BUP Haugesund

BUP står for barne og ungdomspsykiatri. Vi gjev eit spesialisert tilbod innan psykiatri til barn og unge (opp til 18 år) og deira pårørande.

Døme på tilbod vi har, er utgreiing og behandling av angst, åtferdsvanskar, utviklingsforstyrring og AD/HD.

Vi har og tilbod innan depresjon, tvangslidingar, alvorlege belastningar/traumer, autisme, sjølvmordsfare, psykose, spiseforstyrringar og skulevegring.

Les meir om BUP Haugesund

BUP Haugesund

Pasientforløp

Barn og unges helsetjeneste - samhandlingsforløp på tvers av kommuner og spesialisthelsetjeneste

Er du tilvisar?

Som hovudregel er det fastlegen som tilviser til BUP. Leiar for barnevernet i kommunen kan også tilvise, men det må alltid vurderast om barnet eller ungdommen også bør innom fastlegen for å få ein medisinsk vurdering av problema sine.

Innhald i tilvising

  • Utfylt BUP-skjema - skjemaet finn du her
  • Symptom / problematisk åtferd (heime, på skulen, blant venner): type, varigheit, funksjonstap, største problem nå
  • Relevante psykososiale høve
  • Tidlegere sjukdommar
  • Kva er gjort av undersøkingar / utgreiingar?
  • Kva tiltak / behandling har vorte prøvd?
  • Søvn / appetitt
  • Medikament / rusmidlar
  • Somatisk vurdering  (inkludert syn / hørsel)
  • Eventuelle labprøver: thyroidea, ferritin, vitamin B12, EEG
  • Eventuelle tilleggsrapportar frå skule, barnehage, PPT

Viktig

  • Er det vurdert om somatisk tilstand kan vere årsak til symptoma?
  • Din vurdering av hjelpebehov / alvorlegheitsgrad
  • Det må kryssast av for samtykke frå begge føresette med foreldreansvar (unntak må grunngjevast), eller frå ungdom over 16 år.

NB! Manglande samtykke og / eller manglande BUP-skjema gjer riktig vurdering av tilvisingar vanskelegare. Tilvisinga må gje eit godt bilde av barnet eller ungdommen sine symptomer, utvikling, personlege eigenskapar og oppvekstmiljø, samt beskriving av dei hjelpetiltak som er prøvd.

Ein del undersøkingar kan med fordel gjerast før tilvising.

Ungdom som er fylt 16 år, kan utan samtykke frå sine foreldre kontakte fastlege for tilvising til BUP.

Vi ønskjer å ha eit samarbeid med dei som har tilvist både under utreiing og behandling.

Vi gir augeblikkeleg hjelp når det er nødvendig.

Vurderingsgaranti

Innan 10 virkedagar etter at tilvising er mottatt skal det vurderast om det er nødvendig med helsehjelp, og vi skal gje informasjon i brev om når behandlinga forventast å bli gitt.

Rett til nødvendig helsehjelp

Barn og unge har rett til nødvendig helsehjelp ved tilstandar som kan redusere livslengde, gje betydeleg nedsatt livskvalitet, og om nytta av hjelpa står i eit rimeleg forhold til kostnadane. Barn og unge, som ikkje har "rett til nødvendig helsehjelp" etter lova sine kriterier, kan også ha behov for eit tilbod hos oss, men dei får då ikkje rett til å få dette tilbadet innan ein viss tidsfrist, og får noko lenger ventetid.

Tilvisingsskjema

Vi bruker felles tilvisingsskjema, likt for alle BUP i Noreg. Skjemaet er utvikla av «Norsk forening for barn og unges psykiske helse», N-bup, etter oppdrag frå Helsedirektoratet, og dekker den obligatoriske rapporteringa til Norsk Pasientregister (NPR).

Les meir om skjemaet på n-bup sine heimsider

Sjå også

Tilvising på tvang

Er du bekymra for eit barn?

Alle kan i periodar slite med å takle livet, særleg når det skjer store hendingar, eller når vi lev i situasjonar der det er mange risikofaktorar. Dette er normalt.

Men når treng barn ekstra støtte?

