Spisevanskar hos barn og ungdom

Spisevanskar varierer frå lette spiseproblem til alvorleg spiseforstyrring. Lette spiseproblem kan behandlast i kommunen. Mistanke om spiseforstyrring gir rett til behandling i spesialisthelsetenesta.

Samhandlingsforløp for spisevanskar hos barn og unge går på tvers av kommune og spesialisthelseteneste. Her finn du informasjon om korleis dei ulike tenestene arbeider med tilstandsbildet.

Fastlege

Fastlege 

Kartlegging

Ved mistanke om spisevanskar/forstyrring er det tilrådd å kartlegge: 

  • Pasienten sine symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen
    • Matinntak og måltidsrytme (væske- og energiinntak per dag)
    • Haldningar til mat (utelukkar enkelte matsortar, selektivt spisemønster eller ritual knytt til måltidet)
    • Episodar med overspising eller tap av kontroll over matinntak
    • Kompenserande atferd (slanking, oppkast, trening, avføringstablettar)
    • Funksjonsfall skulefagleg eller sosialt (familie, fritid, barnehage/skule)
  • Somatisk historie og somatisk status 
    • Blodtrykk, puls, blodprøvar
    • Vekt og høyde (KMI/percentilskjema). Kartlegg eventuelt vekttap eller manglande vektutvikling.
    • Menstruasjon (regelmessigheit og eventuelt fråver)
  • Det psykososiale miljøet rundt pasient
  • Vurdering av psykisk komorbiditet (depresjon/angst). Hos yngre barn kartlegger ein reguleringsvanskar på andre område (følelsar, søvn, uro, sansemotorisk).

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege symptoma er.

Ved mistanke om spiseforstyrring skal pasienten visast til BUP. Sentrale kjenneteikn vil vere manglande vektauke eller vekttap tilsvarande 15 % av kroppsvekt, svært avgrensa/selektivt matinntak eller hyppige episodar med overspising og/eller sjølvframkalt oppkast (> 1 gang per veke).

Lette spiseproblem/vanskar kan behandlast i primærhelsetenesta viss det ikkje er andre samtidige lidingar som moderat-alvorleg depresjon/angst, gjennomgripande utviklingsforstyrring eller alvorleg somatisk sjukdom/konsekvensar.

Tiltak ved symptom på spisevanskar

  • Somatisk oppfølging
  • Informasjon om somatiske konsekvensar ved underspising, oppkast, overtrening eller annan kompenserande atferd
  • Rettleiing om matinntak/kosthald
  • Initiere kontakt med helsesøster, psykisk helseteneste eller ergo- og fysioterapitenesta for rettleiing/oppfølging  .

Sjølv om symptoma blir vurderte til å vere av lettare grad, bør det likevel settast opp ny avtale for kontroll.

Evaluering av tiltak
Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med pasient, pårørande og eventuelt samarbeidande instansar. Viss betring uteblir eller symptom blir forverra, må pasienten visast til BUP.

Samarbeid med andre instansar

Aktuelle samarbeidspartnarar vil vere helsesøster, psykisk helseteneste i kommunen, BUP og habiliteringsteneste.

Ved mistanke om spiseforstyrring skal pasienten visast til BUP. Initier samarbeid med føresette og helsestasjon om tiltak i påvente av oppstart behandlingstilbod. Ved forverring av symptom skal BUP kontaktasts for tilleggsinformasjon vedrørande tilvisinga.

Ved alvorlege somatiske konsekvensar som følgje av spisevanskane eller dersom det er mistanke om at alvorleg somatisk sjukdom kan ligge til grunn for spisevanskane må tilvising sendast til barneavdelinga.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Tilvising bør innehalde (Henvisningsskjema BUP):

  • Beskriving av pasienten sine symptom og funksjon
  • Somatisk status
    • Vekt og vektutvikling (KMI/percentilskjema)
    • Blodtrykk, puls, blodprøvar
    • Menstruasjon
  • Tilvisar si vurdering av pasienten
  • Beskriving av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar
  • Tiltak som er utprøvd i kommunale tenester  
  • For å sikre god overføring, oppgi samarbeidande instansar med namn og telefonnummer.


Kommune

Helsestasjon og skulehelseteneste

Kartlegging av symptom på spiseforstyrring

Helsesøster kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen kan helsesøster bruke generelle kartleggingsverktøy som Firfotmodellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.

Kartlegging ved mistanke om spiseforstyrring bør inkludere:

  • Måltid og måltidsrytme, matinntak per dag
  • Haldningar til mat og matvarer hos både ungdommen og føresette, om det er enkelte matvarer som blir utelukka eller om barnet/ungdommen har eit selektivt spisemønster
  • Vekt og høgdemål (KMI/percentilskjema) og informasjon om eventuelle vektendringar 
  • Bruk av mat for å regulere følelsar
  • Episodar med overspising eller tap av kontroll over matinntak
  • Kompenserande atferd (slanking, oppkast, trening, avføringstablettar) 
  • Menstruasjon, regelmessigheit og eventuelt fråver
  • Sjølvbilde og kroppsbilde (opptatt av kropp og vekt, haldningar til eigen kropp, idealvekt, kroppssjekking og hyppig veging)
  • Funksjonsfall skule/heim/sosialt
  • Fråver frå skule og eventuelt fråver i gymtimar.

Ved kjent spiseforstyrring kan helsesøster innhente relevante opplysningar frå utgreiing/behandling ved BUP.

Ver merksam på at spisevanskar også kan vere eit symptom på omsorgssvikt/vald/overgrep, depresjon, utviklingsforstyrring eller fysisk sjukdom. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnets/ungdommens situasjon og familiens fungering i kartlegging av symptombildet. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein gjere ei vurdering av alvorlegheit av symptoma. Tommelfingerregel for vurdering av alvorsgrad er omfang av forstyrra haldningar og atferdsmønster, grad av lidingstrykk og funksjonstap, og om spisevanskane fører til somatiske konsekvenser (som manglande vektauke eller vekttap tilsvarande 15 % av kroppsvekt). Ved tvil om alvorsgrad, konsulter fastlege eller BUP.

Tiltak ved symptom på spisevanskar/forstyrringar

Helsesøster kan gi oppfølging til barn og unge med lettare spiseproblem. Tiltak kan vere:

  • Rettleiing i betydning av regelbundne måltid, samansetting av kosthald og eventuelt avgrensing av aktivitet
  • Samarbeid med barnehage/skule vedrørande tilrettelegging i måltidsituasjon
  • Samtalar med barnet/ungdommen
  • Rettleiing til føresette
  • Meistringsverktøy som psykologisk førstehjelp.

Ved mistanke om spiseforstyrringar bør tilvising sendast til BUP. Tiltak vil då vere:

  • Snakk med barnet/ungdommen og sett ord på bekymringa.
  • Involver føresette i dialog med barnet/ungdommen. 
  • Tilråd somatisk undersøking/vurdering hos fastlege.
  • Avklar om andre instansar er involverte og etabler samarbeid med desse.
  • Ved behov for drøfting av alvorsgrad og tiltak, kontakt BUP for konsultasjon.
  • Tilby barnet/ungdommen og føresette samtalar i påvente av oppstart behandling BUP.
  • Samarbeid med skulen om eventuell tilrettelegging i skulesituasjonen i påvente av behandling.

Ved avklart diagnose kan tiltak frå helsesøster vere:

  • Samtalar med barn/ungdom og føresette. Avklar roller og ansvar med andre involverte instansar. 
  • Samarbeid med kontaktlærar og sosiallærar/rådgivar om tilrettelegging i skulesituasjonen.  Avtal kven som har ansvar for kva.
  • Delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen.

Evaluering av tiltak
Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med andre instansar. BTI-kommunar bruker stafettlogg i evalueringa.

Evaluering av tiltak kan gjerast ved å gjennomføre ny kartlegging av symptom og vurdere om symptom har utvikla seg over tid. Dersom betring uteblir eller symptom blir forverra, er det tilrådd å så raskt som mogleg initierer samarbeid med fastlege for vidare somatisk utgreiing og tilvising til BUP.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år.
Helsesøster samarbeider vanlegvis med barnehage/skule, PPT, psykisk helseteneste/kommunepsykolog, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta, BUP og habiliteringstenesta.

Ved mistanke om spiseforstyrring er det tilrådd at helsesøster så raskt som mogleg etablerer samarbeid med fastlege og avklarar ansvar og roller i vidare oppfølging. Avhengig av organisering i kommunen, kan helsesøster også samarbeide med psykisk helseteneste og/eller kommunepsykolog om kartlegginga. Fastlegen har det overordna ansvaret for vurdering av somatisk status og behov for tilvising til BUP.

Dersom førestte ikkje deler helsepersonell si bekymring eller ikkje ser behov for behandling, må det vurderast om det skal sendast bekymringsmelding til barnevernet.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved behov for tilvising til BUP, kontakt fastlegen for vidare utgreiing og tilvising. Psykolog i kommunen kan også vise til BUP, men det er tilrådd at dette går via fastlege for somatisk status. Skriftleg informasjon og vektpersentilar skal sendast til fastlege som vedlegg til tilvisingar. Det er viktig at helsesøster samarbeider med føresette og fastlege om tiltak/oppfølging i påvente av oppstart behandling i BUP. Ved utgreiing/behandling i BUP kan helsesøster involverast i utgreiingsfasen og i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen.

Barnehage

Kartlegging ved symptom på spisevanskar

Barnehagen har ei viktig rolle i å oppdage spisevanskar hos barn på eit tidleg tidspunkt. Teikn på spisevanskar kan vere:

  • Avgrensa matinntak 
  • Sært eller selektivt spisemønster 
  • Fysiologiske teikn som brekningar 
  • Synlege fysiske endringar, særleg endringar i vekt 
  • Teikn på trøyttleik og energimangel.

Ved bekymring for spisevanskar hos eit barn skal ein gjennomføre undringssamtale med føresette (innan 4 veker). I samtalen forklarar barnehagelærar kva dei har observert i barnehagen og spør føresete om dette stemmer med korleis dei opplever barnet heime. I samtalen ber ein om samtykke til nærare kartlegging av barnet. Kartlegging kan innehalde:

  • Observasjon av barnet i måltidssituasjon. Kartlegging av faktorar som kan påvekke barnets spisemønster negativt, som uro, dårleg trivnad eller negativt samspel med andre barn
  • Observasjon av barnet i samspel med andre barn og vaksne 
  • Kartlegging av sosial tilbaketrekkingsatferd
  • Ved behov kan kartlegging drøftast med spesialpedagogisk team eller rettleiingsteam.

Etter kartlegging gjennomfører ein ny samtale med førestte og oppsummerer kva ein har observert og blir einige om tiltak.

Tiltak ved spiseforstyrringar

Dersom eit barn viser teikn på spisevanskar bør det settast inn tiltak. Det kan vere:

  • Servere regelbundne og næringsrike måltid
  • Legge til rette for ro, nærvære og gode samtalar under måltida
  • Tilrettelegging i måltidssituasjonar; kor barnet blir plassert i rommet og med kven, ekstra vaksenstøtte ved behov
  • Tilrettelegging av type mat; konsistens, varm/kald mat eller kulturelle forhold
  • Samtale med føresette ved behov
  • Rettleiing av tilsette i barnehagen

Evaluering av tiltak
Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med føresette og eventuelt i samarbeidsmøte med andre instansar. BTI-kommunar brukar stafettlogg i evaluering av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar vil vere helsestasjon, PPT, ergo- og fysioterapiteneste i kommunen, BUP, habiliteringstenesta eller Rikshospitalet.

Barnehagen kan tilvise barnet til andre kommunale instansar som PPT, ergo- og fysioterapiteneste eller psykisk helseteneste i samarbeid med føresette. PPT kan bistå barnehagen i kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt retlleiing av tilsette i barnehagen.

Ved alvorlege spiseforstyrringar er det fastlege som vurderer om barnet skal visast til utgreiing i spesialisthelsetenesta (BUP, barneavdelinga, habiliteringstenesta eller spiseteamet ved Rikshospitalet). Barnehagen kan involverast i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet.

Skule

Kartlegging ved symptom på spiseforstyrringar

Skulen har ei viktig rolle i å oppdage spiseforstyrringar hos barn og ungdom på eit tidleg tidspunkt. Teikn på spisevanskar kan vere:

  • Endringar i utsjånad, særleg raske vektendringar
  • Fysiske teikn som svimmelheit, besviming eller at eleven frys 
  • Atferdsendringar som sosial tilbaketrekking, tap av interesse, konsentrasjonsvanskar og fagleg funksjonsfall på skulen 
  • Endringar i forholdet til mat/måltid; eleven spis mindre, sit for seg sjølv, pirkar i maten, er opptatt av sunnheit og kaloriar, har hyppige toalettbesøk rett etter måltid
  • Unngår gym og fysisk aktivitet, særleg svømmetimar

Ved mistanke om spiseforstyrring hos ein elev er følgjande tilrådd:

  • Sett ord på det du har observert overfor eleven.
  • Ta opp bekymring med førestte i skule-heim-samtale så raskt som mogleg (innan 4 veker).
  • Ta opp bekymring med sosiallærar/leiinga og helsesøster.
  • Enkeltelevar kan drøftast i tverrfagleg team, eksempelvis psykososialt team viss skulen har dette.

Etter kartlegging gjennomfører ein ny samtale med elev og/eller føresette der ein oppsummerer observasjonane og blir einige om aktuelle tiltak på skulen.

Tiltak ved symptom på spiseforstyrring

Dersom elev viser teikn på spiseforstyrring bør det settast inn tiltak så raskt som mogleg. Ved mistanke om spiseforstyrring er følgjande tilrådd:

  • Koble på helsesøster og/eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering av behov for tilvising til BUP.
  • Bli einige om tiltak i heim og skule. BTI-kommunar skildrar tiltak i stafettlogg.
  • Samarbeid med føresette og helsesøster om tilrettelegging i skulesituasjonen. Avklar kven som har ansvar for kva.

Ved kjent spiseforstyrring og avklart diagnose:

  • Ved alvorlege spiseforstyrringar kan det vere aktuelt å informere medelevar om situasjonen og gi litt generell informasjon om spiseforstyrringar. Avtal med eleven og føresette kva som skal seiast.
  • Følg opp avtalar som er gjort i samarbeid med føresette og BUP, som avgrensing av fysisk aktivitet og gym eller reduksjon av faglege krav i ein periode.
  • Tilrettelegging ut frå behov (måltidssituasjonar, sosiale situasjonar, gym)
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal det utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP)

Evaluering av tiltak
Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med elev og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte partar. Tiltak dokumenteres og effekt evalueres. I BTI kommuner bør eleven ha en stafettlogg.

Samarbeid med andre instanser

Alt samarbeid skjer etter samtykke fra foresatte. Aktuelle samarbeidspartnere er helsesøster, PPT, fastlege, psykisk helsetjeneste, ergo- og fysioterapitjenesten, barneverntjenesten, BUP og habiliteringstjenesten.

Ved mistanke om spiseforstyrrelser er det helsesøster som har ansvar for kartlegging av symptomer og vurdering av tiltak. Ved behov for somatisk oppfølging eller henvisning til BUP initierer helsesøster kontakt med fastlege. Helsesøster kan også henvise eleven til psykisk helsetjeneste eller kommunepsykolog.  Ved utredning/behandling i BUP kan skolen involveres i utredningsfasen og delta på tilbakemeldings- og samarbeidsmøter.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Kartlegging

Når PPT startar opp ei sak blir det gjort ei generell kartlegging som kan innehalde:

  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette. For videregåande elevar vil føresette si deltaking vere valfri.
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon.
  • Kartlegging/observasjon av barnets/ungdommens utviklingsnivå.
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule med pedagogisk rapport.
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule.
  • Samtale med barnehagelærar/lærar.
  • Kartlegging av kognitiv fungering.
  • Kartlegging av generell fungering med eksempelvis CBCL/TRF eller 5-15 (nordisk skjema for utgreiing av barns utvikling og atferd).

I dei tilfelle der lova krev det, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen. 

Etter kartlegging og vurdering oppsummerer ein saman med barnet/ungdommen og føresette. Ein vurderer utbytte av opplæring i barnehage/skule før ein utarbeidar ein plan for tiltak. 

Ved mistanke om spiseforstyrring  er det tilrådd å initiere kontakt med helsesøster eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tiltak.

Ved kjent spiseforstyrringsdiagnose kan det innhentast elevante opplysningar frå aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste.

Tiltak ved symptom på spiseforstyrringar

  • Samtale med barnet/ungdommen
  • Rettleiing til føresette vedrørande opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til barnehage og skule på individ og systemnivå

Evaluering av tiltak
Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, utarbeider barnehagen ein mål- og tiltaksplan og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane blir evaluerte/justerte i samarbeidsmøter i tråd med barnets utfordringar og utviklingsnivå. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov.

Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehage/skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barns rettar etter Opplæringsloven og Barnehageloven.

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle instansar er helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, fastlegen, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta og BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Sjølv om psykolog i kommunen har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta,  er det tilrådd at tilvising går via fastlege som legg ved relevante helsedata.  

PPT vidaregåande skule

PPT for vidaregåande skular er ei hjelpeteneste for elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring. PPT tilbyr hjelp til personlege og sosiale vanskar, samt vanskar relatert til opplæringssituasjonen.

Tiltak

  • Når PPT startar opp ei sak blir det først gjort ei generell kartlegging. Denne kan innehalde: Samtale med ungdommen og eventuelt føresette. For vidaregåande elevar vil føresette si deltaking vere valfri.
  • Gjennomgang av tilvising
  • Gjennomgang av av bakgrunnshistorie, skulehistorie, somatisk-/psykehistorie, slektsbelastningar, rus, relasjonshistorie
  • Kartlegging av aktuelt symptombilde (eksempel avklare BMI)
  • Samtykke til innhenting av opplysningar
  • Avklare samarbeid
  • Avklare eventuelle vanskar i opplæringssituasjon

Skjema som kan brukast i kartlegging av spisevanskar:

  • M.I.N.I. (Mini nevropsykiatrisk intervju, 2009), Helsebiblioteket.no
  • BCQ (Body checking questionnaire), Ullevål universitetssykehus

NB! PPT setter ikkje diagnose. Det er lagt til spesialisthelsetenesta som har utgreiing- og behandlingsansvar ved spiseforstyrringar.

Ver merksam på om eleven sine vanskar kan skuldast andre faktorer som mangelfull omsorgssituasjon, traumer, utviklingsforstyrring eller liknande, vald og/eller overgrep, lærevanskar og somatisk sjukdom.

Ved mistanke om omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet.

Ved mistanke om spiseforstyrringar er det tilrådd å initiere kontakt med fastlege og vurdere tilvising til spesialisthelsetenesta.

Ved kjent spiseforstyrringsdiagnose kan det hentast relevante opplysningar frå aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste.

Tiltak

Tiltak frå PPT for vidaregåande skular kan vere:

  • Samtale med elev, føresette og skule (individnivå) for å avklare målet for kontakten
  • Rettleiing til ungdommen, føresette og skule vedrørande både sjukdoms- og opplæringsrelaterte spørsmål, på individ- og systemnivå 
  • Kontaktlærarkurs (systemnivå) 
  • Innhenting av opplysningar
  • Observasjon av ungdommen i skule
  • Samtale med lærar
  • Kartlegging av kognitiv fungering

I dei tilfelle der lova krev det, blir det utarbeidd ei sakkunnig vurdering av PPT om rett til spesialpedagogisk hjelp (link til U-Dir). Ved rett til spesialpedagogisk hjelp, utarbeider skulen ein individuell opplæringsplan som skildrar mål og tiltak.

Tiltaka er retta mot dei arenaer ungdommen er på og skal sikre at ungdommen har gode støttespelarar rundt seg og får tilpassa opplæring etter behov.

Evaluering av tiltak

  • Evaluering skjer saman med ungdommen, eventuelt føresette, skule og andre instansar. Avtal i starten av kontakten når evaluering skal gjennomførast. Dette er også prosessarbeid.
  • Nytt mål på BMI og eventuelt andre kartleggingsverktøy
  • Elevmedverknad er sentralt under heile kontakten. Kan bruke FIT/KOR (Feedbackinformerte tjenester/ Klient- og resultatstyrt praksis) undervegs i samtalar. 
  • Mogleghiet for oppfølgingstime etter avslutta kontakt, eventuelt tilbakemelding frå skule.

Tiltaka i IOP (individuell opplæringsplan) skal evaluerast/justerast i samarbeidsmøter i tråd med ungdommens utfordringar og utviklingsnivå.

Regelbunden kontakt med ungdommen, skule, foreldre eller andre samarbeidspartar (i samråd med ungdommen) sikrar ivaretaking av ungdommen.  Dersom betring lar vente på seg, og det er behov for meir omfattande utgreiing/behandling, skal ungdommen visast il spesialisthelsetenesta. I ein eventuell venteperiode skal tilvisar ivareta ungdommen.

Samarbeid med andre instansar

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. PPT for videregåande skular samarbeider med skule, Oppfølgingstenesta (OT), helsestasjon for ungdom, skulehelsetenesta, fastlegar, BUP (psykisk helsevern for barn og unge)/DPS (psykisk helsevern for vaksne), habiliteringstenesta, Statped, barnevernstenesta, bedrifter og NAV.

Samarbeidet innebefattar kontakt i samband med tilvising, deltaking i samarbeids-/ansvarsgruppe-/tilbakemeldingsmøter, samt møter på skulane kva veke. Dette for å sikre hjelpsamme tiltak og framgang.

