Komplekse traume hos barn og unge

Komplekse traume er brukt som omgrep når barn og unge har opplevd vald, overgrep eller alvorleg omsorgssvikt i nære relasjonar. Andre ord er utviklingstraume eller relasjonstraume. Samhandlingsforløp for komplekse traume hos barn og unge går på tvers av kommune og spesialisthelseteneste. Her finn du informasjon om korleis dei ulike tenestene arbeider med tilstandsbildet.

​Fastlege

Fastlege

Kartlegging ved mistanke om komplekse traume

  • Pasientens symptom – type, omfang og innverknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Kartlegging av belastningar/traumatiske opplevingar. Meistring og eventuelt funksjonsfall
  • Somatisk historikk og eventuelt somatisk status for å utelukke somatiske forklaringar på symptoma
  • Psykososialt miljø rundt pasienten og eventuelle belastningar
  • Omsorgssituasjon
  • Grad av symptom (depresjon, angst, PTSD, OCD, reaktiv tilknyttingsforstyrring med fleire) - bruk diagnostisk verktøy
  • Kva tiltak er prøvd ut og kva tenester er nytta
  • Ressurs-/tillitspersonar rundt pasienten - rolleavklaring
  • Ta opp tankar rundt suicid, vurder psykose og grad/inntrykk av depresjon
  • Rusanamnese/-kartlegging (pasient og familie)

Tiltak ved symptom på kompleks traumatisering

  • Samtale med barn og føresette eller ressurs-/tillitspersonar. Sett av god tid. Kall gjerne pasienten inn igjen for vidare kartlegging  med eller utan ressurs-/tillitspersonar. Vurder behov for dobbelttime.
  • Knytte kontakt med aktuelle tenester eller involverte for komparentopplysningar.
  • Det er tilrådd å ha oversikt over kommunen/helseføretaket sine hjelpetiltak for å kunne tilvise pasienten vidare.
  • Vere delaktig i å etablere første ansvarsgruppe. Rolle som koordinator kan med fordel vere delegert, avhengig av relasjon til pasient.
  • Dersom BUP er involvert, vurder fortløpande oppdatering av ny informasjon.

Evaluering av tiltak
Når tiltak er sett i verk av fastlege, er det tilrådd med éin eller fleire oppfølgingstimar for vidare kartlegging og evaluering av effekt. Prøv å etablere avtalar for kontakt dersom noko skulle skje fram til neste time (trygging).

Samarbeid med andre instansar

Aktuelle samarbeidspartnarar er ofte multiple og allereie involverte frå både kommune og spesialisthelseteneste. Skaff oversikt og vurder fastlegen si rolle i samarbeid med desse.

Vurder bruk av akutt ambulerande team, Raskere Bistand (RB) eller liknande der det er etablert.

Ved risiko for ØH-henvendingar bør det eventuelt utarbeidast krise/sikkerheitsplan saman med pasienten og eventuelt inngå skriftleg avtale med UPP/vaktsystem.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om kompleks traumatisering bør tilvisning til BUP vurderast (henvisningsskjema BUP). Tilvising skal innehalde:

  • Beskriving av pasienten sine symptom og funksjon
  • Tilvisar si vurdering av pasienten
  • Beskriving av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar
  • Tiltak som er prøvd i kommunale tenester  eller institusjon
  • Oppgi samarbeidande instansar med namn og telefonnummer for å sikre god overføring

Det er tilrådd å gi pasient og pårørande/involverte informasjon om kva BUP er, for å skape realistiske forventningar til spesialisthelsetenesta.


Kommune

Helsestasjon og skulehelseteneste

Kartlegging ved symptom på kompleks traumatisering

Helsesøster kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen kan helsesøster bruke generelle kartleggingsverktøy som Firfotmodellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.

Ved mistanke om traumatisering er det tilrådd med ei generell kartlegging av eventuelle belastningar og traumatiske erfaringar samt reaksjonar i etterkant av desse.  Avhengig av organisering i kommunen kan ein samarbeide med psykolog i kommunen eller psykisk helseteneste om dette. Ver merksam på teikn som:

  • Sosial tilbaketrekking 
  • Vanskar med følelsesregulering
  • Relasjonsvanskar
  • Konsentrasjonsvanskar
  • Sjølvskading
  • Problem med sjølvfølelsen
  • Søvnvanskar
  • Spisevanskar
  • Angst/depressive symptom

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar, ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere foreldre.

