Haugaland DPS

Haugaland distriktspsykiatriske senter (DPS) utgjer saman med Karmøy DPS eit moderne lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne over 18 år.

Les meir om Haugaland DPS

Haugaland DPS

Pårørendesenteret.no Pålogging pasientar - CheckwareBrukerveiledning Checkware Akutt psykisk helsehjelp – korleis kan du be om hjelp og kva skjer?

Pårørendesenteret.no er ein landsdekkande nettstad for deg som er pårørande. Her kan du finne kunnskap, tips og råd, og lese om andre pårørande sine erfaringar. Du kan også ta kontakt med pårørandelinja. Dei gir individuell sosialfaglig veiledning via chat, mail eller telefon.

ACT-team

ACT-team (assertive community treatment) er eit treårig prosjekt som i første omgang skal vare ut 2017. Vi er eit oppsøkande ACT-team som baserer seg på hyppig oppsøkande verksemd over tid, der Haugesund kommune og Helse Fonna samarbeider for å gi pasientar spesialisert behandling. 
 
Verksemda inkluderer oppfølging av pasientar med psykoseproblematikk, eventuelt med rus som utfordring i tillegg.  ACT-modellen er ein del av satsinga på dette området. Vi er et tverrfaglig team med vernepleiarar, sjukepleiarar, psykolog og psykiater. Vi skal finne gode løysningar for pasienten, pårørande og andre involverte partar. Pasienten kan få færre personar og instansar å halde seg til, og vi bidrar til å styrke allereie eksisterande hjelpeapparat.

Vi er truverdige og interesserte samarbeidspartnarar for pasientane ved stor interesse for å komme heim til dei, hjelpe dei med praktiske utfordringar i huset, til lege, med økonomi og anna. Vi møter pasientane når dei er tilgjengelege, og aktiviteten føregår primært i pasientane sitt  eige miljø, er ikkje institusjonsbasert og vi bidrar med hjelp for at pasientane skal nå sine mål.

Vårt ønske er å være gode og trygge støttespillarar og medmenneske.

Kontakt oss

Vi er tilgjengelige på telefon både for pasientar og samarbeidspartnarar mellom klokka 8.00 og 15.30 i vekedagane. Vi har ikkje bakvakt på kveld og i helger, men vi skal syte for at pasientane har ein sjølvhjelpsplan slik at dei kan oppleve trygghet i tidsrom der vi ikkje er tilgjengelege.

Alle instansar kan kontakte ACT-teamet for å konsultere på anonymt grunnlag eller for å drøfte om ein pasient eller brukar er aktuell for hjelp av oss. Diskusjon om aktuelle kandidatar eller spørsmål om tilvisingar kan rettast til teamleiar Kornelie Rossebø Sætre på telefon 52 73 20 00.

Kven kan få hjelp av ACT-teamet?

  • Alvorleg sinnsliding (f20-29) eller bipolar (f31)
  • Langvarig liding, over 3 år
  • Funksjonsnedsetting, GAF-F mindre enn 40
  • Samansette hjelpebehov
  • Få relasjonar, lite eller dårleg nettverk, og manglande relasjonsevner
  • Lite i stand til å nyttiggjere seg det vanlege hjelpeapparatet
  • Gjentatte innleggingar, meir enn 2 siste år
  • Ikkje fanga opp av hjelpeapparatet tidligare

I tillegg kan det vere pasientar med rusmisbruk, lettare kognitiv svikt, liten evne til samarbeid om behandling, med minoritetsbakgrunn. 

Følgjande grupper faller utanfor opptak: Dominerande personlegdomsforstyrring (som hoveddiagnose), pasientar med rusavhengigheit som hovuddiagnose, rettspsykiatriske og alvorleg kriminelt belasta pasientar.

ACT-teamet

  • Kornelie R. Sætre, psykiatrisk sjukepleiar og teamleiar
  • Trude Rødseth Lygre, vernepleiar
  • Helle Merete Leipart, psykiatrisk sjukepleiar
  • Thomas Lundqvist, psykologspesialist
  • Louise Sandve, psykologspesialist og funksjonsleiar for psykoseteamet
  • Angel Broshtilov, psykiater
  • Mona Kristin Steine, ergoterapeut med vidareutdanning i rusproblematikk
  • Hege Simonsen, erfaringskonsulent
  • Mirjam Bjerkenes, erfaringskonsulent

Akutt ambulant team (AAT)

AAT er ein viktig del av akutt-behandlingskjeda for pasientar med psykiske lidingar. AAT er forankra i Haugaland DPS og vil vere tilgjengeleg for tilvisarar i Haugaland DPS sitt opptaksområde.

