Vi tilrår at du alltid nyttar siste versjon av nettlesaren din.

Tilvising

For å komme i kontakt med eMeistring kan du fylle ut eige søknadsskjema eller få tilvising frå fastlege eller din behandlar i spesialisthelsetenesta. For å motta behandling må du vere over 18 år.

eMeistring er eit behandlingstilbod for pasientar i Helse Vest, og vi held til ved Haugaland DPS. Vi tek også imot pasientar frå andre helseregionar, men vi gjer oppmerksam på at pasientar utanfrå Helse Vest berre vil få eit tilbod ved ledig kapasitet i eMeistring. 

Logg inn på helsenorge.no for å fylle inn søknadsskjema på eiga hand

Frå andre regionar enn Helse Vest må tilvisinga gå via spesialisthelsetenesta. Pasienten må der være utgreidd og fått diagnose panikkliding, sosial angst eller moderat depresjon.

Tilvisingar blir tatt imot per brev eller som elektronisk tilvising.

  • eMeistring vurderer om pasienten har rett til nødvendig helsehjelp dersom tilvisinga ikkje kjem frå spesialisthelsetenesta.
  • Pasientar som ut frå tilvising verkar å kunne vere aktuelle for behandling, vil som hovudregel få tilbod om ein vurderingssamtale hjå eMeistring innan 2-3 veker. eMeistring held til ved Haugaland DPS i Haugesund. Pasientane må møte her for vurderingssamtale(r).
  • eMeistring har ikkje akuttilbod. Dersom det skulle oppstå auka risiko for sjølvmord eller mistanke om utvikling av alvorlig psykisk liding hjå pasientar under behandlinga i eMeistring er det den lokale spesialisthelsetenesta som er ansvarleg for å ivareta pasienten. eMeistring må på førehand ha fått kontaktinformasjon til lokal DPS. Ved behov for vurdering av sjølvmordsfare eller utvikling av alvorleg psykisk liding vil eMeistring ta kontakt med pasienten sitt lokale DPS og tilvise til akuttvurdering der.

  • Pasientdata
    Namn, fødselsnummer, adresse, telefonnummer.
  • Vurdering av rett til helsehjelp
    Informasjon om vurdering av rett til nødvendig helsehjelp i spesialisthelsetenesta når det er føretatt (kven har vurdert, datoar, fristar, innfridde fristar).
  • Tilhøyrande DPS
    Kva for eit DPS/poliklinikk er pasienten tilhøyrande? eMeistring treng kontaktinfo i tilfelle behov for kontakt ved akutte høve.
  • Tilvisingsdiagnose
    Hoveddiagnose og eventuelt bidiagnose. Dersom eMeistring skal gi eit tilbod må pasienten sitt hovudproblem vere sosial angst, panikkliding med/utan agorafobi eller moderat depresjon.
  • Bakgrunn
    Oppvekstforhold, familieforhold og nettverk, omsorgsansvar for barn eller andre, sivilstatus, buforhald, arbeid, trygd, individuell plan.
    Sjekk spesielt ut om pasienten har lese- og/eller skrivevanskar, om h*n kan forstå norsk på eit god nivå, og om h*n har tilgang til internett.
  • Psykiatrisk sjukehistorie
    Tidlegare betydningsfulle symptom og problem, tidlegare diagnosar, tidlegare behandling og utbytte av denne. Har pasienten erfaring med bruk av sjølvhjelp frå tidligare?
  • Aktuelt
    Aktuelle problem som pasienten søker behandling for (debut, årsaksforhold, symptom, behandling, forløp, betydning for funksjon, livskvalitet), herunder opplysninger omkring evt. rusproblematikk, suicidalitet og voldsrisiko. Angi pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.
  • Relevant somatisk problematikk
    Føreligg det ustabile og/eller uavklarte somatiske tilstander?
    Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjerterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreineleg med behandlinga for panikkliding.
  • Medikamentbruk
    Preparatnamn, formulering, styrke, dosering.
    Her bør det spesielt verte angitt kor lenge pasienten har stått på aktuell psykofarmaka og evt. bruk av B-preparat. Jevnleg bruk av B-preparat gjer behandling i eMeistring kontraindisert. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Pasienten må kunne motiverast for eksponering for frykta situasjonar utan medikamentell støtte, og h*n må tåle symptomtrykket som følgjer av kontinuerlig eksponering. Stabil medisinering (same dose dei siste 4 vekene) med anna psykofarmaka er uproblematisk saman med eMeistring.
  • Vurdering med grunngjeving for tilvising
    Diagnose, sjølvmordsrisiko, problemforståing, prognose.
    Angje pasienten sin motivasjon for denne type behandling og kva informasjon pasienten har fått om behandlingsforma.

  • Moderat til høg suicidalfare, der behovet for ivaretaking og tilsyn fører til at behandling over internett ikkje er tilstrekkeleg. Dette utelukkar også personar som nylig har gjennomført suicidforsøk.
  • Psykoseproblematikk. Dersom pasienten har fungert stabilt utan pågåande psykotiske symptom over tid, og har ein behandlingskontakt i spesialisthelsetenesta som kan ivareta og følgje h*n opp ved behov kan ein motta behandling i eMeistring for komorbid panikkangst, sosial angst eller mild til moderat depresjon.
  • Ubehandla alkohol- eller narkotikaproblematikk, eller medikamentavhengigheit som kan utgjere eit hinder for behandling.
  • Nylig oppstarta eller endring av dose psykofarmakabehandling. Effekt av medikamentet bør først evaluerast. Pasienten må ha stått på stabil dose 4 veker før oppstart eMeistring. 
  • Jevnleg bruk av B-preparat. Behandlingstilbodet føregår som hovudregel utan bruk av angstdempande medikament og desse bør seponerast før tilvising. Kontakt eMeistring dersom du ønsker å diskutere unntak.
  • Ustabil og/eller uavklart somatisk tilstand. Epilepsi, alvorlig astma, kroniske hjarterytmeforstyrringar eller hjerte-/lungeproblem diagnostisert av lege, svært lågt blodtrykk eller graviditet er ikkje foreinleg med behandlinga for panikkliding.
  •  Alvorleg depresjon (MADRS ≥ 35)
  • Bipolar depresjon. Det er ikkje funne evidens for effekt av behandlingsprogrammet for depresjon for personar med bipolar depresjon. Personar med godt regulert bipolar liding kan ha nytte av og få behandling for komorbid panikkliding eller sosial angst.
  • Lav motivasjon eller annan funksjonspåverknad (f.eks. høg initiativløyse eller konsentrasjonsvanskar) som gjer det vanskeleg å gjennomføre internettbehandling, som krev høg grad av ansvarstaking. Ustabile eller vanskelege ytre forhold, for eksempel livskriser, kan også gje nedsett funksjon og vanskar med å følgje opp behandling over internett.
  • Personar med lese- og/eller skrivevanskar, inklusivt vanskar med det norske språk, kan ha utfordringar med å gjennomføre programmet grunna store mengder tekst og skriveoppgåver ein skal gjennom.
  • Bustad utanfor Norge.
  • Forventa lengre fråvær enn 2 veker i løpet av behandlingstida.
  • Komorbiditet som erfaringsmessig kan vanskeleggjere rettleia internettbehandling er: GAD, hypokondri, PTSD og engsteleg/ unnvikande personlighetsforstyrring.
Sist oppdatert 21.10.2022