Karmøy DPS

Karmøy distriktspsykiatriske senter (DPS) utgjer saman med Haugland DPS eit moderne lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne over 18 år.

Karmøy DPS sett utanfrå. (Foto)
 
Les meir om Karmøy DPS

Karmøy DPS

Karmøy DPS

Pårørendesenteret.no Pålogging pasientar - CheckwareBrukerveiledning Checkware Akutt psykisk helsehjelp – korleis kan du be om hjelp og kva skjer?

Pårørendesenteret.no er ein landsdekkande nettstad for deg som er pårørande. Her kan du finne kunnskap, tips og råd, og lese om andre pårørande sine erfaringar. Du kan også ta kontakt med pårørandelinja. Dei gir individuell sosialfaglig veiledning via chat, mail eller telefon.

Ungdomseininga

Vi har døgntilbod med tverrfagleg spesialisert rusbehandling til unge pasientar i alder 18-27 år.

Vi veit at endringsarbeid tar tid, difor har vi eit langtidsperspektiv på behandlinga, i inntil eitt år. Etterpå gir vi deg som er pasient hos oss tilbod om deltaking i ulike aktivitetar også etter utskriving.

Kva skjer når du får behandling?

Den første tida i behandling jobbar vi saman om trygging, stabilisering og det å leve rusfritt. Etter kvart vil du gå over i en meir aktiv utforskingsfase om aktiviteter ute i samfunnet, som arbeid, ditt eige nettverk og fritid.

Utover i behandlinga bor du i eigen bolig og er i gang med arbeidspraksis eller utdanning, og vekslar mellom eigne aktiviteter og deltaking i vårt program.

For å få dette til samarbeider vi med NAV og heimkommunen din.

Mål for behandlinga

  • Eit rusfritt liv
  • Bedra fysisk og psykisk helse
  • Auka sosial kompetanse
  • Eit trygt nettverk
  • Generell meistring av kvardagen

Det viktig for oss å gi deg struktur, det vil seie normal døgnrytme, faste måltider og ein fast vekeplan. Planen inneheld samtalegrupper, møter av forskjellig grad og gjennomføring av praktiske oppgåver.

Vi har daglig variert fysisk aktivitet, med tilgang til treningssenter, symjehall og idrettshall.

Kven arbeider her?

Hos oss møter du barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar, sjukepleiar, psykolog og psykiater. Kven du møter avheng av dine mål og behov. 

Saman blir det vanskelege lettare.

Tilvising

Behandlarar i poliklinikkar for psykisk helsevern og rus, og fastlegar kan tilvise til oss.

Som tilvisar kan du først ta direkte telefonkontakt med oss slik at vi kan avklare eventuell ventetid og gi deg meir informasjon om behandlinga. Vi vil også rettleie deg vidare i tilvisingsprosessen. 

Dersom du er mellom 18-27 år, rusavhengig og ønskjer hjelp kan du spørje din fastlege eller behandlar i spesialisthelsetenesta om å hjelpe deg å komme i kontakt med oss.

Kontakt

Telefon
52 73 43 00
måndag - fredag 8.00-15.30
Vel å leve-telefonen 907 61 525, velgåleve.no
E-post
Postadresse
Karmøy DPS, PB 224, 4291 Kopervik

Praktisk informasjon

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.