Henvisningsskjema (PDF)
Retningslinjer for behandling
Når søknad/tilvising er foreløpig godkjent får de som par tilsendt registreringsskjema og samtykkeskjema. De må også søke om omsorgsattest (politiattest) på www.politi.no etter hjemmel «bioteknologilov § 2-6». Ventetida kan vere opptil 4-5 månader.
Omsorgsattestene må sendast Fertilitetssenteret og føreligge hos oss før paret kjem til time for ny samtale eller forundersøking. Attest bør ikkje vere eldre enn eit halvt år.
Kva tilbyr vi?
Haugesund fertilitetssenter tilbyr alle former for assistert befruktning som er lovlege i Noreg. Assistert befruktning er regulert gjennom
Bioteknologilova. Lova seier blant anna at «assistert befruktning kan berre utførast på kvinne som er gift eller som er sambuar med ein mann eller kvinne i ekteskapslignande forhold». Begge partar må underteikne på at dei ønskjer behandling. Vidare må paret vere medisinsk og psykososialt eigna.
Rettleiande øvre aldersgrense for kvinna er under 39 år ved første tilvising. Etter medisinsk vurdering kan vi i nokre tilfelle avvike frå denne regelen. Barnlause og par som har eitt barn vil bli prioriterte.
No er det også mogleg med behandling for einslege kvinner. Det stillast spesielle krav i Bioteknologiloven:
- Kvinna må bu åleine
- Behandlinga kan berre skje med donorsæd frå ein sædbank
- Det stillast strengare krav til kvinna si helse og psykososiale forhold sida kvinna må stå åleine for oppveksten av barnet
- Det leggast også vekt på nettverk av personar som kan vere til hjelp i oppveksten
- Også einslege kvinner må søkje om omsorgsattest
Fertilitetssenteret i Haugesund har for tida ikkje noko tilbod for einslege kvinner.
Dette då sædbanken ved Haugesund sjukehus er for tida ikkje aktiv og tar ikkje inn nye sæddonorar. Vi held på å bruke opp den siste donorsæden for behandling av heterofile og homofile par. Av juridiske årsaker kan vi ikkje bruke den gamle donorsæden for behandling av einslege.
Donorbehandling og nedfrysing av sæd
Vi har for tida ikkje moglegheit å tilby behandling med donor eller ta i mot sæd frå donorar.
Vi kan tilby nedfrysing av sæd for kreftpasientar.
Endringar i bioteknologiloven som omfattar behandling av barnlause
Frå juli 2020 er det lov med behandling av einslege kvinner (med donorsæd) og med nedfrysing av egg ikkje bare for medisinske årsaker.
Frå 2021 blir det mogleg med eggdonasjon og meir liberal genetisk testing av embryo ved risiko for arvelege sjukdommar (PGD).
Vår sædbank er for tida ikkje aktiv og vi tek ikkje inn nye sæddonorar. Vi har derfor for tida ikkje noko tilbod for behandling av einslege kvinner.
Nedfrysing av egg etter hormonstimulering og hausting av egg frå eggstokken kan skje av medisinske grunner (før kreftbehandling aller anna behandling som kan redusere eller øydelegge evna til å produsere friske egg). Nedfrysing av medisinske grunnar gjerast av offentlege klinikkar og er i Helse Vest sentralisert til fertilitetsavdelinga ved Haukeland sjukehus i Bergen.
Nedfrysing kan også gjerast av sosiale grunnar – som å ha moglegheit til å få barn også i ein alder som gjer det vanskeleg å få barn utan hjelp. Dette kallast «social freezing» og gjerast mot betaling av private klinikkar. Frosne egg kan oppbevarast til fullført 46 års alder.
Årsakar til barnløyse
Dei tre mest vanlege enkeltårsaker til ufrivilleg barnløyse er nedsett sædkvalitet, skadde eggleiarar og eggløysingssvikt.
Mannleg faktor
Nedsatt sædkvalitet reknar ein med å vere den direkte årsaka i ein tredel av tilfella, men kan i ytterlegare 20% vere ei medverkande årsak til ufrivilleg barnløyse. Nedsett sædkvalitet kan skyldast
- Levesett (miljøfaktorer, røyking, alkohol, medikamenter)
- Testikkelinfeksjon ved kusma eller alvorlege/kroniske sjukdommar
- Tette sædleiarar
- Medfødte sjukdommar, t.d. kromosomfeil
- Utilstrekkeleg hormonproduksjon i hypofysen
Ved nedsatt sædkvalitet kan antibiotika, hormon, operasjon, og assistert befruktning (IVF) vere aktuelt. Ved svært nedsatt sædkvalitet (få eller ingen levande sædceller i prøven) vil ICSI, ICSI kombinert med MESA/TESE(biopsi) eller donorinseminasjon vere aktuelle behandlingstilbod.
Eggleiar faktor
Eggleiarar kan bli skada i samband med betennelse. Kvinna kan ha hatt ein eggleiarbetennelse forårsaka av t.d. Clamydia eller dei kan vere skada etter ein kraftig blindtarmbetennelse, særleg dersom blindtarmen sprekk.
