"Plutseleg Vaksen", oktober 2019, Haugesund

Kurs, 03.10.2019-18.10.2019, Lærings- og meistringssenteret

Kven, kva og korleis? Foreldrerolla i endring: Plutseleg Vaksen er eit pårørandekurs til foresatte som har ungdom med ein funksjonshemming.

Habiliteringstenesten arrangerar pårørandekurs til foresatte som kjenner på at foreldrerolla er i endring. Kven kan hjelpe no? Kva gjer eg som forelder og kva er mi rolle når ungdommen snart ikkje er ungdom lenger? 

Plutseleg Vaksen er ei kursrekke på fire kursdagar kor ulike tema vert tatt opp. Kurset er meint å hjelpe dykk som foresatte til å betre kunne hjelpe undommen i overgangen frå barn/ungdom til vaksen. 

Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.


Kurset er gratis. Foresatte kan søkje om opplæringspenger via NAV.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta

For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort. 



Når og kor

Dato
03.10.2019-18.10.2019 
Klokkeslett
09:30-14:30
Stad
BUP Haugesund
Kurset går over fire dagar og arrangerast av Haugesund Sjukehus v/ Habiliteringstenesten. OBS: Kurset foregår i BUP sine lokaler.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Innlegg frå
Brukarrepresentantar (ungdom sjølv, foreldre) Kommunal representant, brukarorganisasjon, Habiliteringstenesta, Fylkesmannen i Rogaland 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no  

DAG 1 Kommunen og brukarorganisasjonar

Innlegg ved brukarrepresentant

Kommunale tenester

Bolig • Verge • Praktisk hjelp heime Støttekontakt/avlastning • Saksgang • Kartlegging av funksjonsnivå og tilrettelegging?

Informasjon frå NFU eller annan brukarorg.

DAG 2 Skule, arbeid og helse

Informasjon frå NAV

Arbeidsavklaringspenger • Uføretrygd • Arbeid med bistand • Varig tilrettelagt arbeid i ordinær bedrift • Hjelpestønad • Kva kartleggingar tar NAV?


Solstein / Uni K

Kva er kvalifikasjonane for å få plass? • Kva oppfølging får ungdom/unge vaksne?

Sjukehuset si oppfølging

Spesialisthelsetenestens rolle • korleis er spesialisthelsetjenesten organisert • Kva ansvar har spesialisthelsetenesten for å følgje opp ungdommane framover

DAG 3 Sjølvstende og familie

Innlegg ved brukarrepresentant

Sjølvstende

Identitet hjå ungdommane • Ungdommen min skal flytte for seg sjølv, kva blir mi rolle?
Korleis gjere ungdommen sjølvstendig og medbestemmande?

Informasjon om verge og andre juridiske spørsmål

DAG 4 Ungdommens liv og foreldrerolla

Nettvett hjå ungdommen og andre dilemma

Rusmidler • Seksuell helse Få barn eller ikkje • Førarkort • Militæret
 støttesamtalar?

Foreldrerolla etter utflytting