Spisevanskar og spiseforstyrring hos barn og unge

Misnøye med eigen kropp og utsjånad er utbredt blant ungdom. Mange har periodar der dei slankar seg eller begrenser matinntaket. For nokon kan det utvikle seg til eit spiseproblem. Vi snakkar først om spiseforstyrring når tankar, følelsar og oppførsel knytt til mat, kropp og vekt overskygger alt anna og går utover dagleg fungering. Alvorlege spiseforstyrringar er sjeldne, men kan ha alvorlege konsekvensar. Det er derfor viktig med førebygging og tidlege tiltak. Sjølv om spiseforstyrringar vanlegvis startar i ungdomstida, kan små barn og få spisevanskar som treng behandling.

Det finst i dag gode behandlingstilbod til barn og unge med spisevanskar og spiseforstyrringar.  Lette spiseproblem kan behandlast i kommunen. Mistanke om spiseforstyrring gir rett til behandling i spesialisthelsetenesta. Her finn du informasjon om dei ulike tenestene si rolle og ansar i forhold til barn og unge med spisevanksar.

Les meir om spisevanskar og spiseforstyrringar

Spiseforstyrringar er ei gruppe psykiske lidingar med symptom som handlar om forholdet til mat, kropp og vekt. Spiseforstyrringar er farleg og går utover både den psykiske og fysiske helsa. Det er gode behandlingstilbod og det er store sjansar for at du kan bli heilt frisk.

Det er ulike typar spiseforstyrringar, som anoreksi, bulimi og tvangsspising. Både gutar og jenter kan få det. Det vanlegaste er å få spiseforstyrringar i ungdomsalder. Små barn kan også få spisevanskar eller problematiske spisevanar som treng behandling. Eksempel kan vere veldig selektivt spisemønster, ulike typar matfobiar eller barneanoreksi.

Barn og ungdom kan ha enkelte teikn på spiseforstyrringar utan å ha alle. Grensa mellom eit anstrenga forhold til mat, kropp og vekt og det å ha spiseforstyrring er glidande. Det er normalt å ha periodar kor du ikkje er nøgd med kroppen din, slurvar med maten eller er ekstra fokusert på "riktig" kosthald. Vi snakkar først om spiseforstyrring når tankar, følelsar og oppførsel knytt til mat, kropp og vekt overskygger alt anna og går utover korleis du har det til dagleg. Viss du har spiseforstyrring, er det viktig å få hjelp så tidleg som mogleg.

Nokre vanlege teikn på spiseforstyrringar kan vere

  • Vekttap eller manglande vektøking
  • Opptatt av vekt og kropp
  • Oppkast etter måltid
  • Utvikling av unormale spisevanar, som å unngå måltid eller visse mattypar, eller innta store mengder mat
  • Stress og skuld etter å ha spist
  • Trening prega av stress og tvang
  • Forakt for eigen kropp eller korleis du ser ut
  • Humørsvingingar og konsentrasjonsvanskar


Informasjon for barn, unge og føresette

Kor får eg hjelp?

Ung og bekymra?

For å bli frisk frå spiseforstyrring er det viktig å få hjelp tidleg. Det er lurt å snakke med foreldra dine eller andre du stolar på om korleis du har det. Du kan sjølv ta kontakt med helsesjukepleier på skulen. Du kan også snakke med lærar på skulen eller andre vaksne du stolar på som kan hjelpe deg å komme i kontakt med helsesjukepleier eller andre hjelparar. Viss det er mistanke om at du har spiseforstyrring, bør du gå til fastlegen for vurdering av tilvising til BUP (barne- og ungdomspsykiatri). Viss du blir vist til BUP, er det viktig at du får oppfølging hos helsesjukepleiar eller fastlege medan du ventar på første time hos oss.

Råd til foreldre

Å vere foreldre eller i nær relasjon til nokon med spiseforstyrring kan vere utfordrande og krevjande. Når nokon i familien er sjuk, påverkar det resten av familien også. Foreldre kan blir veldig fortvila og kjenne maktesløyse. Kva skal og bør vi gjere for å hjelpe? Viss du er bekymra for om ditt barn/ungdom har spiseforstyrring, snakk med han/ho om dette. Klikk på lenka under for råd om korleis du kan gjere det. Du kan også kontakte helsesjukepleier eller fastlege for å drøfte bekymringa di.

Tilvising og vurdering

Lette spiseproblem kan behandlast i kommunen, hos helsesjukepleier, fastlege eller kommunepsykolog. Barn og unge med mistanke om spiseforstyrring skal tilvisast til BUP. Det er fastlegen som vurderer kor alvorleg spiseforstyrringa er og om det er behov for behandling.

Behandlingstilbod Spiseforstyrring hos barn og unge


Kven gjer kva?

Fastlege 

Fastlegen si oppgåve er å gjere ei heilskapleg vurdering av barnet eller ungdommen sine plager og vurdere behov for tilvising til kommunale tenester i kommunen eller spesialisthelsetenesta. Der vurderingar allereie er gjort av andre instansar i kommunen, er det anbefalt at fastlege vurderer somatisk status og grad av alvor før tilvising til BUP.

Kartlegging

Ved mistanke om spisevanskar/forstyrring skal fastlege å kartlegge både psykiatriske og somatiske forhold: 

  • Aktuell problemstilling
    • Pasienten sine symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen
    • Matinntak og måltidsrytme (væske- og energiinntak per dag)
    • Haldningar til mat (utelukkar enkelte matsortar, selektivt spisemønster eller ritual knytt til måltidet)
    • Episodar med overspising eller tap av kontroll over matinntak
    • Vektreduserande åtferd (slanking, oppkast, trening, avføringstablettar)
  • Somatisk historie og somatisk status 
    • Blodtrykk, puls og relevante laboratorieprøvar
    • Vekt og høgde (KMI/percentilskjema). Kartlegg eventuelt vekttap eller manglande vektutvikling.
    • Menstruasjon (regelmessigheit og eventuelt fråvær)
    • EKG ved lav eller uregmessig puls
  • Andre psykiske problem eller lidingar, inkludert sjølvmordsrisiko, rusmiddelbruk og belastande livshendingar. Hos yngre barn kartlegg ein reguleringsvanskar på andre område (følelsar, søvn, uro, sansemotorisk).
  • Sosiale forhold og det psykososiale miljøet rundt pasient
  • Barn/ungdom og føresette si oppfatning av symptombilde, behov og ønske om hjelp

Ut frå kartlegging vurderer fastlegen kor alvorlege symptoma er og hastegrad i forhold til behandling.

