Bekymring og angst hos barn og unge

Bekymring og angst er ein naturleg del av livet, men kan for nokon utvikle seg til eit problem. Angstplager er den vanlegaste psykiske helseplaga blant barn og ungdom og varierer i omfang frå milde til alvorlege plager. Angstplager kan oppstå som følge av belastingar i barnet sin kvardag. Førebygging og tidlege tiltak er viktig. 

I dag finst gode metodar for å hjelpe barn og ungdom med å meistre angst. Milde til moderate angstplager skal vanlegvis bli behandla i kommunen. Mistanke om moderat til alvorleg angstliding gir rett til behandling i BUP. Her finn du informasjon om dei ulike tenestene sine roller og ansvar i forhold til barn og unge med bekymrings- og angstplager.  

Les meir om bekymring og angstlidingar

Angstlidingar er den vanlegaste psykiske helseplaga blant barn og ungdom. Ein reknar med at rundt 20 prosent av barn og unge slit med symptom på angst. Tre til fem prosent har så alvorlege plager at dei får diagnosen angstliding. I dag finst gode metodar for å hjelpe barn og ungdom med å meistre angst.

Nokon får angst av bestemte ting eller situasjonar, som sprøyter, edderkoppar, ta heis eller vere i store folkemengder. Bekymringar, rastløyse, uro og irritabilitet utan at du veit kva du er redd for er også ein form for angst. Nokon får også plutselege panikkanfall.

Det er vanleg å dele angst inn i ulike typar: seperasjonsangst, fobiar, sosial angst, generalisert angst, panikkangst og tvangslidingar. Seperasjonsangst og spesifikke fobiar er dei vanlegaste formene for angst hos barn i førskulealder og tidleg skulealder. Sosial angst, generalisert angst og andre angstlidingar kjem vanlegvis etter tiårsalderen. 

Informasjon for barn, unge og føresette

Kor får eg hjelp?

Viss du er barn eller ungdom og strevar med angstsymptom, kan du snakke med kontaktlærar eller sosiallæraren på skulen. Dei kan gi deg råd om kor du kan få hjelp. Du kan også snakke med helsesykepleiar på skulen eller helsestasjon for ungdom hvis kommunen din har det. Det finst også hjelpetelefonar for barn og ungdom der du kan ringe og få råd. 

Viss du er forelder til eit barn eller ungdom som har angstsymptom, kan du søke råd hos helsesykepleiar eller fastlege. Du kan også ta direkte kontakt med psykisk helseteneste eller kommunepsykolog viss kommunen har det. Dei vil hjelpe deg og gi råd om hva som er lurt å gjere.

Tilvising og vurdering 

Helsesykepleiar, psykisk helseteneste i kommunen, kommunepsykolog og fastlegen har kunnskap om behandling av angstliding. Dei vil vurdere behovet for behandling i kommune eller BUP. Fastlegen er den som oftast tilviser til BUP. Psykolog i kommunen eller barnevernstenesta kan også tilvise, men det er tilrådd at fastlege legg ved relevante helsedata.

Behandlingstilbod Angstlidingar, barn og unge


Kommunale tenester

Fastlege

Fastlegen si oppgåve er å gjere ei heilskapleg vurdering av barnet eller ungdommen sine plager og vurdere behov for å tilvise til behandling i kommunale tenester eller spesialisthelseteneste. Viss vurderingar allereie er gjort av andre instansar i kommunen, skal fastlege gjere ei somatisk vurdering før tilvising

Kartlegging av bekymring og angst

  • Pasientens symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Somatisk historikk og somatisk status for å utelukke somatiske forklaringar på symptoma
  • Søvnproblem
  • Psykososialt miljø og eventuelle belastningar
  • Grad av alvor av symptoma, for eksempel ved BAI/BDI/MADRS
  • Oversikt over tiltak som er prøvd ut og kommunale tenester pasienten har kontakt med
  • Barnet/ungdommen og føresette si oppfatning av symptombilde, behov og ønske om hjelp

Ut frå kartlegging vurderer ein kor alvorlege symptoma er. Tommelfingerregel for vurdering av angstplager er barnet eller ungdommen sin evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og fungering i barnehage/skule. 

Barn med milde til moderate angstplager får vanlegvis behandling i kommunale tenester. Ved mistanke om moderat til alvorleg angstliding bør tilvisning til BUP vurderast. Dersom tiltak i kommunen ikkje gir ønska effekt, bør tilvising til BUP vurderast også ved lettare formar for angstliding.

Tiltak ved angstplager

Tiltak hos fastlege kan vere:

  • Samtale med pasient og føresette
  • Tilvise til aktuelle tenester i kommunen for lavterskel tiltak av milde-moderate angstplager
    • Helsesykepleiar kan tilby samtalar/foreldrerettleiing
    • Psykisk helsetjeneste i kommunen eller kommunepsykolog kan tilby samtalar/foreldrerettleiing


Evaluering av tiltak

Når tiltak blir sett i verk av fastlege er det tilrådd med oppfølgingstime for evaluering av effekt. Evaluering kan gjerne gjerast saman med føresette eller samarbeidande instansar.   