PPT skal saman med skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barn og unges rettar etter Opplæringsloven og Barnehageloven.

Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta er det tilrådd at PPT kan vere ein del av samarbeidsgruppa rundt ungdommen og haldast orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om moderate til alvorlege spisevanskar, med særleg redusert fungering i dagleglivet, skal behovet for vidare tilvising til spesialisthelsetenesta vurderast raskt. Det samme gjeld ved mistanke om traume eller anna alvorleg psykisk liding. Det er ønskeleg med eit samarbeid med spesialisthelsetenesta for å kunne gjere nytte av utgreiing/behandling inn i eleven sin skulekvardag.

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er fastlege, barnevernstenesta og psykolog i kommune/fylkeskommune som har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta.

Psykisk helseteneste

Psykisk helsearbeid for barn og unge er eit lovpålagt ansvar for kommunen og involverer alle kommunale tenester som er i kontakt med barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge. I andre kommunar ligg ansvaret under helsestasjon og skulehelsetenesta og/eller kommunepsykolog.

Kartlegging

Det er tilrådd med ei brei og generell kartlegging av barnet/ungdommen sine symptom, funksjon og oppvekst. Skjema og kartleggingsverktøy som kan brukast for ei brei kartlegging er ASEBA og Firfotmodellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø. Opplysningar frå aktuelle instansar kan hentast ved behov.

Ved mistanke om spiseforstyrring er det tilrådd at ein samarbeider med helsesøster og fastlege om kartlegging og vurdering av tiltak. Kartlegging bør innehalde informasjon om:  

  • Måltidsrytme, matinntak og haldningar til mat
  • Vekt/høgdemål, eventuell vektendring og tidsaspekt 
  • Bruk av mat som følelsesregulering
  • Episodar med overspising eller tap av kontroll over matinntak
  • Kompenserande atferd (slanking, oppkast, trening, avføringstablettar) 
  • Sjølvbilde og kroppsbilde (opptatt av kropp og vekt, kroppssjekking, hyppig veging og spegling)
  • Sosial tilbaketrekking 
  • Funksjonsfall på skulen og skulefråver

Ved kjent spiseforstyrring kan relevante opplysningar hentast frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Ver merksam på at spisevanskar også kan vere eit symptom på omsorgssvikt/vald/overgrep, depresjon, utviklingsforstyrring eller fysisk sjukdom. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnet sin situasjon og korleis familien fungerer i kartlegging av symptombildet. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein gjere ei vurdering av kor alvorlege symptoma er. Tommelfingerregel for vurdering av alvoret er omfang av forstyrra haldningar og atferdsmønster, grad av lidingstrykk, funksjonstap og somatiske konsekvensar (eksempelvis manglande vektauke eller vekttap tilsvarande 15 %  av kroppsvekt). Ved tvil om alvorsgrad, konsulter fastlege eller BUP.

Det skal lagast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette. Ved oppstart skal ein avklare kva som skal vere mål for kontakten.

Tiltak

Psykisk helseteneste kan gi oppfølging til barn og unge med lettare spiseproblem. Tiltak kan vere:

  • Samtalar til barnet/ungdommen 
  • Rettleiing i ulike meistringsverktøy som psykologisk førstehjelp

Ved mistanke om spiseforstyrring bør tilvising sendast til BUP. Tiltak vil då vere:

  • Informer og involver foreldre i dialog med barnet/ungdommen
  • Gi råd om å få somatisk undersøking og vurdering hos fastlege
  • Etabler samarbeid med helsesøster ut frå samtykke og avklar roller i vidare oppfølging
  • Ved behov for drøfting av alvorsgrad og tiltak, kontakt BUP for konsultasjon
  • Tilby samtalar i påvente av oppstart behandling i BUP

Evaluering av tiltak
Mål med evaluering er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er dei riktige tenester som følgjer opp. Tiltaka skal evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte instansar. BTI-kommunar bruker stafettlogg i evaluering.

Evaluering av tiltak kan gjerast ved å gjennomføre ny kartlegging av symptom. Dersom betring uteblir eller symptom blir forverra, er det tilrådd at ein så raskt som mogleg initierer samarbeid med fastlege for vidare somatisk utgreiing og tilvising til BUP. 

Samarbeid med andre instansar

Ved mistanke om spiseforstyrring er det tilrådd å etablere samarbeid med helsesøster og fastlege og avklare ansvar og roller i vidare oppfølging. Fastlegen har det overordna ansvar for vurdering av somatisk status og behov for tilvising til BUP.

Dersom føresette ikkje deler helsepersonells bekymring eller ikkje ser behov for behandling/rettleiing, må det vurderast om det skal sendast bekymringsmelding til barnevernet.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om spiseforstyrring skal ein sende tilvising til BUP. Sjølv om psykolog i kommunen har tilvisingsrett til BUP, er det tilrådd at dette går via fastlege som gjer ei somatisk vurdering. Psykisk helseteneste kan legge ved skriftleg informasjon dersom relevant.

