Autismespekterforstyrring hos barn og unge

Samhandlingsforløp for autismespekterforstyrringar hos barn og unge går på tvers av kommune og spesialisthelseteneste. Her finn du informasjon om korleis dei ulike tenestene arbeidar med tilstandsbildet.

Fastlege

Kartlegging ved mistanke om autismespekterforstyrring:

  • Aktuelle symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Somatisk status og somatisk historie
  • Vurdering av syn, høyrsel, språk og motorikk
  • Utviklingshistorie og eventuelle utviklingsforstyrringar
  • Komorbide psykiske tilstandar
  • Psykososialt miljø rundt barnet/ungdommen og belastningar
  • Familieanamnese
  • Innhente opplysningar om kartlegging/observasjon og tiltak i
    kommunale tenester

Tiltak ved vanskar i autismespekteret

Ved mistanke om autismespekterforstyrring bør det etablerast kontakt med PPT for vidare kartlegging og tiltak. Fastlege er ofte den som viser til BUP for utgreiing.

Ved avklart diagnose bør fastlege delta på nødvendige samarbeidsmøter/ansvarsgruppemøter. Fastlege er ofte den som viser til habiliteringstenesta ved behov for oppfølging.

Evaluering av tiltak
Tiltak skal jamleg evaluerast pasient, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar i kommunen og spesialisthelsetenesta, ofte gjennom faste ansvarsgruppemøter.

Samarbeid med andre instansar

Det er tilrådd å ha oversikt over kommunen sine hjelpetiltak. Aktuelle samarbeidspartnarar kan vere helsesøster, barnehage, skule, psykisk helseteneste i kommunen, PPT, BUP og habiliteringsteneste. 

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om autismespekterforstyrring skal tilvising sendast BUP (Henvisningsskjema BUP). Tilvising bør innehalde informasjon om:

  • Aktuelle symptom - type, omfang og verknad på funksjon i kvardagen (familie, barnehage/skule, fritid)
  • Somatisk status og historie (syn, høyrsel, språk og motorikk)
  • Utviklingshistorie og eventuelle utviklingsforstyrringar
  • Beskriving av det psykososiale miljøet rundt pasienten
  • Familieanamnese
  • Beskriving av kartlegging og tiltak som er prøvd ut i førstelinetenesta
  • Aktuelle rapportar frå helsestasjon, PPT og psykisk helseteneste skal leggast ved
  • Oversikt over samarbeidande instansar med namn og telefonnummer for å sikre god overføring.

Ved avklart autismespekterforstyrring og behov for oppfølging skal tilvising sendast HABU. Tilvising bør innehalde:

  • Utgreiing av den konkrete problemstilling det blir tilvist for (tiltak overfor barnet/ungdommen i heimen, rettleiing til føresette, rettleiing til kommunale instansar).
  • Kartleggingar som er gjort
  • Beskriving av utprøvde tiltak og resultat av desse
  • Dersom føresette ønsker at kommunale instansar skal få rettleiing av HABU må dette først drøftast med kommunen, og deretter skal tilvising sendast frå fastlege og den aktuelle kommunale instans, som oftast PPT

Ved avklart diagnose i autismespekteret og behov for utgreiing/behandling for komorbide psykiske lidingar (for eksempel angst, depresjon, ADHD) skal tilvising sendast BUP. Bruk då same sjekkliste som over.


Kommune

Helsestasjon og skulehelseteneste

Kartlegging av symptom på autismespekterforstyrring

Helsesøster kartlegg symptom og utvikling gjennom samtale med barnet/ungdommen, føresette og eventuelt barnehage/skule. I tillegg til dei ordinære undersøkingane ved helsestasjonen kan helsesøster bruke generelle kartleggingsverktøy som:

  • Firfotmodellen som kartlegg symptom, utviklingshistorie, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø
  • Ages and Stages Questionnaire (ASQ)
  • Ages Stages Questionnaire – Social/Emotional Scale (ASQ-SE)

Ved mistanke om autismespekterforstyrring hos barnet/ungdommen er meir spesifikk vurdering av symptom tilrådd. Ein bør så raskt som mogleg ta kontakt  med PPT og fastlege for vidare kartlegging og tiltak. Sentrale tema i kartlegginga vil vere:

  • Sosial fungering
  • Samspel mellom barn og føresette
  • Lek og samspel med jamgamle
  • Motorisk utvikling
  • Syn og høyrsel

Ver merksam på at vanskar med sosialt samspel og kommunikasjon også kan vere teikn på for eksempel vald/overgrep/omsorgssvikt, ADHD, psykisk utviklingshemming, tilknytningsforstyrring eller traumatisering. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnets situasjon, belastningar og familiefungering i vurdering av symptombildet. 

