Teksten beskriv også barnehagen si rolle overfor barn som har psykiske plager som følger av slike belastningar. Ved meir generell bekymring for små barn, sjå forløp Bekymring barn 0-3år.

Kartlegging ved mistanke om at eit barn er utsatt for vald, overgrep eller omsorgssvikt

Barn og unge som er utsatt for omsorgssvikt eller vald og overgrep har risiko for å utvikle ei rekke psykiske helseplager. Observasjon og grundig dokumentasjon av teikn og signaler er viktig, og funn frå kartlegging bør drøftast i henhold til barnehagen sine rutinar.  

Symptoma kan vise seg på ulike måtar avhengig av barnet sin alder. Jo yngre barnet er, jo mindre spesifikke kan symptoma vere.

Teikn og signaler hos barnet kan vere:

  • Barnet fortel om hendingar/situasjonar som gir grunn til alvorleg bekymring
  • Emosjonelle vanskar som store svingingar i humør, tristheit, redsel eller sinneutbrot
  • Endring i atferd og sosial tilbaketrekking
  • Utagering mot andre barn eller vaksne i barnehagen
  • Barnet fremstår ukritisk ovanfor framande
  • Barnet har forsinka utvikling eller går tilbake i utvikling
  • Vedvarande vondter eller somatiske symptom som kvalme eller svimmelhet
  • Synlege teikn som blåmerke/skader

Teikn i relasjon/samspel mellom føresette og barn, samt trekk ved føresette

  • Føresette gir uttrykk for bekymring for barnet
  • Mangel på engasjement eller høgt konfliktnivå i samspel mellom barn og føresette
  • Føresette er negative eller fiendtlege overfor barnet
  • Føresette har ein ustabil livs- eller bosituasjon, store helseplager, økonomiske vanskar eller rusmiddelproblem
  • Føresette følger ikkje opp avtaler
  • Barna manglar utstyr eller kler over tid

Bekymring for barn bør baserast på systematiske observasjonar og dokumentasjon av vedvarende teikn og signaler. Dei systematiske observasjonane dokumenterast i tråd med barnehagen sine rutinar. Ved bekymring bør sak drøftast (eventuelt anonymt) internt i barnehagen, først med leiar og deretter med etablerte ordningar for veiledning/konsultasjon i barnehagen. Ved tvil kan barnehagen ringe barnevernet for anonym drøfting/råd. Tilsette bør følge kommunen sine interne rutinar for oppfølging av barn og unge det er knytt bekymring til.

Ut frå grad av bekymring må barnehagen ta ein beslutning om dei skal

  • Snakke med barnet aleine. Her kan ein bruke verktøyet snakkemedbarn.no
  • Ta opp bekymring med føresette. I samtalen beskriv barnehagepersonellet det dei har observert så konkret som mogleg og spør om føresette kjenner igjen beskrivinga. Ein ber om samtykke til nærare kartlegging av barnet.
  • Melde bekymring til barnevernet. Bekymringsmelding kan utarbeidast i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette.

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt i nære relasjonar tar barnehagen direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel barnet kva som skal skje vidare.

Tiltak når barnet har vanskar på grunn av vald, overgrep eller omsorgssvikt

I nokre tilfelle er belastningane barnet har opplevd godt kjent og ivaretatt av hjelpeapparatet. Disse barna kan utvikle psykiske plager som følge av belastningane, sjølv om hendingane ligg tilbake i tid. Ved milde psykiske vanskar kan barnet bli tilvist til aktuelle kommunale tenester som PPT eller psykisk helseteneste i samråd med føresette. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske symptom eller skeivutvikling, må ein sikre at barnet blir tilvist til BUP.

Det er viktig å bli einige om tiltak i barnehage og heim. Aktuelle tiltak i barnehagen kan vere:

  • Tiltak for å sikre at barnet opplever barnehagepersonell som ein trygg base
  • Samtalar med føresette
  • Tilrettelegging rundt barnet etter behov
  • Arbeide systematisk med tilrettelegging slik at barnet blir sosialt inkludert i barnehagegruppa.
  • Viss ein mistenker at barnet sitt behov ikkje kan dekkast av det ordinære barnehage tilbodet, skal føresette informerast om rett til sakkyndig vurdering av om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT, skal barnehagen laga ein mål- og tiltaksplan
  • Barn med traumesymptom er særleg sensitive for overgangar og det er derfor svært viktig å sikre desse. Det er derfor tilrådd av ein gjennomfører overføringsmøter i alle overgangar.

Evaluering av tiltak

For barn og ungdom der ein har mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er barnet si sikkerhet første prioritet. Tiltak bør følgast opp tett og evaluerast kontinuerlig.  Der belastningar er kjent og ligg tilbake i tid, skal tiltaka evaluerast jamleg i samtalar med føresette, i samarbeidsmøter internt i barnehagen og i ansvarsgruppemøter med andre instansar.

Dersom barnet har ein mål- og tiltaksplan, skal ein evaluere måloppnåinga i denne. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis ved bruk av stafettlogg i BTI kommunar. 

