Tinnitus kurs feb/mars 2018, Haugesund

Kurs , 23.02.2018-09.03.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Kurs for deg som er plaga med tinnitus og ønskjer å lære meir om kordan du best kan leve med plagene.
Kurset inneheld bl.a informasjon om ørets anatomi/fysiologi, informasjon frå høyresentralen og ulike hjelpemidler. Erfaringsutveksling mellom pasientar med same diagnose er også ein viktig del av kurset, og er noke vi ønskjer å legge til rette for i løpet av kursdagane.

Fysioterapeut og musikkterapeut held innlegg om ulike meistringsteknikkar, og brukarrepresentant vil halde innlegg om sine erfaringar.

Kurset går over to dagar.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta



For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
23.02.2018-09.03.2018 
Klokkeslett
09:15-14:30 
Stad
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna