Sikkerheit

Grunna elektronisk utveksling av sensitiv personinformasjon i eMeistringsprogramma nyttar vi det høgaste sikkerheitsnivået vi har i Norge.

Til deg som logger på

Du skal nytte BankID ved innlogging til behandling. Det er viktig at du ikkje deler BankIDen din med andre, sjølv ikkje familiemedlemmer eller andre du stoler på. BankID er din personlige digitale ID og signatur.

Dette er sikkerheitsnivå 4

Sikkerheitsnivå 4 er meint for sikring av sensitiv informasjon, det høgaste nivå vi har i Norge i dag.

Sikkerheitsnivå 4 er definert av norske myndigheter og vert forvalta av Post- og Teletilsynet. Innlogging til eMeistringprogramma med sikkerheitsnivå 4 skjer via BankID og Buypass. 

Ta kontakt med banken din for å bestille BankID. Buypasskort kan du bestille saman med din behandlar i eMeistring.

Sjå også brukarstøtte om du har problem med å bruke eMeistring

Har du andre spørsmål om sikkerheit eller anna tilknytta eMeistringprogramma ta kontakt med oss på epostIkkje send personopplysingar eller sensitiv informasjon i e-post.


Fann du det du leita etter?