Ungdomskurs IBD, september 2019, Haugesund

Kurs , 25.09.2019-27.09.2019 , Lærings- og meistringssenteret

Kurs for ungdom med kronisk tarmsjukdom (Morbus Crohn eller Ulcerøs kolitt). Kurset er meint å gi deg som pasient, og dine pårørande, råd og rettleiing for å meistre livet med kronisk tarmsjukdom på ein god måte.
På kurset vil du som pasient og dine pårørande få økt kunnskap om diagnosen, gi gode kosthaldsråd og råd om meistringsstrategi. Det vil og komme innlegg om rettighetar/sosiale stønader, eigenmeistring og erfaringsinnlegg frå pasient som har levd med sjukdommen over tid. 
Det er venteliste for lærings- og meistringskurs, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og at du kan ta med deg ein pårørande om du ønskjer det. Grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvisning frå lege. 


Egenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas (faktura blir sendt) om du er over 16 år og ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.


Når og kor

Dato
25.09.2019-27.09.2019 
Klokkeslett
10:00-15:00
Stad
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no