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose kan helsesøster innhente informasjon frå aktuelle instansar i kommune og spesialisthelseteneste.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det leggast ein plan for vidare tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved symptom på kompleks traumatisering

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose kan helsesøster følgje opp barnet/ungdommen i samarbeid med føresette og aktuelle instansar. Roller og ansvar må då vere avklart (sjå avsnittet Samarbeid under). Tiltak kan vere:

  • Samtalar med barnet/ungdommen
  • Psykologisk førstehjelp 
  • Rettleiing til føresette
  • Programbasert foreldrerettleiing som for eksempel COS-P, ICDP eller PMTO

Evaluering av tiltak
Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at dei riktige tenestene følger opp. Tiltak skal evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med andre involverte instansar. BTI-kommuner brukar stafettlogg i evaluering.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år.  Aktuelle samarbeidsinstansar er særleg barnehage/skule, psykisk helseteneste/kommunepsykolog, PPT, barnevern og BUP.

Tilvisning til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om traumatisering må det vurderast om det er behov for diagnostisk vurdering og behandling i BUP. Fastlege, barnevernsteneste og psykolog i kommunen har tilvisingsrett til BUP. Helsesøster kan legge ved eit vedlegg med utfyllande informasjon.

Barnehage

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt

Barnehagen har ei viktig rolle i å oppdage vald, overgrep eller omsorgssvikt hos små barn på eit tidleg tidspunkt. Teikn på traumatisering kan vere:

  • Barnet fortel om hendingar/situasjonar som gir grunn til alvorleg bekymring
  • Emosjonelle vanskar som store svingningar i humør, tristheit eller sinneutbrot
  • Utagerer med andre barn eller vaksne i barnehagen
  • Samspelsvanskar mellom barn og føresette.

Ved bekymring for vald, overgrep eller omsorgssvikt deler tilsette si bekymring med næraste leiar og det blir gjennomført interne drøftingar med leiinga i barnehagen. Ved tvil kan barnehagen ringe barnevernet for anonym drøfting/råd.

Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar tar barnehagen direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette først. I slike tilfelle er det barnevernet som gjennomfører barnesamtalen og fortel barnet kva som skal skje vidare.

Dersom det ikkje er mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar, blir det gjennomført undringssamtale med føresette så tidleg som mogleg (innan 4 veker). Barnehagepersonellet beskriv det dei har observert så konkret som mogleg og spør om føresette kjenner igjen beskrivinga. I samtalen skal føresette bli spurt om samtykke til nærare kartlegging av barnet. Kartlegginga kan innehalde:

  • Samtale med barnet
  • Drøfte sak med tverrfagleg gruppe eller psykososialt team hvis kommunen har eit slikt team, fortrinnsvis i samråd med føresette.
  • Bekymringsmelding til barnevernet. Denne kan utarbeidast i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette.

Etter kartlegginga blir det gjennomført ny samtale med føresette der ein oppsummerer observasjonar og blir einige om tiltak i barnehagen.

Tiltak ved avklart traumediagnose

  • Bli einige om tiltak i barnehage og heim
  • Samtalar med føresette
  • Tilrettelegging rundt barnet etter behov
  • Ved behov kan barnet bli tilvist til aktuelle kommunale tenester som PPT eller psykisk helseteneste i samråd med føresette
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT, blir det laga mål- og tiltaksplan

Barn med traumesymptom er særleg sensitive for overganger og det er derfor svært viktig å sikre desse. Det er derfor tilrådd av ein gjennomfører overføringsmøter i overgang mellom barnehage og skule.

Evaluering av tiltak
Tiltaka skal evaluerast fortløpande i samtalar med føresette, i samarbeidsmøter internt i barnehagen og i ansvarsgruppemøter med andre instansar. Dersom barnet har ein mål- og tiltaksplan, skal ein evaluere måloppnåinga i denne. BTI-kommunar brukar stafettlogg i evalueringa. 

Dersom tiltaka rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande resultat, kan barnehagen vise barnet til andre kommunale instansar som PPT eller psykisk helseteneste i samråd med føresette.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller barnevernstenesta dersom dei har omsorgen for barnet. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsestasjon og skulehelsetenesta, PPT, psykisk helseteneste i kommunen, barnevernstenesta, fastlege og BUP.

Ved bekymring for barnets psykiske helse er det barnevernstenesta, fastlegen eller psykolog i kommunen som viser til BUP for utgreiing og behandling. Barnehagen kan involverast i ugreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet.

