Kardiologisk og medisinsk intermediær overvåking

Vi tilbyr utgreiing, diagnostikk og utgreiing av pasientar med angina, hjarteinfarkt, hjartesvikt, alvorlege hjarterymteforstyrringar og sykope. Vi behandlar også pasientar med akutte tilstandar og behov for overvaking, slik som sepsis, ketoacidose, rhabdomyolyse, KOLS som krev maskebehadnling, intox og hjerneslag.

Velkommen til oss

Kardiologisk og medisinsk intermediær overvåking

Som pasient hos oss møter du tverrfaglege team med kardiolog, sjukepleiarar og sjukepleiarar med spesialutdanning innan intensiv og/eller kardiologi, helsefagarbeidarar og postsekretær. Vi samarbeider tett med andre avdelingar og andre sjukehus i pasientbehandlinga.


Av dei 20 sengeplassane hos oss er seks overvakingssenger. Vi har ei operasjonsstove for innlegging av midlertidig og permanent pacemaker og eit mottakingsrom for akutt sjuke.


Jobbe hos oss?

Vi er alltid interessert i å høyre frå deg som er interessert i å jobbe hos oss. Ta gjerne kontakt med seksjonsleiar Inger Magnusson Hauge. Ledige stillingar blir publiserte på www.helse-fonna.no/jobb  

 


Kontakt

Oppmøtestad

2. etasje. Bruk heisen ved Narvesen (heis B), så kjem du rett til avdelinga vår.

Henvend deg i luka til høgre når du kjem ut av heisen.

Telefon
52732500
Haugesund sjukehus
Besøksadresse
(Google maps)
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Besøkstider
måndag - sundag 17.00-18.30
Telefon
52732000

Transport Haugesund sjukehus

Det er fleire busstopp like ved og i nærleiken av Haugesund sjukehus.

www.kystbussen.no - Ruteinformasjon for Kystbussen (Bergen-Stord-Haugesund-Stavanger)

www.kolumbus.no - Ruteinformasjon om lokalbussar i Rogaland

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.00-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kantine og kiosk Haugesund sjukehus

​Kantina i sjette etasje er open for tilsette, pasientar og besøkande. Opningstider:

Måndag - fredag kl. 09.30-15.30. Stengt helger og heilagdagar.

Pasientkantine i fjerde og femte etasje er kun open for pasientar.

Fleire av sengepostane har eigne spiserom med enkel sjølvbetening for inneliggande pasientar. Ta kontakt med di avdeling.

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Minibank Haugesund

​Det er ikkje minibank ved sjukehuset. Narvesen i første etasje har bankterminal med moglegheit for uttak av pengar ved kjøp. Det er bank og minibank i Haugesund sentrum.

Parkering Haugesund sjukehus

​Parkeringshuset nord for sjukehuset er reservert pasientar og besøkande. Alle må ha billett frå parkeringsautomat eller parkeringsløyve synleg i frontruta.

Reserverte plassar for HC-parkering like utanfor hovudinngangen.

Det er reserverte plassar blodgivarar, dialyse, behandlingshjelpemidler og enkelte øyeblikkeleg hjelp-plassar. Ta kontakt med aktuell avdeling for meir informasjon om dette.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Elektrokonvertering av hjertearytmihttps://helse-fonna.no/behandlinger/elektrokonvertering-av-hjertearytmiElektrokonvertering av hjertearytmiEElektrokonvertering - arytmierElektrokonvertering - arytmierElektrokonvertering - arytmierElektrokonvertering - arytmier
Pacemaker - generatorbyttehttps://helse-fonna.no/behandlinger/pacemaker-generatorbyttePacemaker - generatorbyttePPacemaker, generatorbyttePacemaker, generatorbyttePacemaker, generatorbyttePacemaker, generatorbytte
Pacemaker - innlegginghttps://helse-fonna.no/behandlinger/pacemaker-innleggingPacemaker - innleggingPPacemakerinnleggelsePacemakerinnleggelsePacemakerinnleggelsePacemakerinnleggelse

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.