Dersom tiltaka rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande resultat, kan barnehagen vise barnet til andre kommunale instansar som PPT eller psykisk helseteneste i samråd med føresette.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller barnevernstenesta dersom dei har omsorg for barnet. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT, psykisk helseteneste i kommunen, familiesenter, barnevernstenesta, fastlege og BUP.

Ved bekymring for barnet si psykiske helse er det barneverntenesta, fastlegen eller psykolog i kommunen som viser til BUP for utgreiing og behandling. Barnehagen kan involverast i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet.

Skule

Skulen er ei viktig arena for å fremme psykisk helse, utvikling og læring. I det psykiske helsearbeidet har skulen ei viktig rolle i å oppdage tidlege teikn på psykiske helseplager eller skeivutvikling. Tilsette i skulen bør så tidleg som mogleg identifisere barn og unge som lever i en risikosituasjon gjennom å være merksame på teikn og signaler som kan gi grunn til bekymring. Viss skulen blir bekymra for at eit barn eller ungdom er utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt har skulen plikt til å iverksette tiltak og sikre at eleven får tidlig, tilpassa og rett hjelp.

Denne teksten beskriv skulen si rolle ved mistanke om at ein elev er utsett for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Teksten beskriv også skulen sitt ansvar viss ein elev har psykiske plager som følge av slike belastningar. 

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt

Skulen har ei viktig rolle i å oppdage vald, overgrep eller omsorgssvikt hos barn og ungdom på eit tidleg tidspunkt.

Teikn og signaler hos barnet kan vere:

  • Eleven fortel om ting som gir grunn til alvorleg bekymring
  • Endring i åtferd og sosial tilbaketrekking 
  • Emosjonelle vanskar som tristheit, store humørsvingningar eller sinneutbrot
  • Sjølvskading og suicidalitet
  • Utagering overfor andre elevar eller vaksne
  • Faglege utfordringar og manglande progresjon som ikkje er forenlege med eleven sine evner.
  • Vedvarande vondter eller somatiske symptom som kvalme eller svimmelhet
  • Synlige teikn som blåmerke/skade

Teikn i relasjon/samspel mellom eleven og føresette, samt trekk ved føresette

  • Føresette gir uttrykk for bekymring for eleven
  • Mangel på engasjement eller høgt konfliktnivå i samspel mellom elev og føresette
  • Foreldra er negative eller fiendtlege overfor eleven
  • Foreldre har ein ustabil livs- eller bosituasjon, store helseplager, økonomiske vanskar eller rusmiddelproblem
  • Eleven mangla utstyr, kler etc. over tid

Bekymring for barn og unge bør være basert på systematiske observasjonar og dokumentasjon av vedvarande teikn og signaler. Dei systematiske observasjonane skal dokumenterast i tråd med skulen sine rutinar. Ved bekymring bør sak drøftast (eventuelt anonymt) internt i skulen, først med skuleleiing/støtteapparat og deretter med skulen sine etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon. Ved tvil kan skulen ringe barnevernet for anonym drøfting/råd. Tilsette bør følge kommunen sine interne rutinar for oppfølging av barn og unge det er knytt bekymring til.

Ut frå grad av bekymring må skulen ta ein slutning om dei skal:

  • Snakke med eleven aleine og sett ord på det lærar har observert. Her kan ein bruke verktøyet snakkemedbarn.no
  • Ta opp bekymring med føresette. Lærar beskriv det ein har observert så konkret som mogleg og spør om føresette kjenner igjen beskrivinga.
  • Melde bekymring til barnevernet. Bekymringsmelding kan utarbeidast i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette.

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt i nære relasjonar tar skulen direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette først. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel eleven kva som skal skje vidare.


Aktuelle tiltak ved psykiske vanskar etter kjente belastningar

I nokre tilfelle ligg belastningane tilbake i tid, og er godt kjent og ivaretatt av hjelpeapparatet. Elever kan utvikle psykiske plager som følge av belastningane, sjølv om desse ligg tilbake i tid. Ved bekymring for ein elev si psykiske helse, anbefalast at skulen etablerer samarbeid med Helsesjukepleiar for kartlegging av vanskar og vurdering av tiltak. Aktuelle tiltak frå skulen kan vere:

  • Motiverande/førebyggjande samtalar med eleven
  • ART/REpuls 
  • Viss ein mistenker at eleven sitt behov ikkje blir dekka av det ordinære skuletilbodet, skal føresette informerast om retten til at det blir utarbeida ein sakkunnig vurdering av om barnet har behov for spesialpedagogisk hjelp.
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT, lagar skulen ein individuell opplæringsplan med mål og tiltak.
  • Elevar som har opplevd store belastningar kan være særleg sensitive for overgangar. Det er derfor svært viktig å sikre desse. Det er tilrådd med overføringsmøter i alle overgangar.