I nokre tilfelle vil eggleiarane vere heilt tette, andre gonger er dei ikkje tette, men fungerer dårleg på grunn av skadd vev inne i tubene. I fall eggleiarane er tette vil dei nokre gonger fylle seg med væske, og dette anser ein som ugunsteg i høve til prøverørsbehandling. Vi vil derfor ofte tilrå fjerning av slike utvida eggleiarar om ein ikkje blir gravid på første forsøk. Den beste behandlinga ved skada eggleiarar er prøverørsbehandling.
Uforklarleg faktor
Hos mange par greier vi ikkje å fastslå nokon sikker årsak til kvifor dei ikkje lykkast med graviditet. I alle høve kan det her vere fleire små faktorar som til saman vanskeleggjer graviditet, sjølv om vi ikkje greier å påvise nokon bestemt årsak. Denne gruppa pasientar har same sjanse til å lykkast som andre. Til dømes dei med eggleiarskade. Hos nokre i denne gruppa viser det seg ved prøverørsforsøk at eggproduksjonen hos kvinna er nedsett og dette kan vere årsaka til uteblitt graviditet.
Endometriose
Endometriose er ein tilstand der celler som normalt berre finns i livmora og har satt seg fast på andre stader i kroppen. Som oftast vil slike celler lokalisere seg til eggstokkar, bak livmora eller på andre organ i bekkenet.
Desse cellene vil oppføre seg som celler i livmora, det vil sei at dei i høve til menstruasjonsperioden blør. Dette kan gje opphav til smertefulle menstruasjonar og etter kvart arrforandringar i vevet.
I eggstokkane vil det ofte føre med seg blodfylte cyster. Vi veit at aktiv endometriose reduserer sjansen for å oppnå graviditet på vanleg måte og reduserer sjansane ved prøverørsbehandling.
I fall vi kjenner til at det føreligg aktiv endometriose vil vi tilrå operasjon med brenning av dei områda som har endometriose eller medikamentell forbehandling for å fjerne menstruasjon og dermed fjerne blødninga ein periode før behandlinga.
Eggløysingsforstyrring
Mange pasientar som blir tilvist har manglande eller sjeldne eggløysingar. Mange av desse pasientane vil kome inn under ein diagnose som heiter polycystisk ovariesyndrom. Dette er ein sekkediagnose der nokre pasientar har klassisk PCO med auka hårvekst i ansikt og på kropp, overvekt og typiske eggstokkforandringar på ultralydundersøking.
Andre gonger kan vi sjå sjeldan eller mangelfull eggløysing og hos pasientar uten spesiell hårvekst eller vektproblem. Desse pasientane har ofte vore til behandling hos eigen lege og fått anten tablettar eller hormoner i forkant for å få eggløysing. I fall ein allikevel ikkje har blitt gravid på denne behandlinga vil det vere aktuelt å gjere prøverørsbehandling. Denne gruppa pasientar har noko større risiko for overstimulering (det vil seie mange egg med tilhøyrande magesmerter) i samband med behandlinga.
Overvekt er ein negativ faktor når det gjeld resultata etter prøverørsbehandling og dessutan negativt i forhold til svangerskap og fødsel. Det er derfor ein stor fordel om pasiantene er tilnærma normalvektige ved behandling.
Andre årsakar
Ei rekke andre faktorer kan medverke, til dømes forhold ved livmorhalsen, andre sjukdommar som påverkar tilstanda osb. Stoffskiftesjukdommar vil minske sjansen til å lykkast med å bli gravid og må derfor vere regulert før ein eventuelt kjem til behandling.
Praktisk informasjon
Kostnadar
Vi tar atterhald om prisendring.
IVF-behandling
Vi har moglegheit til å tilby inntil tre IVF-forsøk med tilbakesetting av embryo (befrukta egg) med dekning frå det offentlege. Folketrygda dekker medisinutgifter ut over kroner 19 419 for desse tre forsøka.
Eigendel
- Første konsultasjon (per person samtaledagen): 375/450 kroner
- IVF/ICSI: 1500 kroner. Eigendel som ikkje dekkast av frikort.
- IVFD: 1500 kroner
Prøverøyrsbehandling med dornorsæd, inseminering med donorsæd) - FER: 450 kroner
Tilbakeføring av tine embryo
- Kontrollar i samband med forsøk: 375 kroner
- Dersom det i behandlingsperioden blir nødvendig med legesamtalar/tilleggsundersøkingar, betalast ein eigendel: 375/450 kroner
Forsøk med full eigenbetaling
Tilbod om dette blir kun gitt når eininga har kapasitet. Ta kontakt for prisar. Dersom du ikkje har hatt offentleg forsøk tidlegare, dekker Folketrygda medisinutgifter over 19 419kroner.
Fullførte forsøk:
- IVF
- ICSI
- TIN/FER
- Tillegg ved donorbehandling
Forsøk som må abrytast etter egguthenting:
Utgifter til medisinar kjem i tillegg.