Skule

Kartlegging ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt

Skulen har ei viktig rolle i å oppdage vald, overgrep eller omsorgssvikt hos barn og ungdom på eit tidleg tidspunkt. Teikn på traumatisering kan vere:

  • Eleven fortel noko som gir grunn til alvorleg bekymring
  • Sosial tilbaketrekking 
  • Emosjonelle vanskar som tristheit, store humørsvingningar eller sinneutbrot
  • Utagering overfor andre elevar eller vaksne
  • Faglege utfordringar og manglande progresjon

Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt hos ein elev er det tilrådd:

  • Samtale med eleven der lærar set ord på si bekymring
  • Ved tvil kan skulen ringe barnevernet for anonym drøfting/råd

Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar tar skulen direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette først. I slike tilfelle er det viktig å følgje kommunen sine rutinar for bekymring om vald/overgrep.

Dersom det ikkje er mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar, tas problemstilling opp med føresette i skule-heim-samtale så tidleg som mogleg (innan 4 veker). I samtalen skildrar lærar kva som er observert så konkret som mogleg og spør føresette om dei kjenner igjen skildringa. Kartlegging kan innehalde:

  • Drøft bekymring rundt enkeltelev med leiinga/sosiallærar og helsesøster
  • Eleven kan drøftast i tverrfagleg team, helst etter samtykke frå føresette
  • Send bekymringsmelding til barnevernet. Kan utarbeidst i samråd med føresette dersom dei samtykker til dette.

Etter kartlegginga gjennomfører ein ny samtale med elev og/eller føresette.

Aktuelle tiltak ved kjent traumediagnose

  • Motiverande/førebyggande samtale med elev (faste avtalar)
  • ART/REpuls 
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT, lagar ein individuell opplæringsplan med mål og tiltak.
  • Etabler samarbeid med helsesøster og andre aktuelle kommunale instansar som PPT og psykisk helseteneste etter samtykke frå føresette.

Elevar med traumesymptom er særleg sensitive for overgangar og det er derfor svært viktig å sikre desse. Det er tilrådd med overføringsmøter i overgang mellom barneskule og ungdomsskule, og i overgang til videregåande skule.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast i samtalar med elev og føresette, og i regelmessige samarbeidsmøter med involverte partar. Alle tiltak skal dokumenterast og effekt evaluerast jamleg. BTI-kommunar bruker stafettlogg for dokumentasjon av tiltak. Dersom eleven har IOP skal tiltak i denne evaluerast og eventuelt justerast.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsesøster, psykisk helseteneste, fastlege, barnevernteneste, kommunepsykolog, PPT og BUP.
 
Ved symptom på traumatisering er det fastlegen, psykolog i kommunen eller barneverntenesta som tilviser til BUP for utgreiing og behandling. Skulen kan involverast i utgreiingsfasen og i tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt eleven.

Pedagogisk-psykologisk teneste (PPT)

Kartlegging
Når PPT startar opp ei sak gjer dei først ei generell kartlegging. Denne kan innehalde: 

  • Samtale med barn/ungdom og føresette.  For videregåande elever vil deltaking frå føresette vere valfritt
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon
  • Kartlegging/observasjon av barnets/ungdommens utviklingsnivå
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule med pedagogisk rapport
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule
  • Samtale med barnehagelærar/lærar
  • Kartlegging av kognitiv fungering
  • Kartlegging av generell fungering ved eksempelvis CBCL/TRF eller 5-15 (nordisk skjema for utgreiing av barns utvikling og atferd)

I dei tilfelle lova krev det, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering  om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen. 

Ved mistanke om traumatisering hos barnet/ungdommen er det tilrådd å initiere samarbeid med kommunepsykolog, psykisk helseteneste eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tiltak.

Ved mistanke om vald/overgrep eller omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. Ved mistanke om pågåande vold/overgrep i nære relasjonar tar ein direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose kan informasjon hentast frå aktuelle instansar i kommune og spesialisthelseteneste.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjere ei oppsummering med barnet/ungdommen og føresette. Det skal lagast ein plan for tiltak. 

Tiltak ved symptom på kompleks traumatisering

  • Samtale med barnet/ungdommen
  • Rettleiing til føresette vedrørande opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til barnehage og skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing for korleis traumer påverker læring

Evaluering av tiltak
Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, utarbeider barnehagen ein mål- og tiltaksplan og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane skal evaluerast og justerast i samarbeidsmøter i tråd med barnets/ungdommens utfordringar og utviklingsnivå. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov.

Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehage/skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barns rettar etter opplæringslova og barnehagelova.

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle instansar er barnevernteneste, psykisk helseteneste, helsestasjon og skulehelseteneste, ergo- og fysioterapiteneste, spesialpedagog, fastlege og BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er fastlege, barnevernteneste og psykolog i kommunen som har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta.

PPT videregåande skule

PPT for videregåande skular er ei hjelpeteneste for elevar, lærlingar og lærekandidatar i videregåande opplæring. PPT tilbyr hjelp til personlege og sosiale vanskar, samt vanskar relatert til opplæringssituasjonen.

Kartlegging

Når PPT startar opp ei sak blir det først gjort ei generell kartlegging. Denne kan innehalde:

  • Samtale med ungdommen og eventuelt føresette. For videregåande elevar vil føresette si deltaking vere valfri
  • Gjennomgang av tilvising
  • Gjennomgang av bakgrunnshistorie, skulehistorie, somatisk-/psykehistorie, slektsbelastningar, rus, relasjonshistorie
  • Kartlegging av aktuelt symptombilde 
  • Samtykke til innhenting av opplysningar
  • Avklare samarbeid
  • Avklare eventuelt vanskar i opplæringssituasjon 
  • Før eventuell kartlegging ved for eksempel kognitive testar må det vurderast korleis aktive symptom påverkar den kognitive fungeringa negativt på ein måte som vil kunne gi eit feilaktig bilde av elevens generelle kognitive nivå.

Skjema som kan brukast i kartlegging av traumer:

  • M.I.N.I. (Mini nevropsykiatrisk intervju, 2009), Helsebiblioteket.no
  •  TEC (Traumatic Experience Checklist, Nijenhuis), Helsebiblioteket.no

NB! PPT setter ikkje diagnose. Denne oppgåva er lagt til spesialisthelsetenesta som har utgreiings- og behandlingsansvar ved komplekse traume.

Ved mistanke om traumatisering hos ungdommen er det tilrådd å initiere samarbeid med kommunepsykolog, psykisk helseteneste eller fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tiltak.

Ved mistanke om vald/overgrep eller omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. NB! Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose kan det hentast informasjon frå aktuell teneste i kommune eller spesialisthelseteneste.

Etter kartlegging og vurdering skal det gjerast ei oppsummering med ungdommen og føresette. Ein skal vurdere utbytte av opplæring i skule før det blir utarbeidd ein plan for tiltak. 

Tiltak

Tiltak frå PPT kan vere:

  • Samtale med ungdommen 
  •  Observasjon av ungdommen i skule
  •  Samtale med lærar
  •  Rettleiing til føresette 
  •  Rettleiing til skule på individ- og systemnivå for å sikre forståinge for korleis traumer påverkar læring 
  •  Ved avgrensa traume og gode stabile forhold rundt ungdommen, kan psykologar ved PPT i enkelte tilfelle utføre EMDR (Eye Movement Desensitization Reprocessing).

I dei tilfelle der lova krev det, utarbeider PPT-vgs ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp. Ved rett til spesialpedagogisk hjelp, lagar skulen ein individuell opplæringsplan (IOP) som skildrar mål og tiltak.

Tiltaka er retta mot dei arenaer ungdommen er på og skal sikre at ungdommen har gode støttespelarar rundt seg og får tilpassa opplæring etter behov.

Evaluering av tiltak

  • Evaluering blir gjort saman med ungdommen, eventuelt føresette, skule og andre instansar. Avtal i starten av kontakten når evaluering skal gjennomførast. Dette er også prosessarbeid.
  • Elevmedverknad står sentralt under heile kontakten. Kan bruke FIT/KOR (Feedback informerte tenester/Klient- og resultatstyrt praksis) undervegs i samtalar
  • Eventuelt nye kartleggingsmål
  • Moglegheit for oppfølgingstime etter avslutta kontakt, eventuelt tilbakemelding frå skule.

Tiltaka i IOP skal evaluerast og justerast i samarbeidsmøter i tråd med ungdommen sine utfordringar og utviklingsnivå.
Jamleg kontakt med ungdommen, skule, foreldre eller andre samarbeidspartar (i samråd med ungdommen) sikrar ivaretaking av ungdommen.  Ein skal vurdere tilvising til spesialisthelsetenesta ved behov for meir omfattande utgreiing og behandling. I ein eventuell venteperiode skal tilvisar ivareta ungdommen.