Teamet er bemanna av legar og psykologar. Personalet har døgneteneste eitt døger om gongen, frå kl. 8.00 til kl. 8.00. Døgntenesta er organisert som passiv beredskap. Ved utrykking er det ofte to fagpersonar (lege og psykolog) i teamet, avhengig av behov.

Avgrensingar

AAT er ein viktig del av akutt-behandlingskjeda for pasientar med psykiske lidingar. Ein legg opp til eit nært samarbeid med vaktsystemet som dekker både Haugaland DPS og Haugesund sjukehus. Det vil vere sjukdomsintensiteten hos pasientane som avgjer om dei får tilbod ved DPS eller akuttposten ved sjukehuset. Ved tilstandar der tilvisande instans vurderer at pasienten har behov for akutt medisinering eller innlegging i akuttpost, skal ein nytte deira vaktsystem. Akutt ambulant team ønskjer å vere tilgjengeleg utover ordinært vaktsystem for å kunne vurdere og behandle tilstandar i tidlege fasar av sjukdommen, og såleis demme opp for meir akutte situasjonar.

Innhald og ansvarstilhøve

AAT har tre hovudfunksjonar:
1. Poliklinisk vurdering: Pasienten kjem då til poliklinikken for ei einskildvurdering av behandlar på vakt i AAT. Dersom pasienten av AAT blir vurdert til å ha behov for opphald ved Haugaland DPS, kan vedkomande takast inn til eit kriseopphald på inntil 3 døgn. Om vedkomande treng eit lengre opphald, blir dette vurdert av inntaksteamet.
2. Ambulerande konsultativ teneste: AAT rykker ut for å gi konsultativ bistand til lege/psykiatritenesta i kommunen.
3. Konsultativ teneste per telefon.

Kven kan tilvise?

  • Fastlege/legevakt kan ta telefonisk kontakt for drøfting eller ambulant konsultativ
    bistand. Om det blir aktuelt med klinisk vurdering, må det ligge føre skriftleg tilvising. Denne kan komme i ettertid.
  • Psykiatritenesta i kommunane når det gjeld pasientar under tvunge psykisk helsevern etter § 3.1.2 i psykisk helsevern-lova.
  • Valdtektsmottaket.
  • Kriseteam i kommunane.
  • Vaktsystemet ved sjukehuset.
  • Behandlarar ved Haugaland og Karmøy DPS

Allmennpsykiatrisk avdeling 1

Avdelinga har ti døgnplassar, inkludert ei kriseseng som blir administrert av Akutt Ambulant Team (AAT) og gir tilbod til pasientar med stemningslidingar, alvorlege depresjonar og angstproblematikk. Vi har følgjande behandlingstilbod:

  • Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
  • Medikamentell behandling
  • Individuell samtaleterapi
  • Miljøterapi
  • Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg sjukepleiar/miljøterapeut
  • Fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om eigen sjukdom og symptom gjennom samspel med miljøterapeutar og medpasientar
  • Miljøterapeutiske grupper
    - kroppsmedvitsgruppe
    - fysisk aktivitet
    - aktualitetsgruppe
    - informasjon om NAV-systemet 
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Fysioterapeutisk vurdering og behandling
  • Pårørandearbeid med spesielt fokus på barn

Allmennpsykiatrisk avdeling 2

Miljøet er tilrettelagt for pasientar der det blir vurdert som terapeutisk viktig å vere i eit aktivt behandlingsmiljø. Ved avdelinga har vi ei kognitiv atferdsterapeutisk behandlingstilnærming. I vekedagane deltar pasientane i grupper og undervisning. Vi har fokus på meistring, kunnskap om eigen sjukdom og symptom gjennom samspel mellom miljøterapeuter og medpasientar.

Målgruppa er personar med personlegdomslidingar, stemningslidingar, angsproblematikk og spiseforstyrringar.

Behandlingstilbod

  • Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
  • Medikamentell vurdering og behandling
  • Individuell samtaleterapi
  • Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg sjukepleiar/miljøterapeut
  • Spesialistvurdering
  • Miljøterapi
  • Miljøterapeutiske grupper:
    ◦ meistrings- og problemløysningsgruppe
    ◦ uttrykk i ord og bilder
    ◦ kreativitetsgruppe
    ◦ fysisk aktivitetgruppe
    ◦ bevegelsesgruppe
    ◦ daglege morgonmøter
    ◦ samtalar med miljøterapeut
  • Undervisning om depresjon, angstlidingar, medikasjon, grubling, søvn, fysisk aktivitet, ernæring og mindfulness
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Fysioterapeutisk  vurdering og behandling
  • Pårørandearbeid individuelt og i gruppe, med spesielt fokus på barn (Barne- og familieprogrammet)

Allmennpsykiatrisk poliklinikk

Poliklinikken vurderer og behandlar personar med allmennpsykiatriske lidingar. Dette kan vere angstlidingar, kriser der den kommunale helsetenesta ikkje har vore tilstrekkeleg, depresjonar, posttraumatisk syndrom, personlegdoms- og spiseforstyrringar, eller ein kombinasjon av desse.