  • Når dei slit lengre enn venta
  • Når dei har mange ting å takle og viser fleire tegn på at dei slit
  • Når dei opplev at kjenslane er så sterke at dei forstyrrar kvardagen


 

Når du er bekymra for eit barn eller ein ungdom du arbeidar med, er det ein rekkje ting du kan gjere

  • Spør barnet om korleis han eller ho har det, ta deg tid til å lytte, unngå å spørre etter detaljar
  • Snakk med barnet og finn ut om det er problem heime eller på skulen som kan medverke til åtferda
  • Snakk med kolleger om bekymringane dine
  • Fortel barnet at tryggleiken deira er viktigast, men at at du kanskje må la andre få vite om vanskane
  • Spør om det er ok å involvere foreldra / føresette, og informer barnet om det, dersom dette er intensjonen din

Gjer det du kan for å støtte barnet, men ta kontakt med andre hjelpeinstansar når du treng bistand. Drøft situasjonen anonymt med ein profesjonell person, for eksempel i BUP

Er du barn eller ungdom?

Kva er BUP, og korleis jobbar vi?

Ein BUP er ein poliklinikk, eit slags kontor, der barn og ungdom under 18 år og foreldra deira får hjelp med psykiske vanskar. På BUP vert ingen lagt inn. Du kjem til avtalt tid, og kan dra heim igjen etter timen.

BUP jobbar også saman med andre, for eksempel skule og helsesyster, for å finne ut korleis vi kan hjelpe deg på best mogleg måte. 

Nokre barn og ungdom treng i ein periode tettare oppfølging, og då kan dei bli innlagt på ein sjukehuspost.

Desse er annleis enn dei vanlege sjukehuspostane. Alle får sitt eige rom, og det er andre barn / ungdommar som du kan prate og vere saman med. På sjukehuset er det alltid personale til stades.

Sjølvhjelp. Hjelpsomme tanker?

Barn og ungdom er veldig flinke til å finne raskt fram på internett når dei leitar etter informasjon. Det kjem godt med, fordi det ligg mykje informasjon om psykiske vanskar på internett.

Sjølv om det framleis er litt nytt, har det kome nokre nettsider som tilbyr online hjelp.

Dette kan vere elektroniske spørreskjema, som undersøker kva som er vanskeleg for nettopp deg. Andre gir rettleiing i kva du kan gjere sjølv, for å få det betre.

Moodgym er eit godt eksempel på eit slikt nettbasert hjelpeprogram retta mot personar med depresjon. Men dette er ikkje for dei minste.

Du finn og mykje informasjon/tema for ungdom på  ung.no og  selvhjelp.no.

Kven kan eg snakke med? 

Det er heilt vanleg at du grublar på ting i ein periode. Det gjer dei fleste. Det kan vere alt mogleg, og mykje av det som ser mørkt ut ein dag, blir plutseleg betre, utan at vi veit kvifor.

Men så er det ein del tankar som kan bli tyngre for kvar dag som går, og som kan overskygge alt anna. Då er det viktig å ta kontakt med nokon du er trygg på, og som har tid til deg. Lærar, helsesyster, nabodamen, og ikkje minst pappa eller mamma.

Det er alltid nokon du kan snakke med, men du må gjerne sjølv ta kontakt. Det er jo ikkje alltid like lett for andre å sjå at du har det litt tøft. Dei vaksne rundt deg vil sette stor pris på at du fortél dei om at du slit. Dei kan lytte til deg, og saman med deg finne ut kva som kan hjelpe deg.

Mange barn og unge synast det er litt flaut å fortelje til nokon at dei har det vanskeleg. Da skal du vite at det er heilt i orden. Når du er ung som deg, er det heilt vanleg at du ikkje har svar på alt som er vanskeleg her i livet. Det kan ein vaksen hjelpe deg med. Og nokon gonger betyr det at du treng nokon på BUP til å hjelpe deg vidare.

Det ordnar seg. For deg også.

Kva skjer på BUP? 

Når du får vonde tanker er det veldig viktig at du tek kontakt med ein vaksen som du er trygg på.