Samarbeid med andre intansar

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. PPT for videregåande skular samarbeider med skule, oppfølgingstenestea (OT), helsestasjon for ungdom, skulehelsetenesta, fastlegar, BUP (psykisk helsevern for barn og unge)/DPS (psykisk helsevern for vaksne), habiliteringstenesta, Statped, barnevernstenesta, bedrifter og NAV.

Samarbeidet inneber kontakt i samband med tilvising, deltaking i samarbeids-/ansvarsgruppe-/tilbakemeldingsmøter, og vekesvise møter på skulane. Dette for å sikre hjelpsamme tiltak og framgang.

PPT skal saman med skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barn og unge sine rettar etter Opplæringsloven og Barnehageloven.
Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta er det tilrådd at PPT kan vere ein del av samarbeidsgruppa rundt ungdommen og haldast orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg traume, med særleg redusert fungering i dagleglivet, skal ein raskt vurdere behovet for tilvising til spesialisthelsetenesta. Det same gjeld ved mistanke om anna alvorleg psykisk liding. Det er ønskeleg med eit samarbeid med spesialisthelsetenesta for å kunne gjere nytte av utgreiing/behandling inn i ungdommen sin skulekvardag.

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er fastlege, barneverntenesta og psykolog i kommune/fylkeskommune som har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta.

Psykisk helseteneste

Kartlegging ved symptom på komplekse traume

Det er tilrådd med ei brei og generell kartlegging av barnets/ungdommens symptom, funksjon og oppvekstforhold. Skjema og kartleggingsverktøy som kan brukast er ASEBA og Firfotmodellen (kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskaper og oppvekstmiljø). Opplysningar frå aktuelle instansar kan innhentast ved behov.

Ved mistanke om traumatisering er det tilrådd å kartlegge potensielt traumatiserande erfaringar, for eksempel ved KATE-B og KATE-F. Sentralt i kartlegginga er å vurdere omfanget av symptom på traumer, særleg PTSD. Kompleks traumatisering gir ofte eit sammensett symptombilde med symptom på fleire tilstandar. Kartlegginga bør derfor også omfatte symptom som sosial tilbaketrekking, angst, depressive symptom, vanskar med kjensleregulering, relasjonsvanskar, konsentrasjonsvanskar, sjølvskading, sjølvkjensleproblem, søvnvanskar og spisevanskar.

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose blir informasjon innhenta frå aktuelle instansar i kommune og spesialisthelseteneste.

Ut frå tilgjengeleg informasjon vurderer ein kor alvorlege symptoma er og det skal lagast ein plan for tiltak i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved kompleks traumatisering

  • Opplæring til barnet/ungdommen, føresette og aktuelle instansar om symptom på traumatisering, eksempelvis toleransevinduet og den tredelte hjernen
  • Samtalar med barnet/ungdommen med fokus på meistring av symptom og bearbeiding av traumatiske opplevingar
  • Rettleiing til føresette i traumesensitiv omsorg
  • Programbasert foreldrerettleiing, eksempelvis COS-P, ICD-P eller PMTO

Evaluering av tiltak
Målet med evalueringa er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at dei riktige tenester følgjer opp. Tiltak skal jamleg evaluerast i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte instansar. BTI-kommunar brukar stafettlogg i evaluering.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere barnehage/skule, helsestasjon– og skulehelseteneste, PPT, barnevernteneste, fastlege og BUP. Psykisk helseteneste kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen for å sikre hjelpsamme tiltak og framgang.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om traumatisering bør det vurderast om det er behov for diagnostisk vurdering og behandling i BUP. Fastlege, psykolog i kommunen og barneverntenesta har tilvisingsrett. Før tilvising skal ein kontakte fastlege for somatisk status.

Kartlegging

Ved mistanke om traumatisering er det tilrådd med ei generell kartlegging av belastningar, eventuelle traumatiske hendingar/erfaringar og reaksjonar i etterkant. Ver merksam på teikn som:

  • Barnet/ungdommen fortel noko som gir grunn til alvorleg bekymring
  • Sosial tilbaketrekking
  • Merker på kroppen til barnet/ungdommen 
  • Emosjonelle vanskar som store humørsvingningar eller sinneutbrot
  • Samspelsvanskar
  • Motorisk uro og konsentrasjonsvanskar

Ved mistanke om vald/overgrep/omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonear tar ein direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere foreldre.

