Bekymring for barn 0-3 år

Samhandlingsforløp for barn 0-3 år går på tvers av kommune og spesialisthelseteneste. Her finn du informasjon om korleis dei ulike tenestene arbeider ved bekymring for små barn si psykiske helse.

​Fastlege

Fastlege

Kartlegging

Ved bekymring for barn 0-3 år kartlegg fastlegen både ved undersøking av barnet og samtale med føresette.

Kartlegging av barnet:

  • Somatisk status (syn, høyrsel, lengde og vekt. Blodprøvar ved indikasjon)
  • Symptom og funksjon. Ver særleg merksam på teikn som:
    • Alvorleg sosial tilbaketrekking over tid, bruk eks. ADBB (alarm distress baby scale) i alderen 2 månadar til 2 år
    • Gjennomgripande utviklingsforstyrring (autisme)
    • Reguleringsforstyrringar (mat, søvn, kontakt, sensoriske utfordringar, uro)
    • Medisinske tilstandar og sjukdommar hos barnet som påverkar psykososial utvikling hos barnet
  • Kontakt og samspel med omsorgspersonar 
  • Innhent informasjon frå helsestasjonen om barnet si utvikling

Kartlegging gjennom foreldre:

  • Føresette sine bekymringar for barnet
  • Relasjon og eventuelt samspelsvanskar mellom føresette og barnet
  • Traumer eller belastningar i barnet sitt psykososiale miljø
  • Føresette sin situasjon og fysiske helseplager som påverkar barnet
  • Føresette sin bruk av alkohol, for eksempel ved hjelp av Tweak eller Audit
  • Psykiske helseplager hos føresette, for eksempel ved bruk av MADRS og/eller EPDS (Edinburgh Postnatal Depression Scale)

Tiltak som kan kan vere aktuelle er:

  • Tilvise føresette til psykisk helseteneste i kommunen, DPS eller til A-senteret ved rusproblem
  • Tilvise barnet og føresette til Familieambulatoriet
  • Omsorgspenger og pleiepenger
  • Vurdere vidare tilvising av barnet til aktuelle kommunale instansar eller spesialisthelseteneste
  • Samarbeid med føresette og helsestasjon om tiltak i påvente av behandlingstilbod i spesialisthelsetenesta

Evaluering av tiltak
Når tiltak blir sett i verk av fastlege er det tilrådd med oppfølgingstime for evaluering av effekt. Dette kan gjerne gjerast saman med føresette eller i møter med samarbeidande instansar.  

Samarbeid med andre instansar

Fastlegen samarbeider oftastt med helsestasjonen. Andre aktuelle samarbeidspartnarar er psykisk helseteneste i kommunen, BUP, habiliteringsteneste og barneavdelinga. 

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Tilvising til BUP skal innehalde (Henvisningsskjema BUP):

  • Beskriving av pasienten sine symptom og funksjon
  • Tilvisar si vurdering av barnet
  • Somatisk status (syn, høyrsel, jernstatus, vitamin B12, stoffskifte og nyrefunksjon)
  • Beskriving av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Komparentopplysningar
  • Tiltak som er prøvd ut i førstelinjetenesta
  • For å sikre god overføring, oppgi samarbeidande instansar før tilvising med navn og telefonnummer
  • Legg ved informasjon frå relevant kartlegging (eksempelvis helsestasjon, PPT, barnevern, sjukehus)

Ved usikkerheit om barnet sine vanskar kjem frå fysiske eller psykiske årsaker, skal barnet visast til barneavdelinga for somatisk avklaring.

Ved spørsmål om medisinske tilstandar eller utviklingsmessige avvik skal tilvising sendast til barneavdeling eller habiliteringstenesta.


