Forløp for angst hos barn og unge

Samhandlingsforløp for angstlidingar hos barn og unge går på tvers av kommune og spesialisthelseteneste. Milde til moderate angstlidingar blir vanlegvis behandla i kommunen. Mistanke om moderat til alvorleg angstliding gir rett til behandling i BUP.

Her finn du informasjon om korleis dei ulike tenestene arbeider med tilstandsbildet.

Fastlege

 

Fastlege

Kartlegging av angstsymptom

  • Pasientens symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Somatisk historikk og evt. somatisk status for å utelukke somatiske forklaringar på symptoma
  • Søvnproblem
  • Psykososialt miljø og eventuelle belastningar
  • Grad av alvor av symptoma, for eksempel ved BAI/BDI/MADRS (link)
  • Oversikt over tiltak som er prøvd ut og kommunale tenester pasienten har kontakt med.

Tiltak ved angstsymptom
Milde til moderate angstlidingar kan behandlast i kommunen. Tiltak hos fastlege kan vere:

  • Samtale med pasient og føresette
  • Knytte kontakt med aktuelle tenester i kommunen, som helsesøster, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog for tiltak/behandling av angstsymptom.

Evaluering av tiltak

Når tiltak blir sett i verk av fastlege er det tilrådd med oppfølgingstime for evaluering av effekt. Evaluering kan gjerne gjerast saman med føresette eller samarbeidande instansar.  

Samarbeid med andre instansar

 Aktuelle samarbeidspartnarar:

  • Helsesøster (samtalar/foreldrerettleiing)
  • Psykisk helseteneste eller kommunepsykolog (samtalar/foreldrerettleiing/eksponering)

Ved moderat-alvorleg angstliding bør tilvisning til BUP vurderast. Dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønskt effekt, bør tilvising til BUP vurderast også ved lettare formar for angstliding.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Tilvising til BUP bør innehalde (tilvisingsskjema BUP):

  • Pasientens symptom og funksjon
  • Tilvisars vurdering av pasient
  • Skildring av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar
  • Tiltak som er prøvd ut i kommunale tenester
  • Ulike samarbeidande instansar før tilvising bør førast opp med namn og telefonnummer i tilvisinga for å sikre god overføring. 

Det er tilrådd å gi pasient og føresette informasjon om kva BUP er. Det er viktig å skape realistiske forventingar til spesialisthelsetenesta.


Kommune

Helsestasjon og skulehelseteneste

Kartlegging av angstsymptom

Helsesøster kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen kan helsesøster bruke generelle kartleggingsverktøy som Firfot-modellen  som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.

Spesifikk kartlegging ved mistanke om angst kan vere:

  • Symptom på angst og i kva situasjonar symptoma oppstår
  • Korleis symptoma verker på barnets/ungdommens funksjon på ulike arenaer (barnehage/skule, fritid, heime)
  • Kva situasjonar barnet/ungdommen unngår på grunn av angstsymptom  
  • Skjema som kan brukast for kartlegging av angstsymptom:
    SCAS-C 8-12 år

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på barnets/ungdommens situasjon og korleis familien fungerer i kartlegging av symptombildet. Viss du mistenker at åtferda heng saman med opplevde traumer, skal ein ikkje starte tiltak før dette er avklart. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal du sende bekymringsmelding til barnevernet.

Tiltak ved symptom på angst
Helsesøster kan gi oppfølging til barn og unge med milde til moderate formar for angst. Tiltak kan vere:

  • Opplæring til barnet/ungdommen, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar om kva som hjelper ved angst. Opplæring kan skje individuelt eller i gruppe, for eksempel PEACE til foreldre. Fokus på å meistre angst og hindre åtferd der ein unngår situasjonar som skapar angst.
  • Eksponering/øvingar: Ein plan for eksponering blir laga saman med barnet/ungdommen og føresette, og ein jobbar systematisk med dette i ein avgrensa periode. Det er tilrådd å drøfte med psykisk helseteneste i kommunen eller kommunepsykolog dersom det er behov for tettare oppfølging og hjelp rundt eksponering.
  • Psykologisk førstehjelp
  • FRIENDS (manualbasert behandlingsprogram for barn/ungdom med angst, individuelt eller gruppe).

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med  involverte instansar. BTI-kommunar bruker stafettlogg i evaluering.

Etter tiltak for angst er det venta at ein ser betring etter kort tid. Dersom betring uteblir eller symptom blir forverra, initier samarbeid med aktuelle fagpersonar i kommunen eller fastlege for vurdering og drøfting av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år.
Helsestasjon og skulehelsetenesta samarbeider vanlegvis med barnehage/skule, PPT, psykisk helseteneste, barnevernstenesta og BUP.

 Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg angstliding, skal fastlege kontaktast for vurdering av tilvising til BUP. Psykolog i kommunen kan også vise til BUP. Helsesøster kan legge ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er prøvd i forkant av tilvisinga.

Barnehage

Kartlegging ved symptom på angst

Barnehagen har ei viktig rolle i å oppdage angst hos små barn på eit tidleg tidspunkt. Teikn på angst hos barn kan vere:

  • Separasjonsangst frå føresette eller andre vaksne
  • Stadige bekymringar
  • Sosial tilbaketrekking
  • Vanskar med å delta i felles aktivitetar i barnehagen
  • Panikkanfall og/eller pustevanskar 
  • Unngår situasjonar, personar eller aktivitetar som kan gi ubehag.

Ved bekymring for angst hos eit barn skal ein gjennomføre undringssamtale med føresette (innan 4 veker etter bekymring oppstår). Barnehagepersonellet skildrar kva dei har observert og spør føresette om det stemmer med korleis dei opplever barnet heime. I samtalen skal barnehagepersonellet be om samtykke til nærmare kartlegging av barnet. Kartlegging kan innehalde:

  • Observasjon av barnet i samspel med andre barn og vaksne
  • Symptom på angst og i kva situasjonar det oppstår
  • Situasjonar eller personar barnet unngår på grunn av ubehag
  • Ved behov kan kartlegginga drøftst med spesialpedagogisk team eller rettleiingsteam.

Ver merksam på at symptom på angst kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt skal du sende bekymringsmelding til barnevernet.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der observasjonar blir oppsummert og ein blir eininge om tiltak i barnehagen.

Tiltak ved symptom på angst

Dersom eit barn viser teikn til angst bør det settast inn tiltak tidleg. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Samtale med føresette ved behov
  • Tilrettelegg rundt barnet ut frå behov, for eksempel vaksenstøtte, tydelege og trygge rammer
  • Etablere samarbeid med aktuelle kommunale instansar etter samtykke frå føresette
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal det utarbeidast ein mål- og tiltaksplan.

Barn med angstproblematikk er særleg sensitive for overgangar og det er derfor svært viktig å sikre desse. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøter i overgang mellom barnehage og skule.

Evaluering av tiltak

Tiltak evaluerast løpande i samtalar med føresette og i samarbeidsmøter med andre instansar. BTI-kommunar brukar stafettlogg i evaluering av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar vil vere PPT, helsestasjon, psykisk helseteneste, barnevernstenesta og BUP.

Barnehagen kan vise barnet til andre kommunale instansar i samarbeid med føresette, for eksempel til PPT eller psykisk helseteneste. PPT kan hjelpe barnehagen i kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen.

Ved mistanke om angstliding er det fastlege, psykolog i kommunen eller barnevernstenesta som vurderer om det er behov for tilvising til BUP eller om barnet skal ha behandling i kommunen.

Skule

Kartlegging ved symptom på angst

Skulen har ei viktig rolle i å oppdage angst hos barn og ungdom på eit tidleg tidspunkt. Teikn på angst kan vere:

  • Stadige bekymringar
  • Separasjonsangst frå føresette eller andre vaksne
  • Søvnvanskar
  • Sosial tilbaketrekking og isolasjon
  • Vanskar med å delta i diskusjonar og å gjennomføre presentasjonar i klassen
  • Angstepisodar med panikkanfall og pustevanskar  
  • Høgt skulefråver
  • Unngår personar, stader eller aktivitetar som kan gi ubehag.

Ved mistanke om angstsymptom hos ein elev:

  • Sett ord på det du har observert overfor eleven
  • Ta opp bekymring med føresette i skule/heim-samtale så tidleg som mogleg (innan 4 veker etter oppstått bekymring)
  • Ta opp bekymring rundt enkeltelev med sosiallærar/leiinga og helsesøster. Enkeltelevar kan drøftast i tverrfagleg team, for eksempel skulens psykososiale team.

Ver merksam på at symptom på angst kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt skal du sene bekymringsmelding til barnevernet.

Etter kartlegging gjennomfører skulen ny samtale med elev og/eller føresette der ein oppsummerer observasjonar og blir einige om aktuelle tiltak på skulen.