Samarbeid med andre instansar

Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere helsesjukepleiar, barnehage, skule, psykisk helseteneste i kommunen, PPT og BUP. Dei fleste kommunar tilbyr lavterskel behandlingstiltak for milde-moderate angstplager hos skolehelsetjenesten, kommunal psykisk helsetjeneste, barne og familiesenter eller kommunepsykolog.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Tilvising bør innehalde (Henvisningsskjema BUP):

  • Pasientens symptom og funksjon
  • Somatisk/medisinske opplysninger
  • Tilvisars vurdering av pasient
  • Skildring av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar og evt. skriftlige vedlegg fra andre aktuelle instansar
  • Tiltak som er prøvd ut i kommunale tenester

Ulike samarbeidande instansar før tilvising bør førast opp med namn og telefonnummer i tilvisinga for å sikre god overføring. 

Helsestasjon og skulehelseteneste

Helsestasjon og skulehelsetenesta har ei viktig oppgåve i å oppdage barn og ungdom med psykiske plager og lidingar og sikre at dei får nødvendig oppfølging. Helsesjukepleiar kan oppdage barn og unge som strever gjennom vanlege rutinekontrollar og samtaler med enkeltelevar. Ved bekymring og angstplager kan helsesjukepleier tilby oppfølgingssamtaler og tiltak for å tilrettelegge skulekvardagen.  Ved mistanke om moderat til alvorleg angstliding er helsesjukepleiar si rolle å kartlegge vanskane og samarbeide med aktuelle instansar for å sikre rette tiltak.
Les mer: Nasjonal faglig retningslinje for helsestasjon og skolehelsetjenesten

Kartlegging av bekymring og angstplager

Helsesjukepleiar kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen, kan helsesjukepleier bruke generelle kartleggingsverktøy som Firfot-modellen  som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø.

Dersom kartlegging peiker i retning av angstplager, anbefalast at ein kartlegger:

  • Kva situasjonar angsten oppstår i
  • Situasjonar barnet/ungdommen unngår på grunn av angstsymptom  
  • Korleis symptoma verker på barnets/ungdommens funksjon på ulike arenaer som barnehage/skule, fritid og heime

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilskapleg perspektiv på barnets/ungdommens situasjon og korleis familien fungerer i kartlegging av symptombildet. Viss du mistenker at åtferda heng saman med opplevde traume, skal ein ikkje starte tiltak før dette er avklart. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta.

Tommelfingerregel for vurdering av graden av angstsymptom er barnet eller ungdommen sin evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar og fungering i barnehage/skule. Ved tvil om grad av alvor, konsulter psykisk helseteneste eller kommunepsykolog før igangsetting av tiltak.

Tiltak ved angstplager

Helsestasjon og skulehelsetenesta kan gi oppfølging til barn og ungdom med lettare angstplager. I samråd med barnet/ungdommen det gjeld, bør skulehelsetenesta vurdere om føresette skal informerast og inkluderast i oppfølginga.

Mulige tiltak:

  • Samtalar, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der fokus er å styrka sjølvbilde, meistring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp
  • Rettleiing til føresette om kva som er hjelpsom foreldreåtferd når barn/ungdom har bekymring og angstplager
  • Samarbeid med skule og føresette om støtte og tilrettelegging i skulekvardage
  • Enkle eksponeringsøvingar (evnt. under rettleiing frå kommunepsykolog eller BUP) der barnet/ungdommen øver seg på situasjonar dei helst vil unngå
  • Gruppetilbod til barn/ungdom dersom kommunen har dette tilbodet, eksempelvis manualbaserte program som «Mestringskatten», «CoolKids», «Friends», «Smart» og «Match»

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar.

Etter tiltak for angstplager er det venta at ein ser betring etter kort tid. Helsestasjon og skolehelsetenesta skal konsultere psykisk helseteneste, kommunepsykolog eller fastlege dersom betring uteblir eller symptom blir forverra.

Samarbeid med andre instansar

Samarbeid rundt barn og ungdom må alltid baserast på samtykke frå barnet/ungdommen og/eller føresette. Ungdom over 16 år har rett til å samtykke sjølv. Føresatte skal som hovudregel inviterast inn i samarbeid om tiltaka.

Skulehelsetenesta bør samarbeide med skulen og lærar når eleven har behov for å få tilrettelagt skulekvardagen. Skulehelsetenesta kan bidra til å skape forståing for eleven sine behov og føresetnadar, og til å finne gode tiltak. Skolehelsetenesta samarbeider med PPT ved behov. PPT har et spesielt ansvar for å bidra med pedagogiske råd og rettleiing.

Helsesjukepleier bør delta i samarbeidsmøter med BUP dersom barnet/ungdommen får behandling der.