Kommune

Helsestasjon og skulehelseteneste

Kartlegging

Helsesøster kartlegg symptom og utvikling gjennom observasjon av barnet, samtalar med føresette og eventuelt barnehage. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen kan helsesøster bruke generelle kartleggingsverktøy som

  • Firfotmodellen (kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø
  • Ages and Stages Questionnaire – Social/Emotional Scale (ASQ-SE)

Ved bekymring for barnet si utvikling og psykiske helse er det tilrådd at symptom blir nærare kartlagt. Små barn kan vise tilsynelatande små symptom, men likevel vere i risiko for skeivutvikling. Du skal derfor ha låg terskel for bekymring. Kartlegginga kan utførast i samarbeid med PPT og psykisk helseteneste og kan innehalde:

Ver særleg merksam på symptom som:

  • Sosial tilbaketrekning over tid
  • Teikn på gjennomgripande utviklingsforstyrring (eksempelvis autisme)
  • Reguleringsforstyrringar hos barnet (mat, søvn, kontakt, uro)
  • Tydelege samspelsvanskar
  • Medisinske tilstandar og sjukdommar som påverker barnet si kjenslemessige utvikling og samspel med føresette
  • Traumeerfaringar, herunder både omsorgstraumer og enkeltståande traumer (PTSD)

Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar tas direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Dersom barnet viser tap av ferdigheiter eller det er mistanke om alvorleg sjukdom eller forstyrring, skal det sendast direkte tilvising til spesialisthelsetenesta via fastlege eller psykolog i kommunen.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det leggast ein plan for vidare tiltak saman med føresette.

Tiltak ved bekymring for barn 0-3 år kan vere:

Evaluering av tiltak
Evaluering av tiltak skjer fortløpande i samtalar med føresette og i samarbeidsmøter rundt barnet. Ved manglande utvikling/endring hos barnet eller forverring av symptom, skal vidare tilvising vurderast (sjå asvnitt om tilvising). I BTI-kommunar skal stafettlogg brukast i evaluering av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Helsestasjonen samarbeidar med dei instansane som er involverte i barnet og familien sin situasjon til eikvar tid. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere barnehage, fastlege, psykisk helseteneste, kommunepsykolog, PPT, barnevern, ergo - og fysioterapiteneste og spesialisthelsetenesta.

Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta bør helsesøster vere ein del av samarbeidsgruppa rundt barnet og haldast orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved alvorleg bekymring for små barn si utvikling og psykiske helse skal tilvising sendast til BUP. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og gir grunnlag for tilvising til BUP.

Fastlege er den som oftast tilviser til spesialisthelsetenesta. Psykolog i kommunen og barnevernstenesta kan også tilvise. Helsesøster kan legge ved informasjon om kartlegging og utprøvde tiltak.

Ved spørsmål om medisinske tilstandar eller utviklingsmessige avvik går tilvising til barneavdelinga eller HABU gjennom fastlege.

Barnehage

Kartlegging av bekymring for barn 0-3 år

Små barn kan vise tilsynelatande små symptom – men likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Teikn som kan gi grunnlag for bekymring er:

  • Sosial tilbaketrekking over tid
  • Forseinka utvikling (språk, sosial kommunikasjon, motorikk) 
  • Samspelsvanskar
  • Reguleringsvanskar (mat, uro, søvn, følelsar)

Ved bekymring for barn i aldersgruppa 0-3 år skal undringssamtale med føresette gjennomførast så raskt som mogleg (innan 4 veker). Barnehagepersonellet beskriv kva dei har observert og spør føresette om beskrivinga stemmer med korleis dei opplever barnet heime. I samtalen ber ein om samtykke til nærare kartlegging av barnet. Kartlegginga kan innehalde:  

Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet. 

Etter kartlegging skal ny samtale med føresette gjennomførast der ein oppsummerer observasjonar og drøfter aktuelle tiltak.

Aktuelle tiltak:

  • Bli einige om tiltak i barnehage og heim
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal det lagast ein mål- og tiltaksplan
  • Samtalar med føresette ved behov
  • Tilrettelegging rundt barnet ut frå behov
  • Etablere samarbeid med aktuelle kommunale instansar etter samtykke frå føresette

Små barn med vanskar er særleg sensitive for overgangar og det er derfor svært viktig å sikre desse.

Evaluering av tiltak
Tiltak evaluerast fortløpande i samtalar med føresette, i samarbeidsmøter i barnehagen og eventuelt i ansvarsgruppemøter med andre instansar. I BTI-kommunar blir stafettlogg brukt i evaluering av tiltak.