Det er alltid nokon du kan prate med om det du synast er vanskeleg. Det kan vere ein lærar, ein nabo, ein tante eller onkel, helsesyster på skulen, og sjølvsagt foreldra dine.

Det er ingenting som er dumt å spørre om. Ikkje vent for lenge, det er alltid betre å snakke om det du slit med enn å halde tyst. Og enda betre, det alltid hjelp å få. Også for deg.

På BUP får du snakke med nokon som kan mykje om dei vanskane barn og unge ofte slit med.

Dei fleste barn og ungdom kjem til BUP saman med foreldra sine første gongen. Det er sjølvsagt litt avhengig av kor gammal du er, men vi ser at barn og ungdom stort sett er glade for at far og / eller mor er med på nokre av samtalane. Spesielt første gongen kan det vere litt rart for dei fleste.

Du får ein fast kontaktperson, som følger deg heile den tida du er i kontakt med BUP.

Vaksen og pårørande

Trur du at barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp? Da bør du oppsøke lege for å få barnet undersøkt.

Legen kan tilvise til ein av Poliklinikkane i nærleiken – BUP Haugesund for Haugalandet, BUP Stord for Sunnhordland og Hardanger.

På poliklinikkane vert ingen lagt inn. Pasientar får tilbod om ulike formar for behandling, og vi vil sjå på behovet til ditt barn når vi lagar ein behandlingsplan.

BUP jobbar også saman med andre offentlege instansar, som for eksempel skule / barnehage,  fastlege, helsesyster og i nokon tilfelle barnevern, for å finne fram til det beste behandlingstilbodet for barnet ditt.

Dersom det viser seg at eit poliklinisk tilbod ikkje er tilstrekkeleg, kan barnet ditt bli innlagt ved ein sengepost for meir spesialisert utgreiing og behandling. Les meir om dei ulike postane i venstremenyen.

Hos  helsenorge.no finn du informasjon som kan vere nyttig for deg som pårørande. Her kan du også finne mykje informasjon om psykiske lidingar og kva hjelp som finst.

Kva kan ég gjere?

Det er naturleg å vere usikker på om barnet ditt har behov for spesialisert helsehjelp eller ikkje. Her er nokon tips om kva du kan gjere for barnet ditt.

  1. Snakk med barnet ditt: Når du blir bekymra for barnet ditt, er det som regel en grunn til det. Du har dei beste føresetnader for å registrere endringar i barnet si åtferd og stemningsleie. Ofte vert bekymringane til føresette bekrefta av skulen. Det er vanskeleg for barn og unge å uttrykke seg når det gjeld psykiske vanskar. Difor er det særs viktig at du som føresett tek initiativ og hjelper barnet ditt med å fortelle kva som er vanskeleg.
  2. Snakk med skulen / barnehagen: Barn som slit psykisk, har det som regel tøft på skulen. Det handlar ikkje per definisjon om at vanskane er skulerelatert, men vanskane går lett utover trivsel, meistring og læring. Det kan igjen føre til at skulen blir ein stad barnet ikkje har lyst til å vere. Ta gjerne kontakt med skulen og klasseforstandaren, og drøft bekymringane dine. Da får du vite om skulen har registrert ei endring hos barnet ditt, og kva tankar dei har gjort seg. Det kjem barnet til gode når skulen og føresette samarbeider for å ta tak i vanskane.
  3. Ta kontakt med fastlegen: Det er mykje hjelp i å drøfte bekymringane dine med fastlegen. Vedkomande kan gi gode råd og rettleiing. Barnet ditt vil verte undersøkt fysisk før ei eventuell tilvising til BUP. Det er fastlegen som sender tilvisinga, og han / hun vil i dei fleste tilfelle også innhente informasjon frå skulen / barnehagen og eventuelt frå Pedagogisk Psykologisk Teneste (PPT). BUP samarbeider tett med fastlegen, skulen og PPT når barnet ditt er under utgreiing / behandling. 

Korleis går eg fram for å få barnet mitt tilvist?  

