Akutt psykisk helsehjelp – korleis kan du be om hjelp og kva skjer?

«Velg å leve» - for deg som har tankar om sjølvmord, ring telefon 907 61525.

Psykiske liding kan føre til redusert livskvalitet og funksjonsevne. Difor er det viktig for oss i psykisk helsevern å skape gode behandlingstilbod for å gi deg som pasient eller pårørande betre livskvalitet og opplevd meistring.

 

Kva gjer du ved behov for akutt psykisk helsehjelp og kva skjer når du tek kontakt?

Illustrasjon telefon

1. Kontakt: Fastlege, legevakten eller hjelpetelefon

Illustrasjon dialog

2. Legen du kontaktar tek vidare kontakt med Akutt ambulant team for å hente inn den hjelpa du treng.

Illustrasjon menneske

3. Du vil så bli kontakta av AAT for hjelp hos legen eller for vidare hjelp på Distriktspsykiatriske senter.

Illustrasjon hjelp

4. Alle pasientar som har vore i kontakt med AAT eller blitt innlagt i Klinikk for psykisk helsevern får tilbod om oppfølging etter behov.

Akutt ambulant team (AAT) Haugesund

AAT er ein viktig del av den akutte behandlingskjeda for pasientar med psykiske lidingar. Akutt ambulant team har eit nært samarbeid med vaktsystemet som dekker både Haugaland og Karmøy DPS og Haugesund sjukehus.

Fastlege, legevakt og andre tilvisarar kan ta kontakt med AAT heile døgnet for vurdering og behandling av tilstander i tidlege fasar av sjukdommen.

AAT sine tre hovudfunksjonar

  • Samtaler per telefon

  • Poliklinisk vurdering, der pasient kjem til vurdering hos behandlar på vakt etter tilvising frå fastlege eller legevakt. Ved behov for opphald ved Haugaland DPS, kan behandlar godkjenne kriseopphald på inntil tre døgn. Behov for lengre opphald blir vurdert av inntaksteamet ved DPSet.
  • Ambulerande teneste der AAT rykker ut for å gi konsultativ bistand til lege- eller psykiatritenesta i kommunen

Poliklinisk behandling

Eit anna ord for poliklinisk oppfølging er dagbehandling.

Poliklinisk behandling utgreier, behandlar eller rehabiliterer utan at pasientane overnattar, og dei er heller ikkje med på andre aktivitetar enn konsultasjonar.

For dei fleste pasientane som er i kontakt med eit DPS vil det vere aktuelt å få tilbod om vurdering og/eller poliklinisk behandling. Difor er det eit stort spekter av lidingar som blir behandla poliklinisk, over kortare og noko lengre tid. For å sikre at alle får eit godt tilbod, er det satt saman ulike team med forskjellig spesialkompetanse.

Akuttbehandling

Nokre gonger er innlegging naudsynt. Akuttpostane tek i mot pasientar som treng augeblikkeleg hjelp, heile døgnet.

Dette er pasientar med akutte psykosar eller andre alvorlege psykiske lidingar, men også pasientar som er i alvorleg krise eller der det er fare for sjølvmord. Mange i denne gruppa har også eit rusproblem.

Kva skjer ved akuttbehandling?

I akuttposten blir pasient tatt i mot av lege og sjukepleiar. Dei gjennomgår sjukehistoria og tek ein somatisk undersøking, det vil seie ein sjekk av den kroppslege helsa.

Innan 24 timer blir alle pasientar vurdert av lege eller psykologspesialist og får ein fast behandlar og miljøkontakt.

Behandling og varighet av opphaldet blir tilpassa saman med pasienten. Alle vil få samtalar med behandlar, og dei som er vurdert og som ønskjer det, får tilbod om medisinar.

Bruk av tvang

I behandling av psykiske lidingar skal bruk av tvang ved behandling bli nytta minst mogleg.

I all hovudsak skjer behandlinga frivillig, men i nokre tilfelle er tvang naudsynt. Bruk av tvang i psykisk helsevern er strengt lovregulert.

Les meir om tvang på helsenorge.no

Etter behandling

Etter utskriving frå akuttposten, får dei fleste oppfølging i DPS, hos fastlege og/eller kommunal psykiatriteneste.

Poliklinisk oppfølging er det vanligaste etter akuttbehandling, men nokre gonger er det ikkje behov for dette.

Ei utskrift frå opphaldet ved akuttposten med vurderingar og anbefalingar om vidare oppfølging blir gitt til den som følgjer opp pasienten.

Nokre råd kan vere gode å ha med seg. Her er tre

  • Ikkje ver redd for å be om hjelp
  • Du har rett til å ha med deg ein person som du kjenner godt. Dette kan også vere ein i familien din.
  • Alle som hjelper deg har teieplikt


Kontaktar i eit akuttforløp. (Illustrasjon)

 

 


Kontaktar i eit akuttforløp.

Les om psykisk helse på helsenorge.no

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.