Dersom tiltak rundt barnet ikkje gir tilfredsstillande effekt, kan barnehagen tilvise barnet til andre kommunale instansar som PPT eller psykisk helseteneste i samarbeid med føresette. Ved usikkerheit kan saka drøftast i barnehagen sine samarbeidsmøter med PPT før tilvising.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er helsestasjon, PPT, psykisk helseteneste i kommunen, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernstenesta, fastlege, BUP og habiliteringstenesta.

Ved bekymring for barnet si psykiske helse, er det fastlege, psykolog i kommunen eller barnevernstenesta som vurderer om det er behov for tilvising til spesialisthelsetenesta (BUP, barneavdeling eller habiliteringstenesta). Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta kan barnehagen involverast i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Kartlegging

Når PPT startar opp ei sak gjer dei først ei generell kartlegging. Denne kan innehalde: 

  • Samtale med føresette
  • Innhenting av barnet si utviklingshistorie og opplysningar frå helsestasjon
  • Observasjon av leik og samspel 
  • Utviklingsvurdering ved bruk av standardiserte instrument, eksempelvis Bayley III
  • Kartlegging av barnet sitt emosjonelle utviklingsnivå, eksempelvis ASQ-SE
  • Kartlegging av milepælsutvikling, eksempelvis ASQ
  • Kartlegging av atferd og symptom, eksempelvis ASEBA

Ved bekymring for små barn si utvikling og psykiske helse er det tilrådd at symptom blir nærare kartlagte. Små barn kan vise tilsynelatande små symptom – men likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Avhengig av organisering i kommunen, kan einn samarbeide med psykisk helseteneste, helsestasjon eller fastlege om kartlegging.

Symptom som gir grunn for bekymring:

  • Sosial tilbaketrekking over tid
  • Kommunikasjonsvanskar
  • Reguleringsforstyrringa hos barnet (mat, søvn, kontakt, uro)
  • Tydelige samspelsvanskar
  • Psykisk sjukdom og/eller rusmisbruk hos føresette
  • Traumeerfaringar, herunder både omsorgstraumer og enkeltståande traumer (PTSD)

Der lova krev det, skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.

Ved mistanke om vald, overgrep eller omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendat til barnevernet. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Ved kjent tilstandsbilde hos barnet kan det hentast relevante opplysningar frå aktuelle tenester i kommune eller spesialisthelseteneste.

Etter kartlegging og vurdering blir det gjort ei oppsummering med føresette og ein blir einige om aktuelle tiltak.

Tiltak frå PPT kan vere:

  • Rettleiing til føresette om opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til barnehage på individ- og systemnivå 
  • Spesialpedagogisk hjelp heime eller i barnehage, i tråd med barnehageloven og etter vedtak

Evaluering av tiltak
Ved rett til spesialpedagogisk hjelp lagar barnehagen ein mål- og tiltaksplan. Planen skal evaluerast/justerast i samarbeidsmøter i tråd med barnet sine utfordringar og utviklingsnivå. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage ved behov. Dersom barnet ikkje går i barnehage skal tiltak evaluerast med føresette. I BTI-kommunar blir stafettlogg brukt i evaluering av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehagen bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skolestart/kommunar) og vere med å sikre barn sine rettar etter barnehageloven. PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette. Aktuelle instansar er ergo- og fysioterapitenesta, helsestasjon, psykisk helseteneste, spesialpedagog, barnevernstenesta, fastlegen, Stat-Ped, habiliteringstenesta og BUP.

Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta er det tilrådd at PPT kan vere ein del av samarbeidsgruppa rundt barnet og haldast orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

PPT kan initiere eller bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Psykolog i kommunen har sjølvstendig tilvisingsrett, men det er tilrådd at fastlegen gjer ei somatisk vurdering før tilvising. PPT legg ved relevant informasjon frå eiga kartlegging og oversikt over gjennomførte tiltak.