Evaluering av tiltak

For barn og ungdom der ein har mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er barnet si sikkerhet første prioritet. Der slike belastningar ligg tilbake i tid, skal tiltak evaluerast jamleg i samtalar med elev og føresette, og i regelmessige samarbeidsmøter med involverte partar. I evaluering bruker ein kommunen sine retningslinjer for evaluering, eksempelvis stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom eleven har IOP skal tiltak i denne evaluerast og eventuelt justerast.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller barnevernstenesta dersom dei har omsorg for barnet. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT, psykisk helseteneste i kommunen, barnevernstenesta, fastlege og BUP/HABU.

Ved bekymring for ein elev si psykiske helse er det barnevernstenesta, fastlegen eller psykolog i kommunen som viser til BUP for utgreiing og behandling. Skulen kan involverast i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

PPT si rolle i det psykiske helsearbeidet er å bistå skuler og barnehagar i det helsefremmende og førebyggjande arbeidet. PPT skal vurdere om barn i barnehagealder eller elevar i grunnskulen har utfordringar når det gjeld utvikling, læring og trivsel og gi råd dersom dei treng tilrettelegging i opplæringssituasjonen. Arbeidet er heimla i Barnehageloven og i Opplæringsloven. 

PPT er ikkje primær hjelpeteneste ved vald, overgrep og omsorgssvikt, men kan koplast inn fordi barn/ungdom med slike belastningar ofte har utfordringar som går utover fungering i barnehage og skule. Vanlege tilvisingsgrunnar til PPT som konsentrasjonsvanskar, oppmerksomhetsvanskar og lese- og skrivevanskar kan ha bakgrunn i at barnet har vært utsatt for vald, overgrep eller omsorgssvikt. Viss PPT mistenker at eit barn eller ungdom er utsatt for slike belastningar, skal PPT sikre at barnet/ungdommen får oppfølging og tiltak.

Kartlegging

Når PPT startar opp ei sak gjer dei først ei generell kartlegging. Denne kan innehalde: 

  • Samtale med barn/ungdom og føresette.
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon
  • Kartlegging/observasjon av barnets/ungdommens utviklingsnivå
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule med pedagogisk rapport
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule
  • Samtale med barnehagelærar/lærar
  • Kartlegging av kognitiv fungering
  • Kartlegging av generell fungering ved eksempelvis CBCL/TRF eller 5-15 (nordisk skjema for utgreiing av barns utvikling og atferd)

Viss psykiske vanskar allereie er kartlagt hjå andre instansar, bør informasjonen innhentast for å sikre at PPT kan arbeide med hensiktsmessige tiltak i skulekvardagen.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjere ei oppsummering med barnet/ungdommen og føresette. Det skal lagast ein plan for tiltak. 

Tiltak ved mistanke om vald, overgrep og omsorgssvikt

PPT skal vurdere om det førelegg ei bekymring for barnet eller ungdommen som utløyser opplysningsplikt. Ved mistanke om vald/overgrep eller omsorgssvikt, skal bekymringsmelding sendast til barnevernet.

Når mistanken er retta mot foreldre, skal PPT ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette først. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel barnet kva som skal skje vidare. Ved mistanke om vald eller overgrep som ikkje er retta mot foreldre eller føresette, skal foreldre involverast i oppfølginga.

Tiltak når barnet har psykiske vanskar på grunn av kjent vald, overgrep eller omsorgssvikt

I nokre tilfelle er belastningane barnet har opplevd godt kjent og ivaretatt av hjelpeapparatet. Barn og unge kan utvikle psykiske plager sjølv om belastningane ligg tilbake i tid. Ved milde symptom kan barnet bli tilvist til aktuelle kommunale tenester som kommunepsykolog eller psykisk helseteneste i samråd med føresette. Ved mistanke om meir alvorlege psykiske symptom eller skeivutvikling, må ein sikre at barnet blir tilvist til BUP.

Tiltak for barn og unge som er utsatt for vald, overgrep eller omsorgssvikt kan være

  • Samtale med barnet/ungdommen
  • Rettleiing til føresette vedrørande opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til barnehage og skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing for korleis slike belastningar påverkar læring
  • Delta i ansvarsgruppe
  • I dei tilfelle lova krev det, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

Evaluering av tiltak

Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, utarbeider barnehagen ein mål- og tiltaksplan og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane skal evaluerast og justerast i samarbeidsmøter i tråd med barnets/ungdommens utfordringar og utviklingsnivå. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov.

Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehage/skule bidra til gode overgangar i barnets utdanningsløp og vere med å sikre barns rettar etter opplæringslova og barnehagelova.

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle instansar er barnevernstenesta, psykisk helseteneste, helsestasjon og skulehelseteneste, ergo- og fysioterapiteneste, spesialpedagog, fastlege og BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er fastlege, barnevernstenesta og psykolog i kommunen som har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta.

Tilvising kan sendes på grunnlag av:

  • alvorlige psykiske reaksjonar etter traume, kriser eller katastrofar der vald, overgrep eller omsorgssvikt er kjent
  • mistanke om andre psykiske lidingar som kan vere reaksjon på vald, overgrep og omsorgssvikt.