Ved kjent autismediagnose kan relevante opplysningar hentast frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Tiltak ved vanskar i autismespekteret

Ved mistanke om autismespekterforstyrring 

  • Inviter pasient og føresette til samtale
  • Kontakt PPT og fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tiltak i samråd med pasient og føresette
  • Samarbeid med pasient og føresette og barnehage/skule om tilrettelegging og tilpassing i kvardagen etter behov

Ved kjent diagnose

  • Delta i samarbeid med pasient, føresette, barnehage/skule og aktuelle instansar om tiltak (se samarbeid)
  • Kan helsesøster tilby samtalar til barnet/ungdommen i skuletid

Evaluering av tiltak
Mål med evaluering er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er dei riktige tenester som følgjer opp. Tiltak skal jamleg evaluerast i dialog med barnet/ungdommen og føresette, og i samarbeidsmøter med involverte instansar. I BTI-kommunar skal stafettlogg brukast i evaluering av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage, skule, PPT, fastlege, ergo- og fysioterapiteneste, psykisk helseteneste, BUP og habiliteringstenesta. Helsesøster kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen dersom dette er vurdert som formålstenleg.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om autismespekterforstyrring er det tilrådd å kontakte PPT og fastlege for vidare kartlegging og tilvising til BUP. Psykolog i kommunane har tilvisingsrett, men det er tilrådd at tilvising går gjennom fastlege som legg ved relevante helsedata.

Barnehage

Kartlegging ved mistanke om vanskar i autismespekteret:

Barnehagen har ei viktig rolle i å oppdage tidlege teikn på autismespektervanskar. Slike tidlege teikn kan vere:

  • Avvikande/annleis blikk
  • Lita sosial interesse og initiativ
  • Forseinka språkutvikling eller påfallande språk
  • Avvikande fungering i lek og samspel med andre

Ved mistanke om vanskar i autismespekteret gjennomfører ein undringssamtale med føresette (innan 4 veker). Barnehagepersonellet beskriv kva dei har observert og spør føresette om beskrivinga stemmer med korleis dei opplever barnet heime. I samtalen skal ein be føresette om samtykke for nærare kartlegging av barnet. Kartlegginga kan innehalde:

  • Observasjon av sosialt samspel med andre barn og vaksne
  • Vurdering av språkutvikling og sosial kommunikasjon
  • Bruk av kartleggingsverktøy som ASQ og TRAS
  • Kartlegging kan drøftast med spesialpedagogisk team eller rettleiingsteam

Etter kartlegging gjennomfører ein ny samtale med føresette og oppsummerer kva observasjonar og blir einige om tiltak i barnehagen.

Tiltak ved vanskar i autismespekteret

Ved mistanke om autismespekterforstyrring

  • Tilvis barnet til PPT i samråd med føresette. Legg ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak i barnehagen og effekt av desse 
  • Bli einig om aktuelle tiltak i barnehage i påvente av kontakt med PPT

Ved avklart autismediagnose

  • Bli einige om tiltak i barnehage og heim
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal ein utarbeide mål og tiltaksplan
  • Gjennomfør tiltak tilrådd i rettleiing med PPT, BUP eller habiliteringstenesta

Barn med autismespektervanskar er særleg sensitive for overgangar og det er svært viktig å sikre desse. Det er tilrådd å ha overføringsmøter i overgang mellom barnehage og skule.

Evaluering av tiltak
Tiltak skal evaluerast fortløpande i samtalar med føresette og i samarbeidsmøter med PPT og andre instansar. I BTI-kommuner skal stafettlogg brukast i evaluering av tiltak. Dersom barnet har mål og tiltaksplan skal tiltak i denne evaluerast/justerast i samarbeidsmøter. 

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle samarbeidspartnarar er PPT, spesialpedagog, helsestasjon, ergo- og fysioterapitenesta, BUP og habiliteringstenesta.

Ved mistanke om autismespektervansksr er det PPT og fastlege som vurderer om barnet skal visast til BUP for utgreiing. Barnehagen kan involverast i utgreiingsfasen, tilbakemeldingsmøter og samarbeidsmøter rundt barnet.

Ved avklart diagnose og behov for tiltak frå spesialisthelsetenesta vil PPT og fastlege vurdere om barnet skal visast til habiliteringstenesta.

Skule

Kartlegging ved mistanke om autismespektervanskar:

Skulen har ei viktig rolle i å oppdage autismespektervanskar hos barn og ungdom på eit tidleg tidspunkt. Teikn på vanskar i autismespekteret kan vere:

  • Sosiale vanskar og samspelsvanskar
  • Kommunikasjonsvanskar; misforstår ord og uttrykk, tar ting bokstaveleg, vanskar med å forstå kva ei oppgåve går ut på.
  • Særinteresser: Har spesielle interesser eller tema han/ho er opptatt av og viser liten interesse for det andre elevar er opptatt av. 
  • Sensitiv for lyd og låg terskel for stress
  • Rigiditet: Taklar dårleg  endringar i planar og rutinar.

Ved mistanke om vanskar i autismespekteret hos ein elev:

  • Sett ord på det som er observert overfor barnet/ungdommen
  • Ta opp problemstilling med føresette i skule-heim samtale (innan 4 veker). Beskriv det som er observert og spør føresette om dei kjenner barnet igjen i beskrivinga
  • Drøft bekymring med leiinga/sosiallærar eller helsesøster, eventuelt med psykososialt team viss skulen har dette
  • Drøft mistanke med PPT, etter samtykke frå føresette.