Tommelfingerregel for vurdering av alvorsgrad er:

  • omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster
  • grad av lidingstrykk og funksjonstap
  • somatiske konsekvensar som manglande vektauke og vekttap tilsvarande (>15 % av kroppsvekt)

Lette spiseproblem kan behandlast i kommunen. Viss det er andre samtidige lidingar som moderat-alvorleg depresjon/angst, gjennomgripande utviklingsforstyrring eller andre alvorlege konsekvensar av spiseproblemet, bør tilvising til BUP vurderast sjølv om spisevanskane er milde. Ved mistanke om spiseforstyrring skal pasienten visast til BUP. For barn og unge med symptom på alvorleg spiseforstyrring, er risiko for organsvikt og andre livstruande tilstandar betydeleg.

Tiltak ved lette spiseproblem

  • Initier kontakt med helsesjukepleiar eller kommunal psykisk helseteneste for oppfølging.
  • Om symptoma blir vurderte til å vere av lettare grad, bør det likevel settast opp ny avtale for kontroll.
  • Rettleiing om matinntak/kosthald og fysisk aktivitet.


Tiltak ved mistanke om spiseforstyrring

  • Tilvis til BUP.
  • Gi rettleiing om matinntak og reduksjon av fysisk aktivitet
  • Dersom det er behov for augeblikkeleg hjelp skal fastlege kontakte ø-hjelp ved BUP eller vurdere behov for innlegging i somatisk avdeling.
  • Sett opp ein snarleg oppfølgingstime. Ved forverring av symptom skal BUP kontaktast for tilleggsinformasjon vedrørande tilvisinga.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med pasient, pårørande og eventuelt samarbeidande instansar. Viss betring uteblir eller symptom blir forverra, må pasienten bli tilvist BUP.

Samarbeid med andre instansar

Aktuelle samarbeidspartnarar vil vere helsestasjon og skulehelsetenesta, kommunal psykisk helseteneste og BUP. Barn og unge med milde spiseproblem kan få oppfølging frå helsesjukepleiar, kommunepsykolog eller andre kommunale lavterskeltilbod.

Ved mistanke om spiseforstyrring skal fastlege tilvise pasienten til BUP.

Ved alvorlege somatiske konsekvensar som følgje av spisevanskane eller dersom det er mistanke om at alvorleg somatisk sjukdom kan ligge til grunn for spisevanskane, sender fastlege tilvising til barneavdelinga.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Tilvising bør innehalde (Tilvisingsskjema BUP):

  • Beskriving av pasienten sine symptom og funksjon
  • Somatisk status
    • Vekt og vektutvikling (KMI/percentilskjema)
    • Blodtrykk, puls, blodprøvar
    • Menstruasjon
  • Tilvisar si vurdering av pasienten
  • Beskriving av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar
  • Legg ved skriftleg informasjon frå andre instansar, særleg informasjon frå helsesjukepleiar
  • Tiltak som er utprøvd i kommunale tenester 
  • Oppgi samarbeidande instansar med namn og telefonnummer.

Helsestasjon og skulehelseteneste

Helsestasjon og skulehelsetenesta har en viktig oppgåve i å oppdage spiseproblem på eit tidleg tidspunkt og sikre at barn og unge får nødvendig oppfølging. Helsesjukepleiar kan oppdage barn og ungdom som strever gjennom vanlege rutinekontrollar og samtaler med enkeltelevar. Ved lette spisevanskar kan helsesjukepleiar tilby oppfølgingssamtaler og tiltak for å legge til rette skulekvardagen. Ved mistanke om spiseforstyrringar er helsesjukepleiar si rolle å kartlegge vanskane, tilvise til fastlegen for vidare utgreiing, og samarbeide med aktuelle instansar for å sikre rette tiltak. Les meir: Nasjonal faglig retnignslinje for helsestasjon og skolehelsetjenesten

Kartlegging av symptom på spisevanskar og spiseforstyrringar

Helsesjukepleiar kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen kan helsesjukepleiar bruke generelle kartleggingsverktøy som Firfotmodellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.

Kartlegging ved mistanke om spiseforstyrring bør inkludere:

  • Sjølvbilde og kroppsbilde (opptatt av kropp og vekt, haldningar til eigen kropp, idealvekt, kroppssjekking og hyppig veging)
  • Måltid og måltidsrytme, matinntak per dag
  • Haldningar til mat og matvarer hos både ungdommen og føresette, om det er enkelte matvarer som blir utelukka eller om barnet/ungdommen har eit selektivt spisemønster
  • Vekt og høgdemål (KMI/percentilskjema) og informasjon om eventuelle vektendringar 
  • Bruk av mat for å regulere følelsar
  • Episodar med overspising eller tap av kontroll over matinntak
  • Vektreduserande åtferd (slanking, oppkast, trening, avføringstablettar) 
  • Menstruasjon, regelmessigheit og eventuelt fråvær
  • Funksjonsfall skule/heim/sosialt
  • Fråvær frå skulen og eventuelt fråvær i gymtimar.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein gjere ei vurdering av symptoma sin alvorleghet. Tommelfingerregel for vurdering av alvorsgrad er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, grad av lidingstrykk og funksjonstap, og om spisevanskane fører til somatiske konsekvensar (som manglande vektauke eller vekttap tilsvarande 15 % av kroppsvekt). Ved tvil om alvorsgrad, skal ein konsultere fastlege eller BUP.

Ver merksam på at spisevanskar også kan vere eit symptom på omsorgssvikt/vald/overgrep, depresjon, utviklingsforstyrring eller fysisk sjukdom. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta.

Tiltak ved symptom på spisevanskar/forstyrringar

Helsesjukepleiar kan gi oppfølging til barn og unge med lettare spiseproblem. Tiltak kan vere:

  • Samtalar, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der fokus er å styrke den unges sjølvfølelse, mestring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som psykologisk førstehjelp.
  • Rettleiing til føresette
  • Rettleiing i betydning av regelbundne måltid, samansetting av kosthald og eventuelt avgrensing av aktivitet
  • Samarbeid med barnehage/skule vedrørande tilrettelegging

Ved mistanke om spiseforstyrringar bør tilvising sendast til BUP. Fastlege bør da kontaktast for gjennomføring av somatisk undersøking/vurdering. Ved behov for drøfting av alvorsgrad og tiltak, kontakt BUP for konsultasjon.

