Innhald
Kurs
for foresatte til barn med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom.
Å vere
foresatt til eit barn med kronisk sjukdom eller nedsett funksjonsevne stillar
store krav til meistring i kvardagen. Dette kurset har som mål å vere ein
vegvisar i en ny kvardag; bidra til meistring av en ny livssituasjon og legge
til rette for erfaringsutveksling mellom foresatte i same situasjon.
Program
Dei fire dagane er delt inn i tema med relevante innlegg som:
Dag 1. Systemene rundt oss
- "Jungelhåndboka" - Det offentlige nettverket rundt oss.
- Kommunen; Kva tenester fins og kva rettigheiter har vi?
- NAV: Kva tenester fins, og kva rettigheiter har vi her?
- Innlegg fra foreldrerepresentant
- Innlegg fra Løvemammaene
Dag 2. Familien
- Foreldrerolla og korleis vise at vi set pris på kvarandre
- Erfaringsinnlegg
- Søsken - Korleis opplevast det å vere søsken?
Dag 3 Vanlege reaksjoner på uvanlege situasjonar
- Når livet ikkje heilt blir slik vi hadde planlagt
- Familiearbeid i Habiliteringa og foreldreerfaring
Dag 4. Samspill med barnet
- Språkutvikling og leik
- Alternativ og supplerande kommunikasjon (ASK)
Innlegga vil vere frå habiliteringstjenesta, brukerrepresentantar, "løvemammaene", søsken, psykolog, sjukehusprest og samhandlingstjenesta ved Helse Fonna. Det leggjest opp til drøfting og erfaringsdeling alle dagar på kurset.
Praktisk informasjon
Kurset går over fire dagar på dagtid. Det vil leggast opp til diskusjonar i gruppe og i plenum.
Pårørande er hjartelig velkomne på kurs, og oppfordrast til å delta på heile kurset.
Det blir servert kaffi, te og litt frukt på kurset. Lunsj kan enten tas med eller kjøpast i butikk/ på Amanda Storsenter.
Informasjon om overnatting, reise, eigenandel m.m. finner du her .
Nyttig informasjonsmateriell frå kurset
Presentasjon NAV 1.pdf
Gode nettsider
Gode helse- og omsorgstjenester til personer med utviklingshemming - Helsedirektoratet
http://www.helsedirektoratet....rn_og_unge_med_neds_4330a.pdf (veilederen.no)