Psykisk helseteneste i kommunen

Psykisk helsearbeid for barn og unge er eit lovpålagt ansvar for kommunen og involverer alle kommunale tenester som er i kontakt med barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge. I andre kommunar ligg ansvaret under helsestasjon og skulehelsetenesta og/eller kommunepsykolog.

Kartlegging av bekymring for barn 0-3 år

Det er tilrådd med brei og generell kartlegging av barnet sine symptom, funksjon, samspel med føresette og oppvekstforhold. Kartleggingsverktøy som kan nyttast er:

  • ASEBA (foreldre og barnehage, Firfotmodellen (kartlegg symptom, utvikling, personlege eigenskaper og oppvekstmiljø)
  • Ages and Stages Questionnaire (ASQ)
  • Ages and Stages Questionnaire - Social/Emotional Scale (ASQ-SE).

Informasjon frå andre instansar kan hentast ved behov.

Ved bekymring for små barn si utvikling og psykiske helse er det tilrådd at symptom blir nærare kartlagt. Små barn kan vise tilsynelatande små symptom, men likevel vere i risiko for skeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Kartlegginga kan gjerast i samarbeid med helsesøster og kan innehalde:

  • Observasjon av barnet saman med føresette, Newborn Behavioural Observation (NBO) for barn 0-3 månadar
  • Kartlegging av barnet si utvikling ved for eksempel Mullen eller Bayley
  • Kartlegging av sosial tilbaketrekking ved Alarm Distressed Baby Scale (ADBB) 
  • Innhenting av relevante opplysningar frå helsestasjonen
  • Vurdering av samspel barn-føresette
  • Vurdering av foreldrefunksjon med tanke på depressive plager (Edinburgh Postnatal Depression Scale) eller rus (Tweak)

Ver særleg merksam på symptom som:

  • Sosial tilbaketrekking over tid
  • Teikn på gjennomgripande utviklingsforstyrring (for eksempel autisme) 
  • Reguleringsforstyrringar hos barnet (mat, søvn, kontakt, uro)
  • Tydelege samspelsvanskar
  • Medisinske tilstandar og sjukdommar som påverkar barnet si kjenslemessige utvikling og samspel med føresette
  • Traumeerfaringar, både omsorgstraumer og enkeltståande traumer (PTSD)

Dersom barnet viser tap av ferdigheiter eller det er mistanke om alvorleg sjukdom eller forstyrring, skal direkte tilvising sendast til spesialisthelsetenesta via fastlege  eller psykolog i kommunen. Ved mistanke om omsorgssvikt/vald/overgrep skal bekymringsmelding sendast til barnevernstenesta. Ved mistanke om pågåande vald/overgrep i nære relasjonar skal ein ta direkte kontakt med barnevern eller politi utan å informere føresette.

Ved kjent tilstandsbilde hos barnet kan ein hente opplysningar frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det gjerast ei vurdering av alvorlegheit av symptom og det skal lagast ein plan for tiltak i samarbeid med føresette.

Aktuelle tiltak kan vere:

  • Opplæring til føresette om det konkrete tilstandsbildet, eksempelvis spisevanskar, reguleringsvanskar, samspelsvanskar, søvnvanskar
  • Rettleiing til føresette med utgangspunkt i observasjonar frå NBO
  • Programbasert foreldrerettleiing med fokus på tilknytting og samspel, eksempelvis Circle of Security (COS) eller Marte Meo
  • Rettleiing til barnehage i samarbeid med PPT.

Evaluering av tiltak
Mål med evaluering er å sikre at barnet får hjelp som er nyttig og verksam, og at dei riktige tenester følgjer opp. Tiltak og effekt av desse skal jamleg evaluerast saman med føresette og i samarbeidsmøter med aktuelle instansar. I BTI-kommunar blir stafettlogg brukt i evaluering av tiltak.

Ved manglande utvikling/endring eller forverring av symptom, skal vidare tilvising vurderast (sjå under "Tilvising").