PPT videregåande skule

PPT for videregåande skular er ei hjelpeteneste for elevar, lærlingar og lærekandidatar i videregåande opplæring. PPT tilbyr hjelp til personlege og sosiale vanskar, samt vanskar relatert til opplæringssituasjonen.

Kartlegging

Når PPT startar opp ei sak blir det først gjort ei generell kartlegging. Denne kan innehalde:

  • Samtale med ungdommen og eventuelt føresette. For videregåande elevar vil føresette si deltaking vere valfri
  • Gjennomgang av tilvising
  • Gjennomgang av bakgrunnshistorie, skulehistorie, somatisk-/psykehistorie, slektsbelastningar, rus, relasjonshistorie
  • Kartlegging av aktuelt symptombilde 
  • Samtykke til innhenting av opplysningar
  • Avklare samarbeid
  • Avklare eventuelt vanskar i opplæringssituasjon 
  • Før eventuell kartlegging ved for eksempel kognitive testar må det vurderast korleis aktive symptom påverkar den kognitive fungeringa negativt på ein måte som vil kunne gi eit feilaktig bilde av elevens generelle kognitive nivå.

Skjema som kan brukast i kartlegging av traumer:

  • M.I.N.I. (Mini nevropsykiatrisk intervju, 2009), Helsebiblioteket.no
  •  TEC (Traumatic Experience Checklist, Nijenhuis), Helsebiblioteket.no

NB! PPT setter ikkje diagnose. Denne oppgåva er lagt til spesialisthelsetenesta som har utgreiings- og behandlingsansvar ved komplekse traume.

Ved mistanke om traumatisering hos ungdommen er det tilrådd å initiere samarbeid med kommunepsykolog, psykisk helseteneste eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tiltak.

Ved mistanke om vald/overgrep eller omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. NB! Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose kan det hentast informasjon frå aktuell teneste i kommune eller spesialisthelseteneste.

Etter kartlegging og vurdering skal det gjerast ei oppsummering med ungdommen og føresette. Ein skal vurdere utbytte av opplæring i skule før det blir utarbeidd ein plan for tiltak. 

Tiltak frå PPT kan vere:

  • Samtale med ungdommen 
  •  Observasjon av ungdommen i skule
  •  Samtale med lærar
  •  Rettleiing til føresette 
  •  Rettleiing til skule på individ- og systemnivå for å sikre forståinge for korleis traumer påverkar læring 
  •  Ved avgrensa traume og gode stabile forhold rundt ungdommen, kan psykologar ved PPT i enkelte tilfelle utføre EMDR (Eye Movement Desensitization Reprocessing).

I dei tilfelle der lova krev det, utarbeider PPT-vgs ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp. Ved rett til spesialpedagogisk hjelp, lagar skulen ein individuell opplæringsplan (IOP) som skildrar mål og tiltak.

Tiltaka er retta mot dei arenaer ungdommen er på og skal sikre at ungdommen har gode støttespelarar rundt seg og får tilpassa opplæring etter behov.

Evaluering av tiltak

  • Evaluering blir gjort saman med ungdommen, eventuelt føresette, skule og andre instansar. Avtal i starten av kontakten når evaluering skal gjennomførast. Dette er også prosessarbeid.
  • Elevmedverknad står sentralt under heile kontakten. Kan bruke FIT/KOR (Feedback informerte tenester/Klient- og resultatstyrt praksis) undervegs i samtalar
  • Eventuelt nye kartleggingsmål
  • Moglegheit for oppfølgingstime etter avslutta kontakt, eventuelt tilbakemelding frå skule.

Tiltaka i IOP skal evaluerast og justerast i samarbeidsmøter i tråd med ungdommen sine utfordringar og utviklingsnivå.
Jamleg kontakt med ungdommen, skule, foreldre eller andre samarbeidspartar (i samråd med ungdommen) sikrar ivaretaking av ungdommen.  Ein skal vurdere tilvising til spesialisthelsetenesta ved behov for meir omfattande utgreiing og behandling. I ein eventuell venteperiode skal tilvisar ivareta ungdommen.

Samarbeid med andre intansar

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. PPT for videregåande skular samarbeider med skule, oppfølgingstenestea (OT), helsestasjon for ungdom, skulehelsetenesta, fastlegar, BUP (psykisk helsevern for barn og unge)/DPS (psykisk helsevern for vaksne), habiliteringstenesta, Statped, barnevernstenesta, bedrifter og NAV.

Samarbeidet inneber kontakt i samband med tilvising, deltaking i samarbeids-/ansvarsgruppe-/tilbakemeldingsmøter, og vekesvise møter på skulane. Dette for å sikre hjelpsamme tiltak og framgang.

