Smertemeistringskurs feb/mars Odda

Kurs , 28.02.2018-15.03.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Smertemeistringskurs for pasientar og deira pårørande


Smertepoliklinikken i Helse Fonna inviterer til kurs i smertemeistring for pasientar med langvarige smerteplager. Målet for kurset er at pasientane skal få meir kunnskap og gode verktøy til å meistre sine smerter.

Kurset inneheld tema som smertefysiologi, fysisk aktivitet, meistring, mål og målsetting. Kurset vert organisert som gruppekurs med samtalar, undervisning, praktiske øvingar og heimearbeid. Lege, sjukepleiar, fysioterapeut, psykolog og erfaringsmedarbeidar held innlegg på kurset.

Vi gjer merksam på at kurset går over følgande tre dagar;

onsdag 28/2, onsdag 7/3 og torsdag 15/3. 
Tid:   Kl. 09.30 til ca. kl. 14.30

Kurset er eit samarbeid mellom Smertepoliklinikken, Lærings- og meistringssenteret Helse Fonna og Foreningen for kroniske smertepasienter Haugesund og omegn.

 



Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

 

For å delta treng du tilvisning frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
28.02.2018-15.03.2018 
Klokkeslett
09:30-14:30 
Stad
Odda sjukehus
  
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no