Parkinsons sjukdom kurs desember 2018, Haugesund

Kurs , 05.12.2018-12.12.2018 , Lærings- og meistringssenteret

Kurs for pasientar med Parkinsons sjukdom og deira pårørande.

Dette er eit kurs for deg som nyleg har fått diagnosen Parkinsons sjukdom. Det er venteliste for kursa, og vi minner om at du treng tilvising frå lege for å delta. Du vil, etter at tilvisinga er behandla, få tildelt spesifikk dato for kurset du blir sett opp på.

Parkinsons sjukdom er en kronisk sjukdom som rammar nervesystemet. Å leve med kronisk sjukdom kan by på mange utfordringar, men med fysisk trening og legemidler kan sjukdommen lindras. Å møte andre i same situasjon på eit slikt kurs kan vere både trygt og støttande.

Vi ønskjer med dette kurset å bidra til økt kunnskap om diagnosen, reduksjon av symptomer, betring av livskvalitet og gi pasientane økt evne til å delta i kvardagens aktivitetar og gjøremål.

Vi gjer merksam på at kurset går over to dagar, og grunna byggearbeid på Haugesund Sjukehus vil all kursvirksomheit skje i kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.

Tilvisning - du må ha tilvisning for å delta

du må ha tilvisning for å delta


For å delta treng du tilvising frå lege. 

Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje har nådd opp til beløpet for frikort.

Når og kor

Dato
05.12.2018-12.12.2018 
Klokkeslett
11:00-15:00
Stad
Kursrom 103, i 1.etg på Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesjukehus.
 
Arrangør
Lærings- og meistringssenteret
 
Meir informasjon
lms.haugesund@helse-fonna.no