I staben er psykiater, legar i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar, psykiatriske sjukepleiarar, klinisk sosionom og fysioterapeut. Alle desse tar imot pasientar til vurdering. Etter innleiande vurderingssamtale blir pasientane tverrfagleg drøfta og vidareført til det som vi saman med pasienten vurderer som best eigna behandling.

  • Kartlegging og diagnostisering
  • Medikamentell behandling
  • Individuell korttids og langtidspsykoterapi; interpersonleg prega og kognitive terapiformer
  • Gruppeterapi
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Kriseintervensjon
  • Familie og parsamtalar
  • Pårørandearbeid individuelt og i gruppe, inkludert barn (Barne- og familieprogrammet)
  • Rettleiing og undervisning til 1. linetenesta og internt i DPS-et

 

Psykoseavdeling

Behandlingstilbod med 10 døgnplassar, inkludert ei kriseseng som blir administrert av Akutt Ambulant Team (AAT). I hovudsak rettar tilbodet seg mot personar med alvorlege psykiske lidingar som langvarige psykosar, schizofreni og rus/psykiatri. Målgruppa er pasientar med psykoseproblematikk. Behandlingstilbod:

  • Tidleg identifisering, utgreiing og diagnostisering
  • Medikamentell behandling
  • Individuell samtaleterapi
  • Alle pasientar får tildelt ein pasientansvarleg lege/psykolog og pasientansvarleg sjukepleiar/miljøterapeut
  • Miljøterapi med fokus på meistring, sosial fungering og kunnskap om eigen sjukdom og symptom gjennom samspel med miljøterapeutar og medpasientar
  • Miljøterapeutiske grupper
    ◦xfysisk aktivitet
    ◦xaktivitetsgruppe - tur, kino, kultur og anna
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Fysioterapeutisk vurdering og behandling
  • Pårørandearbeid individuelt og i grupper med spesielt fokus på barn

Psykoseteam

Eit tverrfagleg team sett saman av psykiater, psykologar, spesialsjukepleiarar og sosionom. Psykoseteam er for pasientar med behov for utgreiing og behandling av ulike psykosetilstander, og pasientar med kombinasjon av alvorleg psykisk liding og rusproblematikk.

Mål med behandlinga

  • Tidleg identifisering, diagnostisering og behandling
  • Lett tilgjengelege behandlingstilbod for personar med alvorleg psykisk liding, blant anna med ambulante tenester
  • Symptombetring og auka meistring
  • Auka eigeninnsikt og sjukdomsinnsikt
  • Styrka sjølvbilete med auka evne til meistring og evne til å ta ansvar for eige liv
  • Fokus på pårørandearbeid. 

Behandlingstilbod

  • Kartlegging og diagnostisering i tverrfagleg team
  • Medikamentell behandling
  • Individuelle psykoterapeutiske behandlingstilbod og støttesamtalar
  • Kriseintervensjon
  • Poliklinisk gruppebehandling gjennom fleirfamiliegrupper og grupper for sosial ferdigheitstrening
  • Psykoseteamet følger opp pasienter etter utskriving frå post. Pasientretta vegleiing til kommunale tenester
  • Nettverksarbeid og bidrag til individuell plan
  • Psykoseteam har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar som er underlagt lov om tvunge psykisk helsevern utan døgnopphald.

Ruspoliklinikken

Vi greier ut og gir poliklinisk behandlingstilbod til deg som både har rusliding og psykiske lidingar, også kalla ROP-lidingar. Vi undersøkjer også behov for plass i rusbehandlingsinstitusjon og hjelper til med å søke plass. 
 
Vårt mål i behandlinga av deg med rusliding er å forkorte tida med behandling og hjelpe til at du blir rusfri.

Målsettingane våre lagar vi individuelt til kvar pasient. For å sette realistiske mål ser vi blant anna på når ruslidinga di blei etablert, kor lenge det har vara, type rusmiddel, din alder, kjønn, og psykiske og fysiske helsetilstand. Men også samlivserfaringar, utdanning, arbeidserfaring og økonomiske situasjon er viktig for å sette mål for behandlinga.