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose kan informasjon hentast frå aktuelle instansar i kommune og spesialisthelseteneste.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det lagast ein plan for tiltak frå ergo-fysioterapitenesta saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak

  • Styrke barnet/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve glede, sjølvstende og meistring i daglege situasjonar
  • Rettleie føresette, barnehage og skule i korleis ein kan lage gode opplegg for gym, fysisk aktivitet og andre aktivitetar slik at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring
  • Rettleie i bruk av og søke om tekniske hjelpemiddel

Evaluering av tiltak
Evaluering av tiltak skjer fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med aktuelle samarbeidsinstansar.

Samarbeid med andre instansar

Ergo- og fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt heilskaplege, førebyggande og helsefremmande arbeid. Tenesta samarbeider med aktuelle instansar som barnehage, skule, helsesøster, PPT, psykisk helseteneste, fastlege, barnevernteneste, BUP, barneavdeling og habiliteringstenesta. Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om traumatisering må det vurderast om det er behov for diagnostisk vurdering og behandling i BUP. Fastlege, barnevernteneste og psykolog i kommunen har tilvisingsrett til BUP. Ergo-fysioterapitenesta kan legge ved skildring av sin kontakt med barnet/ungdommen og dei vurderingar tenesta har gjort.

Barnevernsteneste

Kartlegging

Barnevernstenesta skal snarast og innan ei veke gå gjennom innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgast opp med undersøking (§4-3). Undersøkinga skal ikkje gjerast meir omfattande enn nødvendig og skjer i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette. Undersøkinga kan innehalde:

  • Innhente informasjon frå andre instansar
  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette
  • Vurdere samspel barn - føresette
  • Observere barnet i barnehage/skule og heime
  • Kartlegge nettverk
  • Kartlegge mogleg vald og overgrep

I kartlegging brukar ein ulike verktøy, for eksempel deler av Kvello-malen som er aldersovergripande og systematiserer risiko- og beskyttelsesfaktorar.

Ved mistanke om kompleks traumatisering hos barnet/ungdommen er det tilrådd meir spesifikk vurdering av symptom. Avhengig av organisering i kommunen, kan ein samarbeide med helsesøster, kommunepsykolog eller psykisk helseteneste om kartlegginga. Ved mistanke om vald/overgrep skal ein vurdere om det skal meldast frå til politiet og det skal sikrast at barnet ikkje bur saman med mogleg utøvar av vald/overgrep.

Ved kjent traumatisering og avklart diagnose, hent informasjon frå kommunale instansar og spesialisthelsetenesta.

Undersøkinga blir avslutta med ein konklusjon. Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, skal det lagast ein tiltaksplan med konkrete mål saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak

Tiltak frå barneverntenesta kan vere kompenserande og/eller omsorgsendrande. Det er viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnets/ungdommens behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv. Eksempel på tiltak kan vere:

  • Rettleiingstilbod til føresette individuelt eller i gruppe, som MarteMeo, Circle of Security (COS), PMTO, DUÅ
  • Støttesamtalar med barnet/ungdommen  
  • Familierettleiing
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Støttekontakt/fritidskontakt
  • Avlasting
  • Barnehageplass
  • Plassering av barn i beredskapsheim/fosterheim
  • Samarbeid med BUF-etat om institusjonsplassering

Evaluering av tiltak
Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad. Evalueringa kan gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar er det tilrådd at tiltak blir skildra i felles plan som stafettlogg eller individuell plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeider med dei instansane som til eikvar tid er involvert rundt barnet/ungdommen og familien basert på samtykke (Barnevernloven § 3.2). Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage/skule, helsestasjon, psykisk helseteneste, PPT og BUP.

Ved utgreiing/behandling i BUP er det tilrådd at barnevernet deltar både ved oppstart, undervegs i behandlingsforløp og ved avslutning.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barn og unge som viser tydelege symptom på traumatisering skal visast til BUP (Henvisningskjema BUP). Barnevernet har sjølvstendig tilvisingsrett. Før tilvising skal fastlege kontaktast for somatisk status. Relevant informasjon skal hentast frå andre kommunale instansar og leggast ved tilvising til BUP.