Ergo- og fysioterapiteneste

Kartlegging

Ved spisevanskar hos eit barn eller ungdom bør kartlegging innehalde informasjon om: 

  • Generell helsefunksjon. Gi råd om å få somatisk undersøking hos fastlege.
  • Kartlegge spisemønster frå fødselen av og eventuelle endringar.
  • Måltidsrytme, matinntak og barnets/ungdommens haldninger til mat, om det er spesielle matvarer barnet  utelukkar eller spesielle ritual knytt til måltider.
  • Motorisk og munnmotoriske vanskar som kan ha betydning for spisevanskar.
  • Vekt/høgdemål, eventuell vektendring og tidsaspekt. Opplysningar kan innhentast frå helsesøster.
  • Fysisk aktivitet, aktivitetsnivå og motoriske forutsetningar for deltaking  i fysisk aktivitet.
  • Vurdering av barnets/ungdommens funksjon på andre område (generell utvikling, motorikk, sosialt, kognitivt).

Ver merksam på at spisevanskar også kan vere eit symptom på omsorgssvikt/vald/overgrep, depresjon, utviklingsforstyrring eller fysisk sjukdom. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnet sin situasjon og familiens fungering i kartlegging av symptombildet.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved spisevanskar/forstyrringar

  • Rettleie barnet/ungdommen, føresette og barnehage/skule i tilrettelegging i måltidssituasjonen (omgivnader og fysiske forhold) 
  • Rettleiing i nødvendige endringar av måltidsrytme og måltidsstruktur
  • Rettleiie/igangsette fysisk aktivitet 
  • Trening i munnmotorikk som har betydning for spisevanskar

Evaluering av tiltak
Evaluering av tiltak skjer fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med aktuelle instansar rundt barnet som barnehagelærar/lærar og helsesøster.

Samarbeid med andre instansar

Ergo- og fysioterapitenesta er ein del av kommunens heilskaplege, førebyggande og helsefremmande arbeid. Tenesta samarbeider med barnehage, skule, helsesøster, PPT, fastlege, habiliteringsteneste, barneavdeling og BUP.

Ved mistanke om spiseforstyrrelsing er det tilrådd å samarbeide med helsesøster og fastlege om kartlegging og vurdering av tiltak. Ved kjent spiseforstyrring kan relevante opplysningar hentast frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det fastlegen som gjer dette. Psykolog i kommunen og barneverntenesta kan også vise til BUP, men det er tilrådd at dette går via fastlege som gjer ei somatisk vurdering. Ergo- og fysioterapitenesta kan legge ved relevant informasjon om kartlegging og tiltak.

Barnevernteneste

Kartlegging

Barneverntenesta skal snarast og innen éi veke gå gjennom innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøking (§4-3). Undersøkinga skal ikkje gjerast meir omfattande enn nødvendig og skjer i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette. Undersøkinga kan innehalde:

  • Innhente informasjon frå andre instansar
  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette
  • Vurdere samspel barn-føresette
  • Observere barnet i barnehage/skule og heime
  • Kartlegge nettverk
  • Kartlegge mogleg vald og overgrep

I kartlegging bruker ein ulike verktøy, eksempelvis deler av Kvello-malen som er aldersovergripande og systematiserer risiko- og beskyttelsesfaktorar.

Ved mistanke om spiseforstyrring hos eit barn eller ein ungdom blir symptom kartlagt i samtale med barnet/ungdommen og føresette. Ver særleg merksam på at spisevanskar også kan vere eit symptom på mangelfull omsorgssituasjon, vald/overgrep, depresjon, utviklingsforstyrring eller fysisk sjukdom. Spisevanskar bør også sjåast i lys av familiesamspel, kulturell bakgrunn og ungdomstrendar. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnet sin situasjon og familiens fungering. Avhengig av organisering i kommunen, kan barnevernet samarbeide med helsesøster, psykolog i kommunen og/eller fastlege om kartlegginga.

Viktig informasjon er:

  • Måltidsrytme og matinntak per dag
  • Episodar med overspising eller tap av kontroll over matinntak
  • Vekt/høgdemål og eventuell vektendring 
  • Kompenserande atferd (oppkast, avføringstablettar, trening) 
  • Sjølvbilde og opptattheit av kropp og vekt
  • Sosial tilbaketrekking 
  • Funksjonsfall og særleg fråver frå skule eller gymtimar.

Ved kjent spiseforstyrring hentar ein informasjon frå utgreiing/behandling ved BUP.

Undersøkinga blir avslutta med ein konklusjon. Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, lagar dei ein tiltaksplan med konkrete mål saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak

Tiltak frå barnevernet kan vere kompenserande og/eller omsorgsendrande. Det er viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnets/ungdommens behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv. Eksempel på tiltak kan vere:

  • Rettleiing til foresatte
  • Samtalar med barnet/ungdommen
  • Familierettleiing
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Støttekontakt/fritidskontakt
  • Avlastning
  • Plassering av barn i beredskapsheim/fosterheim
  • Samarbeid med BUF-etat om institusjonsplassering
  • I omfattande og komplekse saker kan Individuell Plan (IP) vere eitt av tiltaka

Evaluering av tiltak
Tiltaksplanen skal evaluerast jevnlig, minimum kvar tredje månad. Evalueringa skal gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar kan tiltak skildrast felles plan som stafettlogg eller individuell plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeidar med dei instansane som til eikvar tid er involvert i barnet/ungdommens situasjon basert på samtykke (Barnevernloven § 3.2). Sentrale samarbeidspartnarar vil vere barnehage/skule, helsestasjon og skulehelsetenesta, kommunepsykolog, psykisk helseteneste, PPT, BUP, habiliteringstenesta og barneavdeling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barnevernet har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men det er tilrådd at tilvising går via fastlege som gjer ei somatisk vurdering. Det er tilrådd at barnevernet samarbeidar med føresette, fastlege og andre aktuelle tenester om tiltak/oppfølging i påvente av behandlingstilbod. Ved utgreiing/behandling i BUP er det tilrådd at barnevernet deltar både ved oppstart, undervegs i behandlingsforløp og ved avslutning.