Tiltak

Tiltak ved mistanke om vanskar i autismespekteret: 

  • Tilvis eleven til PPT i samråd med føresette. Legg ved pedagogisk rapport og oversikt over gjennomførte tiltak
  • Bli einige om aktuelle tiltak i skule og heim i påvente av kontakt med PPT

Tiltak ved kjent autismespekterdiagnose:

  • Bli einige om tilpassing og tiltak på skule. Tiltak kan beskrivast i stafettlogg for dei kommunar som har dette
  • Ved rett til spesialpedagogisk hjelp vurdert av PPT skal det utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP)
  • Tiltak bør omfatte både ordinære skulefag og sosiale og praktiske ferdigheiter
  • Legg til rette ved å skape struktur og oppleving av kontroll i skulekvardagen

Elever med autismespektervanskar er særleg sensitive for overgangar og det er svært viktig å sikre desse. Det er tilrådd med overføringsmøter i overgang mellom barneskule og ungdomsskule og ungdomsskule og videregåande skule.

Evaluering av tiltak
Tiltak skal evaluerast i samtalar med eleven og føresette, og i samarbeidsmøter med PPT og andre instansar. I BTI-kommunar skal stafettlogg brukast for å beskrive tiltak og evaluere effekt av desse. Dersom eleven har IOP (individuell opplæringsplan) skal tiltak i denne evaluerast/justerast i samarbeidsmøter. 

Samarbeid med andre instanser

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette. Aktuelle instansar er PPT, skulehelseteneste, psykisk helseteneste, spesialpedagog, ergo- og fysioterapitenesta, fastlege, barnevernstenesta, Stat-Ped, BUP og habiliteringstenesta.

Ved mistanke om autismespekter er det fastlege eller psykolog i kommunen som viser til BUP. PPT kan gjere ein del testar før tilvising, men det er ikkje eit krav. Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta kan skulen involverast i utgreingsfasen og delta på tilbakemeldings- og samarbeidsmøter.

Ved avklart autismespekterdiagnose og behov for oppfølging vedrørande diagnosen, kan PPT tilvise barnet/ungdommen til habiliteringstenesta.

Pedagogisk psykologisk teneste (PPT)

Kartlegging

Når PPT startar opp ei sak gjer ein først ei generell kartlegging. Denne kan innehalde:

  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette. For videregåande elevar vil føresette si deltaking vere valfri
  • Innhenting av opplysningar frå helsestasjon
  • Kartlegging/observasjon av barnet/ungdommen sitt utviklingsnivå
  • Innhenting av informasjon frå barnehage/skule med pedagogisk rapport
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule
  • Samtale med barnehagelærar/lærar
  • Kartlegging av kognitiv fungering
  • Kartlegging av generell fungering med for eksempel CBCL/TRF eller 5-15 (nordisk skjema for utgreiing av barns utvikling og atferd)

I tilfelle der lova krev det skal det gjerast ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp i barnehagen eller spesialundervisning i skulen.

Ved mistanke om autismespekterforstyrring kan følgjande gjerast som del av ei sakkunnig vurdering:

  • Kartlegging av språk, som CCC2, Språk 6-16, Reynell, Celf-4
  • Kognitiv vurdering, som WISC, WPPSI
  • Symptom på autismespekterforstyrring, som SRS, CAST

Ved kjent autismediagnose kan relevante opplysningar hentast frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Etter kartlegging og vurdering skal ein oppsummere med barnet/ungdommen og føresette. Ein skal vurdere utbyttet av opplæring i barnehage/skule før ein lagar plan for tiltak.  Tilvising til spesialisthelsetenesta skal drøftast med foreldre.

Tiltak:

  • Samtale med barnet/ungdommen 
  • Rettleiing til føresette vedrørande opplæringsrelaterte spørsmål
  • Rettleiing til barnehage/skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing av kva autismespektervanskar har å seie for læring, og forståing for kva som kan vere hjelpsam læraratferd i møte med barnet/ungdommen
  • Rettleiing til barnehage/skule i Alternativ og Støttende Kommunikasjon (ASK)

Evaluering av tiltak
Ved rett til spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning, utarbeider barnehagen ein mål- og tiltaksplan og skulen ein individuell opplæringsplan (IOP). Planane skal evaluerast/justerast i samarbeidsmøter i tråd med barnets utfordringar og utviklingsnivå. PPT kan delta på samarbeidsmøter med føresette og barnehage/skule ved behov. I BTI-kommunar skal stafettlogg brukast i evaluering av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

PPT skal saman med barnehage/skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barns rettar etter opplæringslova og barnehageloven.

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Aktuelle instansar er helsestasjon og skulehelseteneste, psykisk helseteneste, spesialpedagog, ergo- og fysioterapitenesta, barneverntenesta, fastlege, Stat-Ped og BUP.

Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta er det tilrådd at PPT kan vere ein del av samarbeidsgruppa rundt barnet og haldast orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Sjøl om psykolog i kommunen har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta, er det tilrådd at tilvising går via fastlege som legg ved relevante helsedata. Ved tilvising til BUP skal det avklarast om PPT skal bidra til eventuell utgreiing.

Ved kjent diagnose kan PPT tilvise til habiliteringstenesta for oppfølging/tiltak.

PPT vidaregåande skule

PPT for videregåande skular er ei hjelpeteneste for elevar, lærlingar og lærekandidatar i vidaregåande opplæring. PPT tilbyr hjelp til personlege og sosiale vanskar, samt vanskar relatert til opplæringssituasjonen.

Kartlegging

Når PPT vidaregåande skule startar opp ei sak, gjer dei først ei generell kartlegging. Denne kan innehalde:

  • Samtale med ungdommen og føresette. For vidaregåande elevar er føresette si deltaking valfri
  • Gjennomgang av tilvising
  • Gjennomgang av av bakgrunnshistorie, skulehistorie, somatisk-/psykehistorie, slektsbelastningar, rus, relasjonshistorie
  • Kartlegging av aktuelt symptombilde
  • Samtykke til å hente opplysningar
  • Avklare samarbeid 
  • Avklare eventuelle vanskar i opplæringssituasjon

Skjema som kan brukast i kartlegging av autismespekterforstyrringar:

  • Kartlegging av språk: CCC2, TROG-2, språk 6-16
  • Kognitiv vurdering: WAIS-IV
  • RAADS-R (The Ritvo Autism Asperger Diagnostic Scale – Revised), Helsebiblioteket.no
  • ASDI (Asperger diagnostisk intervju), Norsk helseinformatikk

NB! PPT skal ikkje sette diagnose. Det er lagt til spesialisthelsetenesta, som har utgreiings- og behandlingsansvar ved autismespekterforstyrringar.

Ver merksam på om eleven sine vanskar kan skuldast andre faktorar som mangelfull omsorgssituasjon, traumer, vald og/eller overgrep, lærevanskar og somatisk sjukdom. Ved mistanke om omsorgssvikt skal bekymringsmelding sendast til barnevernet.

Ved kjent autismediagnose kan relevante opplysningar hentast frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Etter kartlegging og vurdering skal ein oppsummere med ungdommen og eventuelt føresette. Det skal gjerast ei vurdering av utbytte av opplæring i skule før ein lagar plan for tiltak.  Tilvising til spesialisthelsetenesta skal drøftast med elev og eventuelt føresette.

Tiltak

Tiltak frå PPT kan vere:

  • Samtale med ungdommen
  • Rettleiing til føresette
  • Rettleiing til skule på individ- og systemnivå for å sikre forståing av autismepsektervanskar si betydning for læring, og forståing for kva som kan vere hjelpsam læraratferd i møte med ungdommen 
  • Observasjon av ungdommen i skule 
  • Samtale med lærar 
  • Kartlegging av kognitiv fungering.

I dei tilfelle der lova krev det, lagar PPT ei sakkunnig vurdering om rett til spesialpedagogisk hjelp (sjå rettleiar frå Utdanningsdirektoratet). Ved rett til spesialpedagogisk hjelp, skal skulen lage ein individuell opplæringsplan (IOP) som beskriv mål og tiltak.

Tiltaka er retta mot dei arena ungdommen er på og skal sikre at ungdommen har gode støttespelarar rundt seg og får tilpassa opplæring etter behov.

Evaluering av tiltak:

  • Evaluering skal gjerast saman med ungdommen, evt føresette, skule, andre instansar. Avtal i starten av kontakten når evaluering skal gjennomførast. Dette er også prosessarbeid.
  • Elevmedverknad står sentralt under heile kontakten. Ein kan bruke FIT/KOR (Feedback informerte tjenester/Klient- og resultatstyrt praksis) undervegs i samtalar
  • Moglegheit for oppfølgingstime etter avslutta kontakt, eventuelt tilbakemelding frå skule.

Tiltak i IOP skal evaluerast/justerast i samarbeidsmøter i tråd med ungdommen sine utfordringar og utviklingsnivå.

Jamleg kontakt med ungdommen, skue, føresette eller andre samarbeidspartar (i samråd med ungdommen) sikrar ivaretaking av ungdommen. Tilvising til spesialisthelsetenesta skal vurderast ved behov for utgreiing og/eller behandling. I ein evtuell venteperiode, skal ungdommen bli ivaretatt av tilvisar.

Samarbeid med andre instansar

PPT kan samarbeide med andre instansar etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. PPT  for vidaregåande skule samarbeidar med skule, oppfølgingstenesta (OT), helsestasjon for ungdom, skulehelsetenesta, fastlege, BUP (psykisk helsevern for barn og unge)/DPS (pykisk helsevern for vaksne), habiliteringstenesta, Statped, barnevernstenesta, bedrifter og NAV.

Samarbeidet omfattar kontakt i samband med tilvising, deltaking i samarbeids-/ansvarsgruppe-/tilbakemeldingsmøter, samt møte kvar veke på skulane. Dette for å sikre hjelpsamme tiltak og framgang.