Refusjon av medisinutgifter
Når
eigendelen etter gjeldende takster er oppnådd, kan de sende søknad om refusjon
for medisinutgifer. Hugs å ta vare på kvitteringar. Kravet må vere sendt innan
seks månader. Dersom utgifter til første forsøk ikkje overstig eigendelen,
treng de ikkje sende inn krav før de eventuelt kjem til ny behandling.
Det er
HELFO som behandlar krav om refusjon av legemidlar. Kravet skal difor sendast dit. Hugs å ta med kontonummer.
Helseøkonomiforvaltningen (HELFO)
Postboks 2415, 3104 Tønsberg
Telefon 815 70 030 - HELFO rettleiing for privatpersonar
E-post post@helfo.no
Refusjon av reiseutgifter
Krav om refusjon av reiseutgifter sendast på eiga skjema til ANS (helseføretaka sitt senter for Pasientreiser). For meir informasjon sjå
www.pasientreiser.no.
Tilvisingsrutinar
Haugesund Fertilitetssenter tek i mot par frå heile landet for assistert befruktning, både heterofile og lesbiske. Paret får individuell behandling og oppfølging av tilsette som har lang erfaring og høg kompetanse innanfor fagområdet.
Vi har for tida ikkje noko tilbod for einslege kvinner.
Einaste offentlege klinikk som har tilbod er Oslo universitetssjukehus. Frå 2021 er det også tilbod ved St. Olavs hospital i Trondheim. Private klinikkar gir behandling til einslege kvinner dersom klinikken importerer sæd frå private sædbanker.
Ta med alle opplysningar - gjer ventetida kortare
Vi ønskjer at behandlinga skal vere så rask og skånsam som mogleg for paret og at ventetida frå vi mottar søknad til vi startar behandling skal vere kort. Derfor er vi avhengige av at tilvisingane legen sender inneheld den informasjonen vi meiner er viktig. Det vil redusere risikoen for uheldige forseinkingar av behandlingsoppstart (for eksempel manglande beskyttelse mot Rubella eller for høg BMI).
Det vil også føre til at vi ikkje behøver å bruke ressursar på å innhente nødvendig informasjon om paret som manglar i tilvisinga. Innsamling av informasjon, som manglande opplysningar om partner, vanskeleg å finne telefonnummer og så vidare, krev mykje tid.
Psykososial vurdering
Vi skal gjere ei psykososial vurdering av paret (jf. bioteknologiloven §2-6). Paret må også søke om omsorgsattest (politiattest) på www.politi.no.
Dette skal sikre, så langt det lar seg gjere, at barnet får gode oppvekstvilkår.
For å gjere denne vurderinga er det naudsynt at tilvisande lege har dette i tankane før eller når paret blir tilvist til assistert befruktning.
Om tilvisande lege er i tvil om parets omsorgsevner, er det ein fordel om paret blir vurdert før tilvisinga blir sendt.
Det kan innhentast sosialrapport frå barnevern eller sosialtenesta. Paret må gi sitt samtykke til at desse instansane kan utlevere denne type informasjon. I utgangspunktet skal det regionale helseføretaket der pasienten bor syte for utgiftene i samband med psykososiale vurderingar som ledd i utgreiing for behandling.
Tilvisingsskjema
Det er ønskeleg at lege nyttar skjemaet "Henvisning til assistert befruktning". I og med at dette for nokon vil medføre dobbeltarbeid, er det helt i orden om skjemaet blir brukt som ei sjekkliste for å sjå at all informasjon er komme med i tilvisinga.
Vi ser helst at tilvisninga skrivast av ein spesialist i gynekologi eller obstetrikk, men vi mottar gjerne tilvising frå paret sin fastlege dersom vedkommande kan gi oss dei opplysningane om paret vi ber om.
Kriteria for behandling
- Paret må vere gift eller stabilt sambuande i ekteskapsliknande forhold, altså vere samboende i minst to år
- Paret må vere psykososialt eigna til å ha barn og legge frem omsorgsattest
- Kvinna bør ikkje vere fylt 39 år ved søknadstidspunkt, og mannen bør ikkje være eldre enn 55 år
- Kvinner med kroniske sjukdommar som kan bli verre ved eit svangerskap, eller der svangerskap kan føre med seg alvorlege komplikasjonar, vil bli særskild vurdert
- Kvinna bør ha Body Mass Index (BMI) under 32
- Par der ein eller begge har fått påvist at dei er smitteførande med HIV, syfilis, Hepatitt B eller Hepatitt C, kan ikkje få tilbod om behandling hos oss
- Det fins et tilbod ved Oslo universitetssjukehus vi kan tilvise til, dersom vi meiner krava for behandling med assistert befruktning elles er oppfylt.
Vi har for tida ikkje noko tilbod for einslege kvinner.
Vi har heller ikkje noko tilbod for nedfrysing av egg.
Alle pasientar skal vere ferdig utgreidd hos gynekolog eller lege før søknaden blir sendt til oss.