Dersom barnet/ungdommen venter på eller er i behandling ved BUP, kan helsesjukepleiar støtte opp om behandlinga ved å:

  • Ha jamlege samtalar med barn/ungdom og føresette. Avklar roller og ansvar med andre involverte instansar. 
  • Samarbeid med kontaktlærar og skuleleiinga om tilrettelegging i skulesituasjonen.  
  • Delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med andre instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Dersom betring uteblir eller symptom blir forverra, er det tilrådd å så raskt som mogleg initierer samarbeid med fastlege for vidare somatisk utgreiing og tilvising til BUP.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid rundt barn og ungdom må være basert på samtykke frå barnet/ungdommen og /eller føresette. Ungdom over 16 år har rett til å samtykke sjølv. Føresette skal som hovudregel involverast i alt samarbeid omkring barn/ungdom.

Ved mistanke om spiseforstyrring er det tilrådd at helsesjukepleiar så raskt som mogleg etablerer samarbeid med fastlege og avklarar ansvar og roller i vidare oppfølging. Avhengig av organisering i kommunen, kan helsesjukepleiar og samarbeide med psykisk helseteneste, familiesenter og/eller kommunepsykolog om kartlegginga. Fastlegen har det overordna ansvaret for vurdering av somatisk status og behov for tilvising til BUP.

Spiseforstyrringar kan vere alvorlege og livstruande tilstandar. Dersom føresette ikkje deler helsepersonell si bekymring eller ikkje vil ta i mot hjelpetenester, må det vurderast om det skal sendast bekymringsmelding til barnevernet.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved behov for tilvising til BUP, kontakt fastlegen for vidare utgreiing og tilvising. Psykolog i kommunen kan også vise til BUP, men det er tilrådd at dette går via fastlege for somatisk status. Vektpersentilar og oppsummering av kartlegging skal sendast til fastlege som vedlegg til tilvisingar. Det er viktig at helsesjukepleiar samarbeider med føresette og fastlege om tiltak/oppfølging i påvente av å start opp behandling i BUP.

Barnehage

Teikn på spisevanskar kan vere:

  • Lite matlyst
  • Sært eller selektivt spisemønster 
  • Fysiologiske teikn som brekningar 
  • Synlege fysiske endringar, eller særleg endringar i vekt 
  • Teikn på trøyttleik og energimangel

Ved bekymring for spisevanskar hos eit barn skal pedagogisk leiar gjennomføre undringssamtale med føresette så raskt som mogleg. Barnehagepersonalet skildrar kva dei har observert i barnehagen og spør føresette om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. I samtalen ber ein om samtykke til nærmare kartlegging av barnet.

Kartlegging kan innehalde:

  • Observasjon av barnet i måltidssituasjon. Kartlegg særleg faktorar som kan påverke barnets spisemønster negativt, som uro, mistrivsel eller negativt samspel med andre barn
  • Observasjon av barnet i samspel med andre barn og vaksne 
  • Kartlegging av sosial tilbaketrekkingsatferd
  • Ved behov drøft saken i etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon i barnehagen

Vær merksam på at manglande matlyst og spisevanskar kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald og overgrep. Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt skal du sende bekymringsmelding til barnevernet.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der kartlegging blir oppsummert og ein blir einige om tiltak i barnehagen.

Tiltak ved teikn på spisevanskar

Dersom eit barn viser teikn på spisevanskar bør det settast inn tiltak tidleg. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Legge til rette for ro, nærvære og gode samtalar under måltida
  • Tilrettelegging i måltidssituasjonen; kor barnet blir plassert i rommet og med kven, ekstra vaksenstøtte ved behov
  • Tilrettelegging av type mat; konsistens, varm/kald mat eller kulturelle forhold
  • Samtale med føresette ved behov

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast jamleg i samtalar med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, kan barnehagen tilvise barnet til andre kommunale instansar som helsestasjon eller psykisk helseteneste i kommunen i samarbeid med føresette.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar vil vere helsestasjon, psykisk helseteneste, PPT, ergo- og fysioterapiteneste i kommunen, BUP, habiliteringstenesta eller Rikshospitalet.

Barnehagen kan tilvise barnet til andre kommunale instansar som PPT, ergo- og fysioterapiteneste eller psykisk helseteneste i samarbeid med føresette. PPT kan hjelpe barnehagen i kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av tilsette i barnehagen. Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal det utarbeidast ein mål- og tiltaksplan i barnehagen.

Ved alvorlege spiseforstyrringar er det fastlege som vurderer om barnet skal visast til utgreiing i spesialisthelsetenesta. Barnehagen kan involverast i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet.

Skule

Teikn på spisevanskar og spiseforstyrringar

  • Endringar i utsjånad, særleg raske vektendringar
  • Fysiske teikn som svimmelheit, besviming eller at eleven frys 
  • Atferdsendringar som sosial tilbaketrekking, tap av interesse, konsentrasjonsvanskar og fagleg funksjonsfall på skulen
  • Endringar i forholdet til mat; eleven et mindre, sit for seg sjølv, pirkar i maten, er opptatt av sunnheit og kaloriar, har hyppige toalettbesøk rett etter måltid
  • Unngår gym og fysisk aktivitet, særleg symjetimar
  • Ekstrem overtrening

Ver merksam på at slike tilstandar fort kan endre seg og bli alvorlege. Det er derfor viktig å gripe inn raskt viss ein er bekymra. Viss skulen mistenker at ein elev har spiseforstyrring anbefalast følgjande tiltak:

  • Snakk med eleven og sett ord på det du har observert.
  • Ta opp bekymring med føresette så raskt som mogleg og innhent samtykke til vidare drøfting og kartlegging.
  • Ta opp bekymring rundt enkeltelev med skuleleiing/støtteapparat eller skulen sine etablerte ordningar for rettleiing/konsultasjon.

Etter kartlegging gjennomfører ein raskt ein ny samtale med elev og/eller føresette der ein blir einige om aktuelle tiltak heime og på skulen.