Tilvising til andre instanser

Dersom tiltak i skulehelsetenesta ikkje er tilstrekkeleg skal helsesjukepleier samarbeide med og tilvise til andre kommunale lavterskel tilbod for behandling av milde-moderate angstplager. Avhengig av organisering i den enkelte kommune, kan aktuelle tenester være psykisk helseteneste, kommunepsykolog eller familiesenter.

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg angstliding, skal fastlege kontaktast for vurdering av tilvising til BUP. Psykolog i kommunen kan også vise til BUP. Ved tilvising er det anbefalt at skolehelsetenesta legg ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er prøvd i forkant av tilvising.

Barnehage

Barnehagen skal fremme god psykisk helse ved å stimulere livsglede, meistring og eigenverdi. I det psykiske helsearbeidet har barnehagen ei viktig rolle i å oppdaga teikn på psykiske vanskar og skeivutvikling på eit tidleg tidspunkt. Viss barnehagen blir bekymra for angstplager hos eit barn, må barnehagen samarbeide med føresette og andre instansar for å sikre at barnet får riktige tiltak.

Teksten gir ei beskriving av fremgangsmåte når barnet har tydelige teikn på bekymring og angstplager. Ved meir generell bekymring for små barn, se eget forløp for Barn 0-3 år.

Kartlegging ved bekymring og angstplager

Teikn på angstplager kan vere:

  • Bekymringsfull angst ved separasjon frå føresette eller andre vaksneStadige bekymringar
  • Sosial tilbaketrekking og isolasjon
  • Vanskar med å delta i felles aktivitetar i barnehagen
  • Stadige «vondter»
  • Angstepisodar med panikkanfall og pustevanskar 
  • Unngår personar, stader eller aktivitetar som kan gi ubehag.

Ved bekymring og angstplager hos eit barn skal pedagogisk leder gjennomføre undringssamtale med føresette så tidleg som mogleg. Barnehagepersonellet skildrar kva dei har observert og spør føresette om det stemmer med korleis dei opplever barnet heime. I samtalen skal barnehagepersonellet be om samtykke til nærare kartlegging av barnet.

Kartlegginga kan innehalde:

  • Observasjon av barnet i samspel med andre barn og vaksne
  • Symptom på angst og i kva situasjonar det oppstår
  • Situasjonar eller personar barnet unngår på grunn av ubehag
  • Ved behov drøft saken i etablerte ordninger for veiledning/konsultasjon i barnehagen
  • Barnehagen kan ved behov be andre instanser i kommunen om ekstern observasjon

Vær merksam at bekymring og angstplager kan være teikn på utfordringer i det psykososiale miljøet i barnehagen. Ver også merksam på at symptom på angst kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt skal du sende bekymringsmelding til barnevernet.

Etter kartlegging gjennomfører barnehagen ny samtale med føresette der kartlegginga blir oppsummert og ein blir einige om tiltak både i barnehagen og heime.

Tiltak ved symptom på angst

Dersom eit barn viser teikn til bekymring og angstplager, bør ein sette inn tiltak tidleg. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Tilrettelegging rundt barnet ut fra behov
  • Tiltak for å sikre at barnet skal oppleve barnehagepersonellet som ein trygg base
  • Økt fokus på arbeid med følelsar og følelseshandtering i barnehagegruppa
  • Gradvis eksponering for det barnet opplever som utrygt med stor grad av tilrettelegging
  • Samtale og rettleiing til føresette ved behov
  • Etablere samarbeid med aktuelle kommunale instanser etter samtykke fra føresatte.
  • Viss PPT har vurdert at barnet har rett til spesialpedagogisk hjelp (§19A) eller tilrettelagt barnehagetilbod (19G) skal ein utarbeide individuell utviklingsplan (IUP) som er i samsvar med tiltak frå sakkunnig vurdering og enkeltvedtaka som er fatta.
  • Små barn med vanskar er særleg sensitive for overgangar og det er derfor svært viktig å sikre desse.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med føresette og i samarbeidsmøter med PPT og andre instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Dersom barnet har ein individuell utviklingsplan skal tiltak i denne evaluerast/justerast i samarbeidsmøter. 

Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, kan barnehagen tilvise barnet til andre kommunale instanser som PPT eller psykisk helseteneste i samarbeid med føresette. Ved usikkerhet kan saka drøftast i barnehagen sine samarbeidsmøter med PPT før tilvising.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar vil vere PPT, helsestasjon, psykisk helseteneste, familiesenter, barnevernstenesta og BUP.

Barnehagen kan vise barnet til andre kommunale instansar i samarbeid med føresette, for eksempel til PPT eller psykisk helseteneste. PPT kan hjelpe barnehagen i kartlegging og vurdering av tiltak, eventuelt rettleiing av medarbeidarar i barnehagen.

Ved mistanke om angstliding er det fastlege, psykolog i kommunen eller barnevernstenesta som vurderer om det er behov for tilvising til BUP eller om barnet skal ha behandling i kommunen.

