Temakveld - Korleis kan du hjelpe og støtte barnet ditt i møte med seg sjølv og andre?

, 23.10.2017

Open temakveld for foreldre til barn og ungdom med ulike utfordringar.

 Kanskje barnet har utfordringar som gjer at det fell litt utanfor? For nokon er det tydeleg både for ein sjølv og dei rundt. For andre er det meir diffust og vanskeleg å setje fingeren på. Me ynskjer å skape ein møteplass for foreldre til barn og ungdom med ulike utfordringar. Ein stad der ein kan møte andre i liknande situasjon, der ein kan dele og dra nytte av andre sine erfaringar.

Program

  • Velkommen
  • Erfaringsinnlegg
  • Pause med enkel servering
  • Fagleg innlegg
  • Rom for dialog og spørsmål

Gut som sit på benk. (Foto)

Når og kor

Dato
23.10.2017 
Klokkeslett
17:00-18:30 
Stad
Odda bibliotek
 
Arrangør
Odda kommune, Ullensvang herad, Jondal kommune, Frisklivssentralen i Odda/Ullensvang, Autismeforeningen i Rogaland, Helse Fonna og FoU-eining for samhandling (FOUSAM) 
Kontakt
Marie Schille, tel.: 53 46 64 64 / 902 75 015, e-post: marie.schille@helse-fonna.no
Gunnvor S. Medhus, tel.: 975 58 407, e-post: gunnvor.medhus@odda.kommune.no