Eigendel

  • Pasientar frå 16-30 år betalar ingen eigendel
  • Pasientar over 30 år betalar eigendel

Kven treff du hos oss?

Poliklinikken er tverrfagleg samansett med kompetane innan medisin, psykologi og sosialfag.

Behandlingsformer

  • Gruppeterapi ved behov
  • Traumebehandling
  • Kognitiv behandling
  • Medisinsk behandling
  • Ambulante tenester
  • Systemisk tilnærming
  • Nettverksintervensjon
  • Familieterapi
  • Pårørandearbeid
  • Motiverande intervju


 

 Kven samarbeider vi med?

  • Kommunale instansar
  • NAV
  • Fastlege
  • Pårørande
  • Andre DPS-institusjonar, som psykosepostane både på Karmøy og Haugaland DPS
  • Rusinstitusjonar, både eksterne og lokale, som Ungdomseininga på Karmøy DPS


 

Pårørande og samarbeid med andre

For deg som er pårørande eller arbeider i samarbeidande organ har vi generell informasjon, råd, rettleiing og undervising.


 

Tilvising

Alle søknadar om behandling ved avdelingar eller poliklinikkar skal sendast via lege til:

Inntaksteamet ved Haugaland DPS
Pb. 2052
5504 Haugesund

Checkware

Pålogging - pasientar

Bruksrettleiing

Sjølvmordstankar? Velg å leve

Mange sliter i periodar av livet sitt. Noen så tungt at dei vurderer å ta sitt eige liv. Dei fleste kjem seg gjennom krisene ved hjelp av venner, familie, fastlege eller offentleg hjelp. Men ikkje alle. Nokon orker ikkje eingong å snakke om det, eller veit ikkje kven dei skal snakke med. Dei føler seg som ein belastning for andre. Kven forstår kor tungt livet kan vere?

Kva med å ringe oss? Anonymt om du vil. Vi har lang erfaring med å lytte til folk som sliter og er i ei alvorleg krise. Også med dei som ombestemte seg og valde livet. Mange som har vore i det djupaste mørke, og som fekk hjelp i en kritisk situasjon, seier "Hald ut – det er verd det!"

Her kan du snakke med fagfolk dersom du er i ein vanskeleg situasjon. Du kan også kontakte ditt lokale DPS eller næraste legevakt.

  • Haugaland/Karmøy DPS 907 61 525, kvardagar 8.00–15.00
  • TIPS 51 51 59 59, kvardagar 8.00–15.00
  • Kirkens SOS: 815 33 300 – Vi er der alltid!

Brukarrådet Haugaland og Karmøy DPS

Referat 2017-03-30.pdfhttps://helse-fonna.no/seksjon/klinikk-for-psykisk-helsevern/Documents/Brukarråd Haugaland og Karmøy DPS/Referat 2017-03-30.pdfReferat 2017-03-30.pdf
Referat 2017-01-26.pdfhttps://helse-fonna.no/seksjon/klinikk-for-psykisk-helsevern/Documents/Brukarråd Haugaland og Karmøy DPS/Referat 2017-01-26.pdfReferat 2017-01-26.pdf
Referat 2016-08-18.pdfhttps://helse-fonna.no/seksjon/klinikk-for-psykisk-helsevern/Documents/Brukarråd Haugaland og Karmøy DPS/Referat 2016-08-18.pdfReferat 2016-08-18.pdf
Referat 2016-06-09.pdfhttps://helse-fonna.no/seksjon/klinikk-for-psykisk-helsevern/Documents/Brukarråd Haugaland og Karmøy DPS/Referat 2016-06-09.pdfReferat 2016-06-09.pdf
Referat 2016-01-11.pdfhttps://helse-fonna.no/seksjon/klinikk-for-psykisk-helsevern/Documents/Brukarråd Haugaland og Karmøy DPS/Referat 2016-01-11.pdfReferat 2016-01-11.pdf

Kontakt

Telefon
52 73 21 00
måndag - fredag 08.00-15.30
Vel å leve-telefonen 907 61 525, velgåleve.no
E-post
Postadresse

Postboks 2052, 5504 Haugesund

Transport Haugland DPS

​Det er busshaldeplass like ved Haugaland DPS. Søk på haldeplassen "Lysskar" i reiseplanleggaren. Ruteinformasjon finn du på www.kolumbus.no

Praktisk informasjon

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Kioskane ved sjukehusa sel ikkje tobakksvarer, men har nikotinplaster eller nikotintyggegummi. Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.