Sosial ferdigheitstrening for barn og unge med autismespekterforstyrring - workshop

Team for barnehabilitering vil våren 2019 starte opp eit 4-dagars workshoptilbod til foreldre, skular og PPT kontor i Helse Fonna. Tema er sosial trening med barn og unge med autismespekterforstyrring.

Vi har kartlagt eit behov for kompetanseauking kring dette tema og målet er at vi gjennom workshopen skal styrke den enkelte forelder, skular og PPT-kontor i å:

  • Kartleggje sosiale ferdigheiter
  • Analysere miljøfaktorar/sosiale ferdigheiter
  • Få innsikt i metodikk
  • Opplæring/øving i tilrådde innlæringsteknikkar   

Det vil bli lagt opp til både teori og praktiske øvinga. 

Påmelding

Påmelding til habilitering@helse-fonna.no  

Påmelding må innehalde

  • Namn
  • Arbeidsstad
  • E-post

Det er plass til 90 personar på kurset, og det må vere minst 20 påmeldte for å starte. Workshopen generere ikkje til opplæringspenger for foreldre.

Workshopen er gratis.

Det vil bli servert kaffi og te. Ta gjerne med matpakke.

Når og kor

Dato
07.05.2019
Klokkeslett
10:00-14:00
Stad
Haugesund sjukehus
Auditoriet
 
Innlegg frå
Siv Marie Øyjord og Ingeborg Halvorsen  
Kontakt
Ved spørsmål, ring 52 73 29 40.
 

Dette er eit prøveprosjekt. Dersom tilbodet blir opplevd som nyttig for føresette og tilsette i kommunane, vil det bli satt opp eit liknande tilbod hausten 2019. Vi håper at skulane og PPT kan informere aktuelle foreldre.

Våren 2019

5.2.2019, 10.00-14.00: Grunnleggjande informasjon om autismespekterforstyrring (med hovudfokus på sosial vanskar)

5. 3.2019, 10.00-14.00: Kartlegging av sosiale- og miljøfaktorar, og metode for innlæring av ferdigheiter

2. 4.2019, 10.00-14.00: Sosiale program og innlæringsteknikkar. Til dømes videomodellering, sosiale script, elevtrening mm.

7. 5.2019, 10.00-14.00: Oppsummering og erfaringsdeling


Samling 4

Oppsummering og erfaringsdeling