Temakveldar for dei med barn med ulike utfordringar, mars/april, Odda

Temakveld , Lærings- og meistringssenteret

Me ynskjer å skape ein møteplass for foreldre til barn med utfordringar, der ein kan dele og dra nytte av sine erfaringar.

Kurset vil gå over tre mandagar i mars og april, ved Sentralbadet litteraturhus i Odda. Inga påmelding, og gratis entré.

Mandag 12.mars, kl 17:00-19:00, Sentralbadet litteraturhus, Odda:

Tema: Korleis er det å få eit barn med utfordringar? Tap, sorg og nyorientering. Føredragsholdarar er Linn Berntsen, kommunepsykolog i Odda og Karianne Solheim, erfaringsformidlar/mamma.

Mandag 19.mars, kl 17:00-19:00, Sentralbadet litteraturhus, Odda:

Tema: Familie og samspel. Erfaringsformidlarar er Karianne Solheim erfaringsformidlar/mamma, og Marie Schille erfaringsformidlar/syster.

Mandag 9.april, kl 17:00-19:00, Sentralbadet litteraturhus, Odda:

Tema: Rettar og moglegheiter. Oppsummering og vegen vidare. Føredragshaldar er Gunnvor S. Medhus som jobbar ved koordinerande eining, Odda kommune.

Det vert enkel servering.

Inga påmelding, og temakveldane er gratis.

Når og kor

Stad
Sentralbadet litteraturhus, Odda
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
Odda kommune, Ullensvang kommune, Jondal kommune, Frisklivssentralen Odda/Ullensvang, ADHD foreningen Norge, Helse Fonna og FoU-eining for samhandling (www.fousam.no) 
Innlegg frå
Kommunepsykolog, erfaringsformidlarar og koordinerande eining 
Kontakt
For meir infomasjon ta kontakt:

Marie Schille på tlf 53466464  / 902 75 015 epost: marie.schille@helse-fonna.no eller

Gunnvor S. Medhus på tlf 975 58 407 epost: gunnvor.medhus@odda.kommune.no
 
Meir informasjon
marie.schille@helse-fonna.no