PPT skal saman med skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barn og unge sine rettar etter Opplæringsloven og Barnehageloven.
Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta er det tilrådd at PPT kan vere ein del av samarbeidsgruppa rundt ungdommen og haldast orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg traume, med særleg redusert fungering i dagleglivet, skal ein raskt vurdere behovet for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det same gjeld ved mistanke om anna alvorleg psykisk liding. Det er ønskeleg med eit samarbeid med spesialisthelsetenesta for å kunne gjere nytte av utgreiing/behandling inn i ungdommen sin skulekvardag.

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er fastlege, barneverntenesta og psykolog i kommune/fylkeskommune som har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta.

Psykisk helseteneste

Psykisk helsearbeid for barn og unge er eit lovpålagt ansvar for alle kommunar, og innbefattar både førebyggjande arbeid og et koordinert samarbeid med ulike tenester. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge eller eit familiesenter. I andre kommunar ligg ansvaret under helsestasjon og skulehelsetenesta og/eller kommunepsykolog. Kommunal psykisk helseteneste har ansvar for lavterskeltilbod ved lette eller moderate psykiske helseplager.

Psykisk helseteneste kan oppdaga teikn på omsorgssvikt, vald og overgrep i samtaler med barn og unge. Ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt skal psykisk helseteneste sørge for nødvendig oppfølging og hjelp. Psykisk helseteneste kan gje eit behandlingstilbod til barn og ungdom som har milde til moderate psykiske vanskar på grunn av kjente belastningar.

Kartlegging ved mistanke om omsorgssvikt, vald og overgrep

Det er tilrådd med ei brei og generell kartlegging av barnets/ungdommens symptom, funksjon og oppvekstforhold. Skjema og kartleggingsverktøy som kan brukast er
ASEBA og Firfotmodellen (kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskaper og oppvekstmiljø). Opplysningar frå aktuelle instansar kan innhentast ved behov.

For å avdekkje omsorgssvikt, vald og overgrep er det viktig å:

  • Stille spørsmål om forhold som er relatert til vald, overgrep, omsorgssvikt og andre belastande eller traumatiske erfaringar. Her kan ein nytta spørjeskjemaet KATES.
  • Kartlegge ulike risikofaktorar og eventuelle andre belastande hendingar eller forhold
  • Observere samspelet mellom føresette og barn
  • Kartlegge psykiske symptom som kan være relatert til vald og traume, herunder særlig symptom på posttraumatisk stressliding (PTSD).
  • Kartlegge psykiske symptom som kan vere reaksjonar på traumatiske opplevingar, som sosial tilbaketrekking, vanskar med følelsesregulering, samspelsvanskar, åtferdsvanskar, sjølvskading, søvnvanskar, spisevanskar og diffuse somatiske plager

Informasjon kan innhentast frå andre instansar etter samtykke frå ungdom eller føresette. Det er særleg aktuelt å snakke med barnehage/skule som ser barnet/ungdommen dagleg.

Tiltak ved mistanke om pågåande vald, overgrep og omsorgssvikt

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt må ein vurdere omfang og alvor av belastningane, og vurdere om det er behov for sikring og tryggleikstiltak for å beskytte barnet/ungdommen. I slike tilfelle skal ein følgje rutinar for avdekking og kartlegging av vald, overgrep og omsorgssvikt i eigen eining/kommune. Sak kan diskuterast anonymt med kollegaer eller med personopplysningar viss loven gir heimel for dette.

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar, ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette. Viss mistanke om vald og overgrep ikkje er retta mot føresette, skal foreldre involverast i oppfølginga.

Behandlingstiltak ved psykiske symptom på bakgrunn av kjente belastningar

Viss belastningane ligg tilbake i tid, er kjent og ivaretatt av barnevernstenesta, kan barnet/ungdommen trenge oppfølging for psykiske plager som har oppstått som følge av belastningane. Psykisk helseteneste kan følge opp barn og ungdom som har lette psykiske plager eller traumesymptom i samarbeid med føresette og aktuelle instansar. Tiltak kan vere:

  • Opplæring til barnet/ungdommen, føresette og aktuelle instansar om traume og komplekse traume.
  • Samtalar med barnet/ungdommen med fokus på meistring av symptom og bearbeiding av traumatiske opplevingar
  • Rettleiing til føresette i traumesensitiv omsorg
  • Programbasert foreldrerettleiing, eksempelvis COS-P, ICD-P eller PMTO

Evaluering av tiltak

For barn og ungdom der ein har mistanke om pågåande vald, overgrep eller omsorgssvikt er barnets sikkerhet første prioritet, og tiltak bør følges opp tett og evaluerast kontinuerlig. 

Der belastningar er kjent og ligg tilbake i tid, skal tiltak evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med andre involverte instansar. Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at dei riktige tenestene følger opp. Evaluering skal skje i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere barnehage/skule, helsestasjon– og skulehelseteneste, PPT, barnevernsteneste, fastlege og BUP. Psykisk helseteneste kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen for å sikre hjelpsame tiltak og framgang.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved alvorlige symptom på grunn av traumatiske opplevingar bør det vurderast om det er behov for diagnostisk vurdering og behandling i BUP. Fastlege, psykolog i kommunen og barnevernstenesta har tilvisingsrett. Før tilvising skal ein kontakte fastlege for somatisk status. Tilvising kan sendes på grunnlag av:

  • alvorlige psykiske reaksjonar etter traume, kriser eller katastrofar kor vald, overgrep eller omsorgssvikt er kjent
  • mistanke om andre psykiske lidingar som kan være en reaksjon på vald, overgrep og omsorgssvikt.