Tiltak ved symptom på angst
Dersom elev viser teikn til angst i skulekvardagen bør det settast inn tidlege tiltak. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Etabler ein trygg relasjon til eleven og legg til rette for trygge og gode relasjonar til medelevar
  • Eleven treng å bli utfordra. Å unngå situasjonar vil bare forsterke problemet. Fokuser på at eleven skal meistre situasjonar som gir ubehag. Saman med eleven kan du utvikle trappetrinnsplanar som hjelper til å gradvis nærme seg situasjonar som gir angst
  • Registrer fråver og sett inn tiltak ved behov
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal det utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP).

Elever med angstproblematikk er særleg sensitive for overganger og det er derfor svært viktig å sikre desse. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøter i overgang mellom barneskule og ungdomsskule.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast i samtaler med elev og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte partar. Tiltak skal dokumeterast og effekt evaluerast. I BTI-kommunar bør eleven ha ein stafettlogg.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsesøster, PPT, fastlege, psykisk helseteneste, barnevernstenesta og BUP.

Behandling for angst skjer ofte i kommunale tenester som skulehelsetenesta, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog. Det er viktig at skulen samarbeidar med dei som gir behandling. Fastlege eller psykolog i kommunen kan tilvise til BUP ved behov. Skulen kan då involverast i utgreiingsfasten og i tilbakemeldingsmøter/samarbeidsmøter rundt eleven.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) for grunnskule


Kartlegging av symptom på angst

Når PPT startar opp ei sak gjer dei ei generell kartlegging som kan innehalde:

  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette. For vidaregåande elevar vil deltaking frå føresette vere valfritt
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon
  • Kartlegging/observasjon av barnets/ungdommens utviklingsnivå
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule med pedagogisk rapport
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule
  • Samtale med barnehagelærar/lærar
  • Kartlegging av kognitiv fungering
  • Kartlegging av generell fungering med for eksempel CBCL/TRF eller 5-15 (nordisk skjema for utgreiing av barns utvikling og åtferd).

I dei tilfelle der lova krev det, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

Ved mistanke om angstliding er det tilrådd at ein initierer kontakt med helsesøster, kommunal psykisk helseteneste eller fastlege  for vidare kartlegging og vurdering av tiltak.

Ved kjent angstdiagnose kan relevante opplysningar hentast frå aktuelle tenestar i kommune eller spesialisthelseteneste.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjennomføre ei oppsummering med barnet/ungdommen og føresette og bli einige om aktuelle tiltak.

Tiltak ved symptom på angst

  • Samtale med barnet/ungdommen
  • Rettleiing til føresette vedrørande opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til barnehage/skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing av angst og effekt på læring, og forståing for kva som kan vere hjelpsam læraråtferd i møte med barnet/ungdommen.
  • Rettleiing til skule/barnehage i metodar som for eksempel psykologisk førstehjelp og KAT-kassen.

Evaluering av tiltak

Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/undervisning, lagar barnehagen ein mål- og tiltaksplan og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane skal evaluerast/justerast i samarbeidsmøter i tråd med barnets/ungdommens utfordringar og utviklingsnivå. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov. BTI- kommunar bruker stafettlogg i evaluering.

Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehage/skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barns rettar etter opplæringslova og barnehagelova.

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle instansar er helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, spesialpedagog, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta, fastlegen og BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er fastlege, barnevernsteneste og psykolog i kommunen som har tilvisingsrett. Det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) for videregåande skular

PPT for videregåande skular er ei hjelpeteneste for elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring. PPT tilbyr hjelp til personlege og sosiale vanskar, samt vanskar relatert til opplæringssituasjonen.

Kartlegging ved symptom på angst

  • Anamnestiske opplysningar som bakgrunnshistorie, skulehistorie, somatisk-/psykehistorie, slektsbelastningar, rus, relasjonshistorie
  • Kartlegg aktuelt symptombilde (I kva situasjoner oppstår symptoma? Kva unngår eleven? Sikkerheitsåtferd)
  • Skjema som kan brukast i kartlegging av angst: BAI (Becks Anxiety Inventory) og SCL-90-r (Symptom Checklist – revised)
  • Kartlegge korleis angstsymptom verker på opplæringssituasjon og eventuelle lærevanskar
  • Opplysningar frå andre instansar kan hentast etter samtykke.

Ver merksam på om elevens vanskar kan skuldast andre faktorar som mangelfull omsorgssituasjon, traumer, utviklingsforstyrring, vald/overgrep eller lærevanskar.

