Smertemeistringskurs mars 2019 Haugesund

Kurs , 06.03.2019-13.03.2019 , Lærings- og meistringssenteret

Smertemeistringskurs for pasientar og deira pårørande


Smertepoliklinikken i Helse Fonna inviterer til kurs i smertemeistring for pasientar med langvarige smerteplager. Målet for kurset er at pasientane skal få meir kunnskap og gode verktøy til å meistre sine smerter.

Kurset inneheld tema som smertefysiologi, fysisk aktivitet, meistring, mål og målsetting. Kurset vert organisert som gruppekurs med samtalar, undervisning, praktiske øvingar og heimearbeid. Lege, sjukepleiar, fysioterapeut, psykolog og erfaringsmedarbeidar held innlegg på kurset.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar.

Kurset er eit samarbeid mellom Smertepoliklinikken, Lærings- og meistringssenteret Helse Fonna og Foreningen for kroniske smertepasienter Haugesund og omegn.

 



Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
06.03.2019-13.03.2019 
Klokkeslett
00:30-14:30
Stad
I byggeperioden til Haugesund Sjukehus vil alle LMS-kurs arrangerast ved leigde lokaler hos Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no