Skule

Skulen har ei viktig rolle som forebygging og meistringsarena for barn og ungdom. I det psykiske helsearbeidet har skulen ei viktig rolle i å oppdage teikn på psykiske vanskar og skeivutvikling på eit tidleg tidspunkt. Ved bekymring og angstplager hos ein elev skal skulen samarbeide med føresatte og andre instansar for å sikre at eleven får riktige tiltak.

Kartlegging ved bekymring og angstplager

Teikn på bekymrings og angstplager kan vere:

  • Stadige bekymringar
  • Angst ved seperasjon frå føresette eller andre vaksne
  • Søvnvanskar
  • Sosial tilbaketrekking og isolasjon
  • Vanskar med å delta i diskusjonar og å gjennomføre presentasjonar i klassen
  • Angstepisodar med panikkanfall og pustevanskar  
  • Stadige «vondter»
  • Høgt skulefråver
  • Unngår personar, stader eller aktivitetar som kan gi ubehag.

Ved mistanke om bekymring og angstplager hos ein elev:

  • Sett ord på det du har observert overfor eleven
  • Ta opp bekymring med føresette i skule/heim-samtale så tidleg som mogleg, og innhent samtykke til videre drøfting og kartlegging
  • Ta opp bekymring rundt enkeltelev med skuleleiing/støtteapparat eller skulen sine etablerte ordninger for veiledning/konsultasjon

Vær merksam på at bekymring og angstplager kan være teikn på vansker i læringsmiljøet på skulen. Angstplager kan også være teikn på mangelfull omsorgssituasjon eller vald/overgrep. Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt skal du konsultere barnevernet og sende bekymringsmelding.

Tiltak ved symptom på angst

Dersom elev viser teikn til angst i skulekvardagen bør det settast inn tidlege tiltak. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Etabler ein trygg relasjon til eleven og legg til rette for trygge og gode relasjonar til medelevar
  • Eleven treng å bli utfordra. Å unngå situasjonar vil bare forsterke problemet. Fokuser på at eleven skal meistre situasjonar som gir ubehag. Saman med eleven kan du utvikle trappetrinnsplanar som hjelper til å gradvis nærme seg situasjonar som gir angst
  • Registrer fråver og sett inn tiltak ved behov
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal det utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP).

Elever med angstproblematikk er særleg sensitive for overganger og det er derfor svært viktig å sikre desse. Det er tilrådd å gjennomføre overføringsmøter i overgang mellom barneskule og ungdomsskule.

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast i samtaler med elev og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte partar. Tiltak skal dokumeterast og effekt evaluerast. I BTI-kommunar bør eleven ha ein stafettlogg.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsesjukepleiar, PPT, fastlege, psykisk helseteneste, barnevernstenesta og BUP.

Behandling for angst skjer ofte i kommunale tenester som skulehelsetenesta, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog. Det er viktig at skulen samarbeidar med dei som gir behandling. Fastlege eller psykolog i kommunen kan tilvise til BUP ved behov. Skulen kan då involverast i utgreiingsfasten og i tilbakemeldingsmøter/samarbeidsmøter rundt eleven.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

PPT si rolle i det psykiske helsearbeidet er å bistå skuler og barnehager i det helsefremmande og førebyggjande arbeidet. PPT skal vurdere om barn i barnehagealder eller elevar i grunnskulen har utfordringar når det gjeld utvikling, læring og trivsel, og gi råd dersom dei treng tilrettelegging i opplæringssituasjonen. Arbeidet er heimla i Barnehageloven og i Opplæringsloven.

PPT er ikkje primær hjelpeteneste ved angstplager, men bør koplast inn viss plagene går utover opplæringssituasjonen eller fører til stort fråver. Viss PPT oppdagar at eit barn eller ungdom har angstplager, skal PPT samarbeide med føresette og barnehage/skule for å sikre riktige tiltak. 

Kartlegging av bekymring og angstplager

Når PPT startar opp ei sak gjer dei først ei brei og generell kartlegging som kan innehalde:

  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon
  • Kartlegging/observasjon av barnets/ungdommen sitt utviklingsnivå
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule med pedagogisk rapport
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule
  • Samtale med barnehagelærar/lærar
  • Kartlegging av kognitiv fungering
  • Kartlegging av generell fungering med for eksempel CBCL/TRF eller 5-15 (nordisk skjema for utgreiing av barns utvikling og åtferd)

Ved mistanke om angstplager anbefalast at PPT kartlegg:

  • Symptomer på angst, kva situasjonar symptomer oppstår i og om barnet/ungdommen unngår situasjonar/personar på grunn av angsten
  • Kartlegg korleis angstsymptom verker på opplæringssituasjonen og eventuelle lærevanskar
  • Ved kjent angstdiagnose kan relevante opplysningar hentast frå aktuelle tenestar i kommune eller spesialisthelseteneste.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjennomføre ei oppsummering med barnet/ungdommen og føresette og bli einige om aktuelle tiltak.

