Geriatrisk seksjon

Geriatri er vitskap om sjukdom i alderdommen. Når ein blir eldre, blir ein gjerne råka av sjukdom og ofte fleire samtidig. Det er også vanleg at eldre opplever funksjonssvikt.

Alt dette gjer at det er viktig med ei samordna vurdering av tilstanden til pasienten. Og for å få til det, arbeider vi med behandling og utgreiing i team, der vi har samla personar med ulik fagkompetanse.

Geriatrisk seksjon ligg ved Haugesund sjukehus og har både sengepost og poliklinikk.

Fann du det du leita etter?