Ved mistanke om at unngåingsåtferd heng saman med opplevde traumer, skal ein ikkje gå i gang med tiltak for angst før dette er avklart.  Ved mistanke om omsorgssvikt skal du sende bekymringsmelding til barnevernet.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjennomføre ei oppsummering med ungdommen og eventuelt føresette og bli einige om aktuelle tiltak. Ved oppstart skal det avklarast kva som skal vere målet for kontakten.

Tiltak ved symptom på angst

  • Psykoedukasjon til elev og føresette om kva angst er og kva som er hjelpsamt ved angst
  • Samtalar med eleven 
  • Eksponering for det som gir angst: fokus på å meistre angst
  • Rettleiing til lærarar og personell som jobbar tett med ungdommen (eksempelvis kontaktlærarkurs om angst). Fokus på dei arenaer eleven er på og at eleven har gode støttespelarar rundt seg

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med elev og eventuelt føresette, og i samarbeidsmøter med skule og aktuelle instansar. I starten av kontakten skal det avtalast når evaluering skal gjennomførast. 

Ved tiltak for angst er det venta å se betring hos eleven etter kort tid. Effekt av tiltak kan evaluerast ved å gjere ny screening av symptom (wom BAI eller SCL-90) eller bruke skjema for Klient- og resultatstyrt praksis (KOR) undervegs i samtalar. Dersom betring lar vente på seg eller symptoma blir verre, skal ein vurdere om det er behov for tilvising til BUP.

Samarbeid med andre instansar

PPT Vidaregåande samarbeider med skule, oppfølgingstenesta (OT), helsestasjon for ungdom, helsesøster, fastlege, BUP/DPS , habiliteringstenesta, barnevernstenesta, bedrifter og NAV.

Samarbeidet innber kontakt i samband med tilvising, deltaking i samarbeids-/ansvarsgruppe- og tilbakemeldingsmøter, samt vekevise møter på skulane. Dette for å sikre hjelsamme tiltak og framgang.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg angstliding, og særleg ved redusert fungering i dagleglivet, skal behov for vidare tilvising til BUP vurderast raskt. Det same gjeld ved mistanke om traume eller anna alvorleg psykisk liding. Det er ønskeleg med eit samarbeid med BUP for å kunne gjere nytte av utgreiing/behandling inn i elevens skulekvardag.

Psykisk helseteneste

Kartlegging av angstsymptom

Ved oppstart er det tilrådd med brei og generell kartlegging av barnets/ungdommens symptom, funksjon og oppvekstforhold. Kartleggingsverktøy som kan brukast er ASEBA eller Firfot-modellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø. Opplysningar frå aktuelle instansar kan hentast ved behov.

Ved mistanke om angst er det tilrådd med meir spesifikk kartlegging av:

  • Symptom på angst og i kva situasjonar symptoma oppstår
  • Korleis symptoma påverker barnets/ungdommens fungering på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, fritid)
  • Kva situasjonar barnet/ungdommen unngår på grunn av angstsymptom
  • Kartleggingsverktøy som kan brukast til vurdering av symptom er SCAS-C (8-12 år) og CALIS.

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep, utviklingsforstyrring, lærevanskar eller fysisk sjukdom. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnets/ungdommens situasjon og familiens fungering i kartlegging av symptombildet. Ved mistanke om at barnets åtferd heng saman med opplevde traumer, skal ein ikkje gå i gang med tiltak for angst før dette er avklart. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal du sende bekymringsmelding til barnevernstenesta. 

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein vurdere grad av alvor.

Det skal lagast ein plan for tiltak i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette. Ved oppstart skal det avklarast kva som skal til for at mål/betring er oppnådd.

Tiltak ved symptom på angst

  • Opplæring til barnet/ungdommen, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar om kva som er hjelpsamt ved angst. Opplæring individuelt eller i gruppe, for eksempel PEACE til foreldre. Fokus på å meistre angst og hindre unngåingsåtferd
  • Eksponering/øvingar: Før ein startar eksponering er det viktig å sikre gode rammer og relasjonar rundt barnet og at føresette og andre viktige personar (i barnehage/skule) er i stand til å følgje opp eksponeringa. Det skal lagast ein plan for eksponering som ein jobbar systematisk etter i ein avgrensa periode.