Samarbeid med andre instansar

Ved oppstart skal det avklarast om familien har kontakt med eller om barnet er tilvist andre instanser. Det skal innhentast samtykke til samarbeid med desse.
Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage, helsestasjon, PPT, barnevern, familievern, fastlege og ergo- og fysioterapitenesta. Psykisk helseteneste kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet dersom det er vurdert formålstenleg.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved alvorleg bekymring for små barn si utvikling og  psykiske helse skal tilvising sendast til BUP. Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekking over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og gir grunnlag for tilvising til BUP. Psykolog i kommunen har sjølvstendig tilvisingsrett, men det er tilrådd at fastlegen gjør ei somatisk vurdering før tilvising. Ved bekymring for utviklingsmessige avvik eller medisinske tilstandar sender fastlege tilvisinga til barneavdeling eller HABU.

Ergo- og fysioterapiteneste

Kartlegging

Kartlegging er basert på samtalar med føresette og barnehage og observasjonar av barnet. Ved bekymring for barn i alder 0-3 år kan aktuell kartlegging vere:

  • Sosial fungering
  • Samspel mellom barn og føresette
  • Motorisk utvikling
  • Syn og høyrsel
  • Bevegelsesmønster
  • Leikeferdigheiter
  • Funksjon i daglege gjeremål som måltid og påkledning.

Ut frå kartlegging og innhenta informasjon blir det laga ein plan for tilrettelegging av omgjevnadar og tiltak for å betre motorisk fungering/bevegelse i samarbeid med føresette.

Tiltak

Tiltak kan utførast heime hos barnet, i barnehage eller i tenesta sine lokaler. Aktuelle tiltak kan vere:

  • Rettleie føresetet og aktuelle instansar rundt barnet i tilrettelegging av fysisk aktivitet slik at barnet kan delta og meistre
  • Trene/legge til rette for sjølvstende og utvikling i daglege aktivitetar som måltid og påkledning.
  • Trening med tanke på motoriske vanskar
  • Gi råd om kompenserande tiltak med tanke på eventuelle grov- og finmotoriske vanskar            
  • Ergoterapeut kan rettleie i bruk av og søknad om tekniske hjelpemidlar med tanke på vanskar med struktur og tidsforståing, og andre enklare tiltak

Evaluering av tiltak
Evaluering av tiltak skjer løpande i samtalar med føresette og i samarbeidsmøter med andre instansar som for eksempel barnehage eller helsesøster. BTI-kommunar bruker stafettlogg i evaluering av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

Ergo- og fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt heilskaplege, førebyggande og helsefremmande arbeid. Tenesta samarbeider med barnehagen, helsesøster, PPT, fastlege, habiliteringstenesta, barneavdeling og BUP. Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved bekymring for barnets utvikling kan tenesta tilvise barnet til PPT for testing/kartlegging.

Ved behov for tilvising til spesialisthelsetenesta er det oftast fastlegen som gjer dette. Psykolog i kommunen og barnevernstenesta kan også tilvise. Tenesta kan legge ved relevant informasjon om kartlegging/tiltak.

Barnevernstenesta

Kartlegging

Barnevernstenesta skal snarast og innan éi veke gjennomgå innkomne meldingar og vurdere om meldinga skal følgast opp med undersøking (§4-3). Undersøkinga skal ikkje gjerast meir omfattande enn nødvendig og skjer i samarbeid med føresette. For barn i alder 0-3 år kan ei undersøking innehalde:

  • Samtale med føresette
  • Innhente informasjon frå andre instansar
  • Vurdere samspel barn - føresette
  • Observere barnet i barnehage og heime
  • Kartlegge nettverk
  • Kartlegge mogleg vald og overgrep.

I kartlegging bruker ein ulike verktøy, eksempelvis deler av Kvello-malen som er aldersovergripande og systematiserer risiko- og beskyttelsesfaktorar.

Ved bekymring for små barns utvikling og psykiske helse er det tilrådd å kartlegge symptom nærmare. Små barn kan vise tilsynelatande små symptom og likevel vere i risiko for skjeivutvikling. Ein skal derfor ha låg terskel for bekymring. Avhengig av organisering i kommunen, kan ein samarbeide med fastlege, helsestasjon, kommunepsykolog eller psykisk helseteneste om kartlegging.