Tiltak ved bekyrmings og angstplager

  • Samtale med barnet/ungdommen
  • Rettleiing til føresette vedrørande opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til barnehage/skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing av angst og effekt på læring, og forståing for kva som kan vere hjelpsam læraråtferd i møte med barnet/ungdommen.
  • Rettleiing til skule/barnehage i metodar som for eksempel psykologisk førstehjelp og KAT-kassen.
  • I dei tilfelle der lova krev det, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

Viss PPT oppdagar at eit barn eller ungdom har angstplager, skal PPT sikre at barnet/ungdommen får rett oppfølging. Ved lette til moderate angstplager, kan PPT tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbod som helsesjukepleiar eller kommunal psykisk helseteneste. Ved mistanke om moderat til alvorleg angstliding bør ein samarbeide med fastlege om tilvising til BUP.

Evaluering av tiltak

Evaluering skjer saman med barnet/ungdommen, føresette, barnehage/skule og evnt. andre instansar. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov.

Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/undervisning, lagar barnehagen ein mål- og tiltaksplan og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane skal evaluerast/justerast i samarbeidsmøter i tråd med barnets/ungdommens utfordringar og utviklingsnivå.

Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehage/skule sikre barn og unge sine rettar etter barnehagelova og opplæringslova. PPT kan veilede barnehage/skulen når eit barn eller ungdom har behov for tilrettelegging i opplæringssituasjonen. PPT samarbeider ved skulehelsetenesta ved behov.

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle instansar er helsestasjon og skulehelsetenesta, psykisk helseteneste, spesialpedagog, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta, fastlegen og BUP.

Tilvising til behandling for angstplager

Ved lette til moderate angstplager skal PPT tilvise barnet/ungdommen til andre kommunale lavterskel tilbod for behandling. Avhengig av organisering i den enkelte kommune, kan aktuelle tenester vere psykisk helseteneste, kommunepsykolog eller familiesenter.

Ved mistanke om moderat til alvorleg angstliding, skal PPT initiere/bidra til tilvising til BUP. Psykolog i PPT har tilvisingsrett. Det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Det er anbefalt at PPT legg ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er prøvd i forkant av tilvising

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT) for videregåande skular

PPT for videregåande skular er ei hjelpeteneste for elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring. PPT tilbyr hjelp til personlege og sosiale vanskar, samt vanskar relatert til opplæringssituasjonen.

Kartlegging ved bekymring og angstplager

  • Anamnestiske opplysningar som bakgrunnshistorie, skulehistorie, somatisk-/psykehistorie, slektsbelastningar, rus, relasjonshistorie
  • Kartlegg aktuelt symptombilde (I kva situasjoner oppstår symptoma? Kva unngår eleven? Sikkerheitsåtferd)
  • Skjema som kan brukast i kartlegging av angst: BAI (Becks Anxiety Inventory) og SCL-90-r (Symptom Checklist – revised)
  • Kartlegge korleis angstsymptom verker på opplæringssituasjon og eventuelle lærevanskar
  • Opplysningar frå andre instansar kan hentast etter samtykke.

Ver merksam på om elevens vanskar kan skuldast andre faktorar som mangelfull omsorgssituasjon, traumer, utviklingsforstyrring, vald/overgrep eller lærevanskar.

Ved mistanke om at unngåingsåtferd heng saman med opplevde traumer, skal ein ikkje gå i gang med tiltak for angst før dette er avklart.  Ved mistanke om omsorgssvikt skal du sende bekymringsmelding til barnevernet.

Etter kartlegging og vurdering skal ein gjennomføre ei oppsummering med ungdommen og eventuelt føresette og bli einige om aktuelle tiltak. Ved oppstart skal det avklarast kva som skal vere målet for kontakten.

Tiltak ved symptom på angst

  • Psykoedukasjon til elev og føresette om kva angst er og kva som er hjelpsamt ved angst
  • Samtalar med eleven 
  • Eksponering for det som gir angst: fokus på å meistre angst
  • Rettleiing til lærarar og personell som jobbar tett med ungdommen (eksempelvis kontaktlærarkurs om angst). Fokus på dei arenaer eleven er på og at eleven har gode støttespelarar rundt seg

Evaluering av tiltak

Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med elev og eventuelt føresette, og i samarbeidsmøter med skule og aktuelle instansar. I starten av kontakten skal det avtalast når evaluering skal gjennomførast. 

Ved tiltak for angst er det venta å se betring hos eleven etter kort tid. Effekt av tiltak kan evaluerast ved å gjere ny screening av symptom (BAI eller SCL-90) eller bruke skjema for Klient- og resultatstyrt praksis (KOR) undervegs i samtalar. Dersom betring lar vente på seg eller symptoma blir verre, skal ein vurdere om det er behov for tilvising til BUP.

Samarbeid med andre instansar

PPT Vidaregåande samarbeider med skule, oppfølgingstenesta (OT), helsestasjon for ungdom, helsesøster, fastlege, BUP/DPS , habiliteringstenesta, barnevernstenesta, bedrifter og NAV.

