Innhald
Kurs for pasientar med Parkinsons sjukdom og deira pårørande.
Parkinsons
sjukdom er en kronisk sjukdom som rammar nervesystemet. Å leve med kronisk
sjukdom kan by på mange utfordringar, men med fysisk trening og legemidler kan
sjukdommen lindras. Å møte
andre i same situasjon på eit slikt kurs kan vere både trygt og støttande.
Vi ønskjer med dette kurset å bidra til økt kunnskap om diagnosen, reduksjon av
symptomer, betring av livskvalitet og gi pasientane økt evne til å delta i
kvardagens aktivitetar og gjøremål.
Kurset foregår i mindre grupper og går over to dagar.
For å delta treng du tilvisning
frå lege.
Eigenandel tilsvarande ein poliklinisk konsultasjon vil belastas om du ikkje
har nådd opp til beløpet for frikort.
Program
Vi gjennomgår:
- Kva er parkinson sjukdom?
- Bevegelse og aktivitet
- Legemidler
- Ergoterapi
- Rettigheiter
- Ernæring ved parkinson
- Erfaringsinnlegg
Kurset er tverrfagleg og undervisning blir haldt av lege, fysioterapeut, logoped, farmasøyt, ergoterapeut, sosionom og klinisk ernæringsfysiolog. Erfaringsinnlegg haldes av brukerrepresentant fra Parkinsonforeningen.
Praktisk informasjon
Kurset går over 2 dager på dagtid. Det vil leggast opp til diskusjonar i gruppe og i plenum.
Pårørande er hjartelig velkomne på kurs, og oppfordrast til å delta på heile kurset.
Det blir servert kaffi, te og litt frukt på kurset. Lunsj kan enten tas med eller kjøpast i kantina på sjukehuset i 6.etg.
Informasjon om overnatting, reise, eigenandel m.m. finner du her.
Nyttig informasjonsmateriell frå kurset
Kjem..
Gode nettsider