Fastlegen, leiar for barneverntenesta og leiarane for PPT Haugesund, PPT Karmøy og PPT Sauda kan tilvise til BUP. Per i dag har ikkje dei andre PPT’ane på Haugalandet, i Sunnhordland eller Hardanger  denne moglegheita, men dei bistår gjerne med dokumentasjon, som fastlegen kan legge ved tilvisinga. 

Når du ser at barnet ditt treng hjelp, kan du gjere følgande

  • Ta direkte kontakt med fastlegen. Fastlegen vil undersøke barnet ditt før det vert sendt tilvising.
  • Ta kontakt med skulen for å undersøke om det er aktuelt å koble på pedagogisk psykologisk teneste (PPT). Uansett årsak til vanskane vil dei fleste barn vere hjelpt med tilrettelegging på skulen. PPT kan også vere behjelpelig med å skrive tilrådingsrapport.

BUP vurderer tilvisinga innan ti verkedagar. Dersom barnet er under 16 år vil føresette få eit svarbrev frå BUP, der det vert opplyst om barnet har rett til naudsynt helsehjelp eller ikkje.

Er ungdommen over 16 år, vil brevet gå direkte til ham / henne. Avhengig av tilvisingsgrunn vert barnet tildelt ei ventetid. Den er aldri lengre enn tre månader ved rett til naudsynt helsehjelp.

Kva gjer eg om eg treng hjelp til barnet mitt no? 

Sjølv om dei fleste barn og unge vert tilvist via fastlegen, treng nokon barn akutt hjelp.

Desse instansane kan du ta kontakt med

  • Fastlegen: Fastlegar har som regel hastetimar kvar dag, som er til pasientar med akutt behov for legehjelp. Du kan ta kontakt med din fastlege på dagtid.
  • Legevakt: Dersom fastlegen ikkje har ledig kapasitet same dagen, er alternativet å oppsøke legevakt. 

Av erfaring veit vi at det kan vere vanskeleg både for føresette og barn / ungdom å måtte tilbringe tid på venterommet.

Vi anbefalar at du ringer legevakta og melder frå om at du kjem med eit barn / ungdom som treng psykiatrisk hjelp. Dei kan forklare deg korleis du skal gå fram. 

Kontakt legevakta der du bur

Etne Legevakt
53 75 60 00

Haugesund Legevakt
52 80 40 00

Karmøy Legevakt
52 84 49 50

Sauda Legesenter (Legevakt)
52 78 60 00

Suldal Legekontor (Legevakt)
52 79 23 00

Sveio Legekontor (Legevakt)
53 74 84 00

Tysvær Legevakt
52 77 07 00

Ølen Legekontor (Legevakt)
53 65 55 00

Allmennpsykiatrisk team

Vi jobbar med barn og unge i alder 4-18 år som strevar med psykiske vanskar som: angst, depresjon, tvangstankar/handlingar, spiseforstyrringar, reaksjonar etter traumer, sjølvskading og rusproblemer.

Vi gjer tilbud om individualbehandling, gruppetilbod, opplæring/info.kurs (meistring/håndtering av psykiske lidingar) , foreldreveiledning-/samarbeid. Ved behov samarbeidar vi med skule, PPT, barnevern og politi.

Vi ønskjer å hjelpa barn og ungdom til økt trivsel, betre humør, betre meistring i forhold til håndtering av vanskeområder og sosiale forhold, samt økt forståing og aksept av seg sjølv. Vi jobbar ofte ut ifrå ein kognitiv atferdsterapeutisk ramme.

Spisepoliklinikk

Barn og unge med spiseforstyrrelsar kan generelt behandlas i både kommune (Helsestasjon/fastlege)- og spesialisthelsetjenesten (Sjukehus). Dersom ein ikkje oppnår tilfredsstillande resultat i kommunehelsetjenesta, kan ein henvisa til behandling ved BUP.

Eit ønske om å gå ned i vekt er slett ikkje einsbetydande med spiseforstyrrelsar. Mange av dei som slankar seg gjer dette på ein sunn og forsvarleg måte. Men, det finnes også tilfeller der slankinga går over til å bli ein sjukdom.

Barn og unge som har ein spiseforstyrrelse, vil vere overopptatt av mat og plagast med konstante tankar om mat, spising, kropp og vekt. Andre sider av livet blir overskygga når svært mykje tid og ressurser brukast på handlingar knytt til mat og spising.