PPT skal saman med skule bidra til gode overgangar mellom ulike forvaltningsnivå (skuletrinn/kommunar) og vere med å sikre barn og unges rettat etter opplæringslova og barnehageloven.

Ved utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta er det tilrådd at PPT kan vere ein del av samarbeidsgruppa rundt ungdommen og orientert om utgreiing/behandling.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Dersom det er mistanke om moderat til alvorleg psykisk liding, med særleg redusert fungering i dagleglivet, skal behovet for vidare tilvising til spesialisthelsetenesta vurderast raskt. Det er ønskeleg med eit samarbeid med spesialisthelsetenesta for å kunne gjere nytte av utgreiing/behandling inn i ungdommen sin skulekvardag.

PPT kan initiere/bidra til tilvising til spesialisthelsetenesta. Det er fastlege, barnevernstenesta og psykolog i kommune/fylkeskommune som har tilvisingsrett til spesialisthelsetenesta.

Psykisk helseteneste

Psykisk helsearbeid for barn og unge er eit lovpålagt ansvar for kommunen og involverer alle kommunale tenester som er i kontakt med barn og unge. Nokre kommunar har eit tverrfagleg psykisk helseteam for barn og unge. I andre kommunar ligg ansvaret under helsestasjon og skulehelsetenesta og/eller kommunepsykolog.

Kartlegging

Ved oppstart er det tilrådd med ei brei og generell kartlegging av barnet/ungdommen sine symptom, funksjon og oppvekstforhold. Kartleggingsverktøy som kan brukast er ASEBA og Firfotmodellen som kartlegg symptom, utvikling, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø. Opplysningar frå andre instansar kan hentast ved behov.

Ved mistanke om autismespekterforstyrring er det tilrådd å initere samarbeid med PPT og fastlege for vidare kartlegging og vurdering. 

Ver merksam på at vanskar med sosialt samspell og kommunikasjon også kan vere teikn på vald/overgrep/omsorgssvikt, ADHD, psykisk utviklingshemming eller tilknyttingsforstyrring. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnet sin situasjon, belastningar og familiefungering i vurdering av symptombildet. 

Ved kjent autismediagnose kan relevante opplysningar hentast frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Ut frå tilgjengeleg informasjon skal det gjerast ei vurdering av alvorlegheit av symptom og det skal lagast ein plan for tiltak i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak ved kjent autismespekterdiagnose kan vere:

  • Samtalar med barnet/ungdommen ut frå teknikkar frå kognitiv atferdsterapi
  • Behandling av lettare komorbide tilstandar som for eksempel angstlidingar, depresjon og spisevanskar
  • Rettleiing til føresette i å handtere barnet/ungdommen sine utfordringar

Evaluering av tiltak
Mål med evaluering er å sikre at barnet/ungdommen får hjelp som er nyttig og verksam, og at det er dei riktige tenester som følgjer opp. Tiltak skal evaluerast jamleg i dialog med barnet/ungdommen og føresette og i samarbeidsmøter med involverte instansar. I BTI-kommunar skal ein bruke stafettlogg i evaluering av tiltak.

Psykisk helseteneste kan delta i samarbeidsmøter rundt barnet/ungdommen.

Samarbeid med andre instansar

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Psykisk helseteneste samarbeidar med barnehage/skule, helsestasjon, PPT, ergo- og fysioterapitenesta, barnevernsteneste, fastlege, kommunal helse og sosialteneste, BUP og habiliteringstenesta.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om autismespekterforstyrring er det tilrådd at tilvising går via fastlege som legg ved relevante helsedata og informasjon frå PPT.

Ved kjent diagnose kan PPT eller fastlege tilvise til habiliteringstenesta for oppfølging/tiltak.


Ergo- og fysioterapiteneste

Kartlegging

Det er tilrådd med brei og generell kartlegging av barnet/ungdommen sine symptom, funksjon og oppvekstforhold. Ved mistanke om vanskar i autismespekteret er det tilrådd kartlegging av: 

  • Sosial fungering
  • Samspel med føresette
  • Barnet i lek og samspel med andre barn
  • Motorisk utvikling, inkludert munnmotorisk funksjon
  • Syn, høyrsel og blikk-kontakt
  • Funksjon i daglege aktivitetar og gjeremål som som måltid og påkledning
  • Korleis barnet stiller seg til rutiner

Avhengig av organisering i kommunen, kan ergo- og fysioterapitenesta initiere samarbeid med PPT og fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tiltak.

Ved kjent autismediagnose kan relevante opplysningar hentast frå utgreiing/behandling i spesialisthelsetenesta.

Ut frå kartlegging og innhenta informasjon skal det lagast ein plan for tiltak i ergo- og fysioterapitenesta i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak for barn/unge med autismespekterforstyrring kan vere:

  • Rettleiing til føresatte  og instansar rundt barnet om tilrettelegging av fysisk miljø, fysisk aktivitet og gym slik at barnet kan delta og meistre
  • Trene/legge til rette for sjølvstende og utvikling i daglege aktivitetar som påkledning og måltid
  • Trening i grov og finmotoriske funksjonar, samt munnmotorikk
  • Gi råd i kompenserande tiltak med tanke på eventuelle grov- og finmotoriske vanskar
  • Ergoterapeut kan rettleie i bruk av og søke om tekniske hjelpemiddel til vanskar med struktur og tidsforståing, og andre enklare tiltak.

