Tinnituskurs september 2019, Haugesund

Kurs, 13.09.2019-20.09.2019, Lærings- og meistringssenteret

Kurs for deg som er plaga med tinnitus og ønskjer å lære meir om kordan du best kan leve med plagene.

Dette er eit kurs for deg som nyleg* er diagnostisert med tinnitus. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på. 

Kurset inneheld bl.a informasjon om ørets anatomi/fysiologi, informasjon frå høyresentralen og ulike hjelpemidler. Erfaringsutveksling mellom pasientar med same diagnose er også ein viktig del av kurset, og er noke vi ønskjer å legge til rette for i løpet av kursdagane.

Fysioterapeut og musikkterapeut held innlegg om ulike meistringsteknikkar, og brukarrepresentant vil halde innlegg om sine erfaringar.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil kurset haldast i undervisninsgrommet 1.etg på BUP Haugesund

 

*= grunna høg aktivitet på avdelinga og pressa ressurser vil det tidvis vere opptil eit års ventetid før ein kommer på tinnitus kurs.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta



For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
13.09.2019-20.09.2019 
Klokkeslett
09:15-14:30
Stad
BUP Haugesund
Vinjes gate 10, 5522 Haugesund.

Det er ikkje parkeringsplassar for kursdeltakerar utanfor lokalet, me ber dykk difor om å finne parkeringsplass i parkeringshuset til Haugesund sjukehus, eller evt parkeingsplassen vis-a-vis Haugesund stadion.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no