Tiltak ved symptom på spiseforstyrring

Dersom ein elev viser teikn på spiseforstyrring bør det settast inn tiltak så raskt som mogleg. Aktuelle tiltak er:

  • Koble på helsesjukepleiar og/eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering
  • Samarbeid med føresette og helsesjukepleiar om tilrettelegging i skulesituasjonen. Avklar kven som har ansvar for kva.
  • Legg til rette skulesituasjonen ut frå behov (måltidssituasjonar, sosiale situasjonar, reduksjon av faglege krav, tilrettelegging av gym og symjeundervisning).
  • Involver PPT dersom tilrettelegging går ut over undervisning. Ved rett til spesialundervisning vurdert av PPT skal skulen utarbeide en individuell opplæringsplan (IOP). Dette kan gjelde enkeltfag som gym/symjeundervisning.
  • Ved alvorlege spiseforstyrringar kan det vere aktuelt å informere medelevar om situasjonen og gi litt generell informasjon om spiseforstyrringar. Avtal med eleven og føresette kva som skal seiast.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med elev og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå ungdom og føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er skulehelsetenesta, PPT, fastlege, psykisk helseteneste, kommunepsykolog, familiesenter og BUP. Spiseforstyrringar kan være livstruande tilstandar. Dersom føresette ikkje vil ta imot nødvendige hjelpetenester bør ein vurdere melding til barnevernstenesta.

Behandling for lette spisevanskar skjer i kommunale tenester som skulehelseteneste, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog. Det er viktig at skulen samarbeider men dei som gir behandling. Ved mistanke om spiseforstyrring er det fastlegen som vurderer behov for tilvising til BUP. Skulen skal då involverast i tilbakemeldingsmøter/samarbeidsmøter rundt eleven.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

PPT si rolle i det psykiske helsearbeidet er å bistå skuler og barnehagar i det helsefremmende og førebyggande arbeidet. PPT skal vurdere om  barn i barnehagealder eller elevar i grunnskule har utfordringar når det gjeld utvikling, læring og trivsel og gi råd dersom dei treng tilrettelegging i opplæringssituasjonen. Arbeidet er heimla i Barnehageloven og i Opplæringsloven.

PPT er ikkje primær hjelpeteneste ved spisevanskar, men bør koplast inn viss spisevanskane går utover opplæringssituasjonen eller fører til stort fråvær. Viss PPT oppdagar at ein barn eller ungdom har spisevanskar, skal PPT samarbeid med føresette og barnehage/skule for å sikre riktige tiltak.

Kartlegging

Når PPT startar opp ei sak blir det gjort ei generell kartlegging som kan innehalde:

  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette.
  • Innhenting av opplysningar frå andre instansar.
  • Kartlegging/observasjon av barnets/ungdommens utviklingsnivå.
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule med pedagogisk rapport.
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule.
  • Samtale med barnehagelærar/lærar.
  • Kartlegging av kognitiv fungering.
  • Kartlegging av generell fungering med eksempelvis CBCL/TRF eller 5-15 (nordisk skjema for utgreiing av barns utvikling og atferd).

Viss PPT oppdagar at eit barn eller ungdom har symptom på spisevanskar, skal PPT sikre at barnet/ungdommen får rett behandling. Ved lette spisevanskar kan PPT tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbod som helsesjukepleiar eller kommunal psykisk helseteneste. Ved mistanke om spiseforstyrring bør ein samarbeide med fastlege om tilvising til BUP.

Tiltak ved spisevanskar eller spiseforstyrring

Dersom PPT blir kopla på ei sak der barnet/ungdommen har spisevanskar som går utover opplæringssituasjonen i stor grad, skal PPT først og fremst vurdere om det er behov for tilrettelegging i barnehagen/skulen. Aktuelle tiltak frå PPT er:

  • Samtale med barn/ungdom, føresette og barnehage/skule for å avklare behov for tilrettelegging
  • Rettleiing til barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i opplæringsrelaterte spørsmål
  • Delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen.
  • I dei tilfelle der lova krev det, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen 

Evaluering av tiltak

Evaluering skjer saman med barnet/ungdommen, føresette, barnehage/skule og evnt. andre instansar. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov.

Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, utarbeider barnehagen ein individuell utviklingsplan (IUP) og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane blir evaluerte/justerte i samarbeidsmøter i tråd med barnets utfordringar og utviklingsnivå.

Samarbeid med andre instansar

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 15 år. Aktuelle instansar er helsestasjon og skulehelseteneste, kommunal psykisk helseteneste, fastlegen, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta og BUP.

PPT skal saman med barnehage/skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barns rettar etter Opplæringsloven og Barnehageloven.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta ved mistanke om spiseforstyrring. Sjølv om psykolog i kommunen har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta, er det tilrådd at tilvising går via fastlege som legg ved relevante helsedata.  

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) for vidaregåande skule

Pedagogisk psykologisk teneste for vidaregåande skule (PPT vgs) er en hjelpeteneste for elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring. PPT vgs skal sørge for at det blir utarbeidet sakkyndige vurderingar når lova krev det og skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanse- og organisasjonsutvikling for å tilrettelegging av tilbodet for elever med særlige behov. Arbeidet er heimla i Opplæringsloven.

PPT vgs er ikkje primær hjelpeteneste ved spisevanskar, men bør koplast inn viss spisevanskane går utover opplæringssituasjonen eller fører til stort fråvær. Viss PPT vgs oppdagar at ein elev har spisevanskar, skal dei bistå eleven i å bli tilvist til riktig instans som kommunal psykisk helseteneste eller psykisk helsevern (BUP/DPS).

Kartlegging i PPT vgs

Når PPT vgs startar opp ei sak blir det først gjort ei generell kartlegging. Denne kan innehalde:

  • Samtale med ungdommen og eventuelt føresette. For vidaregåande elevar vil føresette si deltaking vere valfri.
  • Gjennomgang av bakgrunnshistorie, skulehistorie, somatisk-/psykehistorie, slektsbelastningar, rus, relasjonshistorie
  • Kartlegging av aktuelt symptombilde (eksempel avklare BMI)
  • Samtykke til innhenting av opplysningar
  • Avklare samarbeid
  • Avklare eventuelle vanskar i opplæringssituasjon

Skjema som kan brukast i kartlegging av spisevanskar:

  • M.I.N.I. (Mini nevropsykiatrisk intervju, 2009), Helsebiblioteket.no
  • BCQ (Body checking questionnaire), Ullevål universitetssykehus

NB! PPT setter ikkje diagnose. Det er spesialisthelsetenesta som har utgreiing- og behandlingsansvar ved spiseforstyrringar.