Du kan få fysiske helseskader av slanking og underernæring. Du kan også få skader på kroppen av overspising, oppkast, misbruk av avførings- og vanndrivande midler, overdreven fysisk aktivitet og fasteperiodar. Dei fysiske skadane kan igjen gje psykiske plagar.

Spiseforstyrrelsen går ut over andre områder i livet som skule, studier, fritidsaktivitetar og sosiale relasjonar. Hos personer med spiseforstyrrelsar har kroppsstørrelse og vekt stor betydning for selvbildet.

Bulimi, anoreksi og andre spiseforstyrrelsar skuldast både arv og miljø. Fleire jenter enn gutar vert råka. Slanking og vekttap er ofte eit av dei første trinn i utviklinga av bulimi og anoreksi, men det er usikkert om slanking i seg sjølv er ein risikofaktor.

Ein del gutar som har ein spiseforstyrrelse er normalvektige og då kan det vere vanskeleg for omgivelsane å vite kva dei lider av. Snakk med ein venn eller foreldra dine. Du kan også snakke med helsesyster eller fastlegen din om du stolar på dei.

Behandlingstilbod ved BUP
Førstevalg ved behandling av spiseforstyrrelsar, er poliklinisk behandling. Vi gir kognitiv atferdsterapi (CBT-E) og familiebasert terapi (FBT) som er den anbefalte behandlinga for barn og unge med spiseforstyrrelsar.

Familieteamet

Vi i familietemet jobbar med utredning og behandling av barn og unge i alderen 4-18 år i eit familieperspektiv.

Vi ser barn og unge i samspel med sine foreldre/foresatte. Vi trur at familie og nettverk saman med pasienten, er dei viktigaste hjelparane for barn og unge.

Vi arbeider blant annet med: Tilknytningsvansker, samspillvansker, atferdsvansker, meistring av kroniske sjukdommer, kriser og sorgreaksjonar, vold i nære relasjonar.

Vår metodiske tilnærming er prega av meistring, endring, løsning og ressursorientering. Vi kan også gje eit atferdsperapeutisk tilbod, i form av PMTO individuelt (foreldreveiledning). For meir info om PMTO, sjå www.pmto.no.

Nevroteam

Nevroteamet jobbar med barn og ungdom i alder 4-18 år.
 
Nokre strevar med å konsentrera seg, nokre har ufrivillege bevegelser og lyder/ord, og nokre har uro i kroppen. Nokre barn /ungdomar gjer og seier ting impulsivt utan å tenke seg om. Nokre kjem i konflikter når dei er saman med andre eller har vanskar med å ta kontakt med andre.

Nevroteamet jobbar med barn og ungdom i alder 4-18 år. Nokre strevar med å konsentrera seg, nokre har ufrivillege bevegelser og lyder/ord, og nokre har uro i kroppen. Nokre barn /ungdomar gjer og seier ting impulsivt utan å tenke seg om. Nokre kjem i konflikter når dei er saman med andre eller har vanskar med å ta kontakt med andre.

Mange har også lærevanskar og vanskar med å trivast i barnehage eller skule.

Vi kan finne ut om dei har ADHD, Tourettes Syndrom, Autisme eller Asperger.Meir informasjon ved å klikke på linken til høyre (diagnoser).
Etter ei utredning vurderer vi om barnet/ungdommen treng behandling hos oss eller om det er nok med tilrettelegging i kommunen.

Det å få ein diagnose, kan føra til at barnet/ungdommen, foreldrene og barnehagen/skulen kan forstå ein betre. Det kan også hjelpa til med at ein får ein betre hjelp i kvardagen.

Etter at barn/unge har fått ein diagnose hos oss, veileder vi foreldre og skule.

Dei som får ein ADHD-diagnose blir viderehenvist til ADHD-poliklinikken vår, der dei får tilbod om ulike kurs og eventuelt medisinering.

ADHD-poliklinikk

Når barnet ditt har fått diagnosa ADHD vil ho eller han få eit behandlingstilbod ved BUP.
 