Kartlegging

Ved mistanke om traumatisering er det tilrådd med ei generell kartlegging av belastningar, eventuelle traumatiske hendingar/erfaringar og reaksjonar i etterkant. Ver merksam på teikn som:

  • Barnet/ungdommen fortel noko som gir grunn til alvorleg bekymring
  • Sosial tilbaketrekking
  • Merker på kroppen til barnet/ungdommen 
  • Emosjonelle vanskar som store humørsvingningar eller sinneutbrot
  • Samspelsvanskar
  • Motorisk uro og konsentrasjonsvanskar

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonear tar ein direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere foreldre.

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose kan informasjon hentast frå aktuelle instansar i kommune og spesialisthelseteneste.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det lagast ein plan for tiltak frå ergo-fysioterapitenesta saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak

  • Styrke barnet/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve glede, sjølvstende og meistring i daglege situasjonar
  • Rettleie føresette, barnehage og skule i korleis ein kan lage gode opplegg for gym, fysisk aktivitet og andre aktivitetar slik at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring
  • Rettleie i bruk av og søke om tekniske hjelpemiddel

Evaluering av tiltak

Evaluering av tiltak skjer fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med aktuelle samarbeidsinstansar.

Samarbeid med andre instansar

Ergo- og fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt heilskaplege, førebyggande og helsefremmande arbeid. Tenesta samarbeider med aktuelle instansar som barnehage, skule, helsesøster, PPT, psykisk helseteneste, fastlege, barnevernteneste, BUP, barneavdeling og habiliteringstenesta. Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om traumatisering må det vurderast om det er behov for diagnostisk vurdering og behandling i BUP. Fastlege, barnevernteneste og psykolog i kommunen har tilvisingsrett til BUP. Ergo-fysioterapitenesta kan legge ved skildring av sin kontakt med barnet/ungdommen og dei vurderingar tenesta har gjort.

Barnevernsteneste

Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling, får beskyttelse og rett hjelp. Når barnevernet tar i mot ei bekymring for at eit barn eller ein ungdom blir utsatt for vald, overgrep eller omsorgsvikt, skal barnevernet undersøke denne bekymringa, og treffe tiltak som sikrar at barnet eller ungdommens rettigheiter er ivaretatt etter barnevernslova. Barnevernet har og ei viktig rolle i å oppdage psykiske vanskar som oppstår som følgje av slike belastningar, og sikre at barnet eller ungdommen får riktig helsehjelp og nødvendig oppfølging i kvardagen.

Kartlegging i barnevernstenesta

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernstenesta. Barnevernstenesta skal snarast og seinast innan ei uke avklare om meldinga skal følgjes opp med ei undersøking eller om det ikkje er grunnlag for bekymring. Omfanget av undersøkinga og kva tiltak som er aktuelle, er avhengig av forholda i den enkelte sak. Undersøkinga skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Så raskt som mogleg, og innan tre månadar, skal det konkluderast med om det er grunnlag for å sette i gang tiltak, eller om saken skal avsluttast.

Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, er det viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnet/ungdommen sine behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv. Ved mistanke om vald/overgrep skal ein vurdere om det skal meldast frå til politiet og det skal sikrast at barnet ikkje bur saman med mogleg utøvar av vald/overgrep.

Ved mistanke om psykiske symptom på grunn av traumatiske hendingar er det tilrådd meir spesifikk vurdering av symptom. Avhengig av organisering i kommunen, kan ein samarbeide med helsesjukepleiar, kommunepsykolog eller psykisk helseteneste om kartlegginga. Barnevernstenesta skal også ha eigne helseansvarlige som kan bidra i slik kartlegging. 

Tiltak frå barnevernet

Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, skal det lagast ein tiltaksplan med konkrete mål saman med barnet/ungdommen og føresette. Det er viktig at tiltak frå barnevernstenesta er koordinert med tiltak som gis frå andre tenester. Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Støttesamtalar med barnet/ungdommen og familien 
  • Rettleiingstilbod til føresette individuelt eller i gruppe, som MarteMeo, Circle of Security (COS), PMTO, DUÅ, MST eller FFT.
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Støttekontakt/fritidskontakt
  • Avlastning
  • Plassering av barn i beredskapsheim/fosterheim
  • Samarbeid med BUF-etat om institusjonsplassering
  • Sikre oppfølging av psykiske vanskar hos kommunale instansar eller spesialisthelsetenesta.

Barnevernstenesta har ofte ansvar for å koordinera det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar tiltak frå barnevernet. Når fleire instansar er involvert, kan individuell plan (IP) vere eitt av tiltaka.