Spesialisthelsetenesta

BUP - spisevanskar/forstyrringar hos sped- og småbarn

Utgreiing

Ved oppstart av ei sak i BUP blir det alltid gjort ei basisutgreiing (PDF). Ut fra funn i basisutgreiinga blir det vurdert om det er grunnlag for utvida utgreiing av spisevanskar. Utgreiing kan innehalde:

  • Samtale med føresette for vurdering av symptom og eventuelle komorbide lidingar. Hos små barn er det særleg viktig å vurdere om barnet har andre typar reguleringsforstyrringar som følelsar, søvn, uro eller sansemotorikk.
  • Detaljert kartlegging av matinntak og måltidsstruktur: antall måltid og tidspunkt på døgnet, energi- og væskeinntak per døgn, om det er visse matvarer barnet utelukkar eller spesielle ritual knytt til måltid.
  • Barnepsykiatrisk undersøking og supplerande medisinske undersøkingar. Særleg viktig å avklare om det er andre medisinske diagnosar som forstyrrer spising/matinntak som hormonelle- eller genetiske forstyrringar.
  • Måltidsobservasjon med video. 
  • Innhenting av vektkurver og annan relevant informasjon frå helsestasjon.
  • Innhenting av informasjon frå barneavdeling/nyføddavdeling.

Vurdering av diagnose og komorbiditet skjer i tverrfagleg team. Føresette får deretter tilbakemelding om diagnose og tilrådd behandling, og ein blir einige om ein behandlingsplan.

Behandling

Behandling for barn i denne aldersgruppa vil alltid involere føresette. Behandlingstilbodet kan vere:

  • Rettleiing til føresette om samspel og måltidssituasjon.
  • Samarbeid med andre instansar som barnehage, helsestasjon og fastlege.
  • Rettleiing til kommunale instansar etter avtale (barnehage, PPT, barnevern).

Evaluering av tiltak
Effekt av behandlingstiltak blir vurdert jamleg i tverrfagleg team.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg fastlege, helsesøster, barnehage og barneavdeling.

Ved behov for medisinsk utgreiing og vurdering av spesifikke somatiske tilstandar samarbeider BUP med barneavdeling.

Avslutning

BUP sender epikrise til fastlege/tilvisar ved avslutta behandling. Epikrise skildrar tilrådde tiltak i kommunen. I epikrise blir det også spesifisert kva som eventuelt skal vere kriterier for re-tilvising til BUP for denne pasienten.

Utgreiing

Ved oppstart av ei sak i BUP blir det alltid gjort ei basisutgreiing (PDF). Ut frå funn i basisutgreiinga blir det vurdert om det er grunnlag for utvida utgreiing av spiseforstyrringar. Utgreiing bør innehalde:

  • Diagnostisk intervju med pasient for vurdering av alvoret av symptom og eventuelle komorbide lidingar, eksempelvis Kiddie-sads. Særleg viktig å avklare andre psykiske lidingar som angst, tvangsliding, depresjon, posttraumatiske reaksjonar og utviklingsforstyrringar.
  • Samtale/anamnese med føresette for vurdering av generell utvikling og funksjon, symptom relatert til mogleg spiseforstyrring, andre psykiske eller somatiske vanskar, familie- og omsorgssituasjon, belastningar eller eventuelle oppretthaldande faktorar.
  • Barnepsykiatrisk undersøking med supplerande medisinsk undersøking og laboratorieprøvar etter indikasjon.
  • Kartlegging av matinntak og måltidsstruktur: Antall måltid og tidspunkt på døgnet, energi- og væskeinntak per døgn, om det er visse matvarer barnet/ungdommen utelukkar eller spesielle ritual knytt til måltida.
  • Kartlegging av symptom på spiseforstyrringar ved bruk av Eating Disorder Examination Questionnaire (EDE-Q) som mål på omfanget av spiseforstyrringssymptom (https://oslo-universitetssykehus.no/seksjon/regional-kompetansetjeneste-for-spiseforstyrrelser/Documents/RASP%3B%20EDE-Q_NORSK.pdf) og Clinical Impairment Assessment (CIA) som mål på funksjonsnedsetting (https://oslo-universitetssykehus.no/seksjon/regional-kompetansetjeneste-for-spiseforstyrrelser/Documents/RASP%3B%20CIA_NORSK.pdf).
  • Kartlegging av symptom på komorbide tilstandar ut frå indikasjon, eksempelvis depresjon, angst, traumebelastningar eller utviklingsforstyrringar. 
  • Innhenting av informasjon frå andre instansar, særleg vektkurver/percentilskjema frå helsestasjon.

Vurdering av diagnose og komorbiditet blir gjort i tverrfagleg team. Pasient og føresette får deretter tilbakemelding om diagnose og tilrådingar vedrørande behandling. Ein blir einige om ein behandlingsplan som spesifiserer val av behandlingstilnærming, hyppigheit av timar, varigheit av behandling og tidspunkt for evaluering av effekt av behandlinga.

Dersom pasienten ikkje tilfredsstiller kriterie for ei spiseforstyrring eller annan psykisk liding og det ikkje er grunnlag for tilbod i BUP, må det vurderast om det er behov for oppfølging i kommunen. Ved behov for kommunalt tilbod kontaktar BUP fastlege eller anna aktuell teneste før avslutning.