Evaluering av tiltak
Evaluering av tiltak skjer fortløpande saman med barnet/ungdommen, føresette og i samarbeidsmøter med aktuelle instansar. I BTI-kommunar skal stafettlogg brukast i evaluering av tiltak.

Samarbeid med andre instansar

Ergo- og fysioterapitenesta er ein del av kommunen sitt heilskaplege, førebyggande og helsefremmande arbeid. Alt samarbeid skjer ut frå samtykke. Aktuelle samarbeidspartnarar er barnehage, skule, helsesøster, PPT, fastlege, habiliteringstenesta, barneavdeling og BUP

Ergo- og fysioterapeut har ansvar for å delta i og koordinere samarbeid med andre instansar i og utanfor kommunen og kan peikast ut som kommunal koordinator dersom det er behov for det.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved bekymring for barnets generelle utvikling, kan tenesta tilvise til PPT for vidare kartlegging/testing og vurdering av tiltak.

Ved mistanke om vanskar i autismespekter er det oftast fastlegen som viser til utgreiing i BUP. Psykolog i kommunen og barnevernstenesta kan også tilvise. Ved tilvising til BUP kan tenesta legge ved relevant informasjon om kartlegging/tiltak.

Helse- og omsorgstenester

Kartlegging

Etter at helse- og omsorgstenesta mottar søknad om tenester skal ein gjennomføre:

  • Samtale med føresette
  • Samtale med barnet/ungdommen dersom dette er naturleg, avhengig av barnets alder og modning. Ungdom over 16 år skal alltid inviterast til møte 
  • Heimebesøk kan vere aktuelt
  • Informasjon, råd og rettleiiing
  • Innhenting av dokumentasjon

Alt ettersom barnet fyller vilkår for tenester eller ikkje, skal ein gjere vurdering av avslag eller vedtak om tenester. Dersom det fattast vedtak om tenester skal:

  • vedtaket innehalde informasjon om tidsrom og kva teneste  vedtaket handlar om
  • tenesta sende melding om vedtak til utførar, som er den eininga som har ansvar for å iverksette og gjennomføre vedtaket. Utførar skal initiere samarbeid med barnet/ungdommen og føresette.

Tiltak kan vere:

  • Støttekontakt/bistand til fritidsaktivitet 
  • Helsetenester i heimen etter behov
  • Avlasting: Den som har tyngande omsorgsoppgåver kan ha rett til avlasting. Døgn- eller timebasert avlasting kan bli gitt i privat heim eller institusjon
  • Praktisk bistand/opplæring til dei som treng dette for å klare nødvendige gjeremål i heimen (ungdom)
  • Koordinator: Kommunen kan peike ut ein person som kan vere familien sin kontaktperson og hjelpe føresette i samarbeidet med andre instansar i kommunen. Kan for eksempel drive ansvarsgruppe
  • Omsorgslønn: Kommunen er pliktig til å ha tilbod om dette til dei som har tyngande omsorgsoppgåver i heimen. Dette blir vurder i kvart tilfelle.

Evaluering av tiltak
Tiltak skal evaluerast årleg/annakvart år eller ved endring av behov.
Det er dei som fattar vedtaket som har ansvar for evaluering.
Alle har ansvar for at endring av behov kjem fram, og å gi beskjed når eit tiltak ikkje er aktuelt lenger.

Samarbeider med andre instansar

Helse- og omsorgstenesta samarbeidar med andre kommunale etatar og tenester, fastlege og spesialisthelsetenesta

Tilvisning til spesialisthelsetenesta

Helse- og omsorgstenesta kan gi råd om tilvising til spesialisthelsetenesta, men det er fastlege, barnevernsteneste eller psykolog i kommunen som kan tilvise.
Helse- og omsorgstenesta kan legge ved informasjon om sin kontakt med barn/ungdom dersom tilvising er aktuelt.

Barneverntseneste

Kartlegging

Barnevernstenesta skal snarast og innan ei uke gå gjennom innkomne meldingar og vurdere om melding skal følgjast opp med undersøking (§4-3). Undersøkinga skal ikkje gjerast meir omfattande enn nødvendig og skjer i samarbeid med barnet/ungdommen og føresette. Undersøkinga kan innehalde:

  • Innhente informasjon frå andre instansar
  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette
  • Vurdere samspel barn-føresette
  • Observere barnet i barnehage/skule og heime
  • Kartlegge nettverk
  • Kartlegge mogleg vald og overgrep

I kartlegging brukast ulike verktøy, eksempelvis deler av Kvello-malen som er aldersovergripande og systematiserer risiko- og beskyttelsesfaktorar.