Ver merksam på om eleven sine vanskar kan skuldast andre faktorar som mangelfull omsorgssituasjon, traume, utviklingsforstyrring eller liknande, vald og/eller overgrep, lærevanskar og somatisk sjukdom. Ved mistanke om omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet.

Ved mistanke om spiseforstyrringar er det tilrådd å initiere kontakt med fastlege og vurdere tilvising til spesialisthelsetenesta. 

Tiltak frå PPT for vidaregåande skular kan vere:

  • Samtale med elev, føresette og skule (individnivå) for å avklare målet for kontakten
  • Rettleiing til ungdommen, føresette og skule vedrørande både sjukdoms- og opplæringsrelaterte spørsmål, på individ- og systemnivå 
  • Kontaktlærarkurs (systemnivå) 
  • Innhenting av opplysningar
  • Observasjon av ungdommen i skulen
  • Samtale med lærar
  • Kartlegging av kognitiv fungering

I dei tilfelle der lova krev det, blir det utarbeidd ei sakkunnig vurdering av PPT om rett til spesialpedagogisk hjelp (link til U-Dir). Ved rett til spesialpedagogisk hjelp, utarbeider skulen ein individuell opplæringsplan som skildrar mål og tiltak.

Evaluering av tiltak

Avtal i starten av kontakten når evaluering skal gjennomførast.  Evaluering skjer saman med ungdommen, eventuelt føresette, skule og andre instansar og kan innehalde:

  • Symptomendring ved nytt mål på BMI og evnt. andre kartleggingsverktøy.
  • Tiltaka i IOP (individuell opplæringsplan) skal evaluerast/justerast i samarbeidsmøter i tråd med ungdommens utfordringar og utviklingsnivå.
  • Moglegheit for oppfølgingstime etter avslutta kontakt, eventuelt tilbakemelding frå skule.

Dersom betring lar vente på seg, og det er behov for meir omfattande utgreiing/behandling, skal ungdommen visast til spesialisthelsetenesta. I ein eventuell venteperiode skal tilvisar følgje opp ungdommens utvikling.

Samarbeid med andre instansar

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå ungdom over 16 år og føresette. PPT vgs samarbeider med skule, oppfølgingstenesta (OT), helsestasjon for ungdom, skulehelsetenesta, fastlegar, BUP (psykisk helsevern for barn og unge)/DPS (psykisk helsevern for vaksne), habiliteringstenesta, Statped, barnevernstenesta, bedrifter og NAV.

Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta er det tilrådd at PPT kan vere ein del av samarbeidsgruppa rundt ungdommen og haldast orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om spiseforstyrringar skal behovet for vidare tilvising til spesialisthelsetenesta vurderast raskt.

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er tilrådd at tilvising går via fastlege som legg ved relevante helsedata.

Psykisk helseteneste

Psykisk helsearbeid for barn og unge er eit lovpålagt ansvar for kommunen og involverer alle kommunale tenester som er i kontakt med barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge eller eit familiesenter. I andre kommunar ligg ansvaret under helsestasjon og skulehelsetenesta og/eller kommunepsykolog.

Felles for desse tenestene er at dei har ansvar for forebygging og lavterskel tilbod ved lette-moderate psykiske helseplager hos barn og unge. Desse tenestene skal gi oppfølging til barn og unge med lettare spiseproblem. Ved mistanke om spiseforstyrringar, må tenestene sikre at barnet/ungdommen blir tilvist BUP i samarbeid med fastlege og føresette.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar og spiseforstyrringar

Det er tilrådd med ei brei og generell kartlegging av barnet/ungdommen sine symptom, funksjon og oppvekst. Skjema og kartleggingsverktøy som kan brukast er ASEBA og Firfotmodellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.

Ved mistanke om spisevanskar er det tilrådd at ein samarbeider med helsesjukepleiar og fastlege om kartlegging og vurdering av tiltak. Kartlegging bør innehalde informasjon om:  

  • Måltidsrytme, matinntak og haldningar til mat
  • Vekt/høgdemål, eventuell vektendring og tidsaspekt 
  • Bruk av mat som følelsesregulering
  • Episodar med overspising eller tap av kontroll over matinntak
  • Kompenserande åtferd (slanking, oppkast, trening, avføringstablettar) 
  • Sjølvbilde og kroppsbilde (opptatt av kropp og vekt, kroppssjekking, hyppig veging og spegling)
  • Sosial tilbaketrekking 
  • Funksjonsfall på skulen og skulefråvær


Ver merksam på
at spisevanskar også kan vere eit symptom på omsorgssvikt/vald/overgrep, depresjon, utviklingsforstyrring eller fysisk sjukdom. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein gjere ei vurdering av kor alvorlege symptoma er. Tommelfingerregel for vurdering av alvoret er omfang av forstyrra haldningar og åtferdsmønster, grad av lidingstrykk, funksjonstap og somatiske konsekvensar (eksempelvis manglande vektauke eller vekttap tilsvarande 15 %  av kroppsvekt). Ved tvil om alvorsgrad, konsulter fastlege, kommunepsykolog eller BUP.

Tiltak ved spisevanskar

Psykisk helseteneste kan gi oppfølging til barn og unge med lettare spiseproblem. Tiltak ved lettare spiseproblem kan vere:

  • Samtalar, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der fokus er å styrke den unges sjølvfølelse, mestring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som psykologisk førstehjelp
  • Rettleiing til føresette
  • Rettleiing i betydning av regelbundne måltid, samansetting av kosthald og eventuelt avgrensing av aktivitet

Ved mistanke om spiseforstyrring bør tilvising sendast til BUP. Ved behov for drøfting av alvorsgrad og tiltak, kontakt BUP for konsultasjon. Tiltak frå psykisk helseteneste vil då vere:

  • Informer og involver foreldre i dialog med barnet/ungdommen og innhent samtykke til samarbeid med andre instansar.
  • Tilråd tilvising og somatisk undersøking/vurdering hos fastlege.
  • Avklar om andre instansar er involverte og etabler samarbeid med desse.
  • Tilby barnet/ungdommen og føresette samtalar i påvente av starte opp behandling ved BUP.