Vi ønskjer å auke kunnskapen om ADHD hos ditt barn, de som foreldre, skole og fastlegar.

ADHD-poliklinikken vår tilbyr kurs og opplæring, utprøving og behandling med medisinar for ADHD og rådgiving til fastlegar.

Medikamentell utprøving og behandling blir gitt i inntil eit halvt år ved BUP, deretter overførast pasienten til fastlegen for vidare oppfølging.

Kurs ved BUP Haugesund

  • 6-timars informasjonskurs om ADHD for foreldre og skole
  • Strategikurs for foreldre med barn i alderen 6-12 år. Kurset går over 5 kveldar à 3 timar
  • Nettverkskurs for nøkkelpersonar rundt barn med ADHD, som barnepass, trenar, venner og slekt
  • «Eg har ADHD eg, og det e heilt greit» er eit gruppetilbud for barn mellom 8 og 12 år. Samlingane går over 3 ettermiddager à 1,5 time

Informasjonsmateriale

Sped- og småbarnsteam

Vi jobbar med dei yngste barna (0-4 år) som har psykiske vanskar. 

Dette kan vere urolege barn, triste barn, alvorlige hendingar som vold og andre traumer, eller barn som ikkje utviklar seg normalt.

Sped- og småbarn utviklar seg i tett samspel med foreldra sine. Jo yngre barnet er, desto vanskeligare kan det vere å forstå kva det er barnet og familien strevar med. Derfor er vi ei gruppe som jobbar saman i team for å kunne forstå deg og ditt barn og hjelpe dykk best mogleg.

Vi kan bidra når helsestasjon, fastlege, PPT eller barnehage strevar med å forstå og/eller hjelpe godt nok.

Vi har lokalar i 3. etasje på BUP i Haugesund. Vi legg ofte opp til dagsutgreiingar, spesielt for deg med lang reiseveg.

Vi kan også gi:

  • Foreldrerettleingstilbod innan konseptet «De utrolige årene» (DUÅ)
  • Foreldregrupper for dei med barn i alder 1-3 år
  • Foreldregrupper for foreldre med barn i alderen 4-6 år.

Teieplikit

Alle tilsette ved BUP har teieplikt.
                                           
Foreldrene og/eller ungdommane må gi samtykke hvis vi skal samarbeide med andre. Dersom barn lider overlast, har imidlertid BUP meldeplikt til barnevernet.

Ungdommer som har fylt 16 år har selvstendige pasientrettigheter. Vi kan ikke ta kontakt med foreldrene uten at ungdommen har gitt samtykke til det. Viktige unntak fra dette er dersom vi vurderer at det er vesentlig fare for liv og helse, og dersom informasjon er nødvendig for at foreldre skal kunne oppfylle foreldreansvaret.

Pasienter har full innsynsrett i sin journal. For barn under 12 år gjelder innsynsretten også for foreldre. For ungdom mellom 12 og 16 år er det opp til BUP å vurdere om foreldrene skal ha innsyn. Man får innsyn i journalen sin ved å be sin behandler om det.

Praktisk informasjon

Timeavtalar i poliklinikk

Poliklinikken ligg i 1. etasje, hovedinngang mot vest. Ved oppmøte, henvend deg i ekspedisjonen.

Parkering

Gratis parkering (få plassar), spør i ekspedisjonen etter parkeringslapp. Parkering nærast poliklinikken finn du rett utanfor hovudinngangen.

Busstopp

Næraste busstopp er på begge sider i Karmsundsgata ved sykehuset.

Kostnad

Behandling for barn og unge under 18 år er gratis, så lenge ein møter til avtalte timer.

Om du ikkje møter til avtalte timer eller ikke avbestillar innen 24 timer, vil vi sende regning på uteblitt timeavtale - for tida kroner640.

Pasientreiser

Du kan ha rett til å få dekka nødvendige utgifter når du skal reise til og frå offentleg godkjent behandling. Hovudregelen er at du får dekka billigaste reisemåte med rutegåande transport til og frå næraste behandlingsstad. Avstanden til behandlingsstedet må vere minst 3 kilometer, og reisa må koste meir enn lokal minstetakst. Hvis dette gjeld deg, spør i ekspedisjonen om skjema (krav om dekning av reiseutgifter).