Ver særleg merksam på:

  • Sosial tilbaketrekking over tid.
  • Reguleringsforstyrringar hos barnet (mat, søvn, kontakt, uro)
  • Tydelege samspelsvanskar
  • Psykisk sykdom og/eller rusmisbruk hos føresette
  • Traumeerfaringar, herunder både omsorgstraumer og enkeltståande traumer (PTSD).

Ved mistanke om vald/overgrep skal ein vurdere om ein skal melde frå til politiet og det skal sikrast at barnet ikkje bor saman med mogleg valds-/overgrepsutøvar.

Ved kjent tilstandsbilde hos barnet, hentar ein opplysningar frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta og/eller relevante kommunale instansar.

Undersøkingar blir avslutta med ein konklusjon. Dersom barnevernstenesa konkluderer med igangsetting av tiltak, skal det lagast ein tiltaksplan saman med føresette der det blir sett opp konkrete mål.

Tiltak

Tiltak frå barnevernet kan vere kompenserande og/eller omsorgsendrande. Det er viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnets behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv.

Eksempler på tiltak for familiea med barn i alder 0-3 år kan vere:

  • Rettleiing av føresette (Marte Meo, Circle Of Security (COS))
  • Familierettleiing
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Støttepersonar/avlastning
  • Barnehageplass
  • Opphald ved foreldre-barn senter (for eksempel Solstrand)  for å styrke samspel og foreldreferdigheiter.
  • Plassering av barn i beredskapsheim/fosterheim
  • I omfattande og komplekse saker kan Individuell Plan (IP) vere eitt av tiltaka.

Evaluering av tiltak
Tiltaksplanen skal evaluerast jamleg og minimum kvar tredje månad. Evalueringa skal gjerast saman med føresette og med samarbeideade instansar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar kan tiltak skildrast i felles plan som for eksempel stafettlogg eller Individuell Plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernstenesta samarbeider med dei instansane som til eikvar tid er involvert i familien sin situasjon, basert på samtykke (Barnevernloven § 3.2).

Tilvising til spesialisthelsetensta

Barn i alderen 0-3 år som viser symptom på  bekymringsfull utvikling og psykiske vanskar kan tilvisast til BUP (tilvisingsskjema BUP).

Ver særleg merksam på at sosial tilbaketrekkingsatferd over tid er eit alvorleg symptom hos små barn og gir grunnlag for tilvising til BUP.
Barnevernstenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men det er tilrådd at barnet blir undersøkt av fastlege før tilvising. Ved utgreiing/behandling i BUP er det tilrådd at barnevernet deltar både ved oppstart, undervegs i behandlingsforløp og ved avslutting.

Barn av føresette med psykiske lidingar og/eller rusavhengigheit er i risiko for utvikling av psykiske vanskar. Familieambulatoriet er eit lågterskeltilbud for føresette og små barn i denne målgruppa.


Spesialisthelsetenesta

BUP

Utgreiing

Ved oppstart av sak i BUP skal det alltid gjerast ei basisutgreiing (PDF). Ut fra funn i basisutgreiinga skal ein vurdere om det er grunnlag for vidare utgreiing. Ved bekymring for barn 0-3 år er følgjande tilrådd:

  • Barnepsykiatrisk undersøking (BPU)
  • Supplerande medisinske undersøkingar ut frå indikasjon
  • Kognitiv vurdering/utviklingsvurdering (Bayley, Mullen, WPPSI, Wechsler Non Verbal)
  • Vurdering av samspel og tilknytting (PCERA, MIM, Crowell)
  • Kartlegging av symptom på spesifikke tilstandsbilder, eksempelvis autisme, depresjon, reguleringsvanskar, tilknytningsforstyrringar, traume og spisevanskar.

Ved spesielt samansett og komplekst symptombilde eller lang reiseveg for familien kan deler av utgreiinga gjennomførast over 2 dagar i lokala til sped- og småbarnsteamet BUP Haugesund. BUP-ane samarbeider om dette ved behov.