Tilrådde verktøy for barn og ungdom med lett til moderat angst:

  • PEACE - opplæring til føresette, individuelt eller gruppe
  • FRIENDS - manualbasert behandlingsprogram for barn/ungdom med angst, individuelt eller i gruppe
  • Psykologisk førstehjelp
  • COS-P foreldrekurs med fokus på relasjon og tilknytting, særleg aktuelt for yngre barn med angst.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte instansar. BTI-kommunar bruker stafettlogg i evaluering.

Ved tiltak for angst er det vanta å ser betring etter kort tid. Effekt av tiltak kan evaluerast ved ny screening av symptom (for eksempel ASEBA, CALIS eller SCAS). Dersom betring uteblir eller symptom blir verre, initier samarbeid med fastlege for vurdering og drøfting av tiltak. 

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere barnehage/skule, helsestasjon, PPT, barnevernsteneste, fastlege og BUP. Psykisk helseteneste kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen for å sikre hjelpsamme tiltak og framgang.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg angstliding, skal fastlege konktaktast for vurdering av vidare tilvsing til BUP. Psykolog i kommunen kan også vise til BUP. Psykisk helseteneste kan legge ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er utprøvd i forkant av tilvisinga.

Ergo- og fysioterapiteneste


Kartlegging av angstsymptom

Generelt er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging av barnets/ungdommens symptom, funksjon og oppvekstforhold.

Ved angstproblematikk er følgande kartlegging tilrådd:

  • Barnets fungering på ulike arenaer og deltaking i organiserte aktivitetar 
  • Angstsymptom og i kva situasjonar angst oppstår. Om det er situasjonar eller personar barnet/ungdommen unngår grunna angst. NB! Motoriske vanskar kan bidra til at barnet/ungdommen ikkje kjenner meistring i aktivitet og derfor vegrar seg for å delta. Viktig å skille dette frå unngåingsåtferd ved angst (irrasjonell frykt)
  • Er avvik i motorisk utvikling ei primærvanske, eller kan det vere resultat av for eksempel angstproblematikk?

Ved mistanke om angstliding er det tilrådd å ta kontakt med helsesøster eller psykisk helseteneste for vidare kartlegging og vurdering av tiltak.

Ved kjent angstliding kan ein hente opplysningar frå utgreiing/behandling i BUP.

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved angstsymptom

  • Styrke barn/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve meistring i staden for å unngå situasjonar
  • Rettleiie føresette, barnehage og skule i korleis ein kan lage gode opplegg for gym, fysisk aktivitet og andre aktivitetar slik at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring.

Evaluering av tiltak

Evaluering av tiltak skjer fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med andre instansar. BTI- kommunar brukar stafettlogg i evaluering.

Samarbeid med andre instansar

Ergo- og fysioterapitenesta er ein del av kommunens heilskaplege, førebyggande og helsefremmande arbeid. Tenesta samarbeidar med barnehage, skule, helsesøster, PPT, psykisk helseteneste og fastlege. Instansar utanfor kommunen kan vere habiliteringsteneste, barneavdeling og BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom barnet/ungdommen har lette-moderate symptom på angst kan det få behandling hos helsesøster, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog. Ved moderat til alvorlege angstlidingar skal fastlegen kontaktast for vurdering av tilvising til BUP. Psykolog i kommunen og barnevernstenesta kan også tilvise. Ergo- og fysioterapitenesta kan legge ved skildring av sin kontakt med barnet/ungdommen og dei vurderingar tenesta har gjort.

Barnevernsteneste

Kartlegging

Barneverntenesta skal snarast og innan éi veke gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgjast opp med undersøking (§4-3). Undersøkinga skal ikkje gjeast meir omfattande enn nødvendig og skjer i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette. I kartlegging nyttar ein ulike verktøy, eksempelvis deler av Kvello-malen som er aldersovergripande og systematiserer risiko- og beskyttelsesfaktorar. Undersøkinga kan innehalde:

  • Innhente informasjon frå andre instansar
  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette
  • Vurdere samspel barn - føresette
  • Observere barnet i barnehage/skule og heime
  • Kartlegge nettverk
  • Kartlegge mogleg vald og overgrep

Ved mistanke om angst  er nærare kartlegging av symptom tilrådd. Avhengig av organisering i kommunen, kan ein samarbeide med helsesøster, kommunepsykolog eller psykisk helseteneste om kartlegginga. Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på mangelfull omsorgsituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnets situasjon, belastningar og familiens fungering i kartlegging av symptombildet.

Ved kjent angstdiagnose hos barnet/ungdommen skal ein hente informasjon frå utgreiing/behandling.