Samarbeidet innber kontakt i samband med tilvising, deltaking i samarbeids-/ansvarsgruppe- og tilbakemeldingsmøter, samt vekevise møter på skulane. Dette for å sikre hjelpsamme tiltak og framgang.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg angstliding, og særleg ved redusert fungering i dagleglivet, skal behov for vidare tilvising til BUP vurderast raskt. Det same gjeld ved mistanke om traume eller anna alvorleg psykisk liding. Det er ønskeleg med eit samarbeid med BUP for å kunne gjere nytte av utgreiing/behandling inn i elevens skulekvardag. Psykolog i kommune/fylkeskommune har tilvisingsrett. Det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising.

Psykisk helseteneste

Kartlegging av bekyrmings og angstplager

Ved oppstart er det tilrådd med brei og generell kartlegging av barnet/ungdommen sine symptom, fungering og oppvekstforhold. Kartleggingsverktøy som kan brukast er ASEBA eller Firfot-modellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø. Opplysningar frå aktuelle instansar kan innhentast ved behov.

Ved mistanke om angst er det tilrådd med meir spesifikk kartlegging av:

  • Symptom på angst og i kva situasjonar symptoma oppstår
  • Korleis symptoma påverker barnets/ungdommens fungering på ulike arenaer (barnehage/skule, heim, fritid)
  • Kva situasjonar barnet/ungdommen unngår på grunn av angstsymptom

Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep, utviklingsforstyrring, lærevanskar eller fysisk sjukdom. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnet/ungdommen sin livssituasjon og familien si fungering i kartlegging av symptombildet. Ved mistanke om at barnet si åtferd heng saman med opplevde traumer, skal ein ikkje gå i gang med tiltak for angst før dette er avklart. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta. 

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein vurdere grad av alvor. Tommelfingerregel for denne vurderinga er barnets/ungdommen si fungering i barnehage/skule og evne til å delta i forventa, aldersadekvate aktivitetar. Ved tvil, eller ved mistanke om moderat til alvorleg angstliding, konsulter BUP før igangsetting av tiltak

Tiltak ved bekymrings og angstplager

Det skal lagast ein plan for tiltak i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Aktuelle tiltak:

  • Samtalar, råd og rettleiing til barnet/ungdommen der fokus er å styrke sjølvbilde, meistring og eigenomsorg
  • Meistringsverktøy som Psykologisk førstehjelp
  • Veiledning til føresette om kva som er hjelpsom foreldreåtferd når barn/ungdom har bekymring og angstplager, enten individuelt eller i gruppe. COS-P foreldrekurs kan være aktuelt for yngre barn med angst.
  • Enkle eksponeringsøvingar (evnt. under rettleiing frå kommunepsykolog eller BUP) der barnet/ungdommen øver seg i situasjoner dei helst vil unngå
  • Gruppetilbud til barn/ungdom dersom kommunen har slikt tilbod, eksempelvis manualbaserte program som «Mestringskatten», «CoolKids», «Friends», «Smart» og «Match»
  • Samarbeid med skole og føresette om støtte og tilrettelegging i skolekvardagen.

Evaluering av tiltak

Mål med evaluering er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er dei riktige tenestene som følgjer opp. Tiltak skal evaluerast jamnleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med involverte instansar. Evaluering skjer i tråd med kommunen sine retningslinjer, eksempelvis bruk av stafettlogg i BTI-kommunar. Ein kan og bruke KOR/FIT.

Etter tiltak for angstplager er det venta at ein ser betring etter kort tid. Avhengig av organisering i kommunen bør man konsultere kommunepsykolog eller fastlege dersom betring uteblir eller symptom blir forverra. 

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år.

Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere barnehage/skule, helsestasjon og skolehelsetjenesta, PPT, barnevernstenesta, fastlege og BUP. Psykisk helseteneste kan samarbeide med skolen og lærer når eleven har behov for å få tilrettelagt skulehverdagen. Ved utfordringar i opplæringssituasjonen eller stort skulefråver, bør PPT koplast på for rettleiing og vurdering.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om moderat til alvorleg angstliding, skal fastlege kontaktast for vurdering av vidare tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har tilvisingsrett til BUP, men det er tilrådd med somatisk vurdering hos fastlege før tilvising. Psykisk helseteneste kan legge ved ei skildring av kartlegging og tiltak som er utprøvd i forkant av tilvisinga.

Ergo- og fysioterapiteneste

Kartlegging bekymrings og angstplager

Generelt er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging av barnets/ungdommens symptom, funksjon og oppvekstforhold.

Ved angstproblematikk er følgande kartlegging tilrådd:

  • Barnets fungering på ulike arenaer og deltaking i organiserte aktivitetar 
  • Angstsymptom og i kva situasjonar angst oppstår. Om det er situasjonar eller personar barnet/ungdommen unngår grunna angst. NB! Motoriske vanskar kan bidra til at barnet/ungdommen ikkje kjenner meistring i aktivitet og derfor vegrar seg for å delta. Viktig å skille dette frå unngåingsåtferd ved angst (irrasjonell frykt)
  • Er avvik i motorisk utvikling ei primærvanske, eller kan det vere resultat av for eksempel angstproblematikk?