Tverrfagleg team oppsummerer utgreiinga og vurderer diagnose/komorbiditet. For barn alder 0-3 år blir rettleiar DC: 0-3 brukt i tillegg til ICD-10. Føresette og samarbeidande instansar får tilbakemelding om diagnose og tilrådd behandling, og ein blir einige om ein behandlingsplan. Utgreiingsrapport blir sendt fastlege/tilvisar og samarbeidande instansar etter samtykke.

Behandling

Behandling for barn i denne aldersgruppa vil alltid involvere føresette og nokre behandlingstilbud blir også kun gitt til føresette. Moglege behandlingstilbod kan vere: 

  • Psykoedukasjon etter tilstandsbilde, eksempelvis spesifikk rettleiing ved reguleringsvanskar
  • Programbasert foreldrerettleiingsprogram som blir gitt individuelt eller i gruppe, for eksempel DUÅ, COS-P eller Marte Meo 
  • Individuelt tilpassa samspelsrettleiing
  • Traumeretta behandlingsformer som for eksempel EMDR og Child Parent Psychoterapy 
  • Barnepsykoterapi
  • Rettleiing til kommunale instansar etter avtale (barnehage, PPT, barnevern)

Mellomrapport blir sendt fastlege/tilvisar etter 3 månader.

Samarbeid

Ved behov for medisinsk utgreiing blir barnet tilvist til barneavdeling.

Ved mistanke om cerebral rusrelatert skade hos barnet, ulike genetiske tilstandar/syndrom/avvik, psykisk utviklingshemming, muskelsjukdomar kan barnet tilvisast til barnehabilitering for vidare oppfølging.

Ved bekymring for føresette si psykiske helse kan BUP initiere tivising til DPS eller psykisk helseteneste i kommunen, eventuelt via fastlege.

Avslutting

Ved avslutting i BUP blir kontakten med føresette og samarbeidande instansar oppsummert. Epikrise til fastlege/tilvisar skal innehalde informasjon om spesifiserte tilstandar og forhold som kan vere uavklarte, samt informasjon om kva som bør eller kan føre til re-tilvising for dette barnet.

Habiliteringstenesta

Utgreiing kan innehalde:

  • Oppstartsamtale/forundersøking med føresette og aktuelle instansar rundt barnet (eksempelvis PPT, barnehage,helsestasjon og eventuelt fastlege). Samtalen inkluderer utviklingshistorie/anamneseopptak
  • Observasjon i nærmiljø (heime eller barnehagen)
  • Undersøking ved poliklinikk av lege, ergoterapeut og fysioterapeut
  • Kognitiv kartlegging ved psykolog/nevropsykolog (WPPSI, Bayley)
  • Kartlegging av adaptive ferdigheiter (PEDI, Vineland)
  • Tilbakemelding av kartlegging til føresette og aktuelle fagpersonar i PPT og barnehage.  Vidare tiltak blir drøfta og avtalt.

Rapport etter tverrfagleg utgreiing blir sendt føresette, fastlege og eventuelt PPT (også andre instansar etter avtale med foreldre). Det blir laga ein plan for tiltak.

Behandling

Tiltak frå habiliteringstenesta kan vere:

  • Psykoedukasjon til barnets nettverk
  • Rettleiing til føresette
  • Rettleiing til kommunen
  • Early Intensive Behaviour Intervention (EIBI)
  • PRT
  • Tilvising til oppfølging av ergoterapeut og fysioterapeut i kommunen
  • Oppfølging i poliklinikk (vidare utgreiing, kontrollar og medisinske tiltak)

Plan for oppfølging blir sendt føresette og tilvisar/fastlege/PPT og eventuelt barnehage etter samtykke frå føresette.

Samarbeid

HABU tilviser til BUP ved mistanke om autismespekterforstyrring, ADHD, tilknytningsforstyrringe og andre psykiske tilstandsbilder. Ved behov for ulike medisinske utgreiingar (for eksempel blodprøvar, MR, EEG, EKG) tilviser HABU internt i medisinsk klinikk.

Avslutting

Oppsummeringsmøter med foreldre og instansar/tilvisar. Eventuell tilvising til andre kommunale instansar ved behov. Rapport blir sendt til føresette, fastlege/PPT og andre involverte tenester etter avtale med føresette.