Evaluering av tiltak

Mål med evaluering er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er dei riktige tenester som følgjer opp. Tiltaka skal evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis stafettlogg i BTI-kommunar.

Evaluering av tiltak kan gjerast ved å gjennomføre ny kartlegging av symptom. Dersom betring uteblir eller symptom blir forverra, er det tilrådd at ein så raskt som mogleg initierer samarbeid med fastlege for vidare somatisk utgreiing og tilvising til BUP. 

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år.

Ved mistanke om spiseforstyrring er det tilrådd å etablere samarbeid med helsesjukepleiar og fastlege for vidare kartlegging og vurdering. Fastlegen har det overordna ansvar for vurdering av somatisk status og behov for tilvising til BUP.

Dersom føresette ikkje deler helsepersonells bekymring eller ikkje ser behov for behandling/rettleiing, må det vurderast om det skal sendast bekymringsmelding til barnevernet.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om spiseforstyrring skal ein sende tilvising til BUP. Sjølv om psykolog i kommunen har tilvisingsrett til BUP, er det tilrådd at dette går via fastlege som gjer ei somatisk vurdering. Psykisk helseteneste kan legge ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er utprøvd i forkant av tilvisinga.

Ergo- og fysioterapiteneste

Kartlegging

Ved spisevanskar hos eit barn eller ungdom bør kartlegging innehalde informasjon om: 

  • Generell helsefunksjon. Gi råd om å få somatisk undersøking hos fastlege.
  • Kartlegge spisemønster frå fødselen av og eventuelle endringar.
  • Måltidsrytme, matinntak og barnets/ungdommens haldningar til mat, om det er spesielle matvarer barnet utelukkar eller spesielle ritual knytt til måltider.
  • Motorisk og munnmotoriske vanskar som kan ha betydning for spisevanskar.
  • Vekt/høgdemål, eventuell vektendring og tidsaspekt. Opplysningar kan innhentast frå helsesøster.
  • Fysisk aktivitet, aktivitetsnivå og motoriske forutsetningar for deltaking  i fysisk aktivitet.
  • Vurdering av barnets/ungdommens funksjon på andre område (generell utvikling, motorikk, sosialt, kognitivt).

Ver merksam på at spisevanskar også kan vere eit symptom på omsorgssvikt/vald/overgrep, depresjon, utviklingsforstyrring eller fysisk sjukdom. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnet sin situasjon og familiens fungering i kartlegging av symptombildet.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved spisevanskar/forstyrringar

  • Rettleie barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i tilrettelegging i måltidssituasjonen (omgivnader og fysiske forhold) 
  • Rettleiing i nødvendige endringar av måltidsrytme og måltidsstruktur
  • Rettleiie/igangsette fysisk aktivitet 
  • Trening i munnmotorikk som har betydning for spisevanskar

Evaluering av tiltak
Evaluering av tiltak skjer fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med aktuelle instansar rundt barnet som barnehagelærar/lærar og helsesøster.

Samarbeid med andre instansar

Ergo- og fysioterapitenesta er ein del av kommunens heilskaplege, førebyggande og helsefremmande arbeid. Tenesta samarbeider med barnehage, skule, helsesøster, PPT, fastlege, habiliteringsteneste, barneavdeling og BUP.

Ved mistanke om spiseforstyrrelsing er det tilrådd å samarbeide med helsesøster og fastlege om kartlegging og vurdering av tiltak. Ved kjent spiseforstyrring kan relevante opplysningar hentast frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen som gjer dette. Psykolog i kommunen og barnevernstenesta kan også vise til BUP, men det er tilrådd at dette går via fastlege som gjer ei somatisk vurdering. Ergo- og fysioterapitenesta kan legge ved relevant informasjon om kartlegging og tiltak.

Barnevernsteneste

Hovudoppgåva til barnevernet er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helse og utviklinga deira, får rett hjelp. Barnevernet er ikkje primær hjelpeteneste ved spisevanskar, men bør koplast inn viss ein mistenker at eit barn eller ungdom utviklar spisevanskar på grunn av forhold i omsorgssituasjonen. Barnevernet bør også koplast inn viss føresette ikkje vil ta imot hjelpetenester sjølv om barnet/ungdommen har alvorlege symptom på spiseforstyrring. Viss barnevernet oppdagar at eit barn eller ungdom som er i kontakt med barnevernet har symptom på spisevanskar, skal barnevernet sikre at barnet/ungdommen får rett behandling.

Kartlegging i barnevernstenesta

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernstenesta. Barnevernstenesta skal snarast og seinast innan ei veke avklare om meldinga skal følgjes opp med ei undersøking eller om det ikkje er grunnlag for bekymring. Omfanget av undersøkinga og kva tiltak som er aktuelle, er avhengig av forholda i den enkelte sak. Undersøkinga skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Så raskt som mogleg, og innan tre månadar, skal det konkluderast med om det er grunnlag for å sette i gang tiltak, eller om saken skal avsluttas. Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, er det viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnets/ungdommens behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv.

Kartlegging ved mistanke om spisevanskar

Viss barnevernet oppdagar at eit barn eller ungdom har symptom på spisevanskar, er det tilrådd at barnevernet kartlegg vanskane, og gjer ei vurdering av om barnet/ungdommen har behov for utredning og behandling. Avhengig av organisering i kommunen, kan barnevernet samarbeide med helsesjukepleiar, psykolog i kommunen og/eller fastlege om kartlegginga. Kartlegginga bør innehalde informasjon m:

  • Sjølvbilde og opptattheit av kropp og vekt
  • Måltidsrytme og matinntak per dag
  • Episodar med overspising
  • Eventuell vektendring 
  • Vektreduserande åtferd (oppkast, trening) 
  • Sosial tilbaketrekking 
  • Funksjonsfall og skulefråvær

Ver særleg merksam på at spisevanskar også kan vere eit symptom på mangelfull omsorgssituasjon og vald/overgrep. Spisevanskar bør også sjåast i lys av familiesamspel, kulturell bakgrunn og ungdomstrendar. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnet sin situasjon og familiefungering i vurdering av symptombildet.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein gjere ei vurdering av kor alvorlege symptoma er. Ved lette spisevanskar skal barnevernet tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbod som helsesjukepleiar eller kommunal psykisk helseteneste. Ved mistanke om spiseforstyrring bør ein samarbeide med fastlege om tilvising til BUP.