Behandling

Poliklinisk behandling er tilrådd ved spiseforstyrringar, så sant pasienten har stabil somatisk tilstand.

Familiebasert behandling for spiseforstyrringar er tilrådd som førsteval ved oppstart av behandling for barn og unge som har anoreksi, bulimi og overspisingsliding. Behandlar må alltid vurdere om det ligg føre kontraindikasjonar for familiebasert tilnærming, særleg aktuelt ved høgt konfliktnivå i familien eller store familiebelastningar som gjer det vanskeleg at familien deltar. I slike tilfelle kan ein tilby individuell behandling til ungdommen, fortrinnsvis kognitiv atferdsterapi for spiseforstyrringar (CBT-E). I nokre tilfelle kan det også vere aktuelt å gi individuell behandling av barn og unge med spiseforstyrringar etter ein første fase med familiebasert terapi. Vurderingar av behandlingsform blir gjort ut frå barnet/ungdommens alder, motivasjon for behandling, funksjonsnivå og eventuell nytte av familiebasert tilnærming.

Uavhengig av metode vil behandling alltid inkludere følgjande moment:

  • Psykoedukasjon om tilstand, risiko, forløp og behandling.
  • Somatisk oppfølging.
  • Tiltak retta inn mot reduksjon av symptom på spiseforstyrringa, som normalisering av vekt, reduksjon av overspising og/eller oppkast og kompenserande atferd som overtrening.
  • Rettleiing til føresette.

Innlegging ved sengepost kan vere aktuelt ved følgjande indikasjonar:

  • Stort vekttap på kort tid eller alvorleg undervekt (barn < 2,5 percentil)
  • Ustabile somatiske parameter 
  • Høg risiko for suicidalitet eller alvorleg sjølvskading
  • Høg frekvens av overspising, oppkast og andre kompenserande strategiar som gir alvorleg somatiske komplikasjonar
  • Samanbrot i omsorgssituasjonen der familien ikkje maktar å ivareta barnet eller ta ansvar for å sikre at barnet et tilstrekkeleg
  • Lang geografisk avstand

Særlege forhold ved samtidige lidingar:

  • Ved alvorleg depresjon og/eller angstsymptom skal medikamentell behandling vurderast som supplement
  • Ved autismespekterforstyrring eller andre gjennomgripande utviklingsforstyrringar, vurderer ein behov for samarbeid med habiliteringstenesta
  • Ved post-traumatisk stressliding (PTSD) eller kompleks traumatisering vurderer ein behov for traumefokusert behandling før behandling av spiseforstyrringa.

Evaluering av tiltak
Effekt av behandlingstiltak skal vurderast jamleg i tverrfagleg team. Ved manglande betring eller forverring av symptom, må det vurderast om behandlingstilbodet skal intensiverast. Aktuelle tiltak kan vere endring av behandlingsmetode eller behov for innlegging ved sengepost.

Dersom det viser seg at pasient eller foreldre ikkje er motivert for behandlinga, må det også vurderast om saka skal avsluttast ved BUP. Dersom foreldre ikkje deler helsepersonells bekymring eller ikkje ser behov for behandling/retlleiing, må det vurderast om det skal sendast bekymringsmelding til barnevernet.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg fastlege, helsesøster, barnehage/skule og PPT. Det er tilrådd hyppig kontakt med helsesøster og barnehage/skule for oppdatering av informasjon og tilrettelegging i skulesituasjonen.

Ved behov for vurdering av spesifikke somatiske tilstandar og følgetilstandar, samarbeider BUP med barneavdeling.

Ved betydelege familiebelastningar som påverkar barnets/ungdommens spisemønster negativt kan ein råde familien om å ta kontakt med familievernkontor.

Avslutning

BUP sender epikrise til fastlege/tilvisar som beskriver tilrådde tiltak i kommunen. I epikrise blir det spesifisert  kva som eventuelt skal vere kriterier for re-tilvising til BUP for denne pasienten.

Habiliteringstenesta

Når barnet/ungdommen har ei grunnliding som tilhøyrer habiliteringstenesta og spisevansken er ein tilleggsvanske kan tilvising sendast  til habliteringstenesta for oppfølging.

Utgreiing/kartlegging

Ved tilvising til habiliteringstenesta blir det gjort ei forundersøking saman med føresette og aktuelle instansar rundt barnet. Ved mistanke om spisevanskar blir følgjande kartlegging gjort:

  • Matinntaket (kva spiser barnet, kor mykje, spesielle matsortar barnet utelukkar).
  • Tvangsritualer i og under måltidet. 
  • Oppretthaldande faktorer (tankar, hendingar, motorikk).
  • Unngåingsatferd.
  • Faktorar som kan påverke barnet/ungdommen negativt og oppretthalde problemet.
  • Vurdering av munnmotoriske ferdigheiter og svelgvanskar.

Behandlingstilbod ved spisevanskar

  • Kognitiv atferdsterapi.
  • Eksponeringsterapi med forsterking.
  • Rettleiing til gjennomføring av måltid  i heimen eller eventuelt andre arenaer på grunn av generaliseringsvanskar.
  • Ergoterapeut til munnmotoriske utfordringar. Tilrettelegging med ulike hjelpemiddel.

Samarbeid

Aktuelle samarbeidspartnarar er skule/barnehage, helsestasjon, ergo- og fysioterapitenesta, PPT, barnevern, BUP og fastlege.

Avslutning

Ved avslutning blir saka overført til heim og kommune.

Kommentarar?

Send oss ein e-post

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.