Tinnituskurs 6 desember, 2021

Dette er eit kurs for deg som nyleg er diagnostisert med tinnitus. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta


Kurset inneheld bl.a informasjon om ørets anatomi/fysiologi, informasjon frå høyresentralen og ulike hjelpemidler. Erfaringsutveksling mellom pasientar med same diagnose er også ein viktig del av kurset, og er noke vi ønskjer å legge til rette for i løpet av kursdagane.

Fysioterapeut og musikkterapeut held innlegg om ulike meistringsteknikkar, og brukarrepresentant vil halde innlegg om sine erfaringar.

Kurset varer i 1 dag.