Tiltak frå barnevernet

Vanlege hjelpetiltak frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlinga for spiseforstyrringar. Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Miljøarbeidar i heimen eller besøksheim
  • Støttekontakt/fritidskontakt

Barnevernstenesta har ofte ansvar for å koordinera det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar tiltak frå barnevernet. Når fleire instansar er involvert, kan individuell plan (IP) vere eitt av tiltaka.

Evaluering av tiltak

Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad. Evalueringa skal gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar kan tiltak skildrast i ein felles plan som stafettlogg eller individuell plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeider med dei instansane som til ei kvar tid er involvert basert på samtykke (Barnevernloven § 3.2). Sentrale samarbeidspartnarar vil vere barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, kommunepsykolog, psykisk helseteneste, familiesenter, PPT og BUP.

Ved lette spisevanskar skal barnevernet tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbod for behandling som skulehelseteneste, psykisk helseteneste, kommunepsykolog eller familiesenter. Ved mistanke om spiseforstyrring bør barnet/ungdommen tilvisast til BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barnevernet har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men det er tilrådd at tilvising går via fastlege som gjer ei somatisk vurdering. Barnevernet bør samarbeide med føresette, fastlege og andre aktuelle tenester om tiltak/oppfølging i påvente av behandlingstilbod. Ved utgreiing/behandling i BUP er det tilrådd at barnevernet deltar både ved oppstart, undervegs i behandlingsforløp og ved avslutning.

BUP - spisevanskar/forstyrringar hos sped- og småbarn

Utgreiing

Ved oppstart av ei sak i BUP blir det alltid gjort ei basisutgreiing (PDF). Ut fra funn i basisutgreiinga blir det vurdert om det er grunnlag for utvida utgreiing av spisevanskar. Utgreiing kan innehalde:

  • Samtale med føresette for vurdering av symptom og eventuelle komorbide lidingar. Hos små barn er det særleg viktig å vurdere om barnet har andre typar reguleringsforstyrringar som følelsar, søvn, uro eller sansemotorikk.
  • Detaljert kartlegging av matinntak og måltidsstruktur: antall måltid og tidspunkt på døgnet, energi- og væskeinntak per døgn, om det er visse matvarer barnet utelukkar eller spesielle ritual knytt til måltid.
  • Barnepsykiatrisk undersøking og supplerande medisinske undersøkingar. Særleg viktig å avklare om det er andre medisinske diagnosar som forstyrrar spising/matinntak som hormonelle- eller genetiske forstyrringar.
  • Måltidsobservasjon med video. 
  • Innhenting av vektkurver og annan relevant informasjon frå helsestasjon.
  • Innhenting av informasjon frå barneavdeling/nyføddavdeling.

Vurdering av diagnose og komorbiditet skjer i tverrfagleg team. Føresette får deretter tilbakemelding om diagnose og tilrådd behandling, og ein blir einige om ein behandlingsplan.

Behandling

Behandling for barn i denne aldersgruppa vil alltid involvera føresette. Behandlingstilbodet kan vere:

  • Rettleiing til føresette om samspel og måltidssituasjon.
  • Samarbeid med andre instansar som barnehage, helsestasjon og fastlege.
  • Rettleiing til kommunale instansar etter avtale (barnehage, PPT, barnevern).


Evaluering av tiltak

Effekt av behandlingstiltak blir vurdert jamleg i tverrfagleg team.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg fastlege, helsesøster, barnehage og barneavdeling.

Ved behov for medisinsk utgreiing og vurdering av spesifikke somatiske tilstandar samarbeider BUP med barneavdeling.

Avslutning

BUP sender epikrise til fastlege/tilvisar ved avslutta behandling. Epikrise skildrar tilrådde tiltak i kommunen. I epikrise blir det også spesifisert kva som eventuelt skal vere kriterier for re-tilvising til BUP for denne pasienten.

Utgreiing

Ved oppstart av ei sak i BUP blir det alltid gjort ei basisutgreiing (PDF). Ut frå funn i basisutgreiinga blir det vurdert om det er grunnlag for utvida utgreiing av spiseforstyrringar. Utgreiing bør innehalde:

  • Diagnostisk intervju med pasient for vurdering av alvoret av symptom og eventuelle komorbide lidingar, eksempelvis Kiddie-sads. Særleg viktig å avklare andre psykiske lidingar som angst, tvangsliding, depresjon, posttraumatiske reaksjonar og utviklingsforstyrringar.
  • Samtale/anamnese med føresette for vurdering av generell utvikling og funksjon, symptom relatert til mogleg spiseforstyrring, andre psykiske eller somatiske vanskar, familie- og omsorgssituasjon, belastningar eller eventuelle oppretthaldande faktorar.
  • Barnepsykiatrisk undersøking med supplerande medisinsk undersøking og laboratorieprøvar etter indikasjon.
  • Kartlegging av matinntak og måltidsstruktur: Antall måltid og tidspunkt på døgnet, energi- og væskeinntak per døgn, om det er visse matvarer barnet/ungdommen utelukkar eller spesielle ritual knytt til måltida.
  • Kartlegging av symptom på spiseforstyrringar ved bruk av Eating Disorder Examination Questionnaire (EDE-Q) som mål på omfanget av spiseforstyrringssymptom (https://oslo-universitetssykehus.no/seksjon/regional-kompetansetjeneste-for-spiseforstyrrelser/Documents/RASP%3B%20EDE-Q_NORSK.pdf) og Clinical Impairment Assessment (CIA) som mål på funksjonsnedsetting (https://oslo-universitetssykehus.no/seksjon/regional-kompetansetjeneste-for-spiseforstyrrelser/Documents/RASP%3B%20CIA_NORSK.pdf).
  • Kartlegging av symptom på komorbide tilstandar ut frå indikasjon, eksempelvis depresjon, angst, traumebelastningar eller utviklingsforstyrringar. 
  • Innhenting av informasjon frå andre instansar, særleg vektkurver/percentilskjema frå helsestasjon.

