Pårørandekurs Folgefonn DPS

Gruppeopplæring, 20.09.2017-15.11.2017, Lærings- og meistringssenteret

Kurs for pårørande til personar med psykiske og/eller rusrelaterte utfordringar som nyttar tenester ved Folgefonn DPS.

Folgefonn distriktpsykiatriske senter (DPS) i samarbeid med Læring og meistringssenteret ynskjer å invitere pårørande til personar som slit med psykiske og/eller rusrelaterte utfordringar til kurs.

Målet med kurset kan hende varierer frå personane som deltek. Me vonar me kan bidra til ei auka forståing for psykisk uhelse, korleis ein kan ta vare på seg sjølv og dei som er rundt dei som strevar, samt ein auka kunnskap om kva hjelp som finns.

Like viktig er den kunnskapen som kvar og ein av dykk sit med. Innhald i kurset vil me forsøke å tilpasse etter kva deltakarane formidlar at dei ynskjer å vite meir om, der dialog og erfaringsutveksling vert sentrale element.

  • Tid: Kurset vil vare over fem kveldar, frå klokka 18.00 til 20.00
  • Dato: 20. september, 4. oktober, 18. oktober, 1. november og 15. november
  • Stad: Avhenger av kor deltakarane kjem frå.
  • Påmeldingsfrist: 20. august 2017

Med atterhald om endringar.

Tema

  1. Fyrste kurskveld: Kva ynskjer du å vite meir om?
  2. Andre kveld: Psykisk uhelse, for den som strevar og dei som er rundt. Korleis påverkar me kvarandre?
  3. Tredje kveld: Stress og sårbarheit
  4. Fjerde kveld: Pårørande sine rettar og moglegheiter. Kor kan eg få hjelp? Kor kan eg møte andre i same situasjon?
  5. Femte kveld: Oppsummering og avslutning

Kontakt oss

Om du tenkjer at dette kunne vere noko for deg eller har spørsmål, ta gjerne kontakt med oss.

Marie Schille, spesialsjukepleiar Læring og meistringssenteret, telefon 53 46 64 65/970 28 166, e-post: marie.schille@helse-fonna.no

Roger Hartveit, familieterapeut Læring og meistringssenteret, telefon 53 46 64 64/902 15 015, e-post: roger.hartveit@helse-fonna.no

Når og kor

Dato
20.09.2017-15.11.2017 
Klokkeslett
18:00-20:00 
Stad
Avhenger av kor deltakarane kjem frå.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Kontakt
Marie Schille,  telefon 53 46 64 65/970 28 166, e-post: marie.schille@helse-fonna.no
 
Roger Hartveit, telefon 53 46 64 64/902 15 015, e-post: roger.hartveit@helse-fonna.no