For meir informasjon, sjå nettstaden til Pasientreiser.

Vi ringer frå skjult nummer

Skulle vi ha behov for kontakt (avlysing av timeavtalar om behandler er sjuk eller anna nødvendig informasjonsutveksling), så ringer vi frå skjult nummer (gjelder heile Helse Fonna).

Ekspedisjonen i poliklinikken er open mandag til fredag frå klokka 08.00-15.30.

Forventa ventetid

Se oversikt på Fritt sykehusvalg sine nettsider.

Psykiske vanskar

Vi er oppteken av at alle skal kunne lese om psykiske vanskar, på eit språk som er forståeleg. Les om ulike diagnosar.

Sjå også

Vaktsystem

Målgruppa for denne sida er primært fastlegar og anna personell i primærhelsetenesta som tar kontakt med spesialisthelsetenesta i forbindelse med akuttpsykiatrisk hjelp.

I øyeblikkeleg-hjelp situasjonar kor pasienten har behov for umiddelbar behandling, har pasienten ikke rett til å velgje sjukehus.

BUP Haugesund er utpeika til å gi akutt psykiatrisk helsehjelp for barn og unge i Helse Fonna sitt opptaksområde.

Vaktsystemet skal

  • Vere ein sentral del av akuttbehandlingskjeda
    Sikre spesialisthelseteneste til barn og unge i akutte psykiske krisesituasjonar gjennom å vere rask og godt tilgjengeleg for primærhelsetenesta.

Organisering

  • BUP Vakt vil vere tilgjengeleg for tilvisarar i heile Helse Fonna sitt opptaksområde.
  • BUP Vakt er todelt og består av forvakt med lege i spesialisering og overlege/konstituert overlege som bakvakt. 
  • Vaktsystemet er tilgjengeleg 24 timar i døgnet.

Målgruppe

BUP Vakt skal vere eit tilbod for barn og unge som er i ein akutt psykisk krisesituasjon der barnet, ungdommen, familien eller nettverket sine vanlege mestringsstrategiar ikkje strekker til, og som oppheld seg i opptaksområdet.

Dette kan vere barn og unge med for eksempel: Førstegangspsykose, psykotiske tilbakefall eller forverring, barn og unge i akutt suicidal krise, barn og unge i rusrelaterte psykiske kriser med meir.

LEON prinsippet skal gjelde. Behandling skal skje på lavast mogleg omsorgsnivå. BUP Vakt blir såleis ikkje ei erstatning av dei gode kommunale tenestetilboda, men skal vere eit supplement ved behov for rask tilgjengeleg spesialisthelseteneste i akutt krise.

Alternative behandlingsløp vil ha høg prioritet før eventuell innlegging i avdeling ved Barnepsykiatrisk post (BPP) eller Ungdomspsykiatrisk post (UPP).

Kven kan tilvise?

  • Fastlege/legevakt: Kan ta telefonisk kontakt for drøfting og rådgjeving.
  • Om det blir aktuelt med klinisk vurdering eller innlegging må det føreligge skriftlig tilvising. Hos pasientar under 16 år må det føreligge samtykke frå foreldra eller Barnevernet.
  • Barnevernsteneste
  • AMK og internt i Helse Fonna

Beskriving av tenesta og ansvarsforhold

BUP Vakt vil ha fire funksjonar:

  1. Konsultativ teneste per telefon. Tilvisande lege i kommunehelsetenesta eller barnevernsleiar har ansvaret for pasienten også under den konsultative bistanden, og er den som bestemmer kva ho eller han vil gjere med rådet spesialisthelsetenesta kommer med.
  2. Poliklinisk vurdering. Pasienten kommer da til mottakseininga ved BUP Haugesund for ein enkeltvurdering av forvakt, eventuelt bakvakt. Om pasientkontakten blir avslutta etter enkeltvurderinga, vil pasienten vere tilvisande instans sitt ansvar. Ved behov for ytterligare oppfølging utanom «øyeblikkeleg hjelp», blir pasienten internt tilvist til poliklinisk oppfølging.
  3. Tilsyn ved Barneklinikken eller Haugesund sjukehus. Vakthavande ved Barneklinikken, Haugesund sjukehus, kan be om konsultativ bistand eller tilsyn ved uklar suicidalitet eller psykose.
  4. Innlegging. Hovudmålet ved akutte situasjonar/tilvisingar er å få vurdert barnet eller ungdommen sitt behov for stabilisering og behandling. Helsetilstand og samtykkekompetanse avgjer om det vil bli frivillig eller innlegging med tvang