Evaluering av tiltak

Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad. Evalueringa kan gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar er det tilrådd at tiltak blir skildra i felles plan som stafettlogg eller individuell plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert rundt barnet/ungdommen og familien basert på samtykke (Barnevernloven § 3.2). Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage/skule, helsestasjon, psykisk helseteneste, PPT og BUP.

Ved utgreiing/behandling i BUP er det tilrådd at barnevernet deltar både ved oppstart, undervegs i behandlingsforløp og ved avslutning.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barn og unge som viser tydelege symptom på traume skal visast til BUP (Henvisningskjema BUP). Barnevernet har sjølvstendig tilvisingsrett. Før tilvising skal fastlege kontaktast for somatisk status. Relevant informasjon skal hentast frå andre kommunale instansar og leggast ved tilvising til BUP.

Bufellesskap

Kartlegging

Før overflytting til institusjonen:

  • Inntaksmøte med BUF etat, plasseringskommune, skule, PPT, BUP og andre aktuelle instansar
  • Innhenting av opplysningar frå involverte instansar
  • Personalet gjennomfører forvernsamtale med barnet/ungdommen og føresette

Kartlegging skjer dei tre første månadane av opphaldet. Her bruker ein ulike kartleggingsverktøy som:

  • Deler av Kvello-malen som er aldersovergripande og systematiserer risiko- og beskyttelsesfaktorar
  • ASEBA
  • Kartlegging av ADL-ferdigheiter
  • START AV-utgreiing
  • Det blir gjort legeundersøking og sjekk hos tannlege.

Tiltak

Plasseringskommunen sender med tiltaksplan og institusjonen lagar handlingsplan saman med barnet/ungdom. Tiltak frå institusjonen er meint å vere omsorgsendrande. Eksempel på tiltak kan vere:

  • Traumesensitiv omsorg som metode
  • Hovudkontakt for barnet/ungdommen etablerast
  • Utarbeiding av sikkerhetsplan
  • Lage nettverkskart og det planlegge kontakt mellom barnet/ungdommen og nettverk
  • Rettleiing til føresette og nettverk
  • Rettleiing til skule
  • Hovudkontakt/personalet deltar i aktivitetar saman med barnet/ungdommen
  • Igangsetting av IP
  • Hovudkontakt/personale deltar i samtalar mellom barnet/ungdommen, skule og BUP
  • Dagleg dialog med skule skjer i hente- og bringesituasjonar eller per telefon.


Evaluering av tiltak

Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad.
Evalueringa skjer saman med ungdommen, føresette og institusjonen sine samarbeidsinstansar i eigne møter.
Institusjonane har også eigne spørreskjema til barnet/ungdommen, føresette, skule og plasseringskommunen som kan brukast i evaluering.

Samarbeid med andre instansar

Institusjonen har kvar veke samarbeid med føresette for oppdatering av planar og tiltak. Det skal etablerast konkrete samarbeidsavtalar mellom institusjonen og andre samarbeidande instansar. Aktuelle samarbeidspartnarr er skule, BUP, PPT, fastlege, barneverntenesta, NAV og politi. Ved utgreiing/behandling i BUP er det tilrådd at institusjonen deltar aktivt både ved oppstart, undervegs i behandlingsforløpet og ved avslutning.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barn og unge som viser tydelege teikn på kompleks traumatisering skal visast til spesialisthelsetenesta. Tilvising til BUP for utgreiing/behandling skjer i samarbeid med plasseringskommune og fastlege. Institusjonane har eigne prosedyrar for når ein skal bruke legevakt og har eigen avtale med BUP ved behov for akuttinnlegging av barnet/ungdommen.   


Spesialisthelsetenesta

BUP

Utgreiing

Kompleks traumatisering gir et samansett bilde med symptom på fleire tilstandar. Sentralt i utgreiingsfasen er å kartlegge omfanget av og dei spesifikke symptoma på traumer, herunder PTSD, dissosiative forstyrringar/konversjonsforstyrringar og tilknytningsforstyrringar. Det må også vurderast om pasienten har andre psykiatriske diagnosar som treng behandling, eksempelvis ADHD, autisme, depresjon, angst og spiseforstyrring. Kompleks traumatisering er vanskelegast å oppdage i førskulealder, men hyppig førekommande i denne aldersgruppa.