Ved mistanke om autismespekterforstyrring hos barnet/ungdommen, er det tilrådd å kontakte helsestasjon, PPT og fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tiltak. Ver merksam på at vanskar med sosialt samspel og kommunikasjon også kan vere teikn på vald/overgrep/omsorgssvikt, ADHD, tilknytningsforstyrring eller kompleks traumatisering. Det er derfor viktig med eit heilt perspektiv på barnets situasjon, belastningar og familiefungering i vurdering av symptombildet.

Ved kjent autismediagnose kan relevante opplysningar hentast frå spesialisthelsetenesta.

Undersøkinga blir avslutta med ein konklusjon. Dersom barnevernet konkluderer med igangsetting av tiltak, blir det laga ein tiltaksplan saman med barnet/ungdommen og føresette der det blir sett opp konkrete mål.

Tiltak

Tiltak frå barnevernet kan vere kompenserande og/eller omsorgsendrande. Det er viktig at tiltak blir tilpassa den enkelte familien og barnet/ungdommen sine behov, og har eit utviklingsstøttande og utviklingsfremmande perspektiv. Eksempel på tiltak kan vere:

  • Rettleiing til føresette
  • Familierettleiing
  • Miljøarbeidar i heimen
  • Støttekontakt/fritidskontakt
  • Avlasting
  • Plassering av barn i beredskapsheim/fosterheim
  • Individuell plan (IP) er tilrådd som eitt av tiltaka

Evaluering av tiltak
Tiltaksplanen blir jamleg evaluert, minimum kvar tredje måned.
Evalueringa skal gjerast saman med barnet/ungdommen, føresette og samarbeidande instansar. Ved samtidige tiltak frå fleire instansar blir tiltak beskrive i felles plan, eksempelvis stafettlogg eller individuell plan.

Samarbeid med andre instansar

Barnevernsjenesta samarbeidar med dei instansane som til eikvar tid er involvert i barnet/ungdommen og familien sin situasjon basert på samtykke (barnevernloven §3.2). Aktuelle instansar kan vere barnehage/skule, helsestasjon, PPT, habiliteringstenesta, BUP, ergo- og fysioterapiteneste, helse og omsorgstenester.

Tilvising til spesialisthelsetenesta

Ved mistanke om autismespekterforstyrring er det tilrådd å kontakte PPT og fastlege for vidare kartlegging og vurdering av tilvising til BUP.

Barnevernstenesta har sjølvstendig tilvisingsrett til BUP, men ved mistanke om autisme er det tilrådd at tilvising går gjennom fastlege som legg ved relevante helsedata. 


Spesialisthelsetenesta

BUP

Utgreiing

Ved oppstart av ei sak i BUP blir det alltid gjort ei basisutgreiing (PDF). Ut frå funn i basisutgreiing blir det vurdert om det er grunnlag for vidare utgreiing. Ved bekymring for autismespekterforstyrring er følgjande tilrådd:

  • Diagnostisk intervju (Kiddie-SADS, MINI)
  • Screeningskjema for autismespekterforstyrring som SRS, SCQ, CHAT, CAST, ASDI
  • Kartlegging av språk og kommunikasjon som CCC2, CELF, Språk 6-16, 20 Spørsmål om språk
  • Barnepsykiatrisk legeundersøking (BPU) og supplerande medisinske undersøkingar ut frå indikasjon
  • Observasjon i barnehage/skule og samtale med pedagog/lærar
  • Kognitiv vurdering; Mullen, WPPSI, WISC, WAIS, Leiter, Wechsler NonVerbal 
  • Vurdering av adaptive ferdigheiter ved Vineland eller ABAS
  • Kartlegging av sosiale og kommunikative ferdigheiter
    • ADOS (semistrukturert observasjon og intervju med barn/ungdom)
    • ADI-R (semistrukturert diagnostisk intervju med omsorgspersonar)

Ved kompliserte differensialdiagnostiske vurderingar kan det vere aktuelt med innlegging ved BPP/UPP.

Utgreiing blir oppsummert og diagnose/komorbiditet vurdert i tverrfagleg team. Barnet/ungdommen og føresette får tilbakemelding om diagnose, gjennomgang av konkrete utfordringsområde for barnet/ungdommen og saman drøftast behov for vidare oppfølging/behandling.

BUP sender utgreiingsrapport til fastlege/tilvisar og samarbeidande instansar etter samtykke.

Behandling

Etter avklart diagnose kan BUP tilby følgjande:

  • Diagnoseformidling og opplæring til barnet/ungdommen, føresette, og utvida familie/søsken. Diagnoseformidling kan gå over fleire avtalar
  • Informasjon om relevante hjelpetiltak og rettar
  • Individuelt samtaletilbod til barnet/ungdommen ved behov, særleg aktuelt ved komorbide tilstandar.
  • Medikamentell behandling ved behov
  • LMS-kurs for føresette

Samarbeid

Alt samarbeid skjer etter samtykke frå føresette eller ungdom over 16 år. Sentrale samarbeidspartnarar kan vere barnehage/skule, PPT, oppfølgingstenesta (OT), helsestasjon og skulehelsetenesta, fastlege, helse- og omsorgsteneste i kommunen, psykisk helseteneste i kommunen og barnevernstenesta.