Bufellesskap

Kartlegging

Før overflytting til institusjonen:

  • Inntaksmøte med BUF etat, plasseringskommune, skule, PPT, BUP og andre aktuelle instansar
  • Innhenting av opplysningar frå involverte instansar
  • Personalet gjennomfører forvernsamtale med barnet/ungdommen og føresette

Kartlegging skjer dei tre første månadane av opphaldet. Her bruker ein ulike kartleggingsverktøy som:

  • Deler av Kvello-malen som er aldersovergripande og systematiserer risiko- og beskyttelsesfaktorar
  • ASEBA
  • Kartlegging av ADL-ferdigheiter
  • START AV-utgreiing
  • Det blir gjort legeundersøking og sjekk hos tannlege.

Tiltak

Plasseringskommunen sender med tiltaksplan og institusjonen lagar handlingsplan saman med barnet/ungdom. Tiltak frå institusjonen er meint å vere omsorgsendrande. Eksempel på tiltak kan vere:

  • Traumesensitiv omsorg som metode
  • Hovudkontakt for barnet/ungdommen etablerast
  • Utarbeiding av sikkerhetsplan
  • Lage nettverkskart og det planlegge kontakt mellom barnet/ungdommen og nettverk
  • Rettleiing til føresette og nettverk
  • Rettleiing til skule
  • Hovudkontakt/personalet deltar i aktivitetar saman med barnet/ungdommen
  • Igangsetting av IP
  • Hovudkontakt/personale deltar i samtalar mellom barnet/ungdommen, skule og BUP
  • Dagleg dialog med skule skjer i hente- og bringesituasjonar eller per telefon.


Evaluering av tiltak

Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad.
Evalueringa skjer saman med ungdommen, føresette og institusjonen sine samarbeidsinstansar i eigne møter.
Institusjonane har også eigne spørreskjema til barnet/ungdommen, føresette, skule og plasseringskommunen som kan brukast i evaluering.


Samarbeid med andre instansar

Institusjonen har kvar veke samarbeid med føresette for oppdatering av planar og tiltak. Det skal etablerast konkrete samarbeidsavtalar mellom institusjonen og andre samarbeidande instansar. Aktuelle samarbeidspartnarr er skule, BUP, PPT, fastlege, barneverntenesta, NAV og politi. Ved utgreiing/behandling i BUP er det tilrådd at institusjonen deltar aktivt både ved oppstart, undervegs i behandlingsforløpet og ved avslutning.


Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barn og unge som viser tydelege teikn på kompleks traumatisering skal visast til spesialisthelsetenesta. Tilvising til BUP for utgreiing/behandling skjer i samarbeid med plasseringskommune og fastlege. Institusjonane har eigne prosedyrar for når ein skal bruke legevakt og har eigen avtale med BUP ved behov for akuttinnlegging av barnet/ungdommen.


Spesialisthelsetenesta

BUP

Utgreiing

Kompleks traumatisering gir et samansett bilde med symptom på fleire tilstandar. Sentralt i utgreiingsfasen er å kartlegge omfanget av og dei spesifikke symptoma på traumer, herunder PTSD, dissosiative forstyrringar/konversjonsforstyrringar og tilknytningsforstyrringar. Det må også vurderast om pasienten har andre psykiatriske diagnosar som treng behandling, eksempelvis ADHD, autisme, depresjon, angst og spiseforstyrring. Kompleks traumatisering er vanskelegast å oppdage i førskulealder, men hyppig førekommande i denne aldersgruppa.

Ved oppstart av sak i BUP skal det alltid gjerast ei basisutgreiing (PDF). Ut frå funn i basisutgreiing vurderer ein om det er grunnlag for utvida utgreiing av komplekse traumer. Utgreiing kan innehalde:

  • Diagnostisk intervju (Kiddie-SADS med eventuelle tilleggsmodular, MINI, SCID-D og SCID-II) 
  • Spesifikke spørreskjema for ulike psykiatriske diagnosar ut frå symptombilde 
  • Sjølvutfyllingsskjema for dissosiative forstyrringar (CDC, CDES-PTSI, ADES)
  • Observasjon av barnet/ungdommen på ulike arenaer, som leikeobservasjon BUP, samtalar, barnehageobservasjon, skuleobservasjon eller heimebesøk
  • Barnepsykiatrisk legeundersøking og supplerande medisinske undersøkingar med særleg fokus på epilepsi og abscensar
  • Kognitiv vurdering og eventuelt nevropsykologisk utgreiing ut frå indikasjon
  • Vurdering av samspel, tilknytting og foreldre si utviklingsstøtte avhengig av alder (MIM, PCERA)
  • Kartlegge foreldres psykiske helse med tanke på depressive plager, traumeerfaringar og dissosiative symptom.

