Publikumsarrangement om sjølvmord og førebygging

Temakveld , 22.05.2019

Kvart år tar 50-60 personar i vår region sitt eige liv. Helse Fonna ynskjer velkommen til ein viktig og lærerik temakveld om korleis du og eg kan bidra til å førebygge sjølvmord.

Kvelden er særleg tilpassa dei som jobbar med barn og unge i helse og utdanning, men alle som er interesserte i tema er hjarteleg velkomne.

Det er ikkje påmelding og arrangementet er gratis. Klikk gjerne "Skal" på Facebook på Helse Fonna si side dersom du veit du vil komme.

Camilla Heggland og Kenneth Eikeset. (foto)

I møtet tar ein for seg tema som førebygging, openheit, kor ein kan få hjelp og ikkje minst: Korleis kan vi nærme oss nokon vi er bekymra for?

Møt:

  • Kenneth Eikeset, psykiater og direktør i klinikk for psykisk helsevern
  • Camilla Heggland, psykologspesialist og seksjonsleiar for Haugaland og Karmøy DPS
  • Georg Reinhardt, psykiater og leiar for BUP Haugesund.
  • Tove Virata Bråten, forfattar og pårørande.
  • Haldis Lier, psykiater og fagdirektør.

Etter korte innlegg blir det samtale om tema mellom fagfolka. Samtalen blir leia av kommunikasjonssjef Margareth H. Langebro. 

Arrangementet er eit tiltak i ein regional kampanje i Helse
Vest kor målet er å førebygge sjølvmord og sjølvmordsforsøk: Snakk om
sjølvmordstankar. Det kan redde liv.


Når og kor

Dato
22.05.2019 
Klokkeslett
19:00-20:30
Stad
Høgskolen på Vestlandet, Haugesund
 
Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.