DPS

Utgreiing

I innledande kontakt med pasienten skal ein kartlegge barn som pårørende. Kartlegginga har fokus på barnets situasjon som pårørande og skal dokumenterast i føresette sin journal.

Behandling

I denne fasen tilbyr ein:

  • Barnesamtale og/eller familiesamtale
  • Råd og rettleiing til føresette om korleis dei best kan ivareta sine barn 
  • Gi råd om korleis dei kan gå fram viss dei er bekymra for barnet
  • Dersom føresett er innlagt på sengepost, blir det lagt til rette for besøk av barnet under innlegginga.

Evaluering av tiltak
Vurdering av korleis pasienten klarer å ivareta sine plikter og ansvar som omsorgsperson skal gjerast fortløpande under behandling. Ein skal kontinuerleg følgje opp barnefokuset. Ved bekymring for at barnet ikkje får nødvendig omsorg kan det vere aktuelt å drøfte saka med barnevernstenesta anonymt, eventuelt sende bekymringsmelding til barnevernet.

Samarbeid

Dersom barnet har behov for oppfølging, kan føresette få hjelp til å komme i kontakt med instansar som Familieambulatoriet, sped- og småbarnsteamet på BUP og Haugaland A-senter ved familieposten. Føresette sjølv oppsøker fastlege for tilvising. DPS kan opprette kontakt eller tilvise barnet direkte, og i barnets namn.

Avslutting

Før avslutting av behandlingskontakten med føresette skal ein:

  • Gjere ny kartlegging av barn som pårørande 
  • Vurdere om det skal/bør intervenerast ytterlegare overfor barna ut frå foreldrefungering og behandlingseffekten på forelderen sin tilstand.

Det kan også vere aktuelt å tilrå tiltak i kommunen når kontakten med føresette blir avslutta, samt gi informasjon til dei instansane som arbeider rundt barna, som for eksempel helsestasjonen.

Familieambulatoriet

Kartlegging ved bekymring for barn 0-3 år

  • Inntakssamtale
  • Innhenting av samtykke til samarbeid med andre instansar
  • Kartlegging av barnets utviklingshistorie
  • Kartlegging av ønsker og behov i oppfølginga frå Familieambulatoriet
  • Barneundersøkingar v/barnelege og psykolog etter oppsett intervall
  • Vurderingar av barnet ved bruk av Alarm Distress Baby Scale (ADBB) og Newborn Behavioral Observation (NBO).

Behandling

Tilbodet blir tilpassa den enkelte familie sine behov og ønsker. Føresette kan følgast opp individuelt eller som par. Tiltak kan vere:

  • Støttesamtalar
  • Rettleiing og hjelp til å få kontakt med andre hjelpeinstansar
  • Rettleiing knytt til barns behov og utvikling
  • Følgesvenn til andre instansar
  • Circle of Security Parenting (COS-P)

Informasjonsskriv om oppfølging i Familieambulatoriet skal leggast i mors fødejournal.

Samarbeid

Informasjon om oppfølging blir sendt til fastlege. Helsestasjonen blir informert når barnet er fødd. Rapport frå oppfølgande barneundersøking skal sendast fastlege og helsestasjon etter kvar undersøking med samtykke frå føresette.

Familieambulatoret samarbeider med dei instansane som er rundt familien. Ofte samarbeidar ein med fødeavdelinga, fastlege, helsestasjonen. Ein kan delta i ansvarsgrupper og ved koordinering av tverrfagleg samarbeid.

Familieambulatoriet kan ved behov tilvise barnet til utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Familieambulatoriet  er underlagt helsepersonells meldeplikt jfr. § 33 i Helsepersonelloven. Ut over dette blir brukarar motivert til kontakt med barnevernet når det blir vurdert som nyttig og hensiktsmessig for familien.

Avslutting

Brev blir sendt til fastlege og helsestasjon med informasjon om kven som har vidare kontakt/oppfølging med brukar. Familieambulatoriet tar direkte kontakt med helsestasjon og andre aktuelle instansar med informasjon om avslutta oppfølging.

Kommentarar?

Send oss ein e-post

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.