Ved kompliserte differensialdiagnostiske vurderingar kan det vere aktuelt med innlegging ved barnepsykiatrisk post (BPP)/ungdompsykiatrisk post (UPP).  Det gir i tillegg moglegheit for døgnkontinuerleg miljøobservasjon av barnet/ungdommen, tett kontakt med føresette gjennom samtalar, rettleiing og psykoedukasjon og observasjon frå lærarar ved Hollenderhaugen skolesenter.

Utgreiing blir oppsummert og diagnose/komorbiditet vurdert i tverrfagleg team. Barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar får tilbakemelding om diagnose og tilrådd behandling, og ein blir einig om ein behandlingsplan.

Utgreiingssrapport blir sendt fastlege/tilvisar og samarbeidande instansar etter samtykke.

Behandling

Behandling av kompleks traumatisering er ofte organisert i ulike fasar og kan innebere langvarig behandlingsforløp. Behandlinga blir retta direkte mot dei tilstandar og forhold som er identifiserte ved utgreiinga.

Ein kan bruke ulike traumeretta behandlingsformar som traumefokusert kognitiv atferdsterapi (TF-CBT), EMDR, narrativ eksponeringsterapi, dialektisk atferdsterapi (DBT), psykodynamiske terapiformer og Child Parent Psychotherapy (førskulebarn). 

Uavhengig av metode vil behandling alltid inkludere følgande moment:

  • Opplæring til barnet/ungdommen, omsorgsgivarar, søsken og samarbeidande instansar om komplekse traume. Sentralt vil vere korleis traume kan påverke hjernefunksjon og gi symptom som problem med å regulere kjensler/stress, sjølvskading, depresjon og dissosiative symptom (cactusnettverk).
  • Stabilisering i traumebehandling har som funksjon å etablere relasjon, stabilisere symptom, auke funksjon og førebu på prosessering av traume. Det kan brukast spesifikke sjekklister for å sikre at stabilisering er tilstrekkeleg før traumespesifikk behandling blir igangsett. I enkelte tilfelle kan planlagt innlegging på post vere aktuelt for stabilisering av symptom.
  • Sikkerheitsarbeid og farlegheitsvurdering blir gjort ved oppstart av behandling og fortløpande under behandlingskontakt. Vurdering bør inkludere både pasienten og andres sikkerheit med tanke på vald/overgrep, suicid, rus og sjølvskading.
  • Prosessering og integrering av traumene er ein sentral del av behandlinga. Prosessering bør omfatte både enkeltståande traumatiske hendingar, gjentatte traumer i barndom, ikkje-verbale og kroppslege minner frå førspråkleg alder. Dei spesifikke metodane skildrar ulike måtar å nærme seg og integrere traumemateriale på.

Rettleiing av omsorgspersonar og samarbeidande instansar rundt barnet/ungdommen i alle fasar av behandlingskontakten.

Samarbeid

Det er tilrådd å etablere eit behandlingsteam rundt barnet/ungdommen og at det er fleire behandlarar som kjenner saka.

Kompleks traumatisering kan ofte innebere langvarig behandlingsforløp og kan gi omfattande funksjonsnedsetting i periodar (krise) der det kan vere behov for øyeblikkeleg hjelp. Hovudbehandlinga skal skje poliklinisk. I nokre tilfelle kan korte stabiliseringsopphold på sengepost vere nødvendig, men innleggingar kan også vere mot hensikt og destabilisere situasjonen. Ved risiko for ØH-henvendingar bør det utarbeidast krise/sikkerheitsplan saman med pasienten og skriftleg avtale med UPP/vaktsystem.

Sentrale samarbeidspartnarar vil vere dei instansar som til eikvar tid er rundt barnet/ungdommen, som barnehage, skule, barnevern, BUFetat, helsestasjon, kommunal psykisk helseteneste, fastlege og PPT. Oftast vil det vere nødvendig med eit systematisk og planmessig samarbeid mellom instansane over tid.

Avslutning

Behandlinga av kompleks traumatisering skjer ofte i periodar og kan resultere i fleire overføringar mellom kommune og BUP. Ved avslutning blir det gitt tilbakemelding til barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. Epikrise bør innehalde tiltak som er tilrådd i kommunen og kriterie for retilvising til BUP for denne pasienten.

Kommentarar?

Send oss ein e-post

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.