Undersøkinga blir avslutta med ein konklusjon. Barnevernet kan henlegge ei sak dersom kartlegging ikkje gir grunnlag for bekymringa som er meldt. Dersom barnevernstenesta konkluderer med igangsetting av tiltak, skal det lagast ein tiltaksplan saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål.

Tiltak ved angstsymptom

Tiltak frå barnevernet kan vere kompenserande og/eller omsorgsendrande. Det er viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnets/ungdommens behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv. Eksempel på tiltak kan vere:

  • Rettliing av føresette, eksempelvis ved PEACE
  • Familierettleiing
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Støttekontakt/fritidskontakt
  • Avlastning
  • Plassering av barn i beredskapsheim/fosterheim
  • Samarbeid med BUF-etat om institusjonsplassering
  • I omfattande og komplekse saker kan individuell plan vere eitt av tiltaka

Evaluering av tiltak
Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad.
Evalueringa skal gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidanee instansar. Ved samtidige tiltak frå fliere instanser kan tiltak skildrast i felles plan, eksempelvis stafettlogg eller individuell plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeidar med dei instansane som til eikvar tid er involvert i barnet/ungdommen og familien sin situasjon basert på samtykke (Barnevernloven §3.2). Aktuelle instansar kan vere barnehage/skule, helsestasjon, psykisk helseteneste/kommunepsykolog, PPT og BUP.

Ved milde symptom på angst tar ein kontakt med helsestasjon/skulehelsetenesta eller psykisk helseteneste i kommunen for vidare utgreiing/tiltak. Ved mistanke om moderat-alvorleg angstliding bør tilvising til BUP vurderast.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barnevernstenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men det er tilrådd at barnet blir undersølt av fastlege først. Ein skal hente relevant informasjon frå andre kommunale instansar som vedlegg til tilvisinga.


Spesialisthelsetenesta

BUP

Utgreiing

Ved oppstart av sak i BUP skal ein gjere ei basisutgreiing (PDF). Ut frå funn i basisutgreiing skal ein vurdere om det er grunnlag for utvida utgreiing for angst. Denne kan innehalde:

  • Screeningskjema for angst: SCAS-C, CALIS, ADIS og BAI
  • KIDDIE-SADS eller deler av intervjuet, særleg aktuelt ved mistanke om komorbide tilstandar
  • Barnepsykiatrisk legeundersøking (BPU)
  • Kognitiv vurdering på indikasjon (ved høgt skulefraver eller lærevanskar)

Utgreiing skal oppsummerast og diagnose/komorbiditet drøftast i tverrfagleg team. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om diagnose og tilrådd behandling, og ein blir einig om ein behandlingsplan.  Utgreiingsrapport skal sendast fastlege/tilvisar og samarbeidande instansar etter samtykke.

Behandling

Tilrådd behandlingstilbod for barn og unge med moderat-alvorleg angstliding er psykoterapi basert på kognitiv atferdsterapi. Behandling kan gis individuelt eller i gruppe.

Individretta behandlingstilbod vil vere retta mot den spesifikke angstlidinga barnet/ungdommen har, eksempelvis generalisert angst, fobi, sosial angst eller tvangsliding. Behandlinga vil inkludere element som:

  • Opplæring til barnet/ungdommen og føresette
  • Kognitiv restrukturering og skift av merksemdsfokus
  • Eksponering og atferdseksperiment 

Gruppebaserte behandlingsprogram for angst er Friends eller CHILLED. Element i gruppebaserte behandlingsprogram vil vere lik som individretta.

Medikamentell behandling kan vurderast ved behov og særleg dersom psykoterapi aleine ikkje gir effekt.

Effekt av behandling
Effekt skal evaluerast løpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og jamleg i tverrfagleg team, seinast etter 3 månader. Ved manglande effekt av behandling skal ein vurdere endring av tilnærming eller avslutning.

Samarbeid

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg barnehage/skule, helsesøster, fastlege og psykisk helseteneste i kommunen.

Dersom eksponering og atferdseksperiment skal skje i barnehage/skule bør det vere tett samarbeid om plan for eksponering.
Dersom angsten fører til funksjonsfall og høgt fråver må det samarbeidast om tilrettelegging i ein periode. Tilrettelegginga må skje i samsvar med behandlingsplan.

Avslutning

Ved avslutning i BUP skal epikrise sendast til fastlege/tilvisar med tydeleg tilråding om vidare tiltak i kommunen. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat leggast ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.

Kommentarer?

Send oss en e-post