Ved oppstart av sak i BUP skal det alltid gjerast ei basisutgreiing (PDF). Ut frå funn i basisutgreiing vurderer ein om det er grunnlag for utvida utgreiing av komplekse traumer. Utgreiing kan innehalde:

  • Diagnostisk intervju (Kiddie-SADS med eventuelle tilleggsmodular, MINI, SCID-D og SCID-II) 
  • Spesifikke spørreskjema for ulike psykiatriske diagnosar ut frå symptombilde 
  • Sjølvutfyllingsskjema for dissosiative forstyrringar (CDC, CDES-PTSI, ADES)
  • Observasjon av barnet/ungdommen på ulike arenaer, som leikeobservasjon BUP, samtalar, barnehageobservasjon, skuleobservasjon eller heimebesøk
  • Barnepsykiatrisk legeundersøking og supplerande medisinske undersøkingar med særleg fokus på epilepsi og abscensar
  • Kognitiv vurdering og eventuelt nevropsykologisk utgreiing ut frå indikasjon
  • Vurdering av samspel, tilknytting og foreldre si utviklingsstøtte avhengig av alder (MIM, PCERA)
  • Kartlegge foreldres psykiske helse med tanke på depressive plager, traumeerfaringar og dissosiative symptom.

Ved kompliserte differensialdiagnostiske vurderingar kan det vere aktuelt med innlegging ved barnepsykiatrisk post (BPP)/ungdompsykiatrisk post (UPP).  Det gir i tillegg moglegheit for døgnkontinuerleg miljøobservasjon av barnet/ungdommen, tett kontakt med føresette gjennom samtalar, rettleiing og psykoedukasjon og observasjon frå lærarar ved Hollenderhaugen skolesenter.

Utgreiing blir oppsummert og diagnose/komorbiditet vurdert i tverrfagleg team. Barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar får tilbakemelding om diagnose og tilrådd behandling, og ein blir einig om ein behandlingsplan.

Utgreiingssrapport blir sendt fastlege/tilvisar og samarbeidande instansar etter samtykke.

Behandling

Behandling av kompleks traumatisering er ofte organisert i ulike fasar og kan innebere langvarig behandlingsforløp. Behandlinga blir retta direkte mot dei tilstandar og forhold som er identifiserte ved utgreiinga.

Ein kan bruke ulike traumeretta behandlingsformar som traumefokusert kognitiv atferdsterapi (TF-CBT), EMDR, narrativ eksponeringsterapi, dialektisk atferdsterapi (DBT), psykodynamiske terapiformer og Child Parent Psychotherapy (førskulebarn). 

Uavhengig av metode vil behandling alltid inkludere følgande moment:

  • Opplæring til barnet/ungdommen, omsorgsgivarar, søsken og samarbeidande instansar om komplekse traume. Sentralt vil vere korleis traume kan påverke hjernefunksjon og gi symptom som problem med å regulere kjensler/stress, sjølvskading, depresjon og dissosiative symptom (cactusnettverk).
  • Stabilisering i traumebehandling har som funksjon å etablere relasjon, stabilisere symptom, auke funksjon og førebu på prosessering av traume. Det kan brukast spesifikke sjekklister for å sikre at stabilisering er tilstrekkeleg før traumespesifikk behandling blir igangsett. I enkelte tilfelle kan planlagt innlegging på post vere aktuelt for stabilisering av symptom.
  • Sikkerheitsarbeid og farlegheitsvurdering blir gjort ved oppstart av behandling og fortløpande under behandlingskontakt. Vurdering bør inkludere både pasienten og andres sikkerheit med tanke på vald/overgrep, suicid, rus og sjølvskading.
  • Prosessering og integrering av traumene er ein sentral del av behandlinga. Prosessering bør omfatte både enkeltståande traumatiske hendingar, gjentatte traumer i barndom, ikkje-verbale og kroppslege minner frå førspråkleg alder. Dei spesifikke metodane skildrar ulike måtar å nærme seg og integrere traumemateriale på.

Rettleiing av omsorgspersonar og samarbeidande instansar rundt barnet/ungdommen i alle fasar av behandlingskontakten.

Samarbeid

Det er tilrådd å etablere eit behandlingsteam rundt barnet/ungdommen og at det er fleire behandlarar som kjenner saka.

Kompleks traumatisering kan ofte innebere langvarig behandlingsforløp og kan gi omfattande funksjonsnedsetting i periodar (krise) der det kan vere behov for øyeblikkeleg hjelp. Hovudbehandlinga skal skje poliklinisk. I nokre tilfelle kan korte stabiliseringsopphold på sengepost vere nødvendig, men innleggingar kan også vere mot hensikt og destabilisere situasjonen. Ved risiko for ØH-henvendingar bør det utarbeidast krise/sikkerheitsplan saman med pasienten og skriftleg avtale med UPP/vaktsystem.

Sentrale samarbeidspartnarar vil vere dei instansar som til eikvar tid er rundt barnet/ungdommen, som barnehage, skule, barnevern, BUFetat, helsestasjon, kommunal psykisk helseteneste, fastlege og PPT. Oftast vil det vere nødvendig med eit systematisk og planmessig samarbeid mellom instansane over tid.

Avslutning

Behandlinga av kompleks traumatisering skjer ofte i periodar og kan resultere i fleire overføringar mellom kommune og BUP. Ved avslutning blir det gitt tilbakemelding til barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. Epikrise bør innehalde tiltak som er tilrådd i kommunen og kriterie for retilvising til BUP for denne pasienten.

 

Kommentarar?

Send oss ein e-post

 

 

 

 

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.