Avslutning

Før avslutning i BUP bli barnet/ungdommen, føresette og aktuelle kommunale instansar invitert til eit oppsummeringsmøte.

Viss BUP vurderer at pasienten treng eit tilbud i habiliteringstenesta, skal dei initiere ein klinisk konferanse for å drøfte aktuelle tiltak. Dersom ein blir einig om at saken skal overførast til habiliteringstenesta, blir dei invitert med på oppsummeringsmøtet.

I oppsummeringsmøtet blir behov for individuell plan vurdert og det blir etablert ei samarbeidsgruppe rundt barnet/ungdommen.

Etter avslutning sender BUP epikrise til fastlege/tilvisar. Her blir tilstandar og forhold som kan vere uavklarte spesifiserte og det blir gitt informasjon om kva som bør eller kan medføre re-tilvising for dette barnet, eksempelvis utgreiing/behandling av komorbide tilstandar.

Ved avslutning skriver BUP epikrise som spesifiserer kriterier for eventuell re-tilvising til BUP, for eksempel utvikling av komorbide psykiske lidingar eller behov for ny diagnostisk vurdering.

Habiliteringsteneste

Utgreiing

Ved tilvising til habiliteringstenesta blir ei forundersøking gjort saman med føresette og aktuelle instansar rundt barnet.

Kartlegging har som formål å avklare problemstilling og inkluderer som regel:

  • Samtale med barnet/ungdommen og føresette
  • Innhente samtykke til innhenting av opplysningar frå andre instansar, tidlegare utgreiingar og samarbeid
  • Møte med instansar frå kommunen
  • Observasjon av barnet/ungdommen i barnehage/skule/heim
  • Utarbeide tiltaksplan

Behandling

Aktuelle tilbod til føresette

  • Læring- og mestrings kurs (LMS), foreldrekurs autisme – 2 dagars innføringskurs etter at diagnosen er sett. Samarbeid mellom BUP, habilitering for barn og unge (HABU), Autismeforeningen i Rogaland og Læring- og mestringsenteret i Helse Fonna (LMS)
  • Nettverkskurs: individuelt tilpassa kurs til nettverket rundt barnet/ungdommen.
  • Rettleiing/støtte til føresette: I gruppe eller individuelt. Redskap/strategiar for å betre samspel med barnet, endre på atferd eller etablere nye ferdigheiter hos barnet.
  • Early Intensive Behaviour Intervention (EIBI) behandling/opplæring for barn med autisme i aldersgruppa 0 – 6 år
  • Workshop sosiale ferdigheiter: kartlegging og igangsetting av sosial ferdigheitstrening med føresette, skule og PPT. 
     

Tilbod til barn/ungdom

  • Støttesamtalar/rettleiing
  • Kognitiv atferdsterapi (KAT) –  for barn/unge med mild angst og depresjonssymptom. Ved moderat/alvorlege psykiske vanskar blir barnet tilvist til BUP.
  • Early Intensive Behaviour Intervention (EIBI) behandling/opplæring for barn med autisme i aldersgruppa 0 – 6 år
  • Ungdomsgruppe – kropp, vener/kjærast, seksualitet, haldningar
  • Søsken som pårørande– samtalar i gruppe med andre søsken på tvers av diagnosar, eller aleinesamtalar.

Tilbod til kommunen (eksempelvis skule, barnehage, PPT, helsestasjon, barnevern, avlastning)

  • Rettleiing/rådgiving på konkrete problemstillingar – med tanke på auka meistring for barnet, familien og kommunen i kvardagen
  • Early Intensive Behaviour Intervention (EIBI) behandling/opplæring for barn med autisme i aldersgruppa 0 – 6 år
  • Sosialferdigheitsworkshop – innleiande kunnskapsoverføring i korleis trene sosiale ferdigheiter, før rettleiing til PPT, skule og føresette
  • Nettverkskurs om diagnosen autisme. Kurs om diagnosen autisme, samt tilråde tiltak, tilretteleggingar for diagnosegruppa. Deltakarar på kurset er føresette, familie og kommunen

 Tiltak blir evaluert kvar 3. månad.

Samarbeid

Habiliteringstenesta samarbeidar med bestillarkontor, PPT, barnehage, skule, helse- og omsorgstenester, helsestasjon og skulehelsetenesta, ergo- og fysioterapitenesta, psykisk helse i kommunen, barnevernstenesta, PPT vidaregåande/oppfølgingstenesta, BUP, Statped Vest, autismeforeningen.

Ved mistanke om andre lidingar/tilstandar blir pasienten vist vidare til andre relevante einingar, som BUP eller barneavdeling.

Avslutning

Pasientsaken blir avslutta ved HABU når førespurnad er fullført og ein vurderer at pasienten sitt støtteapparat i kommunen er rusta til å støtte pasienten, familie og nettverk vidare.

Ved avslutning blir rapport sendt til føresette og fastlege, eventuelt andre etter avtale med føresette.


Kommentarar?

Send oss ein e-post