Vurdering av diagnose og komorbiditet blir gjort i tverrfagleg team. Pasient og føresette får deretter tilbakemelding om diagnose og tilrådingar vedrørande behandling. Ein blir einige om ein behandlingsplan som spesifiserer val av behandlingstilnærming, hyppigheit av timar, varigheit av behandling og tidspunkt for evaluering av effekt av behandlinga.

Dersom pasienten ikkje tilfredsstiller kriteria for ei spiseforstyrring eller annan psykisk liding og det ikkje er grunnlag for tilbod i BUP, må det vurderast om det er behov for oppfølging i kommunen. Ved behov for kommunalt tilbod kontaktar BUP fastlege eller anna aktuell teneste før avslutning.

Behandling

Poliklinisk behandling er tilrådd ved spiseforstyrringar, så sant pasienten har stabil somatisk tilstand.

Familiebasert behandling for spiseforstyrringar er tilrådd som førsteval ved oppstart av behandling for barn og unge som har anoreksi, bulimi og overspisingsliding. Behandlar må alltid vurdere om det ligg føre kontraindikasjonar for familiebasert tilnærming, særleg aktuelt ved høgt konfliktnivå i familien eller store familiebelastningar som gjer det vanskeleg at familien deltar. I slike tilfelle kan ein tilby individuell behandling til ungdommen, fortrinnsvis kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrringar (CBT-E). I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt å gi individuell behandling av barn og unge med spiseforstyrringar etter ein første fase med familiebasert terapi. Vurderingar av behandlingsform blir gjort ut frå barnet/ungdommens alder, motivasjon for behandling, funksjonsnivå og eventuell nytte av familiebasert tilnærming.

Uavhengig av metode vil behandling alltid inkludere følgjande moment:

  • Psykoedukasjon om tilstand, risiko, forløp og behandling.
  • Somatisk oppfølging.
  • Tiltak retta inn mot reduksjon av symptom på spiseforstyrringa, som normalisering av vekt, reduksjon av overspising og/eller oppkast og kompenserande åtferd som overtrening.
  • Rettleiing til føresette.

Innlegging ved sengepost kan vere aktuelt ved følgjande indikasjonar:

  • Stort vekttap på kort tid eller alvorleg undervekt (barn < 2,5 percentil)
  • Ustabile somatiske parameter 
  • Høg risiko for suicidalitet eller alvorleg sjølvskading
  • Høg frekvens av overspising, oppkast og andre kompenserande strategiar som gir alvorleg somatiske komplikasjonar
  • Samanbrot i omsorgssituasjonen der familien ikkje maktar å ivareta barnet eller ta ansvar for å sikre at barnet et tilstrekkeleg
  • Lang geografisk avstand

Særlege forhold ved samtidige lidingar:

  • Ved alvorleg depresjon og/eller angstsymptom skal medikamentell behandling vurderast som supplement
  • Ved autismespekterforstyrring eller andre gjennomgripande utviklingsforstyrringar, vurderer ein behov for samarbeid med habiliteringstenesta
  • Ved post-traumatisk stressliding (PTSD) eller kompleks traumatisering vurderer ein behov for traumefokusert behandling før behandling av spiseforstyrringa.

Evaluering av tiltak

Effekt av behandlingstiltak skal vurderast jamleg i tverrfagleg team. Ved manglande betring eller forverring av symptom, må det vurderast om behandlingstilbodet skal intensiverast. Aktuelle tiltak kan vere endring av behandlingsmetode eller behov for innlegging ved sengepost.

Dersom det viser seg at pasient eller foreldre ikkje er motivert for behandlinga, må det også vurderast om saka skal avsluttast ved BUP. Dersom foreldre ikkje deler helsepersonells bekymring eller ikkje ser behov for behandling/rettleiing, må det vurderast om det skal sendast bekymringsmelding til barnevernet.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg fastlege, helsesøster, barnehage/skule og PPT. Det er tilrådd hyppig kontakt med helsesøster og barnehage/skule for oppdatering av informasjon og tilrettelegging i skulesituasjonen.

Ved behov for vurdering av spesifikke somatiske tilstandar og følgetilstandar, samarbeider BUP med barneavdeling.

Ved betydelege familiebelastningar som påverkar barnets/ungdommens spisemønster negativt kan ein råde familien om å ta kontakt med familievernkontor.

Avslutning

BUP sender epikrise til fastlege/tilvisar som beskriver tilrådde tiltak i kommunen. I epikrise blir det spesifisert  kva som eventuelt skal vere kriterier for re-tilvising til BUP for denne pasienten.

Habiliteringstenesta

Når barnet/ungdommen har ei grunnliding som tilhøyrar habiliteringstenesta og spisevansken er ein tilleggsvanske kan tilvising sendast  til habliteringstenesta for oppfølging.

Utgreiing/kartlegging

Ved tilvising til habiliteringstenesta blir det gjort ei forundersøking saman med føresette og aktuelle instansar rundt barnet. Ved mistanke om spisevanskar blir følgjande kartlegging gjort:

  • Matinntaket (kva spiser barnet, kor mykje, spesielle matsortar barnet utelukkar).
  • Tvangsritualer i og under måltidet. 
  • Oppretthaldande faktorer (tankar, hendingar, motorikk).
  • Unngåingsatferd.
  • Faktorar som kan påverke barnet/ungdommen negativt og oppretthalde problemet.
  • Vurdering av munnmotoriske ferdigheiter og svelgvanskar.

Behandlingstilbod ved spisevanskar

  • Kognitiv atferdsterapi.
  • Eksponeringsterapi med forsterking.
  • Rettleiing til gjennomføring av måltid  i heimen eller eventuelt andre arenaer på grunn av generaliseringsvanskar.
  • Ergoterapeut til munnmotoriske utfordringar. Tilrettelegging med ulike hjelpemiddel.

Samarbeid

Aktuelle samarbeidspartnarar er skule/barnehage, helsestasjon, ergo- og fysioterapitenesta, PPT, barnevern, BUP og fastlege.

Avslutning

Ved avslutning blir saka overført til heim og kommune.

Kommentarar?

Send oss ein e-post

Fann du det du leita etter?