Kontakt

Telefon
52 73 28 00
måndag - fredag 08.00-15.30
Laurdag og sundag stengt
Postadresse

Postaddresse: Helse Fonna, BUP Haugesund, Postboks 2170, 5504 Haugesund

BUP Haugesund
Besøksadresse
Vinjes gate 10(Google maps)
5522 Haugesund
Telefon
52 73 28 00
måndag - fredag 08.00-15.30

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.30-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Kioskane ved sjukehusa sel ikkje tobakksvarer, men har nikotinplaster eller nikotintyggegummi. Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Psykoselidelser hos barn og ungdomhttps://helse-fonna.no/behandlinger/psykoselidelser-hos-barn-og-ungdomPsykoselidelser hos barn og ungdomPPsykoser hos barn og ungePsykoser hos barn og ungePsykoser hos barn og ungePsykoser hos barn og unge

BUP Haugesundhttps://helse-fonna.no/avdelinger/bup-haugesundBUP Haugesund

Praktisk informasjon

Apotek Haugesund sjukehus

Apoteket ligg i første etasje, like bak resepsjonen.

Opningstider:

Måndag-fredag kl. 8.30-16.30.

Foto og film

Mange pasientar og pårørande ønskjer å ta bilete eller video som eit minne frå tida på sjukehuset. Dette er sjølvsagt heilt greit, så lenge det er pasienten eller pårørande og vener det blir teke bilete av.
 
Det er ikkje lov å ta bilete av medpasientar eller tilsett ved sjukehusa. Vi har hatt fleire saker der bilete av medpasientar og tilsette har blitt publiserte på sosiale medium utan at dei har gjeve løyve om det. 

Vi håpar at du syner respekt for personvernet til alle du møter under opphaldet ved sjukehuset, og at du bare tar bilete av eigen familie og vener.​

Kva bør du ha med til sjukehusopphaldet?

​​​​​​​​​Ta med den faste medisinen du brukar. Det kan ta tid å få same medisin frå apoteket.

Diverre hender det at tjuveri finn stad på sjukehuset. La ​verdisaker vere igjen heime.

Ta med behagelege klede.

Gode innesko som er stødige og lette å ta på. Av hygieniske grunnar er det ikkje tillate å gå barbeint på sjukehuset.

Toalettsaker som tannbørste, tannkrem, kam, deodorant og eventuelt barbermaskin. ​Hjelpemiddel du er avhengig av: til dømes stokk, ​krykker, rullator og rullestol.

God hygiene ein viktig faktor for å kunne gje god behandling til pasientane.

Røyking

Sjukehusområdet er røykfritt.

Kioskane ved sjukehusa sel ikkje tobakksvarer, men har nikotinplaster eller nikotintyggegummi. Inneliggande pasientar kan ta kontakt med helsepersonell ved si avdeling ved behov for nikotinprodukt.

Trådlaust nett/WiFi

Slik gjer du:

1. Vel nettverket gjest.ihelse.net på din PC, mobil eller nettbrett
2. Opne nettlesaren, skriv inn telefonnummer og godta vilkåra
3. Brukar og passord blir sendt til deg på SMS, og er gyldig i 24 dagar
4. Opne nettlesaren igjen og logg på. 

Bruk av trådlaust nett er gratis.
 
Innlogging er krav til sikkerheit i sjukehusnettverket og er same type løysing som er på flyplassar og​ hotell.

Om du ikkje finn nettv​erket:

Ikkje alle sjukehus i Helse Fonna har trådlaust nett tilgjengeleg, men arbeidet med å byggje dette ut er i gong.

God surfing.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.