Ved mistanke om angstliding er det tilrådd å ta kontakt med helsesøster eller psykisk helseteneste for vidare kartlegging og vurdering av tiltak.

Ved kjent angstliding kan ein hente opplysningar frå utgreiing/behandling i BUP.

Ut frå tilgjengeleg informasjon og kartlegging skal det leggast ein plan for tiltak saman med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved bekymrings og angstplager

  • Styrke barn/ungdommen motorisk slik at dei kan oppleve meistring i staden for å unngå situasjonar
  • Rettleiie føresette, barnehage og skule i korleis ein kan lage gode opplegg for gym, fysisk aktivitet og andre aktivitetar slik at barnet/ungdommen kan delta og oppleve meistring.

Evaluering av tiltak

Evaluering av tiltak skjer fortløpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med andre instansar. BTI- kommunar brukar stafettlogg i evaluering.

Samarbeid med andre instansar

Ergo- og fysioterapitenesta er ein del av kommunens heilskaplege, førebyggande og helsefremmande arbeid. Tenesta samarbeidar med barnehage, skule, helsesøster, PPT, psykisk helseteneste og fastlege. Instansar utanfor kommunen kan vere habiliteringsteneste, barneavdeling og BUP.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom barnet/ungdommen har lette-moderate symptom på angst kan det få behandling hos helsesøster, psykisk helseteneste eller kommunepsykolog. Ved moderat til alvorlege angstlidingar skal fastlegen kontaktast for vurdering av tilvising til BUP. Psykolog i kommunen og barnevernstenesta kan også tilvise. Ergo- og fysioterapitenesta kan legge ved skildring av sin kontakt med barnet/ungdommen og dei vurderingar tenesta har gjort.

Barnevernsteneste

Barnevernet sin rolle er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deres helse og utvikling, får rett hjelp. Barn og unge som har kontakt med barnevernet har ofte ulike psykiske helseplager. Barnevernet er ikkje primær hjelpeteneste ved angstplager, men bør koplast inn viss ein mistenker at eit barn eller ungdom utviklar psykiske vanskar på grunn av forhold i omsorgssituasjonen. Viss barnevernet oppdager at eit barn eller ungdom som er i kontakt med barnevernat har angst eller bekymringsplage, skal barnetvernet tilvise barnet/ungdoemmen til behandling i kommune eller spesialisthelseteneste.

Kartlegging i barnevernstenesta

Ei barnevernssak startar med ei melding til barnevernstenesta. Barnevernstenesta skal snarast og seinast innan ei uke avklare om meldinga skal følgjes opp med ei undersøking eller om det ikkje er grunnlag for bekymring. Omfanget av undersøkinga og kva tiltak som er aktuelle, er avhengig av forholda i den enkelte sak. Undersøkinga skal ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Så raskt som mogleg, og innan tre månadar, skal det konkluderast med om det er grunnlag for å sette i gang tiltak, eller om saken skal avsluttast. Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, er det viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnets/ungdommens behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv.

Ved mistanke om bekymring og angstplager er nærare kartlegging av symptom tilrådd. Avhengig av organisering i kommunen, kan ein samarbeide med helsesjukepleiar, kommunepsykolog, familiesenter eller psykisk helseteneste om kartlegginga. Ver særleg merksam på at angstsymptom også kan vere teikn på mangelfull omsorgssituasjon/vald/overgrep. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnets situasjon, belastningar og familiens fungering i kartlegging av symptombildet.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal ein gjere ei vurdering av kor alvorlege symptoma er. Ved lette til moderate angstplager skal barnevernet tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbod som helsesjukepleiar eller kommunal psykisk helseteneste. Ved mistanke om moderat til alvorlege bør ein samarbeide med fastlege om tilvising til BUP.

Tiltak ved angstsymptom

Dersom barnevernstenesta konkluderer med igangsetting av tiltak, skal det lagast ein tiltaksplan saman med barnet/ungdommen og føresette med konkrete mål. Vanlege hjelpetiltak frå barnevernet kan vere med å støtte opp om behandlinga. Nokre eksempel på aktuelle tiltak frå barnevernet er:

  • Samtaler med barnet/ungdommen
  • Råd og rettleiing til føresette
  • Miljøarbeidar i heimen eller besøksheim
  • Støttekontakt/fritidskontakt

Barnevernstenesta har ofte ansvar for å koordinera det tverrfaglege arbeidet rundt barn eller ungdom som mottar tiltak frå barnevernet. Når fleire instansar er involvert, kan individuell plan (IP) vere eitt av tiltaka.

Evaluering av tiltak

Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg, minimum kvar tredje månad.
Evalueringa skal gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar.
I evaluering kan verktøy frå kommunens samhandlingsmodell bli nytta, eksempelvis stafettlogg i BTI kommunar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar kan tiltak skildrast i en felles plan, som individuell plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeider med dei instansane som til ein kvar tid er involvert i barnet/ungdommen og familien sin situasjon basert på samtykke (Barnevernloven §3.2). Aktuelle instansar kan vere barnehage/skule, helsestasjon, psykisk helseteneste/kommunepsykolog, PPT og BUP.

Ved lette-moderate angstplager skal barnevernet tilvise barnet/ungdommen til kommunale lavterskeltilbud for behandling. Avhengig av organisering i den enkelte kommune, kan aktuelle tenester være psykisk helseteneste, kommunepsykolog eller familiesenter. Ved mistanke om moderat-alvorleg angstliding bør tilvising til BUP vurderast.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Barnevernstenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men det er tilrådd at barnet blir undersøkt av fastlege først. Ein skal hente relevant informasjon frå andre kommunale instansar som vedlegg til tilvisinga.


Spesialisthelsetenesta

BUP

Psykisk helsevern for barn og unge skal utgreie, diagnostisere og behandle moderate til alvorlige angstlidingar. Barn og ungdom som får eit tilbod i BUP får denne hjelpa i pakkeforløp, som sett krav til innhold, framdrift, brukarmedvirkning og samhandling undervegs i forløpet.

Utgreiing

Ved oppstart av sak i BUP skal ein gjere ei basisutgreiing (PDF) som kartlegg barnet eller ungdommens vanskar og ressursar.  Utgreinga skal utformes i samråd med pasient og føresatte, med fokus på pasientens symptom, funksjon og psykososiale situasjon. Ut frå funn i basisutgreiing skal ein vurdere om det også er grunnlag for utvida utgreiing av vanskene, spesielt ved samansatte problemstillingar. 

Utgreiing kan innehalde:

  • Generelt screeningsskjema som ASEBA, SDQ eller DAWBA.
  • Traumekartlegging
  • Utviklingshistorie
  • Screeningskjema for angst: SCAS-C, CALIS, ADIS og BAI
  • KIDDIE-SADS eller deler av intervjuet.
  • Barnepsykiatrisk legeundersøking (BPU)
  • Kognitiv vurdering på indikasjon (ved f.eks høgt skulefraver eller lærevanskar)

Utgreiing skal oppsummerast og diagnose/komorbiditet drøftast i tverrfagleg team med legespesialist eller psykologspesialist. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om diagnose og tilrådde behandlingsalternativar, og ein utformar ein behandlingsplan i samarbeid med pasient og føresatte.  Utgreiingsrapport og behandlingsplan skal sendast fastlege/tilvisar og samarbeidande instansar etter samtykke.

Behandling

Behandlingstilbodet med best kunnskapsgrunnlag for barn og unge med moderat-alvorleg angstliding er psykoterapi basert på kognitiv atferdsterapi, der eksponering er ein sentral ingrediens. Behandling kan gis individuelt eller i gruppe, og behandlingseffekt styrkes når foreldre har ei aktiv og støttande rolle. Andre behandlingsformar kan være aktuelle der vanskane er sammensatte eller der pasienten ønsker det. 

Individretta behandlingstilbod vil ofte vil inkludere element som:

  • Opplæring til barnet/ungdommen og føresette om angst
  • Kognitiv restrukturering og skift av merksemdsfokus
  • Eksponering og atferdseksperiment

Gruppebaserte behandlingsprogram for angst er Friends eller CHILLED. Element i gruppebaserte behandlingsprogram vil vere lik som individretta. Behandling for tvangslidelser er organisert i eigne OCD-team i spesialisthelsetjenesten, som gir sitt tilbud i form av et særskilt pakkeforløp for OCD.

Medikamentell behandling kan vurderast ved behov og særleg dersom psykoterapi aleine ikkje gir effekt.

Der kartlegging har vist at barnet er eller har vore utsatt for belastningar i dagliglivet som har bidratt til angstplagene, vil en arbeide på systemnivå med foreldre og samarbeidspartnarar for å redusera disse belastningane

Effekt av behandling

Effekt skal evaluerast løpande i samtalar med barnet/ungdommen og føresette, og også jamleg i tverrfagleg team. Den første evalueringa skal skje etter 6 vekers behandling, og deretter med 12 vekers intervall. Ved manglande effekt av behandling skal ein vurdere endring av tilnærming eller avslutning.

Samarbeid

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar er særleg barnehage/skule, helsesjukepleiar, fastlege og psykisk helseteneste i kommunen.

Dersom eksponering og atferdseksperiment skal skje i barnehage/skule bør det vere tett samarbeid om plan for eksponering, og det bør tilbys veiledning til den som gjennomfører eksponeringa.

Dersom angsten fører til funksjonsfall og høgt fråver må det samarbeidast om tilrettelegging i ein periode. Tilrettelegginga må skje i samsvar med behandlingsplan.

Avslutning

Ved avslutning i BUP skal epikrise sendast til fastlege/tilvisar med tydeleg tilråding om vidare tiltak i kommunen. Ved medikamentell behandling skal medikamentnotat leggast ved i epikrise for oppfølging hos fastlege